Totalt antall sidevisninger

tirsdag 30. april 2013

Heimelaga marsmallows


Eg skreiv på facebook ein gong om reklama si makt: Det var potetgullreklame på tv, og Ingvild gjekk rett til boden og henta seg ein pose potetgull...

Mesta slik vart det no og. På Heile Norge baker på TV3 sundag laga dei heimlaga marsmallows. Eg har aldri tenkt over at det gjekk an å lage dei sjølve. Ingvild vart veldig freista av det ho såg på tv, og i går måtte ho berre prøve!

Oppskrifta vi brukte såg omtrentleg slik ut: (Henta frå www.mariannmat.no)

2,5 dl kaldt vatn
400 gram sukker
25 gram gelatinpulver
2,5 dl lys sirup
bittelitt salt
1 ts vaniljesukker
2 ts fargepulver (vi brukte litt gelepulver og litt konditorfarge)
melis

Framgangsmåte:
Bland 1,5 dl vatn med gelatinpulveret i ei miksmasterbolle.
Ha resten av vatnet i ein kjele saman med sukkeret, sirupen, saltet og vaniljesukkeret. Rør til sukkeret er oppløyst. Bruk eit sokalla sukkertermometer som viser temperatur høgre enn 100 grader - blandinga skal bli 120-130 grader varm. Tilsett blandinga som ein stråle i gelatinblandinga medan miksmasteren går på låg fart. MEN: Stråla må ikkje treffe vispen, for då blir visst ikkje konsistensen rett.
Skru opp farta og la miksmasteren gå til blandinga har vorte tjukk kremaktig.
Du kan velje om du vil ha blandinga i ei bakepapirkledd form eller om du vil ha den i ei sprøyte for å sprøyte ut fine rosettar. La det stå og stivne - det stivnar fortare i frysaren enn på kjøkkenbenken.
Når blandinga har stivna, skal du strø melis utover kjøkkenbenken før du snur marsmallowsen ut av forma. Dra av bakepapiret.
Skjær marsmallowsen opp i høvelege bitar og vend det i melis.

På tv laga dei og ein porsjon med marsmallows med sjokoladesmak. I oppskrifta på TV3 står det at dei har oppi kakao og smelta sjokolade oppi. Det lagar garantert veldig god marsmallows!

Etter dette forsøket er dommen klar her i heimen: Det blir ikkje kjøpt noko marsmallows i pose heretter! Eg likte ikkje marsmallows, men med denne oppskrifta har det vorte snop til meg og!!!

søndag 28. april 2013

Glimt frå KrFs landsmøte i Trondheim

Då er ei "kjøle" intens landsmøtehelg over! Mykje god politikk vart utforma - mykje av det kostar mykje pengar - og så hadde vi det kjøle triveleg saman!

Her kjem nokre glimt frå landsmøtet! Dessutan har eg lovt å publisere innlegget eg hadde på talerstolen fredag.
Den store saka på landsmøtet var om partiet skulle halde vidare på vedkjenningsparagrafen. Skal ein som vil tenestegjere for partiet - uavhengig av om det er høgt eller lågt nivå - kunne risikere å bli avkrevd svar på om ein er kristen? Og dessuten: Kva skal vere partiets plattform og ideologi?  Det var ein lang debatt, og her er kva eg sa:

"Då eg gjekk på bibelskulen for over tjue år sidan, hadde eg jobb ved sidan av på eit konditori. Ein gong spurte sjefen meg om det var folk i kassa. "Eg trur det," svarte eg. "Tru kan du gjere på skulen, men her må du vite," var svaret eg fekk!
Hordaland KrF viser i eit av forslaga sine til regimentlæra, men eg vil ta klår avstand frå at Krfs lære og ideologi framstår som ei kristen tru.
Vi er samla her frå mange leirar  nokon har ei enkel kvardagstru eller ei enkel barnetru og nokon har eit aktivt forhold til Bibelen og kyrkjegange. Det er ikkje vi som ringjer inn til kyrkjetid sundag kl. 11 - det er det kyrkja som gjer! Vi må akte oss vel for å ikkje bli so konservative og ytterleggåande i vår ideologi utforming at vi framstår som ei eiga trusretning. Det kan verke fråstøtande for oss som har berre den enkle, kvardagslege trua!"

