Totalt antall sidevisninger

onsdag 31. juli 2013

Eit kort møte



                   Vi snakka på telefonen
                   om å møtast
                   "Du kan få sitje på med meg,"
                   sa eg
                   "Nei, eg sit på med ho andre,"
                   sa du
                   "Eg har ærend innom der likevel,"
                    sa eg
                    Du gjentok at du skulle sitje på med ho andre
                    Eg kjende eg vart frykteleg sint
                    inni meg
                    - men eg sa ingen ting
                    om det
                    men svara
                   "OK," eller "ja vel," eller "samme for meg"
                   - eg hugsar ikkje
                   Då vi møttes i forbifarta etterpå
                   sa eg kva dei andre
                   tenkte og følte
                   Men ingen ting om kva eg
                   tenkte og følte
                   Men eg kjente det vart eit
                   "point of no return"
                   - Eg trur det blir lenge til
                   neste gong vi treffes,
                   tenkte eg.

lørdag 27. juli 2013

Mardalsfossen!!!

Mardalsfossen - Nord Europas høgste frie fossefall! Gir både historiske og politiske assosiasjonar! Men mest av alt er det vill natur!




Ein kan vel eigentleg ikkje besøke Eikesdal utan å besøke Mardalsfossen! Iallfall om ein er i bygda mellom 20.juni og 20.august, når fossen renn på sitt friaste og villaste.
Mardalsfossen er fossen som fekk det til å renne kaldt nedover ryggen på politikarar, embetsfolk og politi nokre sommerveker i 1970. Kanskje aller mest på politiet som vart sendt inn i den romsdalske fjellheimen- Sandgrovbotn- for å lempe vekk utidige demonstrantar. Blant dei var kjende menn som Odd Einar Dørum, Arne Næss sr og Sigmund Kvaløy Sætereng. Mor og far min var der og saman med andre bygdefolk for å markere motstand mot utbygging av den kraftfulle fossen.
Dessverre vart fossen utbygd, men Noregs første miljøvernaksjon ga sopass gjenklang utover Noregs land, at då det vart bestemt at Alta-Kautokeino-vassdraget skulle byggast ut i 1978-1979, hadde Mardøla-demonstrantane tråkka løypa for dei som gjekk ut og kjempa for vassdraget i Finnmark! Ein kan og seie at desse to miljøvernaksjonane vart utgangspunktet for den filosofiske retninga Arne Næss sr utarbeidde, nemleg økosofien! Kort fortalt er økosofi ei filosofisk retning som seier at at alt levende vesen har rett til å utfalde seg!

No trur eg ikkje det var for ingen ting at filosofen Arne Næss sr la sin elsk på Eikesdal og det biologiske mangfaldet der! I Mardalen fins det mange spesielle sortar planter og tre som er vanskeleg å finne andre plassar, og då Mardalsfossen og Mardøla var i sine velmaktsdagar, var naturen visstnok endå meir frodig, har eg vorte fortalt. Kor veks vel almen og hasselen så vill og frodig som i Mardalen?

Måndag ettermiddag hadde familien og eg ein kjempefin tur opp til Mardalsfossen. Det har vorte så fint å gå oppover der- kommunen og bygdafolket har spytta inn nokre millionar kroner og eit ukjent tal timar arbeid, og fått i stand ein veldig fin veg oppover til fossen.
Eg var der i fjor og! Det er ein tursti som ein bør hugse å besøke kvar sommar! Eller ei anna tid på året! Men då blir du ikkje så våt i håret, og sjølvsagt er ikkje det heilt det same å gå opp til ein foss som ikkje er der!

Men medan eg går oppover Mardalen mellom desse to fossane - Mardalsfossen og Mardøla - så er det akkurat som at eg ikkje kan minnes at eg har vore der! For kvart steg eg kjem nærare opptil fossen, stig gleda og spenninga over å kjenne gufset av kaldvatn rett frå høgfjellet - sendt 705 meter nedover fjellsida! I følgje Wikipedia har det vore usemje om kor høg fossen er, og i offisielle tal frå Statistisk Sentralbyrå og NVE, er fossen den nesthøgste i Noreg med sine 705 meter i samla fossefall, kor den øvste fossen er 250 meter høg!
Gleda og tilfredsheita over å komme opp, er til å ta og føle på, og sjølvsagt skreiv vi namna våre i gjesteboka som ligg like nedanfor fossen. På veg ned att tok junior og eg oss tid til å byggje ein varde på eit område kor det var mange andre som hadde gjort det same. Og då vi kom ned på parkeringsplassen, var det dags for iskjøp i kiosken. Eg kan ikkje minnast sist isen smakte so godt!

Ein aldrande alm i Mardalen.

Titt tei.... :)

Vestre Mardøla er og ein del av Mardølavassdraget som vart utbygd.


Endeleg framme ved turmålet!

Herleg avkjølande med gufsen frå fossen!

Aleks og eg bygde oss ein varde på veg ned att!

