Totalt antall sidevisninger

fredag 19. april 2013

Eg kjenner det er april...

Det har vorte lite skriving i vekene etter påske. Eg kjenner det er april, eg kjenner sjølve hoveddagen kjem snart, og om eg vil eller ikkje, så er det det kroppen fokuserer på. 23.april - tysdag - eit år sidan Runar døydde.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å nemne det her før dagen er der over helga, men det er vanskeleg å la vere - dessverre! Så derfor har hovudet vore nokså tomt i det siste - det skjer liksom ingen ting. Vi kjem oss ikkje lenger enn rett vest for solar pleksus, kan ein på sett og vis seie. Når det var godversdagar, så kom vi oss likevel ikkje lenger enn til trappa. Kor er motivasjonen og tiltakslysta på å gjere noko gøyalt ute saman med ungane... Eg meiner ikkje å klage - men eg skulle verkeleg ønske at nokon ringte eller kom og døra og sa at no drar vi ut og finn på noko... Eg har ønska det mange gonger, men er det meininga eg skal rope det ut for at det skal skje? Som han sa Tommy til Tigeren i ein gammal tegneseriesnutt: KAN IKKJE NOKON KOMME OG OPPMUNTRE MEG!!!

Sidan påske har eg brukt ein del tid på å planlegge og førebu gravsteinen til Runar. Viss nokon trur at det tek eit kvarter å planlegge ein gravstein, så er det berre å tru om att... Jauda, eg høyrer frå der oppe at det vel tek berre eit kvarter... Han meinte det tok berre eit par dagar å lage til bryllaupsfesten vår og... Han skjønte jo at han tok feil, då, så vi humra litt over det.
Ingvild har og fått vere med og bestemme gravsteinen. Det blei ho som bestemte kva for ein vi skulle ta, og så var vi nokså einige om korleis dekoren, eller ornamentet, som det heiter, skulle sjå ut. Runar var så utruleg glad i fuglane i hagen (eg burde skjemtes over kor dårleg eg har tatt vare på dei i vinter...), så fuglar blir det på steinen og! For meg gir dei ein vakker symbolikk.
Eg vonar eg får setje på steinen 3.mai, men med den tela som er i jorda fortsatt, så er det vel ikkje sikkert at det går.

Til trass for at eg har denne ettårsdagen like rundt hjørnet, så har eg uendeleg mykje meir å sjå fram til. I går, i dag og i morgon har eg mamma og pappa her som hjelper meg med våronna! Det vaskast, ryddast, kastast! Eg er kjempeglad for å få rydda "rundt nova" her! Det er til utruleg stor hjelp for meg. Sjølv om eg prøver å gjere ein del her heime sjølv, synes eg mesta eg fortsatt har eit paralysert liv! Ein dag kan eg seie at "ja, ja, eg tala iallfall på skype i to timar, og så lagde eg middag".  Uansett: Eg har tatt sjansen på å vaske og leggje bort vinterkleda! Nokon seier det kjem meir snø, men pappa seier at vinterskoa kan setjast på mørkeloftet no! Så då gjer eg det! Og priser våren som kom i år og! Det er eg sanneleg glad for!!!
Legg inn en kommentar

Etiketter