Totalt antall sidevisninger

tirsdag 4. november 2014

Can you hear my bestfriend sing...?

For ei tid tilbake la ei venninne av meg ut eit bilete av seg frå tidleg barneskuleår. Eg kjente at det kitla barnleg i meg, og var raskt ute med å kommentere at ho jenta der hadde ein gong vore bestevenninna mi.

Bestevennen min <3
Denne teksten handlar ikkje om ho. Men det handlar om vennskap - om noko som ein gong var. Om ei sorg i livet mitt.

"Det er tungt å ta tilbake dei åra som har gått, for tida som ligg bak, får vi aldri tilbake att..." tenkte eg før eg gjekk inn på kafeen.

Første møtet på mange år...

Sit down please tell me how your life has been
All of these stories, they're lying within

Då vi var unge kjentes det som at det var berre oss to - det kjentes mesta berusande, for livet hadde vore tomt, men hadde blitt fylt av eit menneske eg kunne vere glad i. Eg trudde det var slik det skulle vere - trudde det var gjensidig. Livet inneheldt så mykje god tru då. Ikkje at eg var godtruande - men eg kjende eg var glad.
Vi var ikkje så gamle då. Midt i den delen av livet kor vi skulle formast til å bli vaksne, fornuftige vaksne. Prosessen var nok vanskelegare for meg enn for deg. Kanskje det var derfor eg omfamna deg så hardt. Livet mitt måtte ha noko å halde fast i.



Tell me about good times, of all that you've had
I'll try to remember, I'll try to be glad

Eg trudde lenge vi høyrde saman - at det vi hadde saman var viktig. At det var mest som ein pardans - utan å vere eit par. Men vi var to - to som gav del i kvarandres liv. Gode dagar. Vonde dagar.
Når du hadde det vondt, kjente eg smerta saman med deg. Prøvde så godt eg kunne å ta del i dei tunge dagane.
Du tok del i dei gode dagane mine. Dei dagane som var då livet smilte. Då smilte du og. Vi smilte saman. Eg smilte saman med deg i dine gode dagar - for livet vendte seg jo mot det gode.

How where the mornings, the ones you adored?
Had all you could ask for, was never ignored

Kanskje vart dagane for gode? Eg veit ikkje.
Eg kjende du umerkeleg sklei ut av hendene mine - ut av livet mitt.
Eg sørga. Sørga over det eg hadde tapt. Mennesket som var borte.
Ikkje borte av verda, men borte frå livet mitt. Mennesket som vel hadde betydd mest for meg gjennom så uendeleg mange år.


How is it possible just to have peace?
Please tell me, I beg you, my life's not at ease
All that is evil surrounding your day
Can never quite vanish but still there's a way

Det var hjarteskjærande. Det var trist. Kanskje grusomt. Det gav sorg.
Åra som gjekk - åra eg ikkje kan spørje etter - som vi ikkje kan hente fram att.
For eg trur ikkje eg kan spørre om kva som skjedde, eller kvifor det skjedde, eller kven sin feil det var det som skjedde.
"How is it possible just to have peace?"

Personane på biletet har ingen ting med historia å gjere.
By making a difference, an imminent choice
You'll capture the horns and release your own voice
Yeah life as you know it will never fulfil
Without all of these choices that gives you the thrill

Møtet på kafeen. Tankane mine. Orda dine. Kanskje vi kan prøve att. Eg veit ikkje.
Åra som ligg mellom. Åra kor eg kjende meg svikta og forlatt. Bitterheit.
Åra som ikkje kjem att. Tida vi ikkje kan gjere noko med.

To live and be living, it's never too late
So hand me your palm and I'll give you my faith.

Ei stund etterpå spurde eg på facebook om korleis biletet av ein bestevenn såg ut. Enno veit eg ikkje heilt korleis det biletet ser ut. Eg trong eit slikt bilete til denne teksten... eg leita, men veit ikkje om det eg fann var rett. Ein gong kan eg kanskje få høyre bestevennen synge?

Why should the hurting take such a long time?
'cause I've been hurting.
Why should the waiting take such a long time?
'cause I've been waiting.
For you.

PS! Dei engelske sitata er henta frå Violet Roads songar: "Can you hear the morning sing" (tittelen på blogginnlegget), "My life's not at ease" og "Waterproof"

mandag 27. oktober 2014

"Fotballen er fantastisk vakker, liksom..."

Sitatet er henta heilt ut frå sin eigen samanheng. Så lite interessert som eg faktisk er i fotball, skal eg iallfall ikkje kommentere Branns exit frå eliteserien...!


Denne autografen er faktisk det einaste som handlar om fotball heime hos meg...


