Totalt antall sidevisninger

fredag 8. mars 2013

Ei antifeminisitisk helsing på tampen av kvinnedagen!

I dag tenkjer eg å skrive eit skikkeleg anti-feministisk innlegg! Eit anti-kvinnedagen-innlegg!
Eg vart så provosert av å lese kva barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen har uttalt:

"Man kan si det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke." (Intervju i Aftenposten)


Eg blir matt av mindre altså! Dette er altså SVs kronprinsesse si helsing til oss damene på denne kvinnedagen! Hennar hjartesukk er at vi kvinner faktisk ikkje skjønnar kva som vil skje om vi vel å vere heime litt meir med ungane og vel bort arbeidet for ei stakka stund. Stakkar meg som har berre - og det er heilt sjølvvalt - 80 % stilling! Eg skjønnar ikkje kva dei siste 20 prosenta vil utgjere i uoverskueleg framtid! Fortel denne ministeren til meg! Eg mistar pensjonspoeng, eg har naturleg nok lågare løn enn om eg har fulltidsjobb, det blir det mindre feriepengar av - og ikkje minst: Eg yter mindre til staten enn det som godt er! Ergo: Eg må vere ein skattesnytar og unnasluntrar - viss eg skal forstå denne ministeren rett!

Men eg kan fortelje den godaste barne- og likestillingsminsteren kva eg veit om mitt liv og kva mine val har å seie for meg og mine born:
* Ja, eg er aleine med to born
* Eg har 12 mils arbeidsveg kvar dag
* Pendlinga 4 dagar i veka kostar meg rundt 2000 kr/ månad berre i drivstoff
* Eg har vore sjuk, og fulltidsarbeid medfører meir stress som gjer meg meir meir utsett for meir sjukdom
* Eg har valt å gå i gang med eit masterstudium, og det gjorde eg medan eg var sjuk!

Ved å velgje fulltidsarbeid vil eg sjølvsagt
* Få såpass mykje meir i løn at det hadde sikkert svara seg økonomisk
* Køyrt 12 mil dagleg fem dagar i veka som eg ville brukt 10 timar 
* Vore mykje meir sliten
* Hatt mindre tid til å følgje opp barna mine
* Og definitivt mindre tid til å følgje opp meg sjølv!

Barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen seier altså til meg at eg må tenke meg om, for det har store konsekvensar for meg å arbeide redusert! Ja, det er visst og sikkert! Viss ho kan fortelje meg kven som skal tak seg av ungane mine når eg på grunn av at eg overga meg til fulltidsarbeidet på grunn av hennar press, med alle dei tidsmessige utfordringar det vil vere, så skal eg vurdere det. Vil ho skrive ut ein sjekk eg kan bruke på husmorvikar? For eg vil ikkje ha tid til å kunne skjøtte både heimen, arbeidet, som altså er lærar på vidaregåande med alle dei tidsmessige utfordringar det er, og mi eiga og barna si fritid, så ein husmorvikar vil vere kjærkommen! 
Problemet er berre at i Thorkildsen si verd, så finnes det ikkje rom for husmorvikarar! Folk har ikkje råd til å bruke tusenvis av kroner på at ein slik person skal vere fulltidsengasjert - og kven vil arbeide for luselønn? Folk arbeider ikkje for knappar og glansbilete lenger, og i Thorkildsen si verd skal ein berre arbeide fulltid! Det vil vere eit prosjekt berre dei rikaste har råd til å gjere noko med - vi andre vil vere akterutseilte!

Reknestykket heng med andre ord ikkje på greip, og eg kjenner eg blir mektig provosert av desse sosialistfeministane som liksom skal vite best og setje seg til doms over dei vala vi vanlege dødelege gjer! Eg blir provosert av at andre meiner at ikkje eg skal vite best og ta dei beste vala for meg sjølv og borna mine! Hadde det vore slik, hadde eg heller latt vere å få barn! Eg vil ha meg frabedt denne innblandinga! Hadde det vore noko tak i Inga Marte Thorkildsen, så hadde ho i stedet gjort eitkvart for å få innført maksimumspris på SFO, slik det er på barnehage, slik at ein ikkje må arbeide seg i hjel for å finansiere den SFO-plassen ein må ha til borna sine for å kunne rekke å arbeide så mykje som Thorkildsen vil at ein skal gjere!

Ser verkeleg ikkje likestillingsministeren at det er alt dette maset som gjer at skilsmissetala blir berre høgere og høgere?! Stadig fleire familiar opplever brot i det daglege familielivet, og alt for ofte er det faktisk stress og tidsklemme som er den viktigaste årsaken til at det skjer! Den stadige runddansen rundt gullkalven medfører sjeldan noko godt med seg! 

Eg vonar verkeleg det blir regjeringsskifte til hausten! Stort verre enn det som regjeringa har lira ut av seg i det siste, kan det ikkje bli! Viss ein les ein typisk mammablogg av 2013, så handlar dei om at ein må få meir tid frigjort for å få vere ein god forelder! Det skrikast ikkje etter høgare løn og meir arbeid, men det motsette! Nettopp derfor er eg optimist med tanke på haustens val! Vi er stadig fleire i dette landet som skrik etter ei endring: 

GI OSS MEIR TID TIL Å VERE SAMAN MED BARNA VÅRE! GI OSS MEIR TID OG HØVE  TIL Å FÅ VERE EIN GOD FORELDER OG HA EI TRYGG RAMME RUNDT FAMILIELIVET!

Eg kjem aldri til å definere meg inn i den sosialistfeminismen som femner om kvinnedagen! Og nettopp derfor vil du aldri - ALDRI - høyre meg gratulere ei kvinne med dagen 8.mars! Eg blir aldri feminist - er eg ikkje bra nok som den kvinna eg er, så får det berre vere! 

Ingen kommentarer:

Etiketter