Eg er nøgd med at eg langt på veg vart sitert av politisk redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten i dag!!

Vel - vi kom i hamn med avstemninga om desse to spørsmåla. Det vart ei solid overvekt på at ein ikkje skal avkrevjast vedkjenning for å kunne vere aktiv i partiet. Og vi vart og einige om at det er fortsatt det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret som er verdigrunnlaget i partiet. Kristeleg Folkeparti er bygd på kristendemokratiske prinsipp med Bibelen som plattform.

Det er mange som er redde for at KrF no vil bli eit utvatna parti - ikkje kristent nok lenger liksom! Men eg trur ærleg talt at det er folk som ikkje har lest partiprogrammet og som ikkje har sett seg inn i saka. Det er lett å hengje seg på media si populistiske framstilling!
Eg er ikkje bekymra for KrF si framtid med dette programmet i handa!

Det vekte og ein del reaksjonar at lesbiske Christine Koht var festkveldens hovedgjest. Eg kan på mange måtar skjønne det, for om ein ikkje kjenner til eller likar hennar direkte veremåte og måten ho rydder seg plass på, kan eg godt forstå at ein kjenner seg litt ubekvem i situasjonen. Slik eg opplevde showet hennar, låg det iallfall ikkje noko ondsinna i det, eg synest ikkje det var for drygt heller - sjølv med eit bannord inkludert. Og bodskapen hennar var jo heilt klar: KrF har ein bra bodskap, men ein må faktisk by på seg sjølv om ein skal gjere han salbar!
Når det gjeld det med homofile og homofili, så held eg på og utarbeider eit blogginnlegg om det i løpet av nokre dagar! Eg trur nok eg vann å bli litt meir liberal/ reflektert om temaet i løpet av landsmøtet!

Landsmøtet hadde besøk av heidersgjesten Kjell Magne Bondevik, som naturleg nok fekk ståande applaus! No skjønnar eg at han er skikkeleg skuffa i kveld etter Molde sin kamp på Røkkeløkka, men når han før helga konstaterte fakta, så gjaldt det følgjande: Statsministeren skulle vitje Rosenborg i helga. Sist gang ein sitjande statsminister gjorde det, var i 1997, då Jagland gjorde det - og ein såg jo korleis det gjekk! Ergo: Sidan Stoltenberg besøkte RBK i helga, så er det all grunn til å tru at han vil tape valet!

Heilt til slutt - ei rekke fotoglimt frå landsmøtet:


Christine Koht i aksjon - med og uten kjolen oppi strømpebuksa!


KrFUs fylkesleiar Victoria Tornes tala om retten til å styre sin eigen matvareproduksjon.
3.kandidat til Stortinget - Simon Moldvær Grimstad.


Fire av dei fem yngste i KrFs stortingsgruppe. f.v. Kjell Ingolf Ropstad, Dagrun Eriksen, Øyvind Håbrekke og
Knut Arild Hareide. Line Henriette Holten Hjemdahl var ikkje med på KrFs unge fotballag.
Knut Arild Hareide intervjuast av Kjell Magne Bondevik! KrFs flotte kapital!



Gjenvalgt leiartrio - Bjørg Tysdal Moe, Knut Arild Hareide og Dagrun Eriksen.
Nybakt pappa - gjenvalt leiar!
Frå omvisninga og kveldskonserten vi var på torsdag kveld i Erkebispegarden og Nidarosdomen.
Møre og Romsdal KrF sin delegasjon! Gruppa kjempa for mange saker: Landbruk i og utanfor Noreg, fiskeri, sidemål og sjukehus! Men heilt einige om kor langt nordover Nord Noreg-banen skal gå, var vi ikkje!




Klar for festen laurdagskvelden!


Bloggredaktøren på veg ned frå talarstolen.

tirsdag 23. april 2013

Eitt langt år...

Gullfaks C 22.april 2012 om kvelden:

Medan du sto saman med ein kollega og spela biljard, det artigaste du visste, kom du i prat med plattformsjefen, som akkurat passerte dykk. Du hadde fortalt kor du gledde deg på å reise heim neste dag! Du snakka om fossen som hadde begynt å renne, om sola som gjekk over Stoplan, og kor du gledde deg på å oppleve våren og sjå sola skinne på snødekte fjell.