Men overskrifta frå VG i kveld fanga meg. Fordi eg først hadde skrolla forbi overskrifta om den sørafrikanske målvakta som var skutt og drepen. Nei, fotballen er ikkje alltid vakker. Av og til er den brutal. Heilt umotivert brutal!
Slik som då fotballspelaren Andrès Escobar frå Colombia kom heim att etter fotball-VM i USA i 1994. Eit stakkars ulykksaleg sjølvmål førte til eit bestialsk mord - og drapsmannen som opprinneleg fekk 45 år fengsel, var ute etter 11 år! Vakker fotball? Rettferd? For kven?

Eg måtte sveipe innom artikkelen kor bloggtittelen er henta frå. Stakkars Brann-trenaren har rett: Fotballen er ikkje muleg å forutseie! Det er det som gjer det spennande å sjå på. Skjønt heilt rett har han ikkje: For tap avlar tap, siger avlar siger! Om ein tapte kampen forut, er det langt meir sannsynleg at den neste kampen og går ut i eit negativt resultat. Livets hårde verkelegheit!
I Sverige har supportarane til Djurgården gått amok, og ein brannmann vart skada av ei røykbombe. Ei verkelegheit vi så langt ikkje har her i Noreg... men kven veit kor lenge det er til norske supportarar begynner å gå berserk?

Så er det likevel to artiklar på nettavisene  som kan vise det som eg tenker er vakkert med fotballen. Historiene om dei gongene kor fotballen kan ta livet og kvardagen eit steg høgare - og gjere livet litt meir verdifullt.
Utgangspunktet for historiene er grusomme. Den eine låg med store skotskader etter massakren på Utøya. Marte Ødegården var denne helga på besøk på Old Trafford personleg invitert av Manchester United. Endeleg frisk nok til å reise over og treffe favorittlaget!

Tysdag omkom ein supporter av Roma og hans son i ei trafikkulukke på veg heim etter å ha sett kampen kor Roma tapte grovt mot Bayern München, På kampen hadde dei smila og tatt ein selfie av seg. Det siste biletet av dei.
I kveld vart far og son hylla då romaspelarane tok på seg t-skjorter med det siste motivet av dei to døde på. Kapteinen på Roma uttrykte sorg på vegne av laget. Ei symbolsk handling, ikkje veldig stor, men likevel så viktig i ein idrett kor mykje handlar om økonomisk vinning og gode resultat.

I blant tenker eg at ja visst kan fotballen vere vakker! Idrett er vakkert! Til og med det Cecilia Brækhus gjer, kan i eit augenblink vere vakkert!
I streben etter gode resultat, topping av lag og eiga vinning er det viktig å huske den sunne sjela i den sunne lekamen - mens sana in corpore sano! For kva gagnar det om ein vinn verda, men mistar sjela?!


onsdag 1. oktober 2014

Alle veit jo det...

"Eg trur ikkje det er heilt slik," sa eg til ho som sat på andre sida av bordet. Vi snakka om ein, og eg skjønte kva ho tenkte om han: Drittsekk! Han som både svikta og sveik...



Alle veit at terningen, den e fikset

Alle krysser fingre kaldt og kjapt
Alle vet at krigen nå er over.
Alle vet de snille, de har tapt.
Alle vet at alt var avtalt spill.
Den som er rik får mer og mere til.
Det er sånn det er.
Alle vet jo det.


Eg kunne ikkje seie noko på det ho sa. Eg kunne ikkje begynne å fortelje kor mykje han faktisk betyr for meg enno. Eg kunne ikkje seie kvifor eg tenkte som eg gjorde. Eg kunne jo ikkje fortelje om kva som ein gong hendte...
Svikaren - han som delte ut Judas-kyss, og eg som tok gladeleg i mot. Og i det vi hadde delt Judas-kyssa, bygde vi ei fantasiverd kor det var berre plass for oss to. Det var berre han og eg - sjølv då vi var på ei armlengdes avstand. Avtalt spel? Nei. Ingen terning kasta...

Alle vet at skipperen er gått på fylla.

Alle vet at skipet ikkje tåler sjø.
Alle går og føler seg ganske ute,
som om bikkja eller faren var død.
Alle vet kreditt er dyrt og hellig.
Alle vil bli bedt ut på Bagatelle
i Bygdøy Allé.
Alle vet jo det.


Det var ingen eg kunne fortelje denne historia til. Det hadde vore betre om det faktisk var sant at det var skipperen som hadde vore på fylla. For alle visste jo det... Men akkurat denne storyen måtte eg vere taus om. Alle veit jo at skipet ikkje tåler sjø... ikkje dagslys heller...
Vi bygde vårt eige vesle paradis på jord - han og eg. I draumane kunne eg ikkje vere utan han, sjølv om det var så mykje som var i mellom oss. Kanskje aller mest det at vi ikkje kunne prate saman. 


Alle sammen vet det er meg du elsker.

Alle sammen vet at det er sant.
Alle sammen vet du har vært trofast,
bortsett fra en og annen natt iblant.
Alle vet at du har vært diskret,
men det var så mange folk du bare måtte se
med klærne av.
Alle vet jo det.


