Totalt antall sidevisninger

onsdag 28. oktober 2015

For ei naturoppleving!!!

Eg har lenge tenkt på at eg skal gå til Kongelhjellan ein tidleg morgon for å fange morgonsola. I kveld fekk eg fanga månen der.


Då har eg besøkt Kongelhjellan i mørket! For ei oppleving!

For meg er det god trening i å ta meg sjølv eit steg lenger. Eg er ikkje så flink på slike ting, men kjenner at desse utfordringane trivst eg med. Det starta med at eg måtte ha variasjon i turane til mitt næraste turmål, Knutsliøya. Då begynte eg med desse haulyktturane i fjor haust. Seinast i går var eg ein tur dit saman med hovudlykta og hunden, men det var på tide å få tatt turgåinga eit skritt lenger. Derfor vart det Kongelhjellan på Fale. Den stien kjenner eg godt, og det ser eg på som ein fordel når ein skal gå i skogen i mørket. Skikkeleg godt skotøy ser eg på som ein anna viktig fordel.

Kongelhjellan er eit supert turmål. Eg har skrive om den før ein gong og. No var det ei god stund sidan sist eg var der, og det slår ikkje feil: Eg begynner mesta å mase på meg sjølv: Er eg framme snart? Er eg framme snart?

I dag var det eigentleg berre ein tanke bak turen: Sjå på månen.
Mesteparten av vegen opp, låg han bak fjellet, og det var eigentleg plana mi og. Tenk å vere oppe på Kongelhjellan i det månen kliv opp bak Ottemfossen? Han kom meg i forkjøpet, månen, men då fekk eg nydeleg månelyst sti resten av vegen.


Oppe på toppen får eg den utsikta eg likar så utruleg godt: Nedover heile Sunndal heilt til sjøen. Dessverre har eg ikkje så bra fotoutstyr at eg kan gjengi skikkeleg det eg såg frå utsiktsplassen på Kongelhjellan, men prøv å sjå forbi det litt skjevande inntrykket og førestill deg korleis det er å sjå over ei mil nedover dalen, heilt knallblå og stjerneklar himmel.
For ei mektig naturoppleving!

Litt skjelvande: Utsikt mot Sunndalsøra og Sunndalsfjorden.

Ja, det er Stikk ut-turmål. Og dette var sesongens 60.turregistrering for min del!




Det handlar om å bry seg

I haust har eg fått jamnlege oppdateringar frå Facebook om kva eg har skrive på veggen min tidlegare år. Heldigvis har dei skåna meg frå alt grugget frå tida eg var kreftsjuk.

Ein ting dei ikkje skånar meg for, er dei meldingane i dei månadane som var etter at eg vart åleine. I fjor haust, for nøyaktig eitt år sidan, la ein god kjenning av meg ut eit likedan bilde:


Han og eg har lik kalender, og vi har begge opplevd å miste kvar vår ektemake, så vi har nok opplevd akkurat dette, og han hadde så kloke tankar om det å bry seg.
Eg har snakka mykje om det å bry seg. Fordi eg har opplevd det motsette - at folk ikkje har brydd seg.
Som ved ei styring eller heilt tilfeldig (vel det som du synes passar best), har eg ei særskilt hending om akkurat det å bry seg frå denne dagen for tre år sidan.

For å gi litt bakgrunn til utbrotet, var mykje snø ein medverkande årsak til at eg flytta sørover att frå Tromsø. Eg var ein periode sjukemeldt medan eg budde nordpå, og då titulerte eg meg som snøflyktning. Men det var altså eit tilbakelagt kapittel.
27.oktober 2012 ga det seg til å snø. Dotter mi skulle ha overnattingsselskap for å feire 10-årsdagen, og det var mykje som  skulle førebuast. Det passa mildt sagt dårleg med snø den dagen. For meg var det meir enn nok å greie å handtere huset, om eg ikkje skulle ut å måke og. Derfor la eg ut følgande melding på facebook: "Finnes det ETT snilt menneske på Grøa som kan hjelpe meg - dvs ta seg av måkinga her??? E makter ikkje med den, og Ingvild får gjestar kl. 18. Finnes det bare en???" (sjå skjermbiletet). Det var ikkje mykje hjelp å få. Dei fleste skjønte ikkje problemet, og meinte at det var berre å kle på seg og gå ut å gjere det.
Så ringer telefonen. Det var Lone lenger bort i bygda. "Eg kan ikkje hjelpe deg å måke, men er det ikkje nokon vi kan ringe til," sa ho. Så snakka vi att og fram. Lone skjønte korleis eg hadde det. Og då vi hadde snakka litt att og fram, vart vi einige om at ho kunne ringe til pappaen til ei av dei som skulle i selskapet her seinare på dagen. Leif Kåre kom og måka heile innkøyringa, og etter kvart slutta det å snø.


