Totalt antall sidevisninger

lørdag 31. desember 2016

Eg er sliten!



Eg er sliten. Det kjennast i kroppen, det kjennast i hovudet og det kjennast i hjartet. 

For ikkje lenge sidan vart det kjend kva nyordet 2016 vart: Første gongen presentert av statsminister Erna Solberg allereie nyttårsdag i talen hennar på tv. Ordet var kvardagsintegrering, og ho snakka om korleis kvar og ein kunne vere med og integrere våre nye landsmenn. I enden av 2016 har VG introdusert eit nytt ord: Kvardagseinsemd. Den einsemda mange av oss kjenner på når livet rullar og går i det kvardagslege.
VG har presentert ein serie med intervju av vanlege menneske i forskjellige aldrar som fortel om si einsemd. Sjølvsagt kjenner eg meg igjen. Er det verkeleg noko menneske som aldri har kjend på einsemda? Når eg les korleis dei stygge nettrolla kroer seg, og bruker desse historiene til å slenge drit om dei som brukar motet sitt til å fortelje om seg sjølve, blir eg sint og oppgitt. Det er ganske mange som manglar emna til empati rundt om i kongeriket Noreg.

Eg er sliten, fordi den - einsemda - forfølger meg. Den var min "venn" - min forhatte venn - i oppveksten. Den som tok bestevenninna mi frå meg - og gav ingen ting igjen - ikkje noko anna enn tomheit. Då var eg 9 år. Han hadde rett han som sa "Fåfengt og forgjengeleg - alt er fåfengt!"*. For bestevenninna mi fekk eg aldri igjen. Og livet for ein 9-åring var å sakne. Men saknet var ikkje forgjengeleg.
Saknet tok eg med meg gjennom oppveksten. For der eg vaks opp, var det ingen å vere saman med. Og på skulen eg gjekk, var det ingen å vere saman med. Eg gjekk til skogen, men eg ropte ikkje, for svara eg kunne få, hadde eg ingen bruk for.


Så skulle eg prøve å bli eit sivilisert menneske. Alle andre var det - det er ikkje vanskeleg. Lytt og lær. Sjå og lær. Kven kunne lære meg å lytte når eg berre ville prate? Kven kunne lære meg å teie når munnen løp løpsk? Kven kunne lære meg å stoppe når eg ville springe?

Har du kjent på at du saknar noko? At du heller vil vere ein annan stad? Saman med andre menneske? At du ikkje greier å tilfredsstille deg sjølv?
Det er tungt - du blir sliten. Det er vondt. Og tomt. "Fåfengt og forgjengeleg". Livet handlar om å kompensere og erstatte. Kjem liksom aldri i gong med det som er sjølvet prosjektet livet. Men skalet mitt er ikkje forgjengeleg. Skalet er mi hylse. Min trufaste beskyttar. Du kjem ikkje inn. Eg kjem ikkje ut. Kanskje møtte du ein liten bit av meg - ein liten bit.


Og no er eg sliten. No er eg lei av den sosiale lykkekarusellen. Eg må hoppe av - ta eit steg til side. Karusellen gjer meg svimmel, tung, trist. Grå. Har du først hoppa av, kjem du deg aldri på att. Det er faren du utset deg sjølv for. 
Eg treng ikkje lykka, vil ikkje ha lykka. Eg høyrer ikkje til. Eg høyrer ikkje til nokon stad.
"Den som er lykkeleg er sjeldan einsam", heiter det. Eg var ikkje lykkeleg - ergo eg var einsam.

Så kva saknar eg?
Då eg hadde blitt aleine, tenkte eg "tenk om nokon kan komme og gjere dagen min litt lysare". Men det kom omtrent ingen. I eitt år sat eg i sofaen med telefonen i handa, pcen i fanget og stirra tomt inn i fjernsynet.
Ein gong sa eg eitt eller anna om einsemda til ei dame eg møtte på butikken. Ho kikka tomt ut i lufta - det var tydelegvis ikkje hennar ansvar. Og det er den erfaringa eg har gjort meg - det er ingen sitt ansvar.

Eit oppgjer med einsemda

Eg skulle ønske nokon inviterte meg og ungane på eitt eller anna - på tur, på middag, på hyttetur. Det er noko vi sjeldan eller aldri opplever. Vi blir aldri invitert på juleselskap til nokon. For ganske mange er det det jula handlar om - for ganske mange finst det ingen å gå på besøk til.

