Totalt antall sidevisninger

fredag 29. mars 2013

Berre for å meddele noko....

Ja, er det ikkje likt seg - det er ikkje kvar dag ein har so all verda å meddele... Eg trur mesta lufta gjekk litt ut av meg etter det kjensleladda innlegget forrige laurdag! Eg fekk mykje positive tilbakemeldingar, og er det innlegget som har hatt desidert flest lesarar! Tusen takk for responsen!!!

Vi har hatt ei fredeleg påske saman med familie og svigerfamilie - ungane er kjempenøgde med å ha møtt alle søskenborna sine og besteforeldra sine, og eg er iallfall nøgd med veret.
Det øverste biletet her var eigentleg ein skivebom, men den vart jo litt artig lell! Eg skulle tak bilete av ei tantejente som leika med han Prins, men ingen av dei havna i linsa... Men skuggane viser at det var godt med sol iallfall!

For å seie som bjørnen i det blå huset: Hvor er - hvor er - hvor er Skygge?
Hvor er Skygge nå?

Aleksander leikar seg i eit tre ved huset til bestemor.

Utsikta mot Storfjorden og Stranda sett frå svigermor sin veranda.


Palmesundag bakte eg for første gong brød av speltmjøl.                                                                                                       Dei vart skikkeleg gode, og oppskrift kjem når eg kjem meg heim frå påskeferien!

lørdag 23. mars 2013

Siste månad i det første året...


Eg kan godt late som at det ikkje er noko spesielt med dagen i dag - laurdag 23.mars - laurdag føre palmesundag. Eg kan godt late som det, men veit jo at det ikkje er slik...

I dag begynner eg på den siste månaden i det første året utan Runar. Eit trist, men av og til godt, tungt, men av og til lett, tomt, men av og til fullt, annleis, men av og til normalt, år er snart til ende. Eg har snart komen fram til dagen som endra alt - ei slags kopernikansk vending som var heilt uråd å forutsjå.
Dagen som gjorde at eg måtte ta nye grep, og setje ut ein ny kurs for meg sjølv og ungane.
I dag er det elleve månader sidan Runar døydde plutseleg frå oss - han kom ikkje heim frå plattforma slik vi snakka om og gledde oss på kvelden før. Elleve lange månader, men likevel så fort dei har gått!
Palmehelga i fjor var bror min på besøk og skulle hjelpe oss med å setje inn ein skyvedørsgarderobe på soverommet vårt. Etter ein del att og fram vart vi ikkje ferdige, så då vi hadde sendt ungane med bussen til Eidsvåg tysdagen, skunda vi oss å bli ferdige! Vi var så nøgde med resultatet!
Så for eg på påskeferietur - Runar skulle arbeide med førebuinga til fagprøven i juni før han skulle fare på plattformarbeid. Då ungane og eg var komen til familien hans på Sunnmøre, var han allereie komen til morfaren sin i byen - morfar trengte litt omsorg etter at ei svigerinne døydde den dagen. Det var slik Runar var - likte å vise familien omtanke når det var tunge dagar.

Påskedag møttes vi att heile familien! Middag hos familien min i Eidsvåg før eg skulle køyre med han til flyplassen i Molde! Sundag 8.april var siste gongen eg rørte ved han - ein rask klem og nuss då vi sa ha det. I bilen utover fekk eg grei beskjed om å halde meg unna hans del av garderobeskåpen... Frå no av skulle han ha all kontroll på å ta inn og ut av skåpen... Då eg kom heim om kvelden, skunda eg meg opp for å sjå kva han hadde gjort. Jauda, han hadde merka alle kurvane med gaffatape - lyse og mørke klede, sokkar, underty... og sidan det ikkje vart plass til dongeribuksene, hengte han dei opp på kleshengarar...! Eg skunda meg å sende ein sms til han på hotellet i Bergen og skrytte av ordenen! "Hyggelig at du likte det!" kom det kjapt i retur. Det var den siste tekstmeldinga eg fekk frå han. Og skåpen står fortsatt omlag slik det var då han for. Kleda som låg i bagen som kom heim saman med han er vaska og lagt på plass.

