Totalt antall sidevisninger

søndag 23. juni 2013

Å vere til stade

Eg sat i eit viktig møte, eg høyrte at det som vart sagt var viktig! Det handla jo om meg. Likevel kjende eg det flaug over hovudet.

Det var mange ord, eg trur ikkje eg greidde å fange alle - til trass for at det handla om meg. Eg kjende det var flosklar som vart sagt, det var sikkert derfor dei fòr over hovudet. Eg likar ikkje flosklar - dei er så ekstremt overflatiske!
Eg høyrde den andre tala til meg, og eg lot orda flyge over hovudet, eg makta ikkje ta dei ned dit eg sat. Heilt til eg sette auga i den andre og fortalte kva som er viktig i mitt liv og korleis eg opplever mitt liv. Det er ikkje nokon andre som kan setje seg inn i mitt liv! Eg kjende eg vart provosert - for den andre hadde aldri prøvd å forstå meg.

Det var då eg kjende det klarna for meg, og eg skjønde kvifor eg ikkje var heilt til stades. Eg var ikkje til stades i mitt eige liv. Viss ikkje eg er det, så kan eg vel ikkje tru at nokon andre er det?! I mitt liv altså! Å vere til stades for meg sjølv - å setje grenser for mitt eige liv... Nokon meiner eg ikkje gjer det fordi eg støtt og stadig skriv så mykje ymse både her og på facebooksida mi. Nokon vil vel seie det er uvettig og tankelaust.... i blant tenker eg at det er den metoden eg brukar for å invitere andre inn i livet mitt... Jau, grenser - eg set dei heile tida. Det er den måten eg er til stades for meg sjølv på - ikkje for nokon andre, men for meg sjølv.

Så sat eg der i møtet med den andre - og kjende at eg ikkje skulle svikte meg sjølv! Vere tru mot meg sjølv! Det er det som er viktig! Skal eg komme meg vidare, kan eg ikkje vike unna det mennesket eg sjølv er.
Eg trur ikkje det kom så mykje godt ut av møtet med den andre. Eg var sint og såra, men hadde likevel fått ei ny erkjenning undervegs: vere tru mot den eg er - det blir slik uansett kva andre måtte meine!

Ingen kommentarer:

Etiketter