Til sist: Eg veit eg ikkje bør legge ut dette. At eg ikkje skal snakke om det. At ungane vil reagere og det meste vil ikkje bli betre. Men eg trur ikkje min tekst skil seg så veldig frå dei historiene andre fortel. Eg redd eg skal bli oppfatta som sutrande - men alt eg spør om er å bli inkludert og kunne kjenne på at eg er rekna med.
I dag er det nyttårsaften. Lenge såg det ut til at ungane og eg skulle vere aleine. Så ringte eg mamma, og vi var einige om at i staden for at dei tre og vi tre sitt aleine i kvar våre hus, kan dei komme til oss. Vi blir ikkje aleine. Eg lurer mang ein gong korleis verden hadde sett ut utan familien min.


mandag 5. desember 2016

Ein dag for å vere snill

I dag er det reinhaldarane sin dag - dei fortener litt ekstra merksemd på dagen. 


Reinhaldarar er englar på jord <3

Utgangspunktet for dette blogginnlegget er å gi reinhaldspersonale over heile Noreg ei ekstra merksemd - sei at eg set pris på den jobben dei gjer!
Har du tenkt over korleis det blir om vi ikkje har reinhaldarar? Alternativet er langt verre -  så absolutt. Det same med dei som hentar søpla vår.

I høve denne dagen gjorde eg litt krus på reinhaldarane på jobben min. Smurte med nokre brødskiver julebrød og tok med litt lefse, skreiv eit hyggeleg kort til dei, og sette boksen på arbeidsplassen deira. Sjølvsagt skjønte dei at det var meg, og det var hyggeleg at dei skjønte det. Etterpå la eg ut eit par bilete av det heile, tagga eine kollegaen og merka bilda med at eg kjente meg snill.

I adventa har eg min eigen spesielle adventskalender på Facebook, nemleg ein framsnakkingskalender. Det er fjerde året eg gjer det, og det krevs litt ekstra konsentrasjon og merksemd å hugse å gjere det. Det krevs litt planlegging, for vennene mine på Facebook har ei forventning om at eg skal gjere det. Den forventninga forpliktar. På same måten som at blogginnlegg må planleggast, må og framsnakkinga planleggast - rett og slett for å vere henta frå hjartet og ikkje av plikt!

Slik såg dagens helsing til reinhaldarane på skulen ut :)
No kjem eg til poenget mitt: At det å gle kvarandre og vere snill kvarandre ikkje er noko stor kunst - men det må trenast på.
Eg hugsar eg tok vare på stripar med teikneseriar frå avisa ein periode - eg tippar det var Hårek. Ei av stripene handla om kor sint og sur han var. Til slutt ropte han ut i si fortviling - "kan ikkje nokon komme og oppmuntre meg?" Den var veldig humoristisk, men hadde mykje meining gøymt bak humøren.
Har du kjent på den følelsen - kan ikkje nokon kome og oppmuntre meg?! Den er ikkje god. Du drøymer om at nokon skal komme og gjere noko hyggeleg til deg, vere snill og omtenksam. Det er ikkje ofte eg opplever det sjølv, sjølv ikkje då eg trong det aller mest når sjukdom og død var livet mitt. Men det er ei historie eg hugsar frå då - om ei som brydde seg.
Dette skjedde om hausten etter at eg var blitt åleine. Eg var på butikken og handla mat då eg tilfeldigvis støytte på ei av bygdas kvinner - ei dame eg då kjente som triveleg, men ikkje noko meir enn det. Vi stoppa og prata, og ho spør korleis eg har det. "Det kan eg ikkje hugse sist nokon spurte meg om", svara eg som sant var. Då vi var ferdige med handlinga, inviterte ho meg på kafeen ved sidan av og spanderte kaffe og kake og ein triveleg prat. Då vi skiltes, hadde eg med ei fin potteplante i nettet heim frå ho. Det var så lite som skulle til for at eg kjente meg sett og møtt, ho var oppriktig snill mot meg (og det er hennar gode vesen :) ) - og eg kjenner fortsatt eg blir takksam når eg fortel denne historia fire år etterpå.

