Totalt antall sidevisninger

torsdag 24. januar 2013

Omstrukturering i barnehagane og skulane i Sunndal

Onsdag vedtok Oppvekst- og Omsorgsutvalet i Sunndal å leggje ned tre skular og tre barnehagar. I eitt og same møte er det ei nokså dramatisk omstrukturering utvalet har vedtatt. 6.februar sitt vi med det endelege vedtaket etter kommunestyremøtet, og sjølv for ein vararepresentant til kommunestyret er det vel liten grunn til å tru anna enn at vedtaket som vart gjort onsdag blir oppretthaldt der og.

Ja, kva har så desse vedtaka å seie for den menige sunndaling? Det er sagt, og det er eit faktum at barnetalet er på veg nedover. Frå å vere rundt 100 elevar på kvart trinn, er ein snart nede i rundt 75 elevar, og ein kan vel vere einig i at det er ei "kjøle" trist utvikling for sunndalssamfunnet.
Viss ein skal kåre ein slags vinnar etter dagen i dag, så er det nok Gjøra! Dei fekk behalde både skulen og barnehagen - og det skulle berre mangle! På trass av eit lågt barnetal, vil tenestetilbodet til borna bli vidare oppretthaldt, og det er bra! Ungar som bur på fjellet skal sleppe å bli frakta ytterlegare 2,5-3 mil ekstra til skule og barnehage langt i frå sitt eige nærmiljø.
Grøabygda mister barnehagen sin! Med mesta 40 ungar i barnehagen, er det eit underleg argument at det er so mange born på Grøa at ein må flytte dei til den nye store barnehagen som skal etablerast på Furu! Når det gjeld barnehagane på Grøa og Gjøra, er det berre to år sidan dei blei vedtatt samanslått under fellesnamnet Malurten barnehage. No skal dei allereie skiljast att om 1 1/2 år - barnehagen på Gjøra blir ein del av oppvekstsenteret der med ein felles leiar for barnehagen og skulen, medan barnehagen på Grøa blir over og ut! Rundt 40 ungar skal fraktast med bil frå Grøa kvar morgon til Furu saman med mesta tilsvarande frå lengre ned i dalen. Eg tør ikkje tenkje på det trafikkaoset som skal bli ved lokala på Holssanden! Skal tru om utarbeiding av større parkeringsplass er rekna inn i talet 18 millionar kroner i renovering av dei to bygga og uteområdet!
Furu skole skal leggjast ned, og elevane der skal flyttast med buss til Sande skole. På grunn av rasfaren i mellom Sande og Furu, får elevane skyss året rundt. Det var i det minste ein god måte å få redusert biltrafikken rundt Sande skole på, og ein god måte å sikre trafikktryggleiken! Men likevel må eg no seie at det er for ille at ungar som treng å røre på seg kvar dag, skal få mindre fysisk aktivitet fordi dei vil bli bussa til skulen. Og for å seie det slik: Eg trur ikkje fonnene som går i perioden 1.mai til 1.oktober er nokon fare for korkje gåande eller syklande! Sopass erfaring har eg med snøfonner, at der trur eg at eg har mine ord i hevd!
I Øksendal skal skulen leggjast ned, men barnehagen skal oppretthaldast vidare - dog under styraren på Tredal barnehage si moderlege hand!
Villabyen barnehage skal leggjast ned. Bygget er i så dårleg stand, at det er vel tvilsomt om det skal gjerast noko meir med det. Frå denne barnehagen kjem den omtrentleg andre halvparten køyrande til den nye Furu barnehage - det er då trafikkaoset vil bli totalt  - tippar eg!
I Ålvundfjord og på Ålvundeid har omstruktureringa vore i gang ei stund. Barnehagane vart slått saman til Stortua barnehage med ei avdeling i kvar si bygd. Skulediskusjonen har gått ei stund både i bygdene og hos skulesjefen, og onsdag kom dommen: Skulane skal slåast saman til ein skule lokalisert i Ålvundfjord - sjølv om skulebygget på Ålvundeidet er større! Barnehagen i Ålvundfjord skal leggjast ned, og så blir det ein større barnehage på Ålvundeid.

Men kva har desse endringane å seie for bygdene?
I Øksendal vil ungane få gå på barnehage i nærmiljøet sitt, men når dei startar på skulen, vil dei komme i klasse med vesentleg fleire enn dei er vane med å vere saman med og som dei frå byrjinga av ikkje kjenner så godt.
Ungane frå Grøa vil vere i eit stort barnehagemiljø med ungar frå fleire bygder og grender, men når dei startar i skulen, vil det bli langt mindre - og tryggare (vil eg tru) - forhold enn dei var vane med på barnehagen. Det blir altså stikk motsatt av korleis ungane i Øksendal vil ha det.
Slik eg ser det, er det ungane i Ålvundfjord og på Ålvundeid som kjem best ut av det. Heilt uavhengig av kor skule og barnehage er lokalisert, vil ungane vere saman som eit kull frå dei startar i ung alder i barnehagen og til dei går ut av barneskulen. Det trur eg gir eit godt grunnlag for livet vidare!
Med jamne mellomrom blir plana for overgangen frå barnehage til skule henta fram for revidering hos politikarane. Viss rådmannen sine forslag blir vedtatt i kommunestyremøtet 6.februar, vil eg foreslå at barnehage- og skulesjefane sett seg ned snarast og startar revideringsarbeidet med desse. No blir slike planar viktigare enn nokon gong!

Og forresten: Når alt rådmannen var i gang med å omstrukturere skulane og barnehagane i kommunen: Kvifor gjorde han ikkje og eit grep i administrasjonen - kommunen si "heilage ku"?! Det måtte vel vere på tide å omstrukturere frå to sjefar (for dei dårlege tidene) til ein sjef! Når vil rådmannen tore å ta eit slikt omfattande grep? Eg berre spør!
NB! Om du lurer: Sunndal KrF tar stilling til omstruktureringa i årsmøtet 4.februar. Vi tek gjerne i mot innspel og ytterlegare synspunkt :)
Legg inn en kommentar

Etiketter