På skypesamtalen med meg snakka vi om ferieplanar, om trekutting, om vitsa du hadde slått til formannen din om overtidstimane du trengte for å ha litt pengar til deg sjølv. Du var så glad i stemmen, og du viste meg på skjermen korleis utsikta var frå vindauget ditt - sola skein på dei andre plattformene i rundt.

"I'll find my way - through night and day . Cause I know I just can't stay - Here in Heaven".




Grøa, 23.april 2013.

Kjæraste Runar!

No er vi her! Eg valde meg ikkje april, og det gjorde vel ikkje du heller. Det var døden som valte for oss, og no er det eitt år i dag sidan døden greip inn i liva våre, eitt år sidan tjuven tok det mest dyrebare vi hadde. Døden kom ikkje stille som ein venn, men som den mest grusomme tjuv nattestid.
Eitt år, Runar, utan deg!
Eitt år kor vi har sakna deg noko så grusomt. Eitt år kor det har vore så alt for stille i huset. Eitt år - det er ikkje så lenge, men det kjennes litt lenge ut. Det er tungt å sakne eit menneske så inderleg så lenge!

"I must be strong, and carry on, cause I know I don't belong - Here in Heaven".

Det var ikkje du som kom heim frå plattforma. Du kom ikkje den måndagen. Du kom nokre dagar seinare - i ei kiste frå Bergen. Det var ikkje du, det var kroppen din - men den likna på deg. Men det var ikkje liv i deg, det var ikkje lyd i deg, det var ikkje verken sinne eller glede i deg der du låg. Men eg kjende smerta di og det du hadde på nokre få minutt vore gjennom då åtaket og døden herja gjennom kroppen din.

"Beyond the door, there's peace I'm sure. And I know there'll be no more - Tears in Heaven!"




Så sitt vi her i huset du bygde til familien din! Det vart så alt for god plass her etter at du fòr. Vi lever vidare i huset, men det er ein som manglar - plassen din står tom - ved bordet og i senga. Kinorommet ditt ser heilt kaosaktig ut når du ikkje er der og held orden. Fuglane du var så glad i fekk ikkje mat i vinter - det vart ikkje med meg. Men no skal iallfall trea bli kutta. Det tok eit år, men no blir det. Det tok eit år, men det skal bli fin stein på grava di og.
Det har tatt eitt år av våre liv å sakne deg - du høyrer fortsatt saman med oss.

"Den korte tiden som vi fikk sammen med Runar etterlot han så sterke inntrykk at vi alle ble dypt berørt av hans plutselige bortgang. Vi kommer alle til å savne dine herlige og treffende kommentarer som du alltid hadde. Det var ikke mange kjedelige stunder med deg!"
 - Skreve av arbeidskollegaane hans på plattforma.

"Æ savne dæ no, og det vi itj sku få, men minnan vi tar med oss, ska vi ta godt vare på!"




                                     
                                        Cause I know I don't belong - Here in Heaven!

Du var så bekymra for meg om at eg ikkje skulle ha nokon å vere saman med. Det har gått på eit vis, Runar. Men det aller tyngste var vel ikkje det at du plutseleg var borte frå oss - det lærer vi oss å leve med. Det aller tyngste var den øyredøvande stillheita etterpå - då mesta ingen ringte på døra! Då mesta ingen ringte på telefonen! Då det ikkje var nokon der til å bry seg. Det var tyngre enn noko anna!

No er vi her, Runar. Vi - ungane og eg - minnes deg for den du var for oss - for alt det fine vi hadde saman - kjærleiken gøymer ikkje på det onde! No skal du kvile, men minna om deg lever vidare!
Takk, kjærasten min <3

Din Ingunn <3




søndag 21. april 2013

Når brydde du deg sist?



For nokre dagar sidan la eg ut dette biletet på facebookveggen min. Det var vel omtrent som venta den responsen eg fekk - det var nokså taust!

Eg er glad det var Håvard Tjora som kom med dette! Han er lærar, og han har vist sopass godt på tv kva han er god for, så det skal vere godt hald i det han kjem med!