Det er desse historiene eg skal arbeide meg gjennom i den månaden eg startar på i dag - minnene om påska i fjor, samtalane på skype eller telefon vi hadde medan Runar var på plattforma Gullfaks C, og særskilt minnene om den siste samtalen. Og ikkje minst minnene som kollegaene hans på plattforma hadde om han. Då blir det nokså uverkeleg at presten ringte på døra drøye 13 timar seinare. Måndag 23.april rundt kl. 11.

Grava hans var fortsatt nedsnødd - kransen frå jul var pinnfrossen. No kan vi tru at Runar gler seg over påskebuketten han fekk på grava i dag! Eg vonar gulfarga bringer med seg varme som kan smelte frosten, slik at vi kan få vår snart - det er så tungt å besøke ei kald og forfrossen grav utan stein. Berre det blir vår, skal det bli litt betre. Det er eg sikker på!

fredag 22. mars 2013

Strålande dagar på Løvebakken i Tigerstaden!

Denne veka var eg så heldig at eg fekk delta på eit tredagars lærarkurs på Stortinget - populært kalt Løvebakken! Løvene finn du på utsida av stortingsbygninga, og i følgje historia var det arkitekten som visste av to fangar på Akershus som kunne greie å hogge ut desse løvene i stein.



Kurset starta måndag med forelesning av Stortingets mest erfarne politikar, nemleg Per Kristian Foss, som tala om budsjettarbeid. FrP sit med leiaren av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Anders Anundsen, som orienterte om den komiteen sitt arbeide. Måndag starta også høyringa om statens eigarskap i ulike selskap, så fokuset låg mykje på det! Og som han sa: Det låg eit univers mellom korleis opposisjon og posisjon oppfatta denne saka!




Måndagen vart avslutta med middag i kjellaren, men før det, fekk eg ei flott omvisning i bygget av vikarierande stortingsrepresentant, Steinar Reiten - ein dyktig representant for Møre og Romsdal KrF!!!



Programmet var kjempetett alle tre dagane, og tysdag må eg nok sei valforskar Bernt Aardal var mest interessant! Om det var pga det suspekte kartbiletet han hadde laga for å illustrere korleis ein kan teikne eit politisk kart - og kart over Sunndal låg ytst - skal vere usagt! Men i eit valår - berre drøye fem månadar att til valdagen  - er det jo prognosar på kva folk vil stemme som er interessant!


Onsdag var vi med på spontanspørretimen, og det var interessant, ja, mesta artig, å sitje på galleriet då partileiar Knut Arild Hareide stilte statsminister Jens Stoltenberg til veggs om familiepolitikken og valfridom! Svaret Stoltenberg ga, ga Hareide grunn til å seie eit halleluja - noko stortingspresident Dag Terje Andersen kunne stadfeste var eit parlamentarisk uttrykk!
Det er ikkje lov å ta bilete med mobilkamera i stortingssalen, fordi telefonen skal vere avslått, så derfor har eg ikkje bilete frå akkurat det, men det er mogleg det dukkar opp på e-post til meg!
Etter spørjetimen var vi på omvisning i Stortinget - ikkje mykje ulik den eg fekk med Steinar på måndag! Her kjem eit glimt frå den!

Anne Tingelstad Wøien frå SP orienterte om komitearbeid. 


På Minitinget kan elevar på vidaregåande komme og prøve seg som stortingspolitikarar!

Omvisning i det nedlagte Lagtinget.


Måleriet av Anna Rogstad, første kvinna som fekk plass på Stortinget.

Omvisning i Eidsvollsalen.

Kopi av signeringa av Grunnlova er utstilt i ein monter. Neste år -
på 200-årsjubileet vil orginalen bli utstilt!


Biletegalleri av dei som møtte på Eidsvoll i 1814. I midten ei liste over haugianarane
som ikkje ville bli avbilda, og dei som det er silhuettbilete av,
var fiskarar og bønder som ikkje hadde råd å ta fotografbilete av seg.

Kongeportrett.


Kongeportrett.






søndag 17. mars 2013

Vestanfor Atlanterhavsryggen og austanfor Kaukasus!

I kveld kom eg heim frå eit begeistrande årsmøte i Møre og Romsdal KrF! Også denne gongen kjende eg at det er der plassen min er, og det er der eg brukar tid, krefter og ressursar! Det er begeistrande å høyre partileiar Knut Arild Hareide stå og fortelje om kvifor Noreg treng ei ny regjering til hausten, og det er endå meir begeistrande å høyre lang levd erfaring fortalt av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik! Han snakka først og fremst om menneskerettigheiter og fredsarbeid grunna i tanka at alle mennesker er født like - livet er heilagt og ukrenkeleg!

