Totalt antall sidevisninger

tirsdag 7. mai 2013

Eg bakar, ergo er eg!

Sidan eg ventar besøk før pinse, er eg fullt i gong med vasking og baking, og tida er knapp, for eg blir mykje vekk!
Kven som kjem på besøk, skal eg fortelje betre om nokre dagar!

I dag har eg baka brød (ja, eg begynte i 21-tida i kveld, og no er klokka 1, og eg er snart ferdig...)! Eg synes det er artig å prøve oppskrifter, og vere mest mogleg nøyaktig i å lage dei! Sjølvsagt skjær det seg ofte... I dag var eg mesta heilt fri for havregryn.... og då vart gode råd dyre, og eg tok ei blanding av kveitekli og kveitekim! Og når eg tenkjer meg om, mangla eg vel halvparten av yoghurten og, så då spedde eg ut med ein surmjølksrest eg hadde.

Brøda heiter matpakkebrød, og oppskrifta var slik (etter oppskrift av Wenche Andersen i eit Hjemmet-bilag):

5 dl vatn
5 dl yoghurt naturell
1/2 dl rapsolje
1 pk gjær (fersk eller tørr)
2 ts salt
1-2 ss sukker eller honning
1 dl solsikkekjerner
200 gram havregryn
300 gram spelt, sammal grov/ fin
8-900 gram sikta spelt, evt. kveitemjøl
egg eller mjølk til pensling
sesam, valmuefrø eller solsikkekjerner til dryss

Eg varma vatnet og mjølka/ yoghurten saman med olja, og så blanda eg alt mjølet. Eg hadde berre 300 gram speltmjøl, så dermed vart resten ei blanding av kveitemjøl og kveite fullkorn, for å få det grovare.
Ha nedi bolla salt, sukker/ honning (eg gløymte det), solsikkekjerner og havregryn saman med alt mjølet, og bland i væska som ikkje må vere for varm.
Bland alt godt saman, og sett så deigen til heving! Etter rundt tre kvarter tek du deigen og knar han til og bakar ut to solide brød. Dei lyt etterhevast i nye tre kvarter! Steikast i 30-40 minutt ved 200 grader!

Matpakkebrød og skolekaker!
Så fann eg ei bakebok i hylla som eg mesta ikkje har opna... Hjemmebakst med helkorn er tittelen! snart tjue år gammal - og som sagt: mesta uopna!
Der kom eg over ei oppskrift på noko som var kalla skolekake. Oppskrifta er slik:

650 gram kveitemjøl (eg brukte mest kveite fullkorn)
3,5 dl mjølk (pass på så det blir nok!)
50 gram smør
50 gram honning
1 pk gjær
100 gram rosiner
100 gram hakka nøtter
litt salt
1 egg

Smelt margarinet og ha mjølka oppi saman med honningen, og gjerne egget samtidig. Bland mjøl, gjær, rosiner og nøtter i ei bakebolle, og slå mjølka over. Bland saman til ein god deig, set den på heving i eit kvarters tid, før du bakar deigen ut til eit høveleg tal bollar. Etterhevast i eit kvarters tid. Pensle med vatn, står det i boka, men eg hadde ein rest med fløyte, så den trur eg høvde heilt utmerka!
Steikast høgt i omnen ved 220 grader i eit kvarters tid.


Då håpar eg maten vil smake, vel be komme! :)

Legg inn en kommentar

Etiketter