Totalt antall sidevisninger

mandag 3. mars 2014

Tar du utfordringa???

Så er det over oss igjen! Dagar og veker kor vi skal dekorere facebookveggen vår med det eine og det andre! Er det ikkje bilete av bartar, farga på bhen eller kor du vil fare på ferie, så er det hjarte! Og alt i det skjønne formål: Vise at ein har solidaritet med dei som har fått kreft! Spesielt oss damer som er ramma!



HALLO FOLKENS! Vakn opp! Slike små symbol i seg sjølv er ikkje nok til å skape merksemd rundt kreftsaka! Eg vågar denne påstanden: Ikkje eitt menneske kuttar ut røyken av å sjå eit hjarte på facebookveggen din! Ikkje eitt menneske gjer ei plutseleg endring i livet for å redusere si eiga kreftfare av å lese kva farge du har på bhen på facebook! 
Verda er ikkje slik! Verda fungerer ikkje slik! I eit mediasamfunn kor dei viktigaste virkemidla er å presentere store bilete og rope høgast, kjem desse små symbola vekk i mengda. Men lyttar du til P4, veit du at mars månad, Vinterlyd og kreftforeininga er tre sider av samme sak!

Kreft rammar heilt uvilkårleg! Dei aller fleste kjenner opptil fleire som er sjuk eller har vore ramma av kreft! Alle kjenner vi nokon som døydde av det! Dessverre kan ein aldri oppnå ei dødsrate på 0 av denne sjukdommen. Men mange reddast - og stadig er det fleire som reddast - som takka vere auka kunnskap kjem seg tidsnok til legen! Som blir friske og får eit godt liv etter kreftbehandling. Eg synes eg er eit godt bevis på det sjølv!
Eg minnes frå oppveksten bestemor mi som mangla eit bryst. Legane meinte på at ho måtte fjerne det på grunn av ein kreftsvulst. Truleg var det på 1950-talet, og kunnskapen og metodane var ikkje kommen så langt! Etterpå hadde det vist seg at brystet var friskt, og eg trur det var bestemor si store sorg at ho måtte fjerne eit friskt bryst. Hadde dette vore i dag, hadde nok bestemor sitt bryst vorte spara. 

For å komme fram til ny viten om kreftsjukdommen, ny kunnskap om medisin, nye behandlingsformer, for å kunne ha store informasjonskampanjer i media, for å kunne arrangere kurs for pasientar og pårørande, for å drifte behandlingssenter +++ : I det heile tatt: For at det skal bli færre som rammast og færre som døyr av kreft, trengs det PENGAR! Utan pengar stoppar kunnskapen opp! 
I år er temaet for Krafttak mot kreft personleg tilpassa behandling! Kvart menneske er individuelt, og for å kunne utarbeide behandling tilpassa kvar enkelt pasient, trengs det forskingsmidlar! Det trengs pengar til å auke kunnskapen om kva sjukdomsmekanismar som fører til at nokon er meir disponibel for kreft enn andre.
I 2012 brukte Kreftforeningen 183 millionar kroner på forsking. Dei siste ti åra er det langt over 1,5 milliard kroner brukt på forsking - av pengar samla inn av deg og meg og mange andre! Forsking gir resultat - men fortsatt er det 11 000 mennesker i Noreg som døyr av kreft kvart år! For å kunne redusere talet på kreftsjuke, treng ein informasjonskampanjer i alle ledd - frå barnehage til skule, på arbeidsplassane og like til sjukeheimane kor dei eldre bur! Vi treng auka kunnskap om korleis vi kan få eit sunnare liv - treng nokon som motiverer oss til å starte å trimme og gjere noko med dei dårlege matvanane våre.

Eg er medlem av Kreftforeningen. Det kostar meg 200 kroner i året. 200 kroner er ikkje mykje. Den enkle seddelen frå meg er nok knappast nok til meir enn traktementet til fem mennesker på eit styremøte i kreftforeininga. Men viss du som les dette tar oppfordringa frå meg om å bidra med 200 kroner under årets Krafttak mot kreft-aksjon, så vil det utgjere mykje! Viss du bringer denne oppfordringa vidare, vil det komme endå meire pengar inn! Om alle mine venner på facebook bidrar med 200 kroner, vil det aleine utgjere rundt 22 000 kroner! Og då begynner vi å snakke om at det faktisk kan utgjere ein skilnad!

Derfor: Dropp hjarter, bh-farga, bartebilete og alt anna! Når russen kjem på døra di torsdag, så sit klar med 200-lappen (bør vere eit minimum)! Viss russen ikkje kjem på døra di, eller du ikkje er heime når dei passerer, så har du følgande mulegheiter: 

* Betal inn til følgande kontonummer: 1503.07.66056* Gi pengar via sms: Send GAVE til 2277, og du gir automatisk 200 kroner!

Så då vonar eg du tek denne utfordringa! Lykke til! Ta vel i mot russen som tar eit #Krafttakmotkreft på torsdag!

Ingen kommentarer:

Etiketter