Det er ikkje sant at alle veit at han elskar meg.Det er faktisk ingen som veit det, og eg er vel ikkje så sikker på det sjølv heller... sjølv om han seier at det er berre meg... det er ikkje så enkelt å tru at det er sant. For den som kjenner han, veit nok at han kan ha fleire Judas-kyss på lur, sjølv om han prøver å vere diskret... Ingen sølvpengar levert... Skal tru om alle veit det?

Alle vet det er nå eller aldri.

Alle vet det er enten meg eller deg.
Alle vet at det gir deg evig liv,
hvis du bare kan få gitt det ut.
Alle vet at ordningen er skitten.
Gamle Ahmed vasker fortsatt dritten 
på ditt arbeidsted.
Alle vet jo det.




Nei, det er ikkje no det er no eller aldri... det var før ein gong - i ei tid som ligg bak. Det var akkurat då vi hadde flytta inn i vårt vesle draumescenario... vi vart verande berre ei kort, kort stund. Eg måtte vidare - han vaska ikkje føtene mine, han gråt ikkje over si eiga tilkortkomenheit... Alle veit vel at mannfolk ikkje gjer det?

Alle sammen vet at Pesten kommer.

Alle sammen vet at den sprer seg kjapt.
Alle sammen vet den nakne mann og kvinne
var et vakkert bilde som gikk tapt.
Alle sammen vet det er forbi,
men det er montert en måler under senga di,
som viser klart og greit
det alle sammen vet.


Eg ville ikkje at pesten skulle spreie seg - det fantes ingen bilete av oss - ikkje som eg hugsar, ikkje noko å snakke om... ingen som skulle få noko å seie på nokon av oss. Det gjaldt å vere diskret - for elles visste snart alle saman det. Kva kunne han tape på det? Og kva kunne livet mitt bli?  For han og eg i saman, trur eg er rein poesi - eller var det fantasi? 

Og alle vet at du har fått problemer.

Alle vet hva du har tålt av gru,
fra et blodig kors på Golgata
til strendene i Malibu.
Alle ser det hellige hjertet blør.
Folkens, kom og se det før det dør.
Nå skal det skje.
Alle vet jo det.


Men no trur nok folk flest at dette var ein som kom til meg for å berge meg frå noko voldsomt... frå noko grusomt, eller kanskje frå noko uoverkommeleg. Nei, det er nok meir sikkert at eg kunne møtt han på stranda i Malibu enn på Golgata og deromkring. Det skal vere nokså tungt å gå den bratte, lange vegen opp til Golgata - den som har vore der, veit jo det.
Nei, dette var noko heilt anna... ei heilt anna kjensle... ei heilt anna verkelegheit... Ein mann som nok var litt for lett for meg...

...
He was a little bit too easy 

A little bit too happy, she would moan 
He sees himself in an apartment down the road 
where he can dream his dreams in peace and be alone 
She said to him: I'll show you we can have good times´ again 
But only if you play the straight and steady 
He said l'm having a fantastic time already.


Alle vet jo det
Alle vet jo det
Det er sånn det er.
Alle vet jo det.

Eg veit at dei fleste anten lurer på om det har rabla for meg, eller i det minste om det er noko sanningsgestalt i dette... det er forteljarens glede at ein vel korleis historia skal forteljast... og om noko eller ingen ting i historia er sann... alle trur dei veit det... men dette veit berre eg :)
(Alle tekstar i kursiv er av Kari Bremnes: Frå "Alle vet jo det" og "Fantastic time already")

søndag 21. september 2014

Eit oppgjer med einsemda!

No kjenner eg det er tid for å ta eit oppgjer med vår tids nye moteord: Einsam.



Eg kjenner eg treng å seie frå om bruken av det som ser ut til å ha blitt eit moteord i media: einsam.
Ikkje så reint sjeldan ser eg det brukt. Og det er ikkje av folk som står fram med si einsamheit - nei, sjå på desse eksempla:
"Det er einsamt å vere spiss," sa ein av vår tids betre spissar i eit intervju.
Ja, det er muleg at det kan kjennast litt einsamt like der framfor mål, men det er heilt sjølvvalgt, og du får better det godt betalt for å stå der og henge saman med den sjølvvalgte einsamheita di!
"Det er einsamt å vere gravid," lyste det mot meg frå eit av desse moderlege magasina for nokre år sidan.
Eg opna ikkje opp magasinet for å sjekke kva kjendissyngedama syntes var så einsamt med det. Dei aller fleste greier seg no gjennom dei ni månadane. Ein del oppmerksamheit følgjer det og med det å vere gravid, så den einsamheita skal vel vere overkommeleg!
Det siste eg las var at det er einsamt å skrive... Tja... eg har ikkje sett einsemda i det. Tvert i mot. Eg skriv, og om eg vil meddele noko til omverda, så publiserer eg det. Enkelt og greit! Om eg vil at nokon skal vurdere teksten, så hadde eg vel funne nokon som ville lese det for meg.