Det er her KrF er på heimebane, for sjølv om det til sjuande og sist er politikk Bondevik snakkar om når han snakkar om det å skape fred i land som har levd under mange års diktatur, så er det og ideologi som går rett inn i KrFs sentrum! Vi som bur i trygge, fredelege Noreg har eit ansvar for at andre og skal kunne få leve i fred i eit demokratisk samfunn!

Trudde du denne begeistringa mi kom over natta for at KrF gjorde eit veldig godt val i Kristiansund og Aud Inger Aure vart ordførar i byen medan eg budde der i 1995??? Nei, langt i frå! Og kvifor KrF, kva er det eigentleg med Ingunn og KrF?

Eg skal vel kanskje vere forsiktig med å leggje tyngda på lærdommen om 1.mai som arbeidsdag heller enn arbeidarane sin frigjeringsdag, men det har og vore med å forme meg! Ein bonde kan faktisk ikkje ta fri om dagen heiter 1.mai! Uansett var vi no berre seks menneske som budde på Hoemsetra, så det var ingen som vart krenka av at dagen var avsett til potetsetting!

Heime på Hoemsetra skal det liggje ein diplom frå Redd Barna frå eg var 11 år gammal - eg hadde holdt basar og fått inn nokre kroner! Eg skal og ha ein diplom til frå Redd Barna frå eg var 12 år gammal: eg hadde laga avis - trykt på stensilark som var vanleg då! Eg trur det var stensilert opp i ti eksemplar, og gjekk unna "som hakka møkk"! Altså - heilt store summen inn i kassa til Redd Barna var det ikkje, men iveren etter å gjere noko for dei som ikkje hadde det så bra, var tent!
Eit år eller to seinare var det sjekking av sur nedbør gjennom laurdags-Barnetimen i radioen (nei, det var ikkje sur nedbør i dalføret rundt Eikesdalsvatnet! Eikesdalsvatnet var Noregs reinaste innsjø - 28 meter klar sikt - for ein del år tilbake!)! Seinare kom engasjementet rundt Ikke mobb kameraten min-kampanjen og eit visst engasjement mot apartheid!
Då eg var 16 år gammal bestemte eg meg for at eg var mot abort! Og førsteåret på vidaregåande var eg den einaste i min klasse som stemte KrF på skulevalet! Og eg var ikkje kristen ein gong! Som blodfersk nyveljar stemte eg KrF ved stortingsvalet i 1989! Det var det året Carl I Hagen stakk innom Molde i valkampen, og på mitt spørsmål om kva han ville gjere med bøndene når alle gardsbruka vart nedlagt, berre kom med eit utydeleg babbel! Ikkje visste vel eg i 1989 at eg meir eller mindre skulle prate profetisk! Det er jammen ikkje mange gardsbruk att!

Det som slår meg med desse historiene frå oppveksten min er at sjølv om eg vaks opp på den avsidesliggjande garden Hoemsetra ved Eikesdalsvatnet - eg måtte bruke ferge om eg skulle nokon stad - så kunne eg likevel lyfte hovudet og få eit vidsyn som gjekk langt lenger enn dei høge fjella rundt vatnet var synlege! Når eg tenkjer tilbake på det, eg er stolt over kor viktige dei hendingane har vore i forminga av meg som eit samfunnsinteressert menneske!

Altså - som medlemmar av det frie, demokratisk Noreg har vi eit ansvar om å flytte oss ut av den lille navla vi bor i for å lyfte auga og få eit vidsyn som går vest for Atlanterhavsryggen, sør for Middelhavet og aust for Kaukasus! Det er det norske samfunnet sitt ansvar, og det er enkeltmennesket sitt ansvar! Ein treng ikkje å vere politikar for å utrette noko - alle har eit ansvar!

Med det for auget gler eg meg veldig til å fare på lærarkurs på Stortinget som startar måndag og lære meir om demokrati! Det skal bli kjekt med ein avstikkar til hovudstaden, og sjølvsagt skal eg sjå innom partivenene mine - samme kor tett program det er!


Partileiar Knut Arild Hareide og fylkesleiar Arild Iversen.


Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevil talte om menneskerettigheiter!


Solid møteleiing av Victoria Tornes og Paul Kristian Hovden!

Arild Iversen og vikarierande stortingsrepresentant Steinar Reiten! Ikkje rart ein blir begeistra med så mange dyktige folk i rundt seg!!!

onsdag 13. mars 2013

Det er mars og det er sol og det er ONSDAG!

I dag måtte eg faktisk ut og gå på ski etter å ha tatt Aleksander på akebrett til barnehagen! Sola skein fortsatt i lysløypa, og eg hadde kledene allereie på meg - berre å bytte sko! Ingen grunn til å gå i gang med husarbeidet i staden for litt meir tid ute i sola!

Å ha lyslypa rett over vegen er luksus - ein blir bortskjemt om ein likar å gå på ski! No har ikkje eg nokon særleg stor lidenskap for å gå på ski, men det er under bearbeiding - eg innrømmer det! Eg liker meir å gå på ski no enn for eitt år eller to sidan! Sånn formmessig er det fortsatt ikkje lange turane det blir, men viss eg greier å forbedre kondisen utover dette året, har eg tru på at familien kan ta seg nokre litt lenger skiturar neste vinter! Det er greit å tenkje langsiktig!!! I år vonar eg verkeleg at eg har ork og helse til å gå Sunndalsmarsjen i august!

Derfor skal eg no presentere dagens skrytebilete frå skiløypa her på Grøa!!!


Det er mars og det er sol og det er onsdag :B



Grødalen og Åsbrona i solskinnet!



Fossa er fortsatt frossen, men om ikkje lenge blir det liv i elva igjen!



Vakkert i Grøabygda når sola kjem att og det går mot vår! Men ennå går ikkje sola over Stoplan, slik at eg har sol på huset heile dagen! Men det er ikkje lenge igjen!



Klart Prins var med på turen!!!



Hopp og sprett og tjo og hei!



Desse vottane er mine beste venner på kalde dagar! Dei har tante Kristine strikka, og er eit kjært minne etter ho!




lørdag 9. mars 2013

Eit litt meir nyansert syn på feminismen

For somme er det kanskje dagen derpå! Det er iallfall dagen etter kvinnedagen, og det er muleg å jenke ned kraftutbrotet mitt i går til eit litt meir nyansert syn i dag!
Eg fekk - heldigvis - nokre tilbakemeldingar på innlegget mitt, men det var på facebook, så det var ikkje alle som kunne lese dei.

Sjølvsagt ser eg trekk ved den feministiske ideologien som er viktige i samfunnet! I følgje Wikipedia handlar feminisme om å definere dei grunnleggjande politiske, økonomiske og sosiale rettar for kvinner (omsett frå den engelske utgåva), og eg vonar verkeleg det ikkje fins kvinner som meiner det er uviktig! Og sjølvsagt ser også eg at spesielt vi i den vestlege verda har ein kamp å ta for våre medsøstre i andre delar av verda! At ein stiller på lik linje som menn i utdanning og arbeidsliv er faktisk viktig!

Grunnen til at eg tek fram dei store bokstavane, slik eg gjorde i går, er ganske enkel! Eg liker ikkje den måten dei sosialistiske feministane har lagt sin hevd på dagen gjennom måten dei definerer den som sin!  Og eg meiner verkeleg at eg ikkje liker at andre kjem og skal nærmast tre ned over hovudet på meg si meining om korleis eg skal løyse mitt familieliv! Akkurat så eg ikkje hadde nok bekymringar i frå før... Og akkurat som at eg er så "haulaus" at eg ikkje kan å tak meg av borna mine!

Det som er spørsmålet, slik eg tenkjer det, er: Kan ein ha ein politisk nøytral kvinnedagmarkering? Kan ein fokusere på dei viktige sakene som treng fokus utan å farge det enten raudt, blått, grønt eller gult? Kan ein feire kvinna og hennar plass og rolle i samfunnet utan å skulle finne ei eller anna barrikade å stå på?
Her trur eg svaret er ja! Men då må det vere det som er agendaen! For slik kvinnedagen markerast i dag, er det ei fortsetjing av det raudstrømpene starta på på midten av 70-talet. Slik det framstår for meg, er deira agenda å fortelje at dei veit det som er den fulle sanninga for alle!