Plikt seier han at det er! Som menneske i dette samfunnet har vi nokre plikter, for nokre er det sikkert fleire, for andre er det sikkert færre - kva veit eg?! Men kva plikter har vi som forelder?
- Jau, vi skal sørgje for at ungen vår kjem seg til skulen for å få den naudsynte opplæringa det er bestemt ein skal gjennom.
- Så har ein vel ei viss plikt om å lære ungen sin eit visst sett av skikkar og reglar ein lyt forhalde seg til i samfunnet! Alle bør til dømes ha ei viss forståing av kva som er rett og kva som er gale!

Sjølv har eg sett som min jobb nr 1 som forelder å oppdra ungane mine til å bli gudfryktige samfunnsengasjerte menneske. Eg vonar eg lykkes med den retninga på oppdraginga! Men plikt å gjere det er det vel ikkje, men eg trur det er ein god veg for borna mine.
Men Håvard Tjora seier at mi plikt som forelder er å sørgje for at andre born i klassa til borna mine blir inviterte heim! Det høyrest voldsomt ut! Korleis i vide verda skal eg vite om andre elevar i klassa blir invitert med heim til nokon eller ikkje?
For det første: Research! Spør ungen din! Eg trur dei fleste i ei klasse har rimeleg grei oversikt over om det er nokon som blir stadig invitert versus om det er nokon som aldri blir invitert til nokon andre. Å snakke med ungen sin på denne måten er å bry seg om sin eigen unge sitt ve og vel!
For det andre: Om ikkje ungen din veit noko, så er det vel kanskje nokon andre innom på besøk du kan snakke med! Å snakke med vennene til ungane mine synes eg faktisk er viktig! Eg vil då vite kven dei er i lag med og korleis dei har det!
Eg spurte jenta mi i fjor haust etter eit venninnebesøk om dei hadde spurt ho korleis ho hadde det og korleis sommaren hadde vore - det var jo fortsatt berre fire månader sidan pappaen hennar døydde. Nei, dei spurte ikkje om det... eg var vel ikkje spesielt forundra! Men skuffa - ja, det var eg!

Ja, eg vil faktisk vite noko om dei som er innom her! Eg vil gjerne vite om dei har det bra, om livet går stort sett bra heime hos dei, om dei har ferieplanar eller andre planar! Eg vil faktisk gjerne vere interessert i vennene til ungane mine på denne måten! Og det er ikkje fordi eg er nysgjerrig! For eg trur ikkje eg er noko meir nysgjerrig enn folk flest!

Nei, det handlar kort og greitt om å bry seg! Som min Runar sa ein gong om ei konkret sak: "Kva trur du dei vil seie viss dei ein gong spør deg "kvifor gjorde du ingen ting med det når du visste?" "
Ja, kva skal eg svare då viss eg blir konfrontert mange år etterpå på spørsmålet - kvifor gjorde du ingen ting?
Eg veit med meg sjølv at eg vil få problem med samvitet mitt om eg skulle ha svikta eit born på denne måten! Derfor seier eg det som eg meiner det:
Å invitere handlar om å INKLUDERE! Inkludering bryt ned barrierar, opner auge og ikkje minst: Å inkludere kan vere med på å forhindre mobbing og psykisk trakassering!
"Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv" (Arnulf Øverland).
Derfor kjem eg til å fortsetje med det! Eg kjem til å spørje ungane som er innom her om korleis dei har det, eg kjem til å spørje ungane mine om korleis dei andre ungane i klassen har det. Eg kjem til å fortsetje å bry meg på denne måten! Om eg ikkje har krefter, så skal eg gjere det likevel!

Så derfor spør eg frekt og freidig: Når inviterte du ein unge frå klassa til ungen din heim? Når spurte du sist korleis vennene til ungane dine har det? Når brydde du deg sist?
Viss du ikkje greier å tidfeste det, er mitt råd: Då kan du gjere noko med det i dag!

fredag 19. april 2013

Eg kjenner det er april...