Denne historia har blitt viktig til meg. Den er grunnen til at eg og Lone blei så gode venner. At ho brydde seg då eg trengte det mest, var godt å oppleve då eg kjente meg heilt aleine.
I haust har eg gått nokon rundar med meg sjølv på akkurat desse tinga som handlar om å bry seg. Kanskje fordi dei eg forventa mest av, var dei som svikta tydelegast.

Korfor skal det vere så vanskeleg å vise litt omtanke for andre, spesielt for dei som slit og har det vondt, som har opplevd ting som er vanskeleg ? Korfor kan ein ikkje prøve å gi ei lita oppmuntring?
Eg har snakka fleire gongar om dei som seier at dei har tenkt på meg. Men eg kjente ikkje at dei gjorde det. Eg har ikkje tankens kraft som overfører dei tankane.
Lone si enkle melding på telefonen er noko av det finaste eg har opplevd nokon gong. Fordi det var berre dei enkle orda eg trong: "Eg vil hjelpe deg".
Ikkje ver så redd for å vise at du bryr deg - om det blir litt hjelpelaust, er det betre enn ingen ting!

Eg fortalte denne historia i Aftenposten i sommar i deira serie om å bry seg :)

onsdag 16. september 2015

Ein dag på sauesanking :)



Mange kallar sauesankinga for haustens vakraste eventyr – og kanskje er det nettopp det. Eg fekk vere med på ein lang dags marsj med mykje slit og ei fin turoppleving.

Eg inviterte meg med på sauesanking saman med familien Sande og Hjellmo. Totalt er vi fire menn og to kvinner som startar ut frå Skålvollen, som ligg mellom Hafsåsen og Røymoen øvst i Sunndalen. Dette er Hjellmo-gardens hovudsankardag, og spenninga ligg i kor mange sau ein kan greie å få med seg. Ruta går innover gammalt seterlandskap i Geitådalen, same ruta ein går om ein skal til Raudberghytta frå Skålvollen. I påska går snøskutertrafikken til Torbudalen denne vegen.

Eit lite stykke innover peikar Alf Jonny Sande på kva som er dagens rute. Vi skal inn til Falesetra, og der skal vi dele oss opp og gå i forskjellige retningar. Før vi kjem til Falesetra, tar vi oss ei lita matpause på Trøasetra, som ligg litt lenger ut. Der har vi selskap av ein stor flokk med krøtter – dei er nok litt usikre på kva slags inntrengjarar som vil ta plassen deira. Vi lar krøtter vere krøtter, og går inn til Falesetra.
Veret denne laurdagen var overskya, litt vind, men ok temperatur. Undervegs er det ikkje fritt for at ein tenker på korleis det kunne vore. Ikkje alle septemberdagar som er like tørre og fine som denne. 

På Falesetra deler vi oss opp. Dei andre går oppover lia mellom Koppungen og Råstu. To av dei andre får i oppgåve å ta dyra i det området rundt Koppungen og ned inst i Geitådalen. Frå oppe på Koppungen har dei god oversikt over dyra i Geitådalen.
Underteikna skal gå innover Geitådalen og få med dei dyra. Alf Jonny har GPS på sauebjøllene, og ein til to gonger for dag får han inn melding om kor det står dyr. Om morgonen har han tatt utskrift av kartet, og det viser at det skal vere nokre dyr ein plass i Geitådalen. Og ganske riktig: Inst i dalen på andre sida av elva står det ein fem-seks dyr. Eg tar for gitt at det er eg som må hente dei sauene, og prøver å gå barfot over elva. Den er for kald og stri til at eg gjer det. Kva då med sauene??? "Saved by superdeal" heiter det. For der kjem han som har gått rundt Koppungen vandrande lenger oppe, og eg får signalisert til han at eg er nede ved elva. Etter litt gestikulering, får eg vite at dei sauene ikkje er mitt ansvar, Eg pustar letta ut.