Det er denne framstillinga eg ikkje liker! Og ikkje minst det at mange raudstrømper trur dei må framstille sine feministiske meiningar på ein så utruleg banal og vulgær måte! Kvifor må Helle Gannestad kalle kronikken sin i studentavisa Universitas denne veka for "Feministfitter"? Fann ho ikkje noka betre ord å beskrive si "heilage tru" på? For meg er ei slik vulgærbeskriving å trampe på kvinna og hennar seksualitet meir enn å heidre! Og det er nokså langt i frå den feminismen eg vil identifisere meg med!

På same måten er det einskilde som blir trekte fram i debattar og slikt for å tale kristenfolkets sak, og det er ofte kristne som eg ikkje identifiserer meg med! Og det gjer det vanskeleg å kalle seg kristen! Eg vil ikkje bli sett i same bås som dei som framstiller det å vere kristen og det å ha ei kristen tru på ein anleis måte enn det som kjennes rett for meg!

Tilbake til Wikipedia: I går skreiv eg det eg kalte eit antifeministisk innlegg! I følgje Wikipedia er antifeminisme det å vere fiendtleg innstilt til seksuell likestilling og til forsvar av kvinners rettar. Ut frå den definisjonen er eg nok ikkje spesielt antifeminim, for eg og vil gjerne bruke mi politiske rolle til å tale varmt for kvinners plass i samfunn- og yrkesliv! Men eg blir antifeminim i møtet med sosialfeminismen! Eg er fiendtleg innstilt til måten sosialistane framstiller feminismen, fordi i det rommet er det ikkje plass for dei mjuke verdiane! Og det er dei mjuke verdiane eg vil framheve - og det kan på mange måtar reknast som antifeminint!

fredag 8. mars 2013

Ei antifeminisitisk helsing på tampen av kvinnedagen!

I dag tenkjer eg å skrive eit skikkeleg anti-feministisk innlegg! Eit anti-kvinnedagen-innlegg!
Eg vart så provosert av å lese kva barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen har uttalt:

"Man kan si det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke." (Intervju i Aftenposten)


Eg blir matt av mindre altså! Dette er altså SVs kronprinsesse si helsing til oss damene på denne kvinnedagen! Hennar hjartesukk er at vi kvinner faktisk ikkje skjønnar kva som vil skje om vi vel å vere heime litt meir med ungane og vel bort arbeidet for ei stakka stund. Stakkar meg som har berre - og det er heilt sjølvvalt - 80 % stilling! Eg skjønnar ikkje kva dei siste 20 prosenta vil utgjere i uoverskueleg framtid! Fortel denne ministeren til meg! Eg mistar pensjonspoeng, eg har naturleg nok lågare løn enn om eg har fulltidsjobb, det blir det mindre feriepengar av - og ikkje minst: Eg yter mindre til staten enn det som godt er! Ergo: Eg må vere ein skattesnytar og unnasluntrar - viss eg skal forstå denne ministeren rett!

Men eg kan fortelje den godaste barne- og likestillingsminsteren kva eg veit om mitt liv og kva mine val har å seie for meg og mine born:
* Ja, eg er aleine med to born
* Eg har 12 mils arbeidsveg kvar dag
* Pendlinga 4 dagar i veka kostar meg rundt 2000 kr/ månad berre i drivstoff
* Eg har vore sjuk, og fulltidsarbeid medfører meir stress som gjer meg meir meir utsett for meir sjukdom
* Eg har valt å gå i gang med eit masterstudium, og det gjorde eg medan eg var sjuk!

Ved å velgje fulltidsarbeid vil eg sjølvsagt
* Få såpass mykje meir i løn at det hadde sikkert svara seg økonomisk
* Køyrt 12 mil dagleg fem dagar i veka som eg ville brukt 10 timar 
* Vore mykje meir sliten
* Hatt mindre tid til å følgje opp barna mine
* Og definitivt mindre tid til å følgje opp meg sjølv!

Barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen seier altså til meg at eg må tenke meg om, for det har store konsekvensar for meg å arbeide redusert! Ja, det er visst og sikkert! Viss ho kan fortelje meg kven som skal tak seg av ungane mine når eg på grunn av at eg overga meg til fulltidsarbeidet på grunn av hennar press, med alle dei tidsmessige utfordringar det vil vere, så skal eg vurdere det. Vil ho skrive ut ein sjekk eg kan bruke på husmorvikar? For eg vil ikkje ha tid til å kunne skjøtte både heimen, arbeidet, som altså er lærar på vidaregåande med alle dei tidsmessige utfordringar det er, og mi eiga og barna si fritid, så ein husmorvikar vil vere kjærkommen! 
Problemet er berre at i Thorkildsen si verd, så finnes det ikkje rom for husmorvikarar! Folk har ikkje råd til å bruke tusenvis av kroner på at ein slik person skal vere fulltidsengasjert - og kven vil arbeide for luselønn? Folk arbeider ikkje for knappar og glansbilete lenger, og i Thorkildsen si verd skal ein berre arbeide fulltid! Det vil vere eit prosjekt berre dei rikaste har råd til å gjere noko med - vi andre vil vere akterutseilte!

Reknestykket heng med andre ord ikkje på greip, og eg kjenner eg blir mektig provosert av desse sosialistfeministane som liksom skal vite best og setje seg til doms over dei vala vi vanlege dødelege gjer! Eg blir provosert av at andre meiner at ikkje eg skal vite best og ta dei beste vala for meg sjølv og borna mine! Hadde det vore slik, hadde eg heller latt vere å få barn! Eg vil ha meg frabedt denne innblandinga! Hadde det vore noko tak i Inga Marte Thorkildsen, så hadde ho i stedet gjort eitkvart for å få innført maksimumspris på SFO, slik det er på barnehage, slik at ein ikkje må arbeide seg i hjel for å finansiere den SFO-plassen ein må ha til borna sine for å kunne rekke å arbeide så mykje som Thorkildsen vil at ein skal gjere!

Ser verkeleg ikkje likestillingsministeren at det er alt dette maset som gjer at skilsmissetala blir berre høgere og høgere?! Stadig fleire familiar opplever brot i det daglege familielivet, og alt for ofte er det faktisk stress og tidsklemme som er den viktigaste årsaken til at det skjer! Den stadige runddansen rundt gullkalven medfører sjeldan noko godt med seg! 

Eg vonar verkeleg det blir regjeringsskifte til hausten! Stort verre enn det som regjeringa har lira ut av seg i det siste, kan det ikkje bli! Viss ein les ein typisk mammablogg av 2013, så handlar dei om at ein må få meir tid frigjort for å få vere ein god forelder! Det skrikast ikkje etter høgare løn og meir arbeid, men det motsette! Nettopp derfor er eg optimist med tanke på haustens val! Vi er stadig fleire i dette landet som skrik etter ei endring: 

GI OSS MEIR TID TIL Å VERE SAMAN MED BARNA VÅRE! GI OSS MEIR TID OG HØVE  TIL Å FÅ VERE EIN GOD FORELDER OG HA EI TRYGG RAMME RUNDT FAMILIELIVET!

Eg kjem aldri til å definere meg inn i den sosialistfeminismen som femner om kvinnedagen! Og nettopp derfor vil du aldri - ALDRI - høyre meg gratulere ei kvinne med dagen 8.mars! Eg blir aldri feminist - er eg ikkje bra nok som den kvinna eg er, så får det berre vere! 

torsdag 7. mars 2013

Det er vår i bygda!!!

Klokka er fortsatt tidleg på dagen, men så langt er eg nøgd med alt eg har sett og gjort !
Allereie før Aleksander og eg gjekk til barnehagen, "klaska" eg i hop røre eller deig til knekkebrød (usikker på kva eg skal kalle den konsistensen). Men snakker om lett måte å lage knekkebrød på! Dette er så enkelt at det kan til og med far gjere!!!

Oppskrifta fann eg på bloggen Notisboka:
4 dl havregryn
4 dl sammalt grovt rugmjøl
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
Litt salt
Litt honning (eg brukte akasiehonning)
7 dl vatn

Alt dette blanda eg i hop og sette til sides til å svelle før vi gjekk i barnehagen. Eigentleg er halvtimen nok, men med min sulling og stulling med andre ting, stod den enda lengre. Så smurte eg tynne lag utover på tre stk bakepapir og la det på steikeplater. Tidlegare har eg steikt tre plater i omnen på ein gong, og det går heilt fint, men i dag tok eg det i to omgangar. Den skal steikast på 150 grader. Sett inn to eller tre plater på ein gong. Etter 10 minutt tek du det ut og skjær opp knekkebrødet i høvelege storleikar med eit pizzahjul, og set det inni igjen. Pass på at du ikkje sett inn brettet på same høgda som du tok det ut frå! Steiketida er 30-40 minutt, og pass på at du minst ein gong undervegs flyttar om på bretta inni omnen, slik at dei blir jamnt steikte.