Eg tok for sikkerheits skuld og googla det. Då fann eg til dømes "det er einsamt å vere gründer", "det er einsamt å skrive doktorgrad", "det er einsamt på toppen", "det er einsamt å vere single". Eg reknar med at den som les dette, ser kor eg vil hen.

Eg trur ikkje nokon av dei som har kjent einsemda knuge i hjarte og sjel kjenner seg att i desse skildringane. Populistiske vinklingar på noko som svært mange synes er eit hån mot det som faktisk er einsamheit!
For snart to år sidan vart eg intervjua av den avisa eg sjølv arbeider i. Der tok eg eit slags oppgjer med den mykje brukte floskelen "eg har tenkt på deg". Ja, det er fint å vite at ein var i tankane til nokon, men eg er ikkje tankelesar, eg merka ikkje tankane. For meg var tanken rett og slett ingen ting verd! Det er berre drønnande malm og klingande bjølle! Det er korn som fell på steingrunn som vil blese vekk!
Eg høyrer andre som har hatt tunge periodar og fortel det same. Folk som kjem bort til dei og fortel at dei har vore i tankane deira. Men dei heller hadde ikkje merka den tanken. Det var ingen som ringte og sa det, ingen som kom på døra med ei helsing og sa det, ingen som inviterte på ein kaffeprat og sa det.

Kvifor var du der ikkje då dagane var onde?

Eg har tenkt mange gonger på dei eg trudde var vennene mine - folk på min alder som eg hadde kjent i mange år.Venner eg oppsøkte då eg var sjuk, og som eg trudde ville ta kontakt med meg då døden ramma i familien. Men det var stilt. Knappast eit lite "kondolerer" på facebookveggen.
Eg har tenkt på dei som tok kontakt med meg etterpå, som sende venneforespurnad med "lovnad" om å vere ein venn - sjølv om eg ikkje hadde vore bra nok tidlegare for deira vennskap.

Ei anna form for hån er dei som ikler seg sjølvmedlidingas kappe når dei set ut på facebook at dei har hovudpine, forkjøling, influensa, myggstikk, vondt i ei tå, vondt i hovudet... Jauda, men det meste av dette går over. Det er smertar kroppen faktisk er skapt for å kunne handtere. Det er litt enkel form for motgang som dei aller fleste er skapt til å klare, du må berre overbevise deg sjølv om at det er slik.
Jau, eg veit at vi alle slit med kvart vårt, men med respekt for dei som faktisk er sjuk - alvorleg sjuk og langvarig sjuk, så tenker eg at vi menneske alt for ofte ramlar ned i ei boble av sjølvmedliding for små bagatellar. Og når vi synes synd på oss sjølve, vil vi gjerne at andre og skal gjere det. "God betring med hovudpina di!" Ta deg eit par ibux, så går det nok over.

Einsemd - sjølvmedliding - sjukdom. Sider ved livet som dei aller fleste på eit eller anna tidspunkt vil bli prøvd i. Då blir du prøvd om du har ryggrad til å stå i det. Dei aller fleste har både familie og gode venner i rundt seg, men likevel kan du bli prøvd i livets små og store motgangar. Det er eit ordtak som seier at vi ikkje får meir enn vi kan makte å bere. I blant ei mager trøyst for dei som står i det, men det kan vere muleg å sjå sanninga i det når ein har greid å gå vidare.

Då Lene Marlin stod fram med si historie om sjølvmordsforsøket, tenkte eg på den sangen ho sjølv var med og laga - "Venn".
"Jeg vil være en venn, jeg ser at du faller - du vil reise deg igjen!"

Kvifor var du ikkje der då dagane var onde? Eg har lurt på det mange gonger, og eg vil aldri finne svaret.






tirsdag 9. september 2014

Ei påminning om livet!


Det er ikkje så vanleg at eg blir så glad for å finne at ein øyredobb som det eg vart i går. Men det vart veldig spesielt. Det vart ei påminning om livet.

No har det gått ei god stund sidan sist eg hadde tid og krefter å skrive, men i går kom eg på at eg hadde lyst å fortelje om det som blei spesielt for meg.
I løpet av året har eg vore nokre få turar opp til Kongelhjellan på Fale. Plana er at det skal kome ein turblogg om det snart med bilete frå turane. Rett etter skuleslutt i juni var eg på tur opp lia der, og på nedoverturen oppdaga eg at eg hadde mista den eine øyredobben. Det var no frykteleg dumt, tenkte eg, men slik kan det gå på tur i skogen.
I går var eg på nytt til Kongelhjellan, og på veg oppover såg eg etter det tova hjartet som heng på ei busk. Eg visste ikkje då historia bak det hjartet. På toppen møtte eg ei eg kjenner, og vi tok følgje nedover lia. Plutseleg dukka det tova hjartet opp i synet mitt, og då kunne ho fortelje at det vart hengt opp i høve minnemarsjen som vart heldt etter at Snorre frå bygda døydde for snart to år sidan. Det forunderlege var at på dette hjartet hang øyredobben som eg hadde mista for over to månader sidan. Først og framst vart eg glad for å kunne ha to like øyredobbar i staden for å ha berre ein. Men når eg ser på historia om kvifor eg eig nettopp desse øyredobbane, vart det også ei påminning om livet.
Øyredobbane vart kjøpt på ei vevstogo i Valdres eg besøkte for eit par år sidan. Vevstogo er eigd av ei som heiter Marit Anny, som familien møtte då vi var på cruise i Middelhavet våren 2011. Turen var ei feiring av at eg var ferdigbehandla for kreft, og var ein hyggeleg familietur for ungane, Runar og meg. Då eg besøkte Marit Anny over eitt år seinare på vevstogo hennar, var Runar død, og besøket hos ho var for å kunne mimre litt om cruiset vi hadde vore på.
På den måten vart det spesielt for meg å finne att min hjarteforma øyredobb.

