Totalt antall sidevisninger

lørdag 9. mars 2013

Eit litt meir nyansert syn på feminismen

For somme er det kanskje dagen derpå! Det er iallfall dagen etter kvinnedagen, og det er muleg å jenke ned kraftutbrotet mitt i går til eit litt meir nyansert syn i dag!
Eg fekk - heldigvis - nokre tilbakemeldingar på innlegget mitt, men det var på facebook, så det var ikkje alle som kunne lese dei.

Sjølvsagt ser eg trekk ved den feministiske ideologien som er viktige i samfunnet! I følgje Wikipedia handlar feminisme om å definere dei grunnleggjande politiske, økonomiske og sosiale rettar for kvinner (omsett frå den engelske utgåva), og eg vonar verkeleg det ikkje fins kvinner som meiner det er uviktig! Og sjølvsagt ser også eg at spesielt vi i den vestlege verda har ein kamp å ta for våre medsøstre i andre delar av verda! At ein stiller på lik linje som menn i utdanning og arbeidsliv er faktisk viktig!

Grunnen til at eg tek fram dei store bokstavane, slik eg gjorde i går, er ganske enkel! Eg liker ikkje den måten dei sosialistiske feministane har lagt sin hevd på dagen gjennom måten dei definerer den som sin!  Og eg meiner verkeleg at eg ikkje liker at andre kjem og skal nærmast tre ned over hovudet på meg si meining om korleis eg skal løyse mitt familieliv! Akkurat så eg ikkje hadde nok bekymringar i frå før... Og akkurat som at eg er så "haulaus" at eg ikkje kan å tak meg av borna mine!

Det som er spørsmålet, slik eg tenkjer det, er: Kan ein ha ein politisk nøytral kvinnedagmarkering? Kan ein fokusere på dei viktige sakene som treng fokus utan å farge det enten raudt, blått, grønt eller gult? Kan ein feire kvinna og hennar plass og rolle i samfunnet utan å skulle finne ei eller anna barrikade å stå på?
Her trur eg svaret er ja! Men då må det vere det som er agendaen! For slik kvinnedagen markerast i dag, er det ei fortsetjing av det raudstrømpene starta på på midten av 70-talet. Slik det framstår for meg, er deira agenda å fortelje at dei veit det som er den fulle sanninga for alle!

Det er denne framstillinga eg ikkje liker! Og ikkje minst det at mange raudstrømper trur dei må framstille sine feministiske meiningar på ein så utruleg banal og vulgær måte! Kvifor må Helle Gannestad kalle kronikken sin i studentavisa Universitas denne veka for "Feministfitter"? Fann ho ikkje noka betre ord å beskrive si "heilage tru" på? For meg er ei slik vulgærbeskriving å trampe på kvinna og hennar seksualitet meir enn å heidre! Og det er nokså langt i frå den feminismen eg vil identifisere meg med!

På same måten er det einskilde som blir trekte fram i debattar og slikt for å tale kristenfolkets sak, og det er ofte kristne som eg ikkje identifiserer meg med! Og det gjer det vanskeleg å kalle seg kristen! Eg vil ikkje bli sett i same bås som dei som framstiller det å vere kristen og det å ha ei kristen tru på ein anleis måte enn det som kjennes rett for meg!

Tilbake til Wikipedia: I går skreiv eg det eg kalte eit antifeministisk innlegg! I følgje Wikipedia er antifeminisme det å vere fiendtleg innstilt til seksuell likestilling og til forsvar av kvinners rettar. Ut frå den definisjonen er eg nok ikkje spesielt antifeminim, for eg og vil gjerne bruke mi politiske rolle til å tale varmt for kvinners plass i samfunn- og yrkesliv! Men eg blir antifeminim i møtet med sosialfeminismen! Eg er fiendtleg innstilt til måten sosialistane framstiller feminismen, fordi i det rommet er det ikkje plass for dei mjuke verdiane! Og det er dei mjuke verdiane eg vil framheve - og det kan på mange måtar reknast som antifeminint!
Legg inn en kommentar

Etiketter