Nysteikt knekkebrød med brunost på!


Tilbake til turen til barnehagen:
På veg heim, bestemte Prins og eg oss at vi måtte ned til Grøelva, for isen har begynt å smelte, og etter kvart kjem det friskt vatn rett frå fjellet ned! Eit veldig godt vårteikn! Og eg er så glad i å sjå på elver, og gler meg på at Skorga snart skal renne att!

Slik såg Skorga ut i går:



Og slik såg det ut ved Grøelva tidlegare i dag:

Grøelva med Stoplan i bakgrunnen.



Grøelva nedover mot Sunndalen.



Det er så livgivande å sjå elva som kjempar seg tilbake til livet på denne måten!


Så gjekk vi vidare, Prins og eg, og kom til Torske bru over Driva. Der såg det slik ut:

Driva sett nedover mot Sunndalsøra.


Driva sett oppover mot Oppdal.


Medan eg styra og skulle ta desse bileta, hadde eg lagt hanskane under arma. Så kom det eit par bilar køyrande, og eg måtte hoppe til sides, og samstundes passe på at Prins ikkje var påkøyrd. Etter å ha knipsa litt til, kom det jammen det eit helikopter siglande over bygda! Helikopter på nært hald er jo trass alt ikkje kvardagskost (heldigvis!) - for som oftast betyr det at det er nokon som er sjuk og må komme seg kjapt avgarde til sjukehus!
I dag var det heldigvis frakt av eit eller anna opp til Grødalen som var ærendet!





Etter å ha styra og knipsa helikopteret og, oppdaga eg til mi forferding at hanskane var borte... Bilane som for forbi, hadde garantert ikkje stukke av med dei, Prins hadde ikkje tatt dei, dei låg ikkje på brua... så då vart konklusjonen min at det var elva som tok dei... men eg såg dei ikkje nedover elvestryket då... Ja, ja - men ein hyggelig fotoshoot hadde eg iallfall!

Vel heime att!
Der såg eg at ei som eg er ven med på Facebook hadde linka til ein bloggartikkel som handla om smoothie! Og det passa bra, for plana mi var å lage smoothie! Eg hadde noko frukt som trengte å bli brukt! Eit av tipsa var å legge banan som var på tur å bli brun ferdigskrella i frysaren, slik at ein kunne bruke den frossen i smoothie. Så det gjorde eg! Dessuten hadde eg ein halv ananas som var på tur å bli øydelagt.
Indgrediensar i smoothien min blei følgjande:
Ein halv fersk ananas
Ein kiwi
Ein del druer
Ein halv nesten frossen banan
Ein halv pose frossen skogsbær
Ein god dæsj (1-2 dl) ananasjuice
Ein liten boks jordbæryoughurt
Så dura eg dette saman i blenderen! Så forfriskande vart det i vårsola i det rette glaset:

Vårsolsmoothie!!!!

Og det tenker eg eigentleg er eit greitt bilde å avslutte denne bloggstunda med! Håper andre og vart freista til å lage noko god heimlaga mat av dette!!!

Stop shop ja...

Eit par cherrox til junior og eit par skinnsko med hælar til meg vart dagens shopping....


Eg tenkte for ei stund sida at eg skulle involvere meg i aksjonen Stop Shop 2013! Involvere meg på den måten at eg sympatiserte med aksjonen og at eg og skulle prøve å følgje opp å lese bloggen! Jommen sa eg smør!

Så langt vil eg ikkje akkurat kalle min eigen Stop Shop-aksjon for spesielt vellykka... Og det kan blant anna skuldast to viktige faktorar: Opphørssal x 2 på Amfi...! Først var det på leikebutikken for nokre veker sidan, og eg nærmast styrta avgarde for å skaffe rimelige leiker... Men alt i lovnaden av at det faktisk var bursdagsgåver! For det er mesta lov å kjøpe bursdagsgaver! Berre mesta! Aller helst skal dei vere litt meir av det alternative slaget. Aller helst at ein lagar gåva sjølv! Her er det jo mange mulegheiter - eit glas heimlaga tacokrydder, heimlaga sjokopålegg, din eigen likør spesial, snop du har laga sjølv, eller noko du har snekra sjølv - eller strikka sjølv... I det heile tatt: Mange mulegheiter!