På den andre sida rann det meg i hovudet ei anna spesiell historie som skjedde hausten for tretti år sidan, som og handlar om å miste og finne.
Eg gjekk i 7.klasse då, og 7., 8. og 9.klasse var på overnattingstur på naboane si hytte i Vikebotn. Den som har gått Vikelia, veit kor lang og bratt ho er...! Då vi var komne ned til Vike etter turen, oppdaga eg til min irritasjon at eg hadde mista klokka mi på turen. Kor ho låg hen i lia, kunne ein jo berre gjette på. Dette trur eg var på ein onsdag, og då laurdagen kom, skulle ein av naboane på Vike sjå seg opp Vikelia. På veg opp lia, vart han sliten, og trengte å kvile. Medan han sat der, høyrte han noko som peip, og han trudde det kunne vere ei mus. Då han såg seg rundt, fekk han auge på ei klokke som låg der. Klokka var svart, og eg vil tru grunnen der var mørk og, så ho var vel ikkje heilt enkel å få auge på. Det var tidleg om morgonen, det veit eg, for klokka mi hadde alarm som var innstilt på vekking nøyaktig kl. 07.40. Og klokka peip i kun 30 sekund, så det var mesta som eit under at Håkon skulle setje seg akkurat der klokka mi låg akkurat då ho skulle pipe for vekking! På den måten kom klokka tilbake nokså fort tilbake til sin rettmessige eigar, men kven skulle tru det berre nokre dagar tidlegare?!

Ja, dette var no berre nokre småtankar som rann meg i hovudet medan eg gjekk og rusla, og som eg hadde lyst å fortelje vidare. I går kveld la eg sjølvsagt ut biletet på facebook og fortalte om funnet, og no er det rundt femti vener som har trykt liker på biletet. Det å merke at andre gler seg saman med meg, sjølv for ein liten ubetydeleg øyredobb, synes eg sjølvsagt er veldig kjekt :)

onsdag 25. juni 2014

Ny turblogg: Jokerdalen i Grølia :)

No er det lenge sidan det har vore oppdatering på bloggen. Det har vore rimeleg travelt, men no er ferien i gong, så no ser eg lysare på tilværet :)

I dag var eg på ein ny tur! Etter 10 1/2 år i bygda, er det for gale å innrømme at eg aldri har gått Grølia opp - før i dag... Ein gong må vere den første! Men eg har gått ned lia to gonger, for eg har gått Sunndalsmarsjen frå Vangshaugen til Grøa to gonger for mange år sidan.

Vel: Eg tok laus i dag. Turmålet var turboka i postkassa ved Jonkerdalen oppe i Grølia. Postkassa er ved grinda som bringer deg videre inn i den grødalske fjellheimen. I turboka "30 turar i Sunndal" står den som tur nr. 6 til Dalavatnet.
Aller først må eg skryte av dei som har laga til det flotte området med benk og gode greier før ein startar skikkeleg på turen. Ein vegg med informasjon er og bra, og der heng og ei postkasse, kor ein kan ta seg eit papir med informasjon om namn på dei forskjellige stadane oppover lia. Verkeleg bra :)


                                  

Like ved rasteplassen er det restar etter truleg ei mølle. Inni mølla var det einaste nokre få sauar som oppheldt seg.

Den fine stien oppover er faktisk brattast i starten av turen. Når ein har kommet seg opp på Bruhjell, begynner det å flate ut.
Bruhjell var ei hyggeleg overrasking! Like ut av skogen dukka det opp ei stor slette - informasjonsarket fortel at det har vore slåttamark i tidlegare tider der - og der var det stubbar å sitje på og ein liten bålplass. Garantert fin stad å rusle seg ein tur for å grille ei ettermiddagsstund!


På Øvre Bruhjell har ein fin utsikt over dalen til elvene Skorga og Fossa.