God byggekunst! Trur vi skal byggje oss fleire slike rundt om!

Fossen sett frå den nye, fine brua som er på vegen!


fredag 26. juli 2013

Sightseeing rundt Eikesdalsvatnet!!!

Eg blir aldri ferdig med Eikesdalsvatnet! Det er heile tida noko nytt å oppdage der! No nylig hadde eg nye opplevingsrundar ved vatnet!
Fåkjenna

Det er eigentleg ikkje naudsynt med mykje tekst, for det er meininga bileta skal tale for seg sjølve!
Det er med Eikesdalsvatnet og Hoemsetra som dei fleste andre plassar når det er gråver: Det er ekstremt drygt å vere der! Vi har velt å ikkje ha tv i huset vårt der, for vi vil ikkje at ungane skal bli sittjande foran fjernsynet for enkel heits skuld! Men på desse dagane kor skodda heng mesta ned på huset, då hadde det vore fint med ein tv! Eg innrømmer det!

Måndag hadde vi ein nydeleg dag, og då fòr vi oppover langs land frå Hoemsetra til Mardalen, før vi gjekk opp til Mardalsfossen. Å køyre slik sakte langs land - alt ein kan sjå! Eg fekk auge på eit par fine laksar som var ute og sola seg like under vasskorpa! At vi ikkje var i dorgande ærend med sluken ute...!
Det fine med turen var at pappa er lommekjend med kvar ein stein, så sjølv om vatnet var nokså lågt, køyrde vi trygt oppover utan fare for å kome borti steinar som mesta stikk opp!

I morgon fortsett eg med ein eigen blogg om turløypa opp til Mardalsfossen!

Haudukbekken























Rangåna

Lavransfløta





Bjørktind og Katthammaren speglar seg!

Ågottinden

Ågottinden og Vikesaksa

Majestetiske Mardalsfossen!

Bjørkskaret


Paradisisk idyll i Mardalen!


torsdag 25. juli 2013

It's a boy! God Save the Queen!

Måndag 22.juli kom den lille prinsen av Cambridge til verda! Heile det britiske samveldet jublar - og det gjer eg og!

Eg må berre legge ut ei lita sak som minner om mi store kongelege interesse! Måndag ettermiddag kom den britiske arveprinsen til verda - eit svært venta barn! Ikkje berre for foreldra - prins William og hertuginne Kate, men og for oss som er royale i hjartet!
Eg kjem ikkje til å snurre ei glasskule over hovudet på guten for å sjå korleis livet hans blir, men 22.juli er ein dag som dessverre har negativt forteikn her i Noreg. Tenk om han heller hadde vorte fødd dagen før... Det hadde vorte ein heilmaks rojal dag i Europa! Då hadde han vorte fødd midt i Timbuktus konsert på Skaugumfestivalen som markerte vår eigen kronprins Haakon sin 40-årsdag, som var dagen før! Og i tillegg ville han då vorte fødd den same dagen som kong Albert av Belgia overlot kongetrona til sonen Philippe!
Det hadde altså vore dagen sin det å bli fødd på! Men no vart det ikkje slik, og ut av det kan eg berre tenkje meg at denne guten på det store slottet vil bli ein sta fyr som går sine eigne vegar - akkurat som bestefar sin! Men det er altså heilt vill gjetting frå mi side...!!!

To dagar gammal, og vel heimkommen frå sjukhuset (i parantes kan eg nemne at eg FAKTISK har vore utanfor St. Mary's Hospital i Paddington i London, men at det var i september 2004!), vart det kjent at namnet på guten blir George Alexander Louis.
Eg kan vel ikkje vere meir fornøgd med namnet! Etter å ha bomma noko kraftig på prinsesse Estelle av Sverige sitt namn, tenkte eg at det ville vere enklare å gjette på baby Cambridge sitt namn! Og alle venene mine på Facebook er mine sanningsvitne på at eg eit døgn i forvegen skreiv at han ville bli å heite George til fornamn, og at eg vona dei ville putte inn Alexander i namnerekka! I mitt stille tenkte eg og at Louis - som jo er prins William sitt sistenamn (William Arthur Philip Louis) - og måtte vere eit greit namn å ha med!
Med andre ord: 100 % klaff! Det var for gale at eg ikkje hadde lagt inn namnerekka på ein eller annan oddsspeling! Det hadde vorte gevinsten sin det!

Og medan eg altså er inne på desse kongelege fødslane! Dagens bilete er henta frå kongesamlinga mi! Slik markerte eg at prins William var fødd den gang då i 1982 (21.juni om nokon lurte)! Sirleg utklippa og innlima i Diana-boka mi! Og det var ein langt viktigare fødsel enn den som hadde gått føre seg berre 11 dagar tidlegare i Sverige! Men no er begge desse royale 1982-borna vel gifte, og vi får håpe at både dei, ektefellar og etterslekta deira blir å skape mykje glede i åra som kjem!