Når vi driv sauene nedover dalen, er vi på motsett sida av elva enn då vi gjekk oppover. Sauene eg skal jage og eg er ikkje på samme sida av elva, så etter å ha vassa/ sprunge over elva for n'te gang, ramlar eg over ende og blir blaut. Heldigvis har eg med tørr bukse i sekken, men når eg har skifta, er dei to andre eg for saman med, komen så langt føre, at eg mistar dei ut av syne. Det viser seg at dei andre blir bekymra for at eg har gått meg vill... og det er knapt med telefonforbinding der i fjellheimen... Eg går og tenker på om eg er på rett plass, og då eg finn nokre sauar i skogen, skjønnar eg at det ikkje har gått nokon andre der. Men på tur nedover dalen, går etter kvart ljomet av sauebjøller, og eg høyrer stemmene til dei andre.

Eg blir utruleg sliten i beina på denne turen, men dei verker ikkje riktig like mykje som sist helg. Alf Jonny er kjempesnill og låner meg gåstavane sine. Det går sakte dei siste kilometra, men det hjelper godt på å få auge på Hallen, som er parkeringsplassen når ein skal gå innover til Grøvudalen.
Vi skal kome att på familien Hjellmo si seter like innanfor Hallen. Der ventar gardkjerringa sjølv med rykande varm sodd til oss seks sauesankarane. Før mørket sig på, får vi jaga dyra frå setra til innhegninga på Hallen. Rundt 60 dyr har vi greidd å få med oss på ein tur som vara i rundt 11 timar, og bonden sjølv er godt nøgd med innsatsen til «gjestearbeidarane». Vi kan fornøgd dra heim etter ein lang dag. For gardsfolket på Hjellmo fortsett arbeidsdagen neste dag med å få heim husdyra.
På mobiltelefonen min står det at eg har gått ca 30 kilometer, og eg trur ikkje det skal vere veldig langt unna! Ein lang dag i fjellet, men utruleg fin dag, er over!

Ildri og Bob vart kjempevenner på turen :)

Falesetra.

Falesetra i Geitådalen er ein del av gammalt seterlandskap.

No begynner fjellet å kle seg i haustfargar.

Det var jo sausanking vi var på. Border collien Bob var kjekk å ha med.

Ytst i Geitådalen kan ein og møte på denne sorten.


Geitåa renn gjennom heile Geitådalen. Ikkje alle plassar det var så lett å krysse ho.


Turen går mot slutten, og vi kjem ned til fleire levningar etter gammal seterdrift.
"No ser vi enden," seier Alf Jonny i det vi får auge på Hallen parkering.
Men først skal vi inn på setra til familien og spise suppe.

Fine blomster i fjellet, men eg er ikkje sikker på kva dette er. Kan nokon hjelpe?





tirsdag 8. september 2015

Turblogg: Rapport frå Trollheimsmarsjen: I einsam majestet!




Før i tida var det mykje trafikk over fjellet mellom Todalen og Ålvundeid. No til dags er det Trollheimsmarsjen som er kjelde til å gå den strekninga.

Denne rapporten vil bli av det subjektive slaget. Om ein går ein 13 kilometer lang turmarsj i stort sett einsam majestet, må det bli mi forteljing av turen som formidlast. 

Det er ikkje det at det er så bratt, men det går så jamt oppover lia langs ein traktorveg. På denne lange stigninga har eg ein haug med tankar i hovudet, og kjenner eg er irritert for at eg har tatt på meg fjellsko. Terrenget er av ein slik karakter at det hadde vore betre med lettare sko. For å døyve irritasjonen, surrar ein lagra «harddisk» med Violet Road-songar i hovudet på meg. Det hjelper godt på motivasjonen for å gå vidare.
Eit stykke av vegen vekslar eg på med Sivert Børset (8 år) og pappaen Finn Børset om å  vere baktropp. Langt oppe i lia kjenner eg optimismen tar meg i det eg bikkar ein kam, og skjønnar at den verste stigninga er unnagjort. 

