Totalt antall sidevisninger

søndag 28. april 2013

Glimt frå KrFs landsmøte i Trondheim

Då er ei "kjøle" intens landsmøtehelg over! Mykje god politikk vart utforma - mykje av det kostar mykje pengar - og så hadde vi det kjøle triveleg saman!

Her kjem nokre glimt frå landsmøtet! Dessutan har eg lovt å publisere innlegget eg hadde på talerstolen fredag.
Den store saka på landsmøtet var om partiet skulle halde vidare på vedkjenningsparagrafen. Skal ein som vil tenestegjere for partiet - uavhengig av om det er høgt eller lågt nivå - kunne risikere å bli avkrevd svar på om ein er kristen? Og dessuten: Kva skal vere partiets plattform og ideologi?  Det var ein lang debatt, og her er kva eg sa:

"Då eg gjekk på bibelskulen for over tjue år sidan, hadde eg jobb ved sidan av på eit konditori. Ein gong spurte sjefen meg om det var folk i kassa. "Eg trur det," svarte eg. "Tru kan du gjere på skulen, men her må du vite," var svaret eg fekk!
Hordaland KrF viser i eit av forslaga sine til regimentlæra, men eg vil ta klår avstand frå at Krfs lære og ideologi framstår som ei kristen tru.
Vi er samla her frå mange leirar  nokon har ei enkel kvardagstru eller ei enkel barnetru og nokon har eit aktivt forhold til Bibelen og kyrkjegange. Det er ikkje vi som ringjer inn til kyrkjetid sundag kl. 11 - det er det kyrkja som gjer! Vi må akte oss vel for å ikkje bli so konservative og ytterleggåande i vår ideologi utforming at vi framstår som ei eiga trusretning. Det kan verke fråstøtande for oss som har berre den enkle, kvardagslege trua!"

Eg er nøgd med at eg langt på veg vart sitert av politisk redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten i dag!!

Vel - vi kom i hamn med avstemninga om desse to spørsmåla. Det vart ei solid overvekt på at ein ikkje skal avkrevjast vedkjenning for å kunne vere aktiv i partiet. Og vi vart og einige om at det er fortsatt det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret som er verdigrunnlaget i partiet. Kristeleg Folkeparti er bygd på kristendemokratiske prinsipp med Bibelen som plattform.

Det er mange som er redde for at KrF no vil bli eit utvatna parti - ikkje kristent nok lenger liksom! Men eg trur ærleg talt at det er folk som ikkje har lest partiprogrammet og som ikkje har sett seg inn i saka. Det er lett å hengje seg på media si populistiske framstilling!
Eg er ikkje bekymra for KrF si framtid med dette programmet i handa!

Det vekte og ein del reaksjonar at lesbiske Christine Koht var festkveldens hovedgjest. Eg kan på mange måtar skjønne det, for om ein ikkje kjenner til eller likar hennar direkte veremåte og måten ho rydder seg plass på, kan eg godt forstå at ein kjenner seg litt ubekvem i situasjonen. Slik eg opplevde showet hennar, låg det iallfall ikkje noko ondsinna i det, eg synest ikkje det var for drygt heller - sjølv med eit bannord inkludert. Og bodskapen hennar var jo heilt klar: KrF har ein bra bodskap, men ein må faktisk by på seg sjølv om ein skal gjere han salbar!
Når det gjeld det med homofile og homofili, så held eg på og utarbeider eit blogginnlegg om det i løpet av nokre dagar! Eg trur nok eg vann å bli litt meir liberal/ reflektert om temaet i løpet av landsmøtet!

Landsmøtet hadde besøk av heidersgjesten Kjell Magne Bondevik, som naturleg nok fekk ståande applaus! No skjønnar eg at han er skikkeleg skuffa i kveld etter Molde sin kamp på Røkkeløkka, men når han før helga konstaterte fakta, så gjaldt det følgjande: Statsministeren skulle vitje Rosenborg i helga. Sist gang ein sitjande statsminister gjorde det, var i 1997, då Jagland gjorde det - og ein såg jo korleis det gjekk! Ergo: Sidan Stoltenberg besøkte RBK i helga, så er det all grunn til å tru at han vil tape valet!

Heilt til slutt - ei rekke fotoglimt frå landsmøtet:


Christine Koht i aksjon - med og uten kjolen oppi strømpebuksa!


KrFUs fylkesleiar Victoria Tornes tala om retten til å styre sin eigen matvareproduksjon.
3.kandidat til Stortinget - Simon Moldvær Grimstad.


Fire av dei fem yngste i KrFs stortingsgruppe. f.v. Kjell Ingolf Ropstad, Dagrun Eriksen, Øyvind Håbrekke og
Knut Arild Hareide. Line Henriette Holten Hjemdahl var ikkje med på KrFs unge fotballag.
Knut Arild Hareide intervjuast av Kjell Magne Bondevik! KrFs flotte kapital!



Gjenvalgt leiartrio - Bjørg Tysdal Moe, Knut Arild Hareide og Dagrun Eriksen.
Nybakt pappa - gjenvalt leiar!
Frå omvisninga og kveldskonserten vi var på torsdag kveld i Erkebispegarden og Nidarosdomen.
Møre og Romsdal KrF sin delegasjon! Gruppa kjempa for mange saker: Landbruk i og utanfor Noreg, fiskeri, sidemål og sjukehus! Men heilt einige om kor langt nordover Nord Noreg-banen skal gå, var vi ikkje!




Klar for festen laurdagskvelden!


Bloggredaktøren på veg ned frå talarstolen.

Ingen kommentarer:

Etiketter