Totalt antall sidevisninger

torsdag 7. februar 2013

Litt om kva eg har laga denne veka


At eg knappast har nemnt ordet mat eller baking med eit ord denne veka, betyr definitivt ikkje at eg ikkje har holdt på med eitt eller anna.
Det eine var Ingvild sitt store ønske om å lage kokosbollar... For nokre dagar sidan lot eg ho få lov til det. Det var litt meir prikkelarbeid enn eg tenkte i utgangspunktet, men for å sei det kort og greit: Herligt, herligt, men farligt, farligt... Det blei rett og slett så farleg godt at vi må vente ei stund på neste gong vi lagar det...
Vi brukte ei oppskrift kor ein piskar eggekvitar stive og så har oppi melis. Det er vel nokså hipp som happ om ein brukar melis eller sukker. Så skal ein ha oppi litt vaniljesukker i tillegg til eit par plater gelatin. Dette må stivne litt og så skal ein kle det med sjokoladetrekk.
Etter at desse var ferdiglaga, kom eg over ei oppskrift kor ein først koker sukkerlake, før ein har oppi smelta gelatin. Dette skal så piskast stiv i ein miksmaster i eit kvarters tid. På den måten sparar ein bruken av egg i denne oppskrifta. Muleg eg prøver det ein annan gong!

Herleg, herleg, men farleg, farleg...


I går, onsdag, laga eg ein kreativ middagsrett eg fann oppskrift til på Fru Timian si nettside. Retten heiter kylling og pølser i langpanne.  Eg skar opp potetar i skiver som eg la nederst i ei eldfast form. NB! Husk å smøre forma før du begynner...
Så hadde eg oppi nokre kvistar med broccoli, nokre fedd kvitlauk - uoppskjært, nokre charlottlaukar delt i to, nokre cherrytomatar delt i to, noko pølse delt i mindre bitar og øvst på toppen så mange kyllinglår som du planlegg å servere maten til. Husk å ha på litt ferske urtar på toppen og ha over nokre skeier olivenolje. Kyllinglåra skal krydrast med salt, pepper, paprikapulver og gurkemeie!
Dette blir så steika ved 200-225 grader i omnen til alt er gjennomsteikt. 225 grader, midt i omnen i 35-40 minutt.


Kylling og pølser i langpanne/ ildfast form. Smakte nokså godt!



I dag laga eg ein ny porsjon med polarbrød, og denne gongen eksperimenterte eg fram mi eiga oppskrift. Forrige gong eg bakte det, syntes eg det mangla ein bestemt smak på polarbrøda, og denne gongen prøvde eg å rette opp det med eit par teskeier aniskrydder.

Oppskrifta på dagens polarbrød var som følger:
150 g havregryn
300 g kveite fullkorn
50 g kveitekim
200 g sammal kveite fin
100 g grov rug
1 pose gjær
50 g sukker
3,5 dl mjølk
4,5 dl vatn
2 ts aniskrydder
100 g smør

Framgangsmåte:
Bland alt det tørre i ei bolle. Smelt smøret i ein kjele, og ha oppi mjølk og vatn så det blir fingervarmt. Bland det i deigen, og elt deigen til den får ein mjuk og god konsistens. Muleg det kan vere lurt å kna den ein runde på bakebordet før du sett den til heving ein knapp time.
Del deigen så i fire. Kjevle ut kvar leiv til tynne lefser, og stikk ut med ei skål av høveleg storleik. Av den storleiken eg brukte, vart det totalt 23-24 leivar. Viss du ikkje gidd denne kjevlinga, kan du rulle ut deigen til ei lang pølse, og så dele den opp i 6 leivar som du kjevler ut kvar enkelt til tynne lefser. Ulempen er at dei kanskje ikkje blir like store, og så kan det fort bli ukurante former. Å gjere det på min måte, gjer at alle blir like store. Det blir plass til rundt fem leivar på ei steikeplate.

Det blir fem leivar på ei plate av den storleiken eg lagar dei.

Hev dei ei stund til. Før du har dei i steikeomnen, må du prikke kvar leiv med ein gaffel, for elles vil dei blese seg opp inni omnen til pitabrød! 
Steikast på midterste rad i eit kvarters tid på 180-200 grader.

Nysteikte polarbrød med brunost!


Lykke til :)


Legg inn en kommentar

Etiketter