Før opphørssalet var det forresten januarsal! Kan på mange måtar vere ei stor prøving - som eg ikkje bestod!
Så var det opphørssal på Brio ja. Så vart det bytur til Kristiansund og shopping på Storkaia... Men den kom eg meg rimeleg i frå! Og så var det nytt innkjøp av bursdagsgåve... Og det er nokså pussig at når ein skal ut og kjøpe bursdagsgåve, så ramlar det oftast ein liten ting til ein sjølv oppi posen og...
Og denne veka var det jammen nytt opphørssal på Amfi - denne gongen på Økonomisko! Slike opphørssal er ikkje god til meg som fortsatt prøver å ivareta stop shop-trenden! Og vi er ikkje kommen lengre enn til årets 67. dag....

Så langt i år kan eg notere følgjande innkjøp av klede:
* To bukser og nokre trøyer til meg sjølv (jau, eg trengte faktisk nye klede! Hadde du sett stabelen med klede eg har lagt bort, hadde du vore einig!) + eit par nye støvlettar i dag
* Ei bukse, ei skjorte, ei ny vinterjakke og to par vintersko til Aleks (det eine skal ikkje passe før neste vinter)
* Dunjakke, bluse, vintersko + alt Ingvild greidde sjølv å shoppe av ting og tang for 7-800 kr i vinterferien... (og då har eg ikkje nemnt stabelen med klede ho fekk i romjula...)

Så kva indikerer denne lista eigentleg? Jau, iallfall at det er jammen ikkje lett å la vere å handle eitt eller anna om ein er på butikktur - og det kan vere både fornuftig og ufornuftig! Ein positiv ting kan ein jo seie at denne stop shop-handlinga mi har medført, og det er at eg kjøper faktisk mindre mat! No prøver eg å få spist ut av frysaren før eg kjøper meir mat til å legge i frysaren! Så bakar eg mykje meir sjølv! For meg er baking blitt eit vel så mykje tidsfordriv, men det gjer og at eg handlar inn ingen ting av bakevarer! Og som eg har vore inne på før: Det å bake og lage maten sjølv er viktig for å få i seg minst muleg av usunne, skumle tilsettingsstoff i den butikkjøpte maten! Det er derfor stor grunn til å tru at det kan ha ein helsegevinst!
For det andre indikerer denne lista at eg har vore særdeles dårleg på bruktkjøp i det siste! Eg som gjerne drar til Marys venner eller Fretex og som gjerne les mykje på finn.no eller Facebooks kjøp og sal-sider! Å kjøpe klede som mesta ikkje vises er brukt for ein rimeleg penge, er smart å gjere - både for pengeboka og for miljøet!

Eg må berre vone at det ikkje blir fleire opphørssal på senteret... Først og fremst fordi det er ikkje bra for senteret at så mange må legge inn årene og avvikle butikken! Korleis skal ein få kundane å bruke pengar på senteret når ein etter ein av butikkane forsvinn? For til trass for mi stop shop-handling, så skal fortsatt senteret gå i rundt med handel over mangfaldinge diskar! Det er heldigvis ikkje min handel det står og fell på!
Det er ikkje sikkert du som les dette, synes stop shop-tanken er ein særleg god tanke! Å bruke dette som ein metode på å få ned BNP i dei nasjonale reknskapa samstundes som du gjer deg og klesskåpen din ei teneste, fell seg ikkje like naturleg for alle! For mange virkar det framandt å skulle overta klede som er arva eller kjøpt brukt!
Med det for auge, er det bra at det er countrylife og anna hageliv saman med den rustne chabby chic som er det moderne no blant interiørting- og der er det mykje innskaffing av brukte ting som er det viktige!
Du får følgje med korleis det går med meg og med shoppestoppen! Men viss du les dette, og er ueinig med meg: Kva som skal til for at du drar på ein brukthandel og handlar ?

PS! Viss du har lyst å lese meir om Stop Shop 2013, så er bloggadressa dit: stopshop2013.wordpress.com.

Etiketter