Det har vorte lite skriving i vekene etter påske. Eg kjenner det er april, eg kjenner sjølve hoveddagen kjem snart, og om eg vil eller ikkje, så er det det kroppen fokuserer på. 23.april - tysdag - eit år sidan Runar døydde.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å nemne det her før dagen er der over helga, men det er vanskeleg å la vere - dessverre! Så derfor har hovudet vore nokså tomt i det siste - det skjer liksom ingen ting. Vi kjem oss ikkje lenger enn rett vest for solar pleksus, kan ein på sett og vis seie. Når det var godversdagar, så kom vi oss likevel ikkje lenger enn til trappa. Kor er motivasjonen og tiltakslysta på å gjere noko gøyalt ute saman med ungane... Eg meiner ikkje å klage - men eg skulle verkeleg ønske at nokon ringte eller kom og døra og sa at no drar vi ut og finn på noko... Eg har ønska det mange gonger, men er det meininga eg skal rope det ut for at det skal skje? Som han sa Tommy til Tigeren i ein gammal tegneseriesnutt: KAN IKKJE NOKON KOMME OG OPPMUNTRE MEG!!!

Sidan påske har eg brukt ein del tid på å planlegge og førebu gravsteinen til Runar. Viss nokon trur at det tek eit kvarter å planlegge ein gravstein, så er det berre å tru om att... Jauda, eg høyrer frå der oppe at det vel tek berre eit kvarter... Han meinte det tok berre eit par dagar å lage til bryllaupsfesten vår og... Han skjønte jo at han tok feil, då, så vi humra litt over det.
Ingvild har og fått vere med og bestemme gravsteinen. Det blei ho som bestemte kva for ein vi skulle ta, og så var vi nokså einige om korleis dekoren, eller ornamentet, som det heiter, skulle sjå ut. Runar var så utruleg glad i fuglane i hagen (eg burde skjemtes over kor dårleg eg har tatt vare på dei i vinter...), så fuglar blir det på steinen og! For meg gir dei ein vakker symbolikk.
Eg vonar eg får setje på steinen 3.mai, men med den tela som er i jorda fortsatt, så er det vel ikkje sikkert at det går.

Til trass for at eg har denne ettårsdagen like rundt hjørnet, så har eg uendeleg mykje meir å sjå fram til. I går, i dag og i morgon har eg mamma og pappa her som hjelper meg med våronna! Det vaskast, ryddast, kastast! Eg er kjempeglad for å få rydda "rundt nova" her! Det er til utruleg stor hjelp for meg. Sjølv om eg prøver å gjere ein del her heime sjølv, synes eg mesta eg fortsatt har eit paralysert liv! Ein dag kan eg seie at "ja, ja, eg tala iallfall på skype i to timar, og så lagde eg middag".  Uansett: Eg har tatt sjansen på å vaske og leggje bort vinterkleda! Nokon seier det kjem meir snø, men pappa seier at vinterskoa kan setjast på mørkeloftet no! Så då gjer eg det! Og priser våren som kom i år og! Det er eg sanneleg glad for!!!

mandag 8. april 2013

Smoothietid!

Vi har akkurat laga smoothie - og i kampen om å rekke å få i seg fem frukt og grønnsaker om dagen, er smoothie ei genial oppfinning!!!

I smoothien i dag blanda eg saman:
Ein frossen banan
Mesta ein halv pose frosne skogsbær
1/3 fersk ananas
Eit eple
3 dl gul drikk frå Coop
4 isbitar

Det såg slik ut:


Så køyrde eg alt saman i blendaren, og voilà var smoothien klar til servering i høge glas med sugerøyr til! Eit steg nærare å rekke fem frukter i dag!


Den "besværlige" bakedagen!

I går tenkte eg at eg skulle bake litt! Det er vel sjeldan det går så skeis med bakinga som eg synes det gjorde då!