God dokumentasjon av at prins William vart fødd i 1982! Eg kjøpte forresten det svenske DAM for å få mange bileter frå barnedåpen!!!

Så vakkert livet på Kensington Palace såg ut då desse bileta vart tatt...

fredag 19. juli 2013

Til ein spesiell....



Eg kjende handa di
stryke over ryggen min
- du var ikkje her,
men eg kjende deg.

Eg kjende kinnet ditt
røre stille, varsamt
mot mitt kinn
Du var ikkje her,
men eg kjende
pusten din treffe
øyret mitt
medan kinnet ditt
fortsatt strauk seg
inntil meg
og medan handa di
strauk over meg
Og augene dine
søkte mine
og vi bada
i kvarandres lengt

Du var ikkje her
- men eg kjende deg
- her!


lørdag 13. juli 2013

Ei tanke i natta

Eg høyrde kva som blei sagt.
Så kom det for meg
- det som står
at utan kjærleik
er du berre
ljomande malm
og klingande bjølle.

Liv utan kjærleik
er dødt
Som eit segl utan vind.

Kjærleiken krenkjer ikkje
kjærleiken gøymer ikkje
på det onde

No ser vi i ein spegl, i ei gåte
- for kjærleiken
tolar alt og vonar alt.
Og fell aldri vekk.

Men enno skjønnar eg berre
stykkevis.

mandag 1. juli 2013

Nok ein rutinesvikt hos AMK ved Molde sjukehus



I januar i år forulykka ein mann i ei paragliderulykke i Ålvundfjord i Sunndal. I ettertid har det vist seg at rutinesvikt og kommunikasjonssvikt ved AMK på Molde Sjukehus og mellom skadestad, Molde sjukehus og St. Olav i Trondheim var ei vesentleg årsak til at mannen ikkje fekk den medisinske behandlinga han trengte i tide, og soleis døydde av skadane.                                      

Dette kom fram i eit lengre innslag på TV2-nyheitene 22.juni, kor enka fekk høyre lydopptak av samtalar mellom bergingsgruppa på skadestaden og AMK ved Molde sjukehus og mellom AMK i Molde og Trondheim. Slik eg oppfatta det, tok langt på veg Molde sjukehus sterk sjølvkritikk, og ville bruke erfaringane til å betre system og rutinar.                                                                        
Sist fredag (28.juni) sat eg på avkøyrsla ved Trollveggen i Rauma, då det kom eit redningshelikopter flygande, og alle teikn tyda på at det skulle utførast ein bergingsaksjon. Då helikopteret for avgarde med ein bergingsmann hengande under, tenkte eg det var greitt å finne ut kva som foregjekk, og ringte derfor NRK Møre og Romsdal og tipsa. Dei ville gjerne ha bilde av saka, og medan vi teksta att og fram - og både ambulanse og brannbil kom til staden - fekk eg vite per sms at verken AMK eller politiet visste av denne bergingsaksjonen!                                                                    
Helikopteret kom etter kvart attende til staden med ei dame hengande under saman med bergingsmannen, og på distriktssendinga ti minutt seinare, fekk eg vite at ho hadde brote foten. Men altså utan at verken AMK ved Molde sjukehus eller politiet er orientert om saka!                        
Dette var seks dagar etter at Molde sjukehus lova å skjerpe rutinane i nyheitene på TV2! No lurer eg på kor skjerpa dei faktisk er!                                                                                                            
Kva slags rutinar har dei viss dei ikkje veit kor dei er dei som skal berge oss når vi er i fare?! Var det eit spel for galleriet det innslaget på TV2? Skal vi kanskje ikkje føle oss så trygge likevel? Må faktisk fleire liv gå tapt før rutinane har komme på plass?                                                                            
Og dessutan: Viss ikkje dei som sit ved det overordna ansvaret for borgarane si sikkerheit veit kva slags bergingsaksjonar som foregår, korleis skal eg då kunne stole på at skattepengane mine blir brukt på ein rettvis måte? I utgangspunktet kostar ikkje eit beinbrot så mykje meir enn rundt 5000 kroner med røntgen og gipsing. Kva då når denne skada har kosta det tidobbelte allereie før røntgenbiletet er tatt! Då veit ikkje eg om eg kan stole på at helseregionen skjøttar min skjerv av eit skattebidrag på ein handterleg og fornuftig måte! Eg vonar at politikarar og media grip fatt i denne saka, for her verkar det som at det er meir å finne ut av. Eg har vanskeleg for å tru at fredagens episode var eit enkelttilfelle ved AMK!    
                                                                                                                
Mest av alt vonar eg likevel at dette var eit sokalla arbeidsuhell hos dei som er sett til å handtere vår daglege helsesikkerheit når det er minutt og sekund som tels! Når uhellet er ute forventar eg at Molde sjukehus har profesjonelle rutinar på å yte profesjonell hjelp på skadestaden og på veg til sjukehuset !

Etiketter