Totalt antall sidevisninger

onsdag 8. mai 2013

Sorg hos born på møteagendaen


Spørsmål til ordførar Ståle Refstie i kommunestyremøte i dag, 8.mai.

Ordførar og kommunestyre.

I dag gjer eg eit sokalla politisk comeback. Det siste året har vore svært spesielt for meg, og det har vore lite politisk tenking.
Som de veit alle her, mista eg mannen min for eit års tid sidan, og eg vart sittande att åleine med to born. Dessverre veit eg at vi ikkje er åleine om denne situasjonen. Berre det siste året har minst fem menneske her i Sunndal i alderen begynninga av 30-åra til begynninga av 40-åra døydd – enten plutseleg eller etter ei tids sjukdom. Tilbake sitt det ein eller ei som har mista ektefellen sin, og tilbake sit det born som har mista ei mamma eller pappa. Tilbake sitt det og born som har mista ein kjær onkel eller tante, og alle desse borna sit att med sorg og sakn etter eit menneske dei var glade i. Eg kan med handa på hjartet seie at eg føler med desse andre som og har mista. Å vere ein som sit att med ansvaret for borna kor ein sjølv sørgjer og ein skal samstundes tak seg av borna si sorg, er ei vond og tung erfaring eg trur fleire enn eg har gjort seg, men som eg skulle ønskje ingen trengte å gjere!

Men korleis er så situasjonen for alle desse borna som har vorte påført denne tunge hendinga i sine unge liv?
Kommunen har eit kriseteam som skal tak seg av slike situasjonar, der mellom anna PPT er med saman med mellom anna presten og helsestasjonen. Når ei krise skjer, skal dei vere i beredskap om det er behov. Slik eg har både oppfatta det og erfart det, skal det vere kort veg mellom førstelinetenesta og brukaren. Dessverre er det ikkje alltid det fungerer slik, og som mor så har det vore mange tunge stunder kor eg ser at borna mine treng meir profesjonell hjelp enn det eg kan tilby, men kor mangel på folk anten på helsestasjonen eller i PPT har gjort at den hjelpa ein treng ikkje har vore tilgjengeleg.

I møte i Oppvekst- og omsorgsutvalet onsdag 24.april vart krisehandtering av born i kommunen tatt opp som spørsmål til tenesteleiar Kari Korsnes, og eg var greit nøgd med svara. Der orienterte ho og om at det er eit tilbod gjennom helsestasjonen når born mistar ein av foreldra sine av forventa årsak.

Eg kjenner meg likevel ikkje heilt trygg på at alle born som er råka av dødsfall i familien, enten det er foreldre, søsken, eller nokon andre som står ein nær, er så ivaretatt som iallfall eg skulle ønskje.
Like før jul hadde Romsdals Budstikke ei reportasje om dette temaet, om viktigheita av å ta born si sorg på alvor, og det var omtalt sorggrupper for born som er i funksjon i Molde. Eg gløymte dessverre å ta med meg den avisa i dag, men det kom fram i reportasja at slike sorggrupper kan drivast gjennom til dømes kyrkja eller helsestasjonen. Eg trur det er viktig at slike grupper drivast gjennom nokon som har det innanfor sitt fagfelt og profesjon.
I Aura Avis sitt julenummer etterlyste eg slike sorggrupper for born her i kommunen, og det er eit type tilbod eg trur det dessverre vil vere nokon til ein kvar tid som har behov for.

Derfor er mitt spørsmål til ordføraren: Er ordføraren tilfreds med det tilbodet som fins til born som råkast på denne måten, og er sorggrupper for born noko du vil vurdere å ta initiativ til å få i gang?

Eg vil kome tilbake med svaret til ordføraren når eg får det oversendt frå han, men konklusjonen var at han vil ta det opp med rådmannen og sjå om det er høve til å etablere det.


I tillegg hadde eg følgjande innlegg i ei utbyggingssak:

INNLEGG I SAKA OM UTBYGGING AV OMSORGSBOLIGAR

Det er eit faktum at eldrebølgja er på veg, også til Sunndal, og det er eit faktum at Noregs befolkning blir stadig eldre – stadig fleire bikkar 100 år. Det er vesentleg fleire som er 100 år i dag enn berre for 10 og 20 år tilbake i tid.
Når kommunestyret i dag skal vedta utbygging av omsorgsboligar, kan ein ikkje berre tenke fram til 2020 – det er berre sju år fram i tid. Nei, ein må tenke fram mot 2030 og 2040 – til den tid at eg blir 60-70 år gamal. Når eg er 70 år gamal, kan eg fortsatt ha foreldra mine i live – sjølv om dei då har bikka 100 år!
Det er og eit faktum at med det levesettet vi som er i min alder og yngre har, så studerer ein lenger, og ein venter lenger med å få born. Det er ikkje uvanleg å vere nærmare 30 år gamal før ein er kommen seg ut i arbeid. Dette vil setje føringar for den pensjon ein skal kunne heve når ein bikkar 67 år. Når innteningsperioda er kortare, vil det ein kan tak ut i pensjon bli lågare.
Kva har så dette å gjere med omsorgsboligane i Sunndal å gjere?
Jau – når min generasjon skal flytte inn i boligane ein gong mellom 2030 og 2040, er det grunn til å tru at betalingsevna er lågare enn den er i dag, fordi alle vi som har mange år bak oss på universitetet, ikkje har hatt høve til å opparbeide oss full pensjon. Dette meiner eg er eit viktig poeng å ha med seg når ein skal avgjere korleis denne utbygginga skal skje. Det eine er at om tjue år er det eit vesentleg større behov for fleire rom enn det er per i dag, det andre er at ein skal og ta høgde for den økonomi folk flest har, og då gjere sitt for å avgrense utgiftene.
Det å byggje to rom ekstra vil vere med på å senke utgiftene for bebuarane totalt sett. Dette er areal som er meint som fellesareal, men som min partikollega Arne Christen Drøpping har sagt: Det er lettare å samle folk i eit lokale enn i tre lokale viss det er ei særskilt tilstelning.
Derfor står KrF fast ved forslaget som Arne Christen Drøpping fremma både i eldrerådet og Økonomi og plan om at kommunestyret ønsker å få vurdert om fellesareal i 2. og 3.etasje kan omgjerast til bustadeiningar.

Kommunestyret ønsker å få vurdert om fellesareal i 2. og 3.etasje kan omgjerast til bustadeiningar.

Ingunn Karijord
På vegne av KrF og Venstre
08.05.2013

Ingen kommentarer:

Etiketter