Desember månad er ein månad vi må prøve å vere ekstra snille mot kvarandre - ikkje berre mot dei vi vil vere naturleg snille mot, men mot framande og. Sei "hei" og smil til bussjåføren, ta ein prat med ein framand på kjøpesenteret, inviter nokon på kaffe.
Å vere snill er noko eg trur dei aller fleste har inne i seg, men viss det ikkje blir trena på å vere snill og positiv merksam mot kvarandre, vil det bli undertrykt. Når ein trener på det - sjølv om det ikkje kjem frå hjartet - vil det til slutt bli noko som kjem innanfrå. Ein blir påverka av sine eigne tankar og handlingar.
Derfor skal eg fortsette med å framsnakke gjennom heile adventa. Når eg kjenner hjartet mitt blir glad av å gjere det, trur eg og mange andre gler seg saman med meg!

Ha ei riktig fin veke - hugs å framsnakke andre menneske <3


Finn nokon å glede - det er ikkje så mykje som skal til :)

onsdag 30. november 2016

Matblogg: Eit herremåltid ein søndags ettermiddag

Same dag som eg hadde kjelår på middagsmenyen, meldte NRK om at det er mange gode grunnar til å ete kjekjøt. Eg er heilt einig, og gler meg på mange middagar med kjekjøt framover.


Langsteikt kjelår med grønsaker, saus og heimlaga bringebærsaft til.

For nokre år sidan skreiv eg om mitt forhold til geiter og kjekjøt. Det er meir som eit euforisk forhold - berre tanken på geiter gjer meg glad. Eg likar dei veldig godt i levande live, men sanneleg er dei god i slakta tilstand og. Eg er så heldig at eg kjenner ein geitebonde som sel kjøt.

Om eg skal gi deg ein god grunn for å smake på kjekjøt, må det vere at det er mykje mildare og - eg vågar påstå - saftigare enn lammekjøt. Det er i høgste grad på tide å gi kjekjøtet eit langt betre renommé enn det har i dag!

Sist søndag inviterte eg venner på middag, og sidan eg hadde fått kjekjøt i frysaren, var det lett å bestemme kva vi skulle ha til middag - kjelår. Sidan eg ikkje er spesielt bevandra med handtering av større kjøtmiddagar, måtte eg google meg fram til oppskrifer. Det verkar som at det kjem stadig fleire oppkrifter med kjekjøt ut på nettet, og det er eg veldig glad for.

Slik laga eg i stand kjelår til seks personar: Dette er etter oppskrift frå Helles herligheter.

To stk kjelår ligg klare til å bli omdanna til eit herremåltid.
Slaktet var veldig lite, berre 7-8 kg, så då måtte eg bruke to lår. Dei vog rundt 4 kg med bein, men etter å ha prøvd å skave av kjøtet frå beina, vart det vesentleg mindre.
Det første eg gjorde var å gni inn salt og peppar i kjøtet. Så skar eg opp mykje forskjellige grønsaker (gulrot, mandelpotet, brokkoli, persillerot) og la i botnen av ei form. Eg brukte ei langpanne sidan eg skulle steike to lår. I lag med grønsakene la eg og litt urtar (rosmarin og timian) og kvitlauk. Samtidig skar eg snitt i kjøtet og la inn eit fedd kvitlauk og ei lita grein rosmarin i kvart av snitta (3-4 på kvart lår).

Kjøt og grønsaker klar til å setjast i steikeomnen på steiking i omlag 4 timar.
Før eg la låra over grønsakene, slo eg over nokre desiliter eplejuice og safta av ein halv sitron og strødde olivenolje, salt og peppar over. Her må det leggast til at i staden for eplejuice, kan ein bruke kvitvin eller hønsebuljong. 2-3 dl væske må ein slå over grønsakene før ein legg kjøtet oppå. Putt ein termostat inn i kjøtet, slik at du kan følgje med temperaturen. Den skal i følgje Helles herligheter ikkje overstige 70 grader.
Steikeomnen skal først setjast på 200 grader. Set inn kjøtet på steiking i 15 minutt, og skru så ned temperaturen til 110 grader. Då skal kjøtet steike vidare i rundt 4 timar.

MEN: Eg trur kanskje eg hadde litt for høg temperatur, for då eg tok ut kjøtet, var all væska kokt inn. Då slo eg over nokre desiliter til med eplejuice som eg brukte til saus.
Då kjøtet var ferdigsteikt, tok eg det ut av omnen og pakka det inn i aluminiumsfolie. Så skrudde eg steikeomnen opp på 200 grader igjen, og steikte grønsakene eit lite kvarter til.

Saus:
Slå krafta av frå kjøtet i ein kasserolle. Bland det saman med 2 dl hønsekraft (1/2 terning hønsebuljong og 2 dl kokande vatn) og lag gjerne ei mjølblanding og rør inn om du ønsker det litt tjukkare.

