Totalt antall sidevisninger

søndag 21. september 2014

Eit oppgjer med einsemda!

No kjenner eg det er tid for å ta eit oppgjer med vår tids nye moteord: Einsam.



Eg kjenner eg treng å seie frå om bruken av det som ser ut til å ha blitt eit moteord i media: einsam.
Ikkje så reint sjeldan ser eg det brukt. Og det er ikkje av folk som står fram med si einsamheit - nei, sjå på desse eksempla:
"Det er einsamt å vere spiss," sa ein av vår tids betre spissar i eit intervju.
Ja, det er muleg at det kan kjennast litt einsamt like der framfor mål, men det er heilt sjølvvalgt, og du får better det godt betalt for å stå der og henge saman med den sjølvvalgte einsamheita di!
"Det er einsamt å vere gravid," lyste det mot meg frå eit av desse moderlege magasina for nokre år sidan.
Eg opna ikkje opp magasinet for å sjekke kva kjendissyngedama syntes var så einsamt med det. Dei aller fleste greier seg no gjennom dei ni månadane. Ein del oppmerksamheit følgjer det og med det å vere gravid, så den einsamheita skal vel vere overkommeleg!
Det siste eg las var at det er einsamt å skrive... Tja... eg har ikkje sett einsemda i det. Tvert i mot. Eg skriv, og om eg vil meddele noko til omverda, så publiserer eg det. Enkelt og greit! Om eg vil at nokon skal vurdere teksten, så hadde eg vel funne nokon som ville lese det for meg.

Eg tok for sikkerheits skuld og googla det. Då fann eg til dømes "det er einsamt å vere gründer", "det er einsamt å skrive doktorgrad", "det er einsamt på toppen", "det er einsamt å vere single". Eg reknar med at den som les dette, ser kor eg vil hen.

Eg trur ikkje nokon av dei som har kjent einsemda knuge i hjarte og sjel kjenner seg att i desse skildringane. Populistiske vinklingar på noko som svært mange synes er eit hån mot det som faktisk er einsamheit!
For snart to år sidan vart eg intervjua av den avisa eg sjølv arbeider i. Der tok eg eit slags oppgjer med den mykje brukte floskelen "eg har tenkt på deg". Ja, det er fint å vite at ein var i tankane til nokon, men eg er ikkje tankelesar, eg merka ikkje tankane. For meg var tanken rett og slett ingen ting verd! Det er berre drønnande malm og klingande bjølle! Det er korn som fell på steingrunn som vil blese vekk!
Eg høyrer andre som har hatt tunge periodar og fortel det same. Folk som kjem bort til dei og fortel at dei har vore i tankane deira. Men dei heller hadde ikkje merka den tanken. Det var ingen som ringte og sa det, ingen som kom på døra med ei helsing og sa det, ingen som inviterte på ein kaffeprat og sa det.

Kvifor var du der ikkje då dagane var onde?

Eg har tenkt mange gonger på dei eg trudde var vennene mine - folk på min alder som eg hadde kjent i mange år.Venner eg oppsøkte då eg var sjuk, og som eg trudde ville ta kontakt med meg då døden ramma i familien. Men det var stilt. Knappast eit lite "kondolerer" på facebookveggen.
Eg har tenkt på dei som tok kontakt med meg etterpå, som sende venneforespurnad med "lovnad" om å vere ein venn - sjølv om eg ikkje hadde vore bra nok tidlegare for deira vennskap.

Ei anna form for hån er dei som ikler seg sjølvmedlidingas kappe når dei set ut på facebook at dei har hovudpine, forkjøling, influensa, myggstikk, vondt i ei tå, vondt i hovudet... Jauda, men det meste av dette går over. Det er smertar kroppen faktisk er skapt for å kunne handtere. Det er litt enkel form for motgang som dei aller fleste er skapt til å klare, du må berre overbevise deg sjølv om at det er slik.
Jau, eg veit at vi alle slit med kvart vårt, men med respekt for dei som faktisk er sjuk - alvorleg sjuk og langvarig sjuk, så tenker eg at vi menneske alt for ofte ramlar ned i ei boble av sjølvmedliding for små bagatellar. Og når vi synes synd på oss sjølve, vil vi gjerne at andre og skal gjere det. "God betring med hovudpina di!" Ta deg eit par ibux, så går det nok over.

Einsemd - sjølvmedliding - sjukdom. Sider ved livet som dei aller fleste på eit eller anna tidspunkt vil bli prøvd i. Då blir du prøvd om du har ryggrad til å stå i det. Dei aller fleste har både familie og gode venner i rundt seg, men likevel kan du bli prøvd i livets små og store motgangar. Det er eit ordtak som seier at vi ikkje får meir enn vi kan makte å bere. I blant ei mager trøyst for dei som står i det, men det kan vere muleg å sjå sanninga i det når ein har greid å gå vidare.