Frå Øvre Bruhjell går det fint og jevnt oppover. På grunn av alt regnet som har vore i det siste, var stien rimeleg blaut fleire plassar. Det vil vel tørke opp om det kjem jamnt med sol utover sommaren :)
Så er det berre å følgje på oppover lia. Ivrige lokalkjennarar har fått laga fine skilt på fleire plassar, slik at ein veit kor ein er.
Like nedanfor Landlaupet har det vore slipsteinsplass, og om ein er merksam, skal ein finne årstalet 1886 innrissa i berget (det fekk sjølvsagt ikkje eg med meg...). Det årstalet skal truleg peike tilbake på ein periode kor det var mykje utbetringar av stien oppover, og Sunndal Sparebank, etablert 1892, var ein viktig sponsor av dette.

Før ein kjem til Landlaupet,
passerer ein eit busstopp! Det er iallfall eit prov om at ein er på rett veg!                                            

















Ved Øltappen finns det ei
oppkomme som renn heile året.

No har eg kome så langt opp i dalen, at den begynner å opne seg meir og meir. Elva er langt nede i dalen, den høyrer ein berre suset av. Stien er av ganske god kvalitet, og innbyr til å løfte beina i eit litt raskare tempo. Det er hunden min interessert i og :)

Når ein går eit stykke til, kjem ein til Jokran. På midten av 1800-talet var det buplass oppe der - forstå det den som vil - men rundt 1863 vart det fråflytta. Eg vil tru det var stor rasfare der på den tida og, slik det fortsatt er i periodar i dag og.
Postkassa som er drifta av Grøa IL, heng ved sidan av grinda. Det beiter sauer i Grølia og Grødalen. Eg snudde ved postkassa, men om ein følgjer stien eit stykke til, kjem ein til idylliske Dalavatnet, kor ein kan bade på ein god sommardag. Fortset ein lenger, kan ein enten følgje stien vidare innover Grødalen til turistforeiningshytta Vangshaugen, eller ein kan finne vegen forbi setrene i dalen, og gå til turistforeiningshytta Rauberghytta. Grøa - Rauberghytta - Vangshaugen trur eg er ein bra todagarstur å ta. Frå Grøa til Vangshaugen er det 25 km, og turen tar (i motsett retning) nærmare 5 timar.

Prins kunne godt tenke seg å gå lenger!


                                         Utsikt vidare oppover dalen mot Dalavatnet.

Her ved Jokerdalen snudde eg. Ein annan gong
skal eg gå heilt opp i Grødalen!
Alltid trygt å følgje KNTs T-merking. Stien går heilt til Vangshaugen.
På nedovertur tok eg ein litt anna sti enn opp,
nemleg Trollstien, og då fekk eg litt utsikt
nedover mot Sunndalsøra.

mandag 26. mai 2014

Turblogg: Ljøsåa opp!

Sist laurdag var eg på min første skikkelege tur i Øksendalen! Eg må berre innrømme at eg har vore alt for lite på tur der i bygda.

På laurdag arrangerte idrettslaget bakkeløpet Ljøsåa opp, og det er endeleg både langt nok og bratt nok. Ja, langt og langt - det er visst 1,8 km, så det er jo ikkje så langt, men bratt - ja, det vart det meir enn nok av!
Men rett skal vere rett: Det er fin traktorveg oppover heile vegen, så det er ein flott tur å gå. Eg er litt usikker på kor høg stigninga er, men kanskje 300 meter - det er rein gjetting!
Iallfall var det fin utsikt etter kvart som ein kom opp i høgda, og det er mesta så alt strevet betalar seg i utsikta!

Det er kanskje lurt å fortelje kor Ljøsåa er for den som ikkje er kjend (slike som meg altså!). 
Du køyrer oppover Øksendalen mot Brandstad ca 5 km. Rett etter at du har passert skianlegget, kjem du til ei avkøyring på venstre handa. Om du plutseleg får ei bru på høgre handa, har du kome ca 200 meter for langt! Muleg det står ei stor, raud brakke og der på avkøyringa. Gode høve for parkering. Turen oppover tar alt frå 15 minutt til 45 minutt - avhengig av kor sprek du er i oppoverbakkane. På toppen er det gode høve for å ete tursjokoladen, før ein rusler ned att. For den som blir sliten, er det gode kvilesteinar på ruta og.
Dagens turpåkledning!

Fin utsikt utover dalen.

Utsikta.


Utsikta.


Det går bratt oppover.



                                   


                     
Bratt nedover att og :)

Men alt i alt vil eg seie at turen er verd å ta! Det er mange andre turløyper i Øksendalen og, totalt 14 i talet, så det er berre å komme seg opp av stolen og ut og gå!

torsdag 22. mai 2014

Royal hightime!

I dag har eg verkeleg hatt min "royal hightime" - ein dryg time i kongen og dronninga sitt nærvere!