Skjær kjøtet av frå beina på låra og server det saman med grønsaker og saus.

Ikkje så lett å skjære kjøtet av i fine stykker, men det var saftig og godt!

Dessert: Panna cotta con crema di cachi


Det ferdige resultatet. Det smakte særdeles godt med kaffe og ei serinakake til.
Sist veke var frukta persimon på tilbod på Extra. I det høvet hadde dei lagt ut smaksprøver av frukta. Eg fann ut at den var søt og god, og kjøpte med heim ei pakke med fire stk.
Eigentleg hadde eg tenkt å lage tilslørte bondepiker til dessert, men fann ut at eg måtte lage noko med persimonfrukta. Heldigvis hadde eg kjøpt med ei pakke fløyte og, så då var det berre å leite etter ei høveleg oppskrift.
Det ser ikkje ut til at det er veldig mange oppskrifter med persimon tilgjengeleg på nettet på norsk, men eg fann (heldigvis) ei dessertoppskrift på Trines Matblogg. Den er kort og grei:

3 dl melk
3 dl fløyte
1-2 ss honning eller sukker
3-4 plater gelatin

Framgangsmåte:
Legg gelatinen i blaut. Kok opp mjølka i ein kaserolle. Tilsett honning i mjølka og bland det godt. Dra kjelen av plata og ha oppi fløyta. Bland inn gelatinen, og slå mjølkeblandinga i porsjonsglas eller i ei stor skål, og set det kaldt i 3-4 timar.

Seks skåler med dessert klar til å setjast til avkjøling i nokre timar.
Like før servering:
1-2 persimon
1-2 ss sukker
1/2 sitron, safta

Mos frukta i ein blender og ha oppi sukkeret og sitronsafta. Smør fruktmosen over den stivna mjølkeblandinga i porsjonsglasa og server.
Viss det blir att persimonmos, kan restane brukast i blant anna smoothie. Det skal eg teste ut i morgon, tenker eg.

Det er berre ein ting å seie: Bon appetitt!

Slik ser ei pakke med persimon frå Extra ut. Oransje på farga, minnar om fersken i konsistens, men er mykje søtare.

søndag 27. november 2016

Krybba frå han far

Eg kjende eg vart stressa over ikkje å finne julekrybba vår der ho pleier å vere lagra. Heldigvis fann eg ho, og når krybba er pynta, senker førjulsfreda seg over heimen.




Du har heilt sikkert ein ting du ville gjere alt du kan for å berge om huset ditt brenn. For oss er det julekrybba. Ho har si heilt spesielle historie, og julehøgtida er ikkje den same utan krybba.

Eg trur det må ha vore første jula vi hadde i nyhuset - i 2009. Runar hadde lyst å gi ungane ei heilt spesiell gåve, men under fordekking av at ho var trylla fram. Det var ein gimmick han hadde med frå gammelhuset. Der hadde vi eit særskilt epletre som trylla fram godteri - og Ingvild trudde glatt på far sin. For oss vaksne gav det mykje humor at ho kunne tru det.

Eg oppfatta aldri Runar som særskilt kristen, men likevel var det viktig for han å lage denne krybba til ungane. Han hadde materiale igjen etter husbygginga, snekra i hop krybba, og fryda seg over sitt hemmelege prosjekt. Halm vart skaffa fram, bomull kjøpt inn, og inventaret vart bestilt frå ein nettbutikk. Spenninga var om det rakk fram til adventstida starta, og det gjorde det.
Så tok vi med oss krybba som ein sjølvsagt del av julepynten - fortsatt fordekt som noko pappaen hadde trylla fram. Ungane elska pappaen sine tryllehistorier.

Så døydde pappaen, og då vi tok fram krybba den første jula, for fire år sidan, såg eg på ho med andre auge. Då eg vendte på ho, la eg merke til at han hadde lagt inn teksta på ein julesang på baksida - det hadde eg ikkje lagt merke til før.

På baksida står teksta til julesongen "I stallen, i krybben".

Så braut eg Runar sitt trylleformular - og tårene trilla då eg fortalte at det var pappa som hadde laga krybba til familien sin. Eg trur ungane vart veldig overraska, men for meg var det fint å seie at det ikkje var via magisk trylling ho kom til oss, men av rein kjærleik.
For meg er julekrybba ei kjærleiksgåve som eg aldri kan få igjen. Og sjølv om ho kosta mesta ingen ting å lage, er ho det aller mest dyrebare vi har.