Utsikt mot Todalen - kammen er forsert, og verste stigninga unnagjort!
I det blåbær- og kreklinggrensa overtar for maksimumshøgda for mesteparten av busetnaden på Nordmøre, går vegen over til å bli sti, og Ørsalsetra på om lag 500 meters høgd ligg rett fram. Der har Børset-karane matpause, og eg tar selskap med dei, før eg går vidare for å få eit forsprang. Ikkje lenge etter tar dei meg igjen, og frå då av er det eg aleine som dannar baktroppen. Litt lenger opp må eg ha ei ny pause, og då ser eg Finn og Sivert mesta på toppen på rundt 850 meter. Eg tippar dei er minst halvtimen føre meg. Den opprinnelege plana mi å bruke rundt 2 1/2 time opp til toppen, måtte eg plystre ein lang ein etter.

Sivert (8 år) og Finn Børset gjekk turen for første gong.


Opp over skaret her skal eg, men beina kjennes tunge allereie.

Oppover mot skaret kjenner eg beina er blaute. Terrenget er vått og sugande. Då eg sjølv når toppen, markerar eg det med å skifte sokkar og ta på regnbuksa. Alle teikn tydar på at det er regnveret som vil vinne vèrkampen. Merkinga langs løypa er så god, at eg kjenner meg trygg på at eg skal finne vegen om skodda overmannar meg på turen. 

Kjerringvatnet i sikte. Eg har bikka toppen, og er på veg nedover.
Ved Kjerringvatnet søker eg ly på trappa til ei hytte for å få i meg meir mat, og i det eg kikkar opp skaret eg kom nettopp ned frå og ser skodda komme sigande, ser eg tre menneske komme i forkant av skodda. Så var eg altså ikkje aleine som baktropp likevel!
Medan eg må gå oppover igjen eit stykke før eg startar på nedfarten til Ålvundeidet, kjenner eg på dei blaute føtene. Knappast ein millimeter er tørr, men trass alt er eg blaut, men varm på grunn av at det var ullsokkar. Betre det enn blaut og kald. Eg er glad eg har fjellsko på meg – det kjennes stødigare ut når dei rundt 600 høgdemetra ned til Eidet skal tilbakeleggast. Det eine kneet mitt slår seg vrang, og einaste råda er å gå sakte og med museskritt.

Rennsetvatnet og Ålvundfjorden - hadde himmelen vore klår, kunne ein sett
fleire mil utover.
Fjellfie! Kosta på meg eit lite smil då eg fekk auge på Ålvundeid :)
Ålvundeid i sikte! Berre rundt 600 høgdemeter ned igjen...
Turen ned til Ålvundeid går langs skiheistraseen.
Du verda kor kjærkomment det var at denne baktroppen tok meg att!
Frå venstre Kjellrun Hoås Gannestad, Anne Grete Fostervoll Lie og
Lars Erik Virum.

Eit stykke nede i skibakken tar baktroppen meg igjen. Eg kjenner eg letnar av å få selskap resten av turen, og først i det eg kjem inn døra på idrettshuset, streikar foten heilt. Eg greidde det – 13 kilometer i nokså einsam majestet!


tirsdag 23. juni 2015

Ei kake er ikkje berre ei kake!

Sist laurdag var eg i bursdagsselskap, og det er lenge sidan sist gong eg la så mykje arbeid i ei kake som eg gjorde til nettopp det selskapet.

I mitt stille begynte eg å tenke tilbake til det som eg meiner var sist gong eg verkeleg la min kreative fantasi og kjærleik i ei kake. Det var til tante Fannys 50-årsdag. Det er mange år sidan no. Rundt åtte månader seinare døydde ho av kreft, og eg har tenkt i blant på den kaka etterpå. Ein måte for meg å vise kor utruleg glad eg var i ho.

Helgas jubilant betyr og mykje for meg, og då ho spurte om eg kunne bake kake til selskapet, var det sjølvsagt ikkje nei i min munn. Sidan det er straks St.Hans og eg hadde fått så mykje rabarbra med jubilanten, hadde eg lyst å lage ei fantastisk god rabarbrafestkake. Eg leita nokså lenge rundt på nettet for å finne oppskrifter som kunne funke, og kaka blei ei blanding av to forskjellige oppskrifter.

