Totalt antall sidevisninger

onsdag 23. januar 2013

AHHH.... No må eg no komme i gang med blogginga!

Det har gått i rykk og napp i lang tid, men no lovar eg meg sjølv at eg skal vere meir seriøs med blogginga! Frå no av skal den handle om ting eg er opptatt av (WOW! Tenk det....) - eksemplar på det er litt om matlaging og baking, tankar rundt sorg og sjukdom, om ungane mine og hunden vår - og så må eg prøve å bli litt meir politisk! Dette er jo ein super plass å meine noko om noko! Det er jo min plass - min blogg!
Så kan eg jo og linke til andre bloggar eg synes er leseverdig! Eg hentar inspirasjon frå fleire hald, nemleg! Og akkurat no har eg velt å skrive på nynorsk! Om ingen brukar det fine skriftspråket vi har, så døyr det rett og slett ut.
Om mogleg skulle eg prøvd å lage tekstar eg kan legge her. I blant har eg eit dikt/ ein refleksjon i hovudet, og då hadde det vore fint om eg skreiv den ned og delte den med fleire!
Ja, det er heilt sant! No må eg berre ta meg på tak og bli flinkare til å blogge - det har berre vore så alt for mykje dei siste ni månadane - månadane etter at Runar døydde frå oss. Å miste den aller næraste er ikkje berre grusomt, ubeskriveleg vondt, men det er tungt på så mange vis. Eg vart so overlatt til meg sjølv. Ungane og vart so overlatt til seg sjølve - dei er jo i min famn heldigvis, men dei har mista far sin, dei saknar far sin! I blant verker det som om ingen bryr seg om det, ingen prøver å skjønne korleis det er. Eg kjenner berre eg blir veldig, veldig oppgitt i blant. Og veldig, veldig skuffa på ungane sine og mine egne vegner.
Sidan det er seint og eg har planar for onsdagen, blir det senga no! Men NO skal eg ta meg på tak, ja, det skal eg!

Ingen kommentarer:

Etiketter