Då det vart klart at kongen og dronninga skulle besøke Tingvoll, var eg snar om å melde meg til teneste for Aura Avis. Det var ikkje lange tida dei hadde på Tingvoll, og det var eit tettpakka program den dryge timen dei var der. Men som akkreditert får ein kome nærare kongeparet enn publikum flest - og dessutan kan ein få høve til å stille dei spørsmål på pressemøtet :)

Eg skal skrive reportasje til avisa i morgon, så derfor så blir det berre nokre bilete frå besøket.
Det var andre gong eg var akkreditert til kongebesøk. Første gongen var då kong Harald besøkte Nesset Prestegård for nokre år sidan. Då kongeparet var i Nesset i juni 2003, var eg og såg på dei - først på Nesset Prestegard og så då dei gjekk ombord i ferga på Eikesdalsvatnet. Så fekk eg mamma til å ta bilete av meg og Ingvild, som berre var sju-åtte månader då, ved sidan av A1-bilen!
Eg har alltid vore kongeleg interessert! Det starta tidleg i barneskulen - kanskje då kusine Torill drilla meg og syster mi i  den lange rekka av kongar. Då lady Di vart prinsesse Diana i 1981, var eg seld! Sidan det fylte skuffa på ungjenterommet seg stadig fullare med kongelege reportasjer frå ymse vekeblad.
Det er ikkje slik no lenger, men eg har stor glede av å kunne få vere på kloss hald av dei kongelege. Derfor vart arbeidsstunda for Aura Avis i dag ein "all time high" - for å seie det enkelt!
Bringer derfor nokre klipp frå det fine og trivelege besøket kong Harald og dronning Sonja gjorde på Tingvoll i dag.
PS! Om du lurer på kva spørsmål eg stilde til kongeparet på pressemøtet, så kan eg ikkje røpe det før eg har hatt det på trykk i avisa! Er ein på arbeid, så er ein på arbeid!








Også ein litt spesiell bileteserie til slutt:
Eg stod nede ved hamna og venta på at det kongeleg følget skulle komme for å gå ombord i sjaluppen. Eg såg ikkje etter kva eller kven eg stod ved sidan av. Biletserien viser korleis dei kongelege er på veg nedover, før dronninga plutseleg gjer ein brå sving til høgre, og kjem bort til der eg stod. Ho var på ei armlengdes avstand! Det var eit stort augeblink. Kva som var historia ved denne avstikkaren, kan eg ikkje fortelje no - den kjem først på trykk i Aura Avis laurdag. Men bileta av hendinga forut kan eg bringe :)

Og heilt til slutt: Eg har aldri vore så nært på kongeparet, men eg er imponert over kunnskapen dei har tileigna seg om stadane dei besøker, merksemda dei gir til enkeltpersonar, humoren deira og den utstrålinga dei har!
I det heile tatt: Eg er stolt over at vi har eit slikt flott kongepar her i Noreg! Dei er gode ambassadørar for kongeriket!








Akkreditert helsing frå hoffreportaren Ingunn :)

lørdag 17. mai 2014

17.maitalen på Grøa :)

Her er 17.maitalen som eg heldt i bygda mi her i dag!


Frå 17.maitoget på Grøa i dag.

Aller først: Tusen takk for invitasjonen frå komiteen! På denne historiske 200-årsdagen for Grunnlova vår, er det ei ære å halde dagens tale!
Det var ein gong nokre karar som satt og prata saman i eit amfi. Det var lenge før Sunndal Amfi og Sunndal kommune. Det var lenge før kongeriket Noreg og Grunnlova på Eidsvoll. Det var før trykkekunsten, så skrive bøker var ikkje så lett i den tida. Det var før dei starta å leggje døde mennesker i gravene på Løykja, før Muhammed og Jesus - men litt nærare i geografien. Nemleg Aten.
Der satt dei og prata og drodla og diskuterte meininga av ord og meininga i det å vere saman og bestemme ting saman. Det var nokså mange ord som ikkje var funnen opp på den tida - slik som mobiltelefon og selfies til dømes. Men så var det ein som kom på eit ord:


= FOLKESTYRE
Dei satt og tala saman, og då han eine kom på det ordet, begynte dei å samtale for å finne ut kva ordet tyder. Demos tyder folk. Men kven var folket? Jau, sjølvsagt var dei meir viktig og hadde meir makt om dei hadde pengar. Då var dei i stand til å kjøpe våpen.
Desse karane vart så einige om kva eit demokrati betydde for dei. Det handla om å gi fleire innflyting på avgjerder. Og det betydde at alle som hadde stemmerett, hadde plikt til å bruke den.