Ingunns rabarbrafestkake :)

Kaka består av ein mandelbotn med ein rabarbramousse oppå. Oppskrifta eg gjengir her er litt mindre enn det eg laga, for det blei noko for mykje med mousse. Viss ein vil ha ei skål til dessert, gjer sjølvsagt ikkje det noko.


Mandelbotn:

200 gram mandler som males anten i ei kvern eller i blender
4 eggekviter som stivpiskast
ca 200 gram sukker røyrast inn mot slutten
Bland mandlane forsiktig inn i marengsen, og steik det i ei vanleg rund form. NB! Hugs bakepapir i botn. Steikast ved ca 175 grader i rundt 25 minutt midt i omnen. La kaka avkjøle.

Rabarbramousse:

Lag først ein rabarbrakompott. Eg gjorde det på følgande måte etter oppskrift eg fann på Kvinner og klær si nettside:
La steikeomnen bli ståande på 175 grader. Medan kaka steiker, gjer du klar rabarbraen.

Ca 5-600 gram rabarbra reinsast og skrellast, før den blir skore i bitar. Legg det i ei ildfast form med bakepapir oppi.

1 - 2 ss potetmel 
ca 280 gram rørsukker (den er litt brunare enn vanleg sukker, men ikkje så brunt som brunsukker)
Frø av ei vaniljestang skrapast ut og leggast oppå rabarbraen. Legg vaniljestanga oppi forma.
strøast over rabarbraen. 

Sett dette inn på midten i steikomnen, og la det stå i nærmare halvtimen og godgjere seg. Ta forma ut av steikomnen, og la det avkjøle seg. Når denne kompotten er kald, moser du den til mos. Mest eigna er å bruk blender til dette.


Så kan du lage moussen:

4 eggeplommer 
1 dl sukker
1/2 dl vatn som skal kokast
5-6 gelatinplater 
3 dl fløyte

Legg gelatinen i blaut i kaldt vatn. Pisk eggedosis av eggeplommar og sukker. Kok opp vatnet og smelt gelatinen i det. La det avkjøle. Pisk kremen stiv. Bland saman eggedosisen og kremen. Ha oppi rabarbrakompotten, og ha til slutt i den smelta gelatinen. 



Klar til å blande krem, eggedosis, kompott og gelatin.

Ha forma rundt mandelbotnen som ligg på eit fat. Ta over moussen og sett det i kjøleskapet. Den bør bli godt stiv i løpet av nokon timar. Eg hadde i for lite gelatin, så min vart ikkje heilt stiv nok, men smaken var det ingen ting å utsette på. Pynt til slutt med til dømes oppskorne jordbær, blåbær, druer. Utruleg frisk og god kake :=) Eg vart skikkeleg godt fornøgd sjølv og, for å seie det som det var.



Det endelege resultatet! Kakepynting har aldri vore mi sterke side ;)



fredag 20. mars 2015

FNs internasjonale dag for lykke og glede er no straks til ende!

"Det meldes at idag den 20. Mars er Den internasjonale dagen for Lykke. Hm. Det kom litt brått på, og jeg ble veldig usikker på hvordan den helst skal feires." Sitat Geirmund LYKKE.

Det var nok for fleire enn Geirmund Lykke det kom overraskande at det er FNs (fortsatt nye) internasjonale dag for lykke. Om du, i likheit med meg, synes lykke er eit litt vanskeleg omgrep, funkar det bra med å kalle det glededagen. Bakgrunnen for etableringa av dagen var etter forslag frå Bhutan i 2012. Første gong dagen vart arrangert, var i 2013. Flott tiltak frå Bhutan og FN. (Veit du ikkje kor Bhutan er, seier du? I følge Wikipedia er det eit  lite kongedømme i Himalaya på rundt 700 000 innbyggarar).

