Totalt antall sidevisninger

torsdag 23. mai 2013

Eg helsar deg, Hoemsetra!

"Du kjem ikkje nærmare himmelen enn dette," smilte eg til mine cityboys frå Sidney! Og visste at eg hadde orda i min munn - 12 blanke, små fiskar låg og spegla seg i bøtta - omtrent slik eg hadde lova dei mange månader før!



Alle menneske treng tilføring av balsam! Ei av fleire tydingar av ordet er at det har avstressande verknad! Min balsam er Hoemsetra - barndomsheimen min - staden der eg finn att balansen i tilværet!!
Eg hadde ei alldeles nydelig pinse omgitt av balsam - mykje balsam!

Eg har snakka før om kor viktig oppveksten på Hoemsetra har vore for meg! Langt fra folk - og mesta heilt utan dekning av både tv og telefon (iallfall dei siste åra)! Ikkje rart pappa kaller det øydemarka! Utan oppveksten der på vestsida av Eikesdalsvatnet ville det vore vanskeleg å greie det lange, vonde året eg har hatt. Utan oppveksten på Hoemsetra hadde eg ikkje vore i stand til å handtere den enorme einsemda. Men best av alt: Utan Hoemsetra ville eg og ha vore mange vennskap fattigare!


Du hamnar ikkje tilfeldigvis på Hoemsetra! Sjansen for at du gjekk feil og hamna på Hoemsetra er minimal. Det er berre to måtar å komme seg dit på: Anten til fots over fjellet eller i båt. Då eg vaks opp, måtte vi ofte fare i båt når vi hadde noko sosialt som foregjekk på kveldstid. Eller vi låg over i salongen på ferga.

Hoemsetra.
Å gå i skogen og kjenne at våren er her! Å fare i båt langs land og sjå korleis naturen har endra seg sidan sist eg for forbi! Å dra opp småfisk fra garnet som speglar seg i det blanke, klåre vatnet! Å sitte på verandaen og berre vente på at ei fonn - stor fonn - skal komme! Det er så mykje å glede seg over! Det er så mykje som kan takast inn i sjela!

Men det har ikkje alltid vore slik. Å vere der saman med søskena mine, var nokså greit. Vi gjekk heile runden rundt garden på ski, gjekk inni Lia og såg kva vi fann der, gjekk til Hoemsbu og såg etter folk - helst andre ungdommar. Det var greit når vi var tre saman.
Først for bror min. Så for mamma og søster mi. Utsagnet "Du skal bli på Bufast all di tid" gjaldt ikkje lenger, for i utbygda kunne ein ikkje bu om ein ville ha utdanning og arbeid. Så eg vart aleine saman med pappa og bestemor. Eg var mesta 14 år gammal. Kva liv var det for ei ungjente?
Eg skjønar fortsatt ikkje heilt korleis eg kom meg gjennom desse åra, men utan Hansi, Thomas, Jonathan, Anna, Bjørg Marit og ei rekke andre brevvenner hadde det vore vanskelegare! Breva eg kunne sende ut i verda vart mi flukt frå det veldig spesielle livet. Breva som ferga kom med kvar veke til meg, gjorde at eg kunne føle meg som ein del av verda omkring meg!

Eg har lurt på kven som kan ta æra for at eg kom meg heilskinna gjennom skuletida - stort sett åleine i klassa. Bestevenninna mi flytta etter tredjeklassen, og først etter at eg vart vaksen, skjønte eg kva det faktisk gjorde med meg. Det skulle vere ein menneskerett å ha eit klassemiljø på den skulen ein går på! Menneskerettane gjaldt vel ikkje all veg meg sjølv! Men eg har takka kommunen i mitt stille mange gonger for at eg fekk bytte skule det siste året på ungdomsskulen. Katastrofa var nær - eg kunne blitt åleine i ungdomsskulen. Eg hadde nekta - og kunne blitt ein skikkeleg skuletapar! Men Nesset kommune tok ansvaret og sørga for at eg fekk bytte over til Eresfjord, fekk eit sosialt miljø rundt meg, og kom meg vel gjennom. Var vel ikkje for ingen ting kontaktlæraren skreiv i karakterboka til jul: "Ingunn set det sosiale framfor det faglege"! Eg hadde mykje å tak att på kort tid!