Eg starta med å lage speltknekkebrød etter denne oppskrifta frå Trines Matblogg:

4 dl sammalt spelt, grovt
3,5 dl havregryn
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1,5 dl nøtter (eg brukte omlag halvparten graskarkjerner og halvparten valnøtter)
10 g salt
6 dl vatn
1-2 ts honning
sesamfrø oppå knekkebrød

Eg blanda alle dei tørre tinga saman, før eg blanda det med vatn og honning. Etter å ha rørt det godt saman, lot eg ho stå og godgjere seg ein liten halvtime på benken. Så tok eg det utover fordelt på tre knekkebrød.
Det var steikt i omnen på 160 grader i omlag ein times tid. Det skjedde på denne måten: Eg sette først inn alle tre platene, og etter ti minutt tok eg det ut og streka opp firkantar med ein pizzakniv. Så sette eg det vidare å steike - 20 minutt på kvar høgde, før ein byttar om, slik at alle bretta er innom kvar høgde.
Eg heldt på å brenne knekkebrøda mine, men det gjekk bra, og dei vart veldig gode! Knekkebrøda skal vere tørre når du tek dei ut av steikeomnen etter totalt 70 minutters steiking.




Det neste eg ville prøve å bake, var valnøttrundstykker frå Brød og Korn si nettside. Opprinneleg såg oppskrifta slik ut:

3,5 dl vatn
400 g sikta speltmjøl
50 g sammalt rug, grov
50 g byggmjøl
100 g hakka valnøtter
10 g havsalt
1 pk gjær

Eg tenkte eg skulle fordoble oppskrifta, og tok 50-50 med sikta speltmjøl og grovt sammalt speltmjøl. Eg blanda saman alt det tørre, og så blanda eg i vatnet. I oppskrifta står det at ein skal ha oppi alle indgrediensane i ei kjøkkenmaskin, men halde att ein halv desiliter som ein tek i når deigen har blanda seg. Køyr først i 4 minutt på låg fart, før ein aukar farta og fortsett i rundt 7 minutt til. Ha oppi siste rest av vatnet, før deigen blir sett til heving ein times tid.
Deigen skal bakast ut til ti rundstykker som settast til heving ei stund til, før dei steikast i 10-15 minutt på 220 grader.

Her gjekk det noko gale til meg på ein eller annan plass i den kjemiske prosessen... deigen min heva ikkje som den skulle, og den var uråd å bake ut som rundstykker. Enden på visa var at eg delte deigen i to, og kjevla ut leivane til to stk brytebrød. Konklusjonen etter smaking, er at det smakte godt, men konsistensen blei noko tung! Neste gong blander eg nok ikkje inn so mykje grovmjøl! Men eg må definitivt prøve det att!



Det siste eg bakte, var mine eigne brød . fritt etter "ein tar kva ein har-prinsippet"! Kva hadde eg eigentleg oppi? Jau, havregryn, kli, kveitemjøl, kveite heilkorn, kveite fullkorn, sammalt grov rug, sikta rugmjøl, solsikkekjerner, hakka graskarkjerner, sesamfrø, linfrø, salt, solsikkeolje, sirup og gjær blanda saman med vatn.
Deigen heva bra, og det gjorde og dei utbaka brøda. Dei steikte og fint.... men så gløymde eg at eg hadde brød i omnen... Og kom på det eit kvarter etter at dei skulle vore tatt ut!!! Dei blei sjølvsagt nokså harde i skorpa... Minst like irriterande var det at eg fant ut etter å ha kappa dei i to at brøda ikkje var elta nok, og mest sannsynleg vil meir eller mindre gå i oppløysing når eg begynner å skjære i det...



Det var altså dagens bakeseanse... Det kan ikkje bli like vellukka kvar gong...!

Når ein berre får på pålegg, blir det godt til slutt!


lørdag 6. april 2013

Ein tur rundt på historiske stigar!

Fredag var Prins og eg rundt på historiske stigar her på Grøa og gjekk tur! Eg tenkte å invitere deg med på tur her :)



Våren har ikkje akkurat kommen langt her på Grøa! Snøen ligg fortsatt på dei fleste åkrane, og kuldegrader gjer at iallfall eg dreg vinterjakka godt i rundt meg! Trøysta er at det heilt sør i Europa er berre 13-15 grader (Malaga) -  og så tenkjer eg med skadefro på då vi var på middelhavscruise for nøyaktig to år sidan, og det var stort sett rundt 20 grader alle plassane vi var!


Sunndal Bygdemuseum og Leikvin Kulturminnepark på Grøa er eit kjempeflott område med mykje historie - og med mykje hjarterom! Det er ikkje vanskeleg å trivast på Leikvin! Her ser eg fram til mange trivelege kaffelag til sommaren - og ikkje minst til julemarked siste sundag før jul! Det var ein svært positiv nyskaping no sist år!