Det er få stader kor det bugnar med så mykje lykke og glede som på sosiale medier, og kanskje spesielt på facebook. Undersøkingar som er gjort viser at det er faktisk så mange som rundt 60 % som synes at det er dei aller lykkelegaste stundene som blir formidla på facebook. Rundt 30% blir, i følge undersøkinga, ulykkeleg av alle dei lykkelege statusoppdateringane. I stor grad er det ungdom som legg ut flest slike meldingar, og tilsvarande flest ungdommar som blir ulykkeleg av å lese det. (Kjelde: www.helseinfonett.no)

Dagen i dag starta med snøbyger. Ein av juniors sykkelvenner vart irritert for at han skulle få snø i håret. "Snø i håret betyr lykke," repliserte eg. Iallfall veit eg jo at regn i brudesløret gjer det, så kanskje det gjeld for snø i håret på ein liten skulegut og. 
Geirmund Lykke fekk naturleg nok mange lykke-helsingar for dagen. "Til lykke med dagen," skrev ei. "Lykken er betre enn forstanden," skreiv eg. Etterpå tenkte eg at eg kunne jo ha skrive "Må hell og lykke følge deg på alle dine veger"! Det er jo den helsinga gudmødrene sender med båtane etter at dei har knust sjampagna i skroget. Det var jo bra at ikkje gudmødrene mine gjorde det på meg då eg tre veker gammal fekk vatn på hovudet i kyrkja. Kanskje nettopp eit slikt ønske om hell og lykke kunne vore noko å sende med meg dengang då. 

Omgrepet 'lykke' kan bety ei djup glede eller kjensla av det. I blant er eg usikker på om eg verkeleg nokon gong har opplevd ei slik lykkekjensle. I følgje Wikipedia kan det og bety flaks, medgang eller heldig skjebne - med andre ord mange kjensler som gjer at ein kan kjenne på lykke. Forsking viser at dei som er lykkelege er friskare enn dei som er ulykkelege. Og eg og ungane er utruleg friske, så kanskje står det ikkje så verst til med lykka i heimen lell då?

Eg har prøvd å gjere eit raskt søk etter lykke i litteraturen, det vil seie i poesien. I Bibelen er det inga lykke å finne i det heile (men desto meir glede :) ). I salmeboka finnes det derimot salmar om lykke, og den eg kjenner best, er den "Lykksalig, lykksalig" frå oppveksten, kor vi måtte synge den på skulen. Ein annan salme er "Sorgen og Gleden, de vandrer tilhope, lykke og ulykke går hånd i hånd".
Somme har sagt kloke ting om lykke, der Aristoteles framstår som den klokaste: "Lykke er så viktig at det overgår alle andre verdslege omsyn." Den amerikanske psykologen William James sa: «Lykke er for dei fleste, til alle tider, det hemmelege motiv til alt kva dei gjer».

Ein ting som gjer meg ei kjensle av lykke og fridom, er det å komme ut på tur. Muleg eg må begynne å publisere nokre bilete frå fjorårets turar for å lade opp til årets turar.
Her er eit knippe bilete frå siste veka!

Forrige helg var eg på KrF-årsmøte i Geiranger i strålande ver! Var faktisk
 første gong eg var der skikkeleg, så det var på tide!

Geiranger sett frå Ørnesvingane!

Søndag var det dags for trimtur med familien langs den fine Bjørnsonstien.
Og Skjorta skuffa ikkje der ho heldt vakt i enden av Eresfjorden.

Junior på tur.

Langfjorden i solnedgang søndag kveld kl. 19! 

På starten av dagen i dag var det overskya og sluddbyger. Ikkje noko høydare
for å sjå solformørkinga iallfall. Og det minner meg om at eg ikkje fekk sett
det flotte nordlyset tidlegare denne veka skikkeleg heller.
PS ! Det som gav meg aller størst kjensle av lykke og glede i dag, var å treffe att ein som er berre nokre få år gamlare enn meg, som sidan juni i fjor har vore i kreftbehandling. Etter 85 liter cellegift, er han så frisk som ein kan være etter ei slik mørbanking av kroppen. Før var det rundt 30% mulegheit for å overleve hans diagnose i 1990. No er det vesentleg større sjanse - takket vere at folk fortsatt er svært raus overfor kreftforeninga. Pengane som kjem inn, går til forsking og utvikling av personleg tilpassa behandlingsmåtar. Det er når ein møter slike som han, at ein ser at pengane kjem til nytte! Forsking og behandling nyttar!

torsdag 8. januar 2015

Stille var morgonen


Stille var morgonen


Stille var morgonen
Stille
Etter regnet
Før stormen
Stille
- berre månen talte
og fuglane 
og fossen
Elles var det stille

Etiketter