Så besøka på Hoemsetra vart færre og færre etter kvart som eg vart eldre og eldre. I 1990 var eg ferdig med vidaregåande, og etter tre år på hybel i Molde, gjekk vegen til Tromsø. Om hausten vart Eikesdalsvegen ferdig, og pappa og bestemor flytta. Det vart neste sommar før eg kom attende til barndomsheimen. Alle andre plassar var bedre og meir interessante. Ei natt i året fekk halde, det var så langt tolmodet strakk seg. Alt det gale som menneske og samfunn har gjort mot meg, var det Hoemsetra som fekk skulda for og måtte ta støyten for. 
Så gjekk åra. Noko endra seg i meg. Ei natt vart til to netter - to netter vart til tre-fire. Eg fekk eigne ungar eg ville gi både røter og vingar. Hoemsetra vart ein stad som pulserte - kor eg møtte att mine gamle ferievenner frå barndommen. Det vart gode kjensler å dra tilbake til jenterommet mitt som tok i mot morgonsola grytidleg om morgonen!
Men Hoemsetra har jo ingen kjensler - Hoemsetra ligg berre der på vestsida av vatnet og kviler - og er nok glad for den som kjem og brukar staden.

"Mamma, veit du kor eg likar meg aller best?" sa Aleksander tidlegare i vinter. Han lengta slik til at vatnet og snøen skulle tine på Hoemsetra, så han kunne springe berrføtt bortover marka. "Vi har avlyst gauken," svara han då eg sa gauken ikkje hadde galt enno. På Hoemsetra gjeld ikkje koko-reglane for å kunne gå berrføtt - iallfall ikkje for ein femåring!

Eg fortel om mitt balsam - fordi eg veit alle menneske treng ein plass å kvile ut! Eg vonar du har din slik spesielle plass!


Då eg var unge, var eg ofte her i skogen og sjekka om det var sauar
som hadde lamma der. Det var innmark då.
Mai månad er ein månad kor ein ventar og ventar på at fonnene skal gå!


Posering anno 1985 (Foto: Jonathan).




Posering anno 2013! (Foto: Jonathan).
For ei enorm lykke det var for meg i pinsa å vise min australske ven,
Jonathan, Hoemsetra - som han berre hadde sett frå fergå!





Aleksander og mammaen der han likar seg aller, aller best!

Det er slik livet er best - når Ingvild kan lære seg å handtere eit fiskegarn
av bestefaren sin! 

Å finne kvile i vatnet!

Utsikta til fjella har alltid vore storslått. Kanskje i år er
det året kor eg kjem meg opp i fjellheimen att?

19.mai var det 28 år sidan eg vart konfirmert i Eikesdal
kapell - eitt år for tidleg, slik at eg hadde selskap på kyrkjegulvet!

Jonathan og eg møttes på ferga - BF Mardøla - ein haustdag i 1985. At eg
skal få kjenne lykka det er å ha ein så god ven på andre sida av kloden,
er mesta meir enn eg kan fatte!


























Flomstore Fløtelva!
Dette er nok den viktigaste lærdommen eg har med meg
frå Hoemsetra!

Eg går aldri lei av denne utsikta! Mang ei sommarnatt ved kjøkkenbordet
har eg sitte og studert Goksøyra og tenkt små og store tankar om livet! 


Båten har alltid vore det viktigaste kommunikasjonsmidlet vårt med omverda!



PS! Tittelen på dette blogginnlegget er ei omskriving av tittelen på boka Eg helsar deg, Nordmør, som favorittforfattaren min, Anne Karin Elstad, skreiv som hylling til Nordmøre.



5 kommentarer:

Kjell Rune sa...

Blir da reint rørt av å få vara med deg og å lese det du skriv om heimplassen og oppveksten din på Hoemsetra

Tordis sa...

Dette er godt lesestoff for ei gammel sjel, oppvokst lenger inni dala. Og som har ei nydelig utsikt til barndomsheimen din,Ingunn <3

arnedro sa...

Ja, det er noko eige med slike plassar - der vel ikkje Bruaset ein gong kom. Drøppingstranda blir reint sentralt i forhold.

Anonym sa...

fin blogg ingunn:-)<3
du skriv br og har fine biler.
fortsett sånn!

MS i Romsdal sa...

Mor di har invitert meg t Hoemsetra sammen m kfuk på mandag, så vart jeg nyskjerrig på plassen, googla og fant bloggen din...
Takk for deling!!!! Sterk lesing her ved kjøkkenbordet en stille onsdag formiddag... Jeg blei berørt!!
Takk!!
Ønske deg stadig bedre dager :) !!!
Marit Sunniva

Etiketter