Totalt antall sidevisninger

tirsdag 29. januar 2013

Så baka eg litt matnyttig!



I det siste har vi tre her vorte litt lei av å ete brød. I staden har det blitt baking av polarbrød, grove rundstykker og brytebrød. Det er viktig for meg at det er grovt, slik at ein blir god og mett! Det skal vere eit reelt alternativ til grovbrødet!
Så vart det bakt litt i dag og då... På sundag oppdaga eg tilfeldigvis at ungane har ei bakebok... Muleg den hamna i bokhylla i haust eller noko... (Boka heiter Vi baker, og er skriven av Marit Røttingsnes Westlie - samme dama som har Fru Timian-bloggen) Frå den boka henta eg to oppskrifter:

Brytebrød med havregryn
50 g gjær
50 g smør
5 dl vatn
2 dl mjølk
3 dl (store) havregryn
3 dl sammalt rug, grovt
ca 1 l sikta kveitemjøl

Smelt feittet i ein kjel, og ha opp i vatn og mjølk, og varm det opp til høveleg temperatur. Tørrgjør kan ha det litt varmare enn ferskgjær. Ha væska i ei bolle saman med gjæra, og bland i resten av indgrediensane. La deigen heve ei god stund - til den har vakse seg stor og fin! Slå deigen over på bakebrettet/ langpanna, evt. kjevle den ut til høveleg storleik og legg den på plata. Bruk ein kniv eller pizzahjul til å rute opp, før du strør havregryn over. La deigen heve nok ei stund, før du steiker den i 35 minutt på nederste rille på 200 grader.


Så sette eg ein grov deig som i boka var meint for å bli pizzasnurrer. Ein annan gong kan eg nok sikkert prøve den til det, men i dag brukte eg oppskrifta til å bake fylte horn :)

Grove horn av pizzasnurroppskrift
3 dl vatn
25 g fersk gjær eller 1 pk tørrgjær
2 ss olivenolje
1 ts salt
4 dl sammalt rug, grov
4-5 dl kveitemjøl

Lag deigen som foregåande framgangsmåte. La deigen heve seg dobbelt så stor. Del deigen i to, og kjevle kvar del ut til ein fin stor runding. Del i åtte, og ha på noko godt inni. Eg hadde på ei skive familieskinke (Strandaskinke då eg slapp opp for nok familieskinke) og ei skive ferdigoppskjært baconost (eit par skiver vanleg ost då eg slapp opp for baconosten - eg laga nemleg dobbel porsjon). Rull kvart horn saman, og legg dei til heving på plata. Det er lurt å smøre dei med mjølk før dei blir stekt på 225 grader nokså høgt oppe i 10-15 minutt.



Her har eg lagt på ost og skinke på kvar enkelt del.


                                               Ferdigrulla og klare til å steikast.




















Og slik såg dei ut ferdigstekte.



















Og slik såg det ut då eg skulle ete det til kveldsmat :) Det er nokså hyggeleg å ha baking til hobby! I morgon skal eg bake noko av litt lysare mjøl og med brunt sukker og honning er plana!!! Trur eg :)



Ingen kommentarer:

Etiketter