Så gjekk det mange, mange år - og no har vi sykla forbi Jesus og Muhammed, forbi gravfeltet på Løykja, forbi oppfinninga av boktrykkekunsten, og fram til 16-1700-talet i Frankrike. Fortsatt satt det karar saman og diskuterte og tenkte høgt om meininga med ord og om korleis samfunnet skulle vere.
Då var det ein kar som heita Rousseau som kom på eit nytt ord:


Når ein ser på ordet og deler det opp i fleire delar, ser ein at det tyder eit prinsipp om at det er folket som er dei suverene. "Vi må ha ei folkevalgt forsamling, og det skal vere direkte valg," sa Rousseau. Og slik vart det i fleire og fleire land, men dei måtte krige og sloss for retten til å bestemme.
Rousseau snakka og om noko som heiter


Med det meinte han at eigentleg så var mennesket født til å vere i pakt med naturen, men fordi det var bygd opp sivilisasjonar og samfunn, mellom anna vart det stadig fleire folk i byane, kunne vi mennesker ikkje lenger leve det frie liv. Vi måtte vere siviliserte mennesker som levde i pakt med det samfunnet vi er fødde inn i.
Så gjekk det nokre år til, og no har vi kommen til 1814, kor dei 112 menn frå Sør Norge var samla på Eidsvoll. Noreg var eit svært fattig land, og bøndene hadde lite dei skulle sagt - og iallfall om dei ikkje eigde noko jord. Då hadde dei ingen rettar å slå i bordet med. Dei fleste av dei som møtte på Eidsvoll var adelege menn med pengar eller lærde menn med utdanning frå Københamn.
Ein av dei som beit kraftig i frå seg og forsvarte Noregs rett til å bli sjølvstendig med nebb og klør, var ein som var fødd som presteson i Øksendal, nemleg Jonas Rein. Han var prest i Bergen, og var ein mann med sterke meiningar. Mellom anna var han svært tydeleg på at jødane skulle ha rett til å vere i landet. Slik blei det ikkje med ein gong.
Dei 112 karane var troppa saman for å sjå om ein kunne få lausrevet Noreg frå unionen med Danmark og Sverige. Formålet med denne samlinga som starta opp i april, var å lage ei


Dei starta opp med det 11.april, og arbeidet pågjekk fram til dei hadde vedteke og underteikna ho 17.mai. Ein av dei som var til stade, Nicolay Wergeland, tok til orde for at Noreg som fri nasjon måtte ha ei folkeforsamling. Han kalte det for eit


Stortinget er det som sammenfattar og handterar Noregs grunnlov.  Dei første åra var ikkje Stortinget der det er i dag. Det bygget var ferdigreist i 1866, før det leide Stortinget ymse lokalar i Christiania.

I 1837 vart det bestemt at det som mange år seinare vart kalla kommunar, skulle få ha større makt då lokalt sjølvstyre ute i kommune-Noreg vart sikra gjennom


Det førte til at det vart folkevalgte styrer i bygdene rundt omkring i Noreg, og det er derfor det sit folkevalgte politikarar i kommunestyra og fylkestinget i dag.
I 1872 kom Johan Sverdrup med dei vidgjetne orda "All makt i denne sal". Det vart utgangspunktet for det som heiter


som er ei vidareføring av folkesuvereniteten. På den måten blir tankar som menn som tala saman på 16-1700-talet  fortsatt viktig for dei som sit på Stortinget i dag i 2014.

Underteikna var dagens talar (bilete frå Aura Avis si nettside).
Eg vil avslutte talen med å gå tilbake til denne tidsepoken og til det eg tala om naturrett. Fleire og fleire her i Sunndal, til dømes gjennom Sporty-kampanjen som var i fjor, har oppdaga kor flott og helsebringande det er å vere i pakt med naturen, slik både Rousseau og fleire av dei som skreiv bøker i den tida, tala om. Då eg bygde huset mitt på Jøntelhaugen, var eg ikkje bevisst utsikta eg hadde frå stuevindauget mitt, men etter at vi flytta inn, oppdaga eg kor flott det er å sitje i sofaen og sjå på flotte Skorga. Plassering av garasjen måtte gjerast slik at ikkje den utsikta forsvann. Så viktig var det for meg!
Å høyre på suset frå fossane etter at eg har lagt meg, er som ein vakker godnattsong.
No ligg det søknad inne om å byggje ut både Fossa og Skorga til småkraftverk. Det som eg og mange med meg meiner er med på å gi bygda vår skjønnheit og identitet, kan bli klipt vekk frå landskapet vårt. Eg vonar at vi er alle oss bevisst kor viktig dei fossane er, og at vi kan stå saman som bygd og vise kva vi meiner! Det å kunne ha tilgang til rein og frisk luft og tilgang til reint vatn, er ikkje noko sjølvsagt. La oss stå saman og seie frå kva vi meiner om det eg meiner er å stjele bygdas arvesølv!



Fossen Skorga er ikkje til sals!


Og heilt til slutt vil eg nemne at då eg heldt talen her sist - i 2009 - var det blitt snakk om korpset si framtid. Då sa eg i talen eg vona det blei liv i korpset att, fordi det var så stussleg med 17.maifeiring utan korps. Sidan det har vi hatt korps, og eg vonar vi kan gi Løykja Musikkorps ein skikkeleg applaus som takk for at dei gir dagen eit ekstra preg!

Tusen takk for meg, og ha ein fortsatt fin dag :)
Den lille Karijord-familien :)

Etiketter