Leikvinstøgu (sist sett på framsida av boka "Finn spor fra fortida" av John Roald Pettersen) er den opprinnelege stova - eller støgu som det heite på sunndalsk - som mellom anna Barbara Arbuthnott var eigar av. I følgje Nordmøre Museum sine nettsider, vart denne stova sett opp i 1823, så ho nærmar seg 200 år gammal! Det blir likevel rekna som sannsynleg at delar av stova har vore oppført lengje før 1823, men at ho blei flytta til Leikvin, kor det korkje var ras- eller flomfare!











I Aura Avis i dag (6.april) har museumsstyrar Jarle Stavik fortalt historia om kornlåven frå Opdøl. Det er den nesteldste bygninga i Sunndal - datert til 1639! Låven kom til Leikvin på slutten av 1970-talet.




Kapellet på Leikvin vart sett opp av Mrs Cochran, truleg i løpet av 1890-talet, som på grunn av si anglikanske tru ikkje kunne vere saman med dei sunndalske lutheranarane. Kapellet er bygd saman med Leikvinstøgu med ein svalgang i andre etasje. Kapellet er vigsla til å kunne ha både barnedåpar og vigslar.



Phillipshagen - eineståande i sitt slag! Hagen, som vart laga på slutten av 1800-talet, er oppkalt etter Ethelbert Lort-Philips, som har satt varige spor etter seg i Sunndal. Forutan hagen som han har gitt namn, er det fleire bygningar som han fekk sett opp - Vangshaugen i Grødalen, Tredalsbakken og Philipshaugen i Øksendal. Sist, men ikkje minst, har han bidratt med ei botanisk boksamling som no er i Sunndal kommune sitt eige!
I Philliphagen fins det mellom anna ein rhododendronart som er eineståande i Noreg.
På slutten av 1800-talet fekk Lort-Philips sett opp ein fritidsbustad til seg her i dette området - den heitte Hvilestedet. I 1906 brann denne stova ned til grunnen, og i dag er det mesta uråd å finne restar att etter dette huset. Brannen førte til, i følgje ein artikkel av Kari Schøyen i årsskriftet Leikvin 2011, til at Lort-Philip aldri vende tilbake til eigendommen etter dette, og hagen begynte å vekse att. Under 2. verdskrig vart eigendommen brukt til å oppbevare kanonar og den slags!
Heldigvis har entusiastar tatt vare på Philiphagen sin eigenart, og gjort den til ei perle i den sunndalske natur!




I følgje Nordmøre Museum sine nettsider er det i dag rundt 40 ulike busker og tre i hagen. Fleire av dei er sjeldne, som til dømes himalayaeiner og bambus!






På veg ned bakken frå Philiphagen kjem ein ned mot Driva.
Fredag ville sola gjerne hjelpe til med å smelte snøen!



Driva med utsikt mot Åsbrona!




Eit gammalt kvennhus ved sida av elva Skorga.




Kvennhuset med gapahukområdet til skulen i bakgrunnen.



Like ved kvennhuset er det eit område med fleire svært gamle gravhaugar. Arkeologar trur desse gravene vart tilreidd på området i perioden mellom 300-talet og 900-talet! Gravfeltet på Løykja er det største i sitt slag på Nordmøre.












Vi er heldige som har ein slik kulturminnepark her på Grøa med så lange historiske røter! Det er viktig at vi tar vare på den! Den beste måten å gjere det på er å bruke Leikvin aktivt! Still opp på dugnad i Philiphagen i slutten av april, delta på vikingmarkedet i mai (anten som gjest eller som frivillig), onsdagstreffa sommarstid, og på Alfheimbasaren i august! Bli medlem av Sunndal Museumslag - det koster berre rundt 300 kr i året! Og ikkje minst: Gi tippeandelen din til Sunndal Museumslag! No er det nok sikkert ikkje lenge til det har komme inn nok pengar til å bringe Flåstua til gards og - og då kan Nordmøres eldste bygning komme "heim" utpå hausten! Det gler eg meg til!

Etiketter