Då Lene Marlin stod fram med si historie om sjølvmordsforsøket, tenkte eg på den sangen ho sjølv var med og laga - "Venn".
"Jeg vil være en venn, jeg ser at du faller - du vil reise deg igjen!"

Kvifor var du ikkje der då dagane var onde? Eg har lurt på det mange gonger, og eg vil aldri finne svaret.






tirsdag 9. september 2014

Ei påminning om livet!


Det er ikkje så vanleg at eg blir så glad for å finne at ein øyredobb som det eg vart i går. Men det vart veldig spesielt. Det vart ei påminning om livet.

No har det gått ei god stund sidan sist eg hadde tid og krefter å skrive, men i går kom eg på at eg hadde lyst å fortelje om det som blei spesielt for meg.
I løpet av året har eg vore nokre få turar opp til Kongelhjellan på Fale. Plana er at det skal kome ein turblogg om det snart med bilete frå turane. Rett etter skuleslutt i juni var eg på tur opp lia der, og på nedoverturen oppdaga eg at eg hadde mista den eine øyredobben. Det var no frykteleg dumt, tenkte eg, men slik kan det gå på tur i skogen.
I går var eg på nytt til Kongelhjellan, og på veg oppover såg eg etter det tova hjartet som heng på ei busk. Eg visste ikkje då historia bak det hjartet. På toppen møtte eg ei eg kjenner, og vi tok følgje nedover lia. Plutseleg dukka det tova hjartet opp i synet mitt, og då kunne ho fortelje at det vart hengt opp i høve minnemarsjen som vart heldt etter at Snorre frå bygda døydde for snart to år sidan. Det forunderlege var at på dette hjartet hang øyredobben som eg hadde mista for over to månader sidan. Først og framst vart eg glad for å kunne ha to like øyredobbar i staden for å ha berre ein. Men når eg ser på historia om kvifor eg eig nettopp desse øyredobbane, vart det også ei påminning om livet.
Øyredobbane vart kjøpt på ei vevstogo i Valdres eg besøkte for eit par år sidan. Vevstogo er eigd av ei som heiter Marit Anny, som familien møtte då vi var på cruise i Middelhavet våren 2011. Turen var ei feiring av at eg var ferdigbehandla for kreft, og var ein hyggeleg familietur for ungane, Runar og meg. Då eg besøkte Marit Anny over eitt år seinare på vevstogo hennar, var Runar død, og besøket hos ho var for å kunne mimre litt om cruiset vi hadde vore på.
På den måten vart det spesielt for meg å finne att min hjarteforma øyredobb.

På den andre sida rann det meg i hovudet ei anna spesiell historie som skjedde hausten for tretti år sidan, som og handlar om å miste og finne.
Eg gjekk i 7.klasse då, og 7., 8. og 9.klasse var på overnattingstur på naboane si hytte i Vikebotn. Den som har gått Vikelia, veit kor lang og bratt ho er...! Då vi var komne ned til Vike etter turen, oppdaga eg til min irritasjon at eg hadde mista klokka mi på turen. Kor ho låg hen i lia, kunne ein jo berre gjette på. Dette trur eg var på ein onsdag, og då laurdagen kom, skulle ein av naboane på Vike sjå seg opp Vikelia. På veg opp lia, vart han sliten, og trengte å kvile. Medan han sat der, høyrte han noko som peip, og han trudde det kunne vere ei mus. Då han såg seg rundt, fekk han auge på ei klokke som låg der. Klokka var svart, og eg vil tru grunnen der var mørk og, så ho var vel ikkje heilt enkel å få auge på. Det var tidleg om morgonen, det veit eg, for klokka mi hadde alarm som var innstilt på vekking nøyaktig kl. 07.40. Og klokka peip i kun 30 sekund, så det var mesta som eit under at Håkon skulle setje seg akkurat der klokka mi låg akkurat då ho skulle pipe for vekking! På den måten kom klokka tilbake nokså fort tilbake til sin rettmessige eigar, men kven skulle tru det berre nokre dagar tidlegare?!

Ja, dette var no berre nokre småtankar som rann meg i hovudet medan eg gjekk og rusla, og som eg hadde lyst å fortelje vidare. I går kveld la eg sjølvsagt ut biletet på facebook og fortalte om funnet, og no er det rundt femti vener som har trykt liker på biletet. Det å merke at andre gler seg saman med meg, sjølv for ein liten ubetydeleg øyredobb, synes eg sjølvsagt er veldig kjekt :)

Etiketter