Så senka førjulsfreda seg over stua då krybba var ordna til.

torsdag 3. november 2016

Turblogg: Takk for i år, kjære Stikk ut!

Så stod eg igjen der eg stod nøyaktig eit halvår tidlegare og gjorde første innsjekk i årets stikk ut-sesong! Den første skal bli den siste, og den siste skal bli den første, heiter det i skrifta. Tusen takk, Stikk ut, for gode turopplevingar dette halvåret <3

Posten på Leikvin på Grøa rundt kl. 23 31.oktober. Siste innsjekk i stikk ut-sesongen 2016.
Eg fekk meg eit realt sjokk då eg svært nøgd gjorde første innsjekken på Leikvin her på Grøa. Kl. 00.10 natt til 1.mai var det fleire som allereie hadde vore supereffektive, og hadde både sju og åtte innsjekkingar...
Jaja, no skal eg ikkje dvele med dei som lot stikk ut gå til hovudet, for til meg var det viktigast at den gjekk i beina :) Og tenk om eg hadde visst kor bra sesong det skulle bli! Visst prøvde eg å konkurrere med andre, men til sjuande og sist var det meg sjølv eg konkurrerte mest med.
Derfor er det no på tide å ta ei oppsummering av Ingunns favorittstikkutturar i år. Og for å oppsummere sesongen generelt:

FOR EIN SESONG!

Så bra at eg ikkje visste på førehand om alle dei fine turane eg skulle gjere i løpet av dette halvåret! Eg begynte strategisk med flest grøne turar supplert med nokre blå, så det var først langt uti juli eg begynte med dei raude: Legg ikkje ut på langtur utan trening. Og eg fekk rett og slett heilt dilla på å overgå med sjølv... Totalt vart det seks stikk ut-turar og ein anna tur over 1000 meter (då reknar eg ikkje Håkodalsvatnet, sidan turen har ei stigning på omlag 300 høgdemeter), tre turar på 8-900 meter, og ein haug med turar til toppar som er lågare. Totalt vart det 79 forskjellige turar og 137 innsjekkingar - det vart ein 218.plass, så det var litt dårlegare enn målet.
Det er mange turar som burde vere på lista, men dette er eit strengt utval av dei turane som gjorde meg mest glad og yr av begeistring :)

Dette er resultatet av Ingunns uhøgtidelege kåring av dei likaste stikk ut-postane:

9. Hufatet (Tingvoll)
Den turen var eigentleg hard, er litt overraska over at han er merka blå, for han er tidvis ganske bratt. Men turen vart ei utruleg oppleving med nydeleg solnedgang bak Reinsfjellet. Eg skreiv om turen i bloggen i september.

Anne Grete har eg hatt fleire fine turar med dei siste månadane, men Hufatet var den første turen vi hadde saman.

Hufatet var ei flott oppleving ein vakker augustkveld!
8. Myrsetvarden (Nesset)
Myrsetvarden er ein heilt kurant tur å ta. Eg gjekk turen ein gong i fjor, og gjekk han igjen i slutten av juni, og tenkte at det er ein fin kveldstur å ta. Eg brukar omlag ein time opp dit. Men den kveldsturen bror min og eg hadde kvelden før eg skulle bli tindebestigar (altså på Blåfjellet), var ein real "højdare". Ein fantastisk solnedgang bak Reinsfjellet er eit herleg minne å ta vare på gjennom vinteren. Den turen omtala eg i same teksten som eg skreiv om turen til Blåfjellet.

Myrsetvarden rundt kl. 22.30-22.45 ein julikveld.

7. Svartvassbu (Nesset)
Tenk at eg som har vakse opp ved Eikesdalsvatnet ikkje hadde vore meir enn ein gong før på Svartvassbu - som i praksis ligg like borti sneia! Og det var meir enn 30 år sida den turen vi svinga innom der på veg frå Hoemsbu til Øverås. Turen vart ei fantastisk oppleving! Ikkje så rart med det fine veret som var i haustferien. Dette blir opplagt ikkje siste gongen eg fer innom Svartvassbu! Her bringer eg eitt bilde frå turen, men du finn fleire bilde i dette blogginnlegget.

På veg heim att frå Svartvassbu.
6. Kongelhjellan (Sunndal)
I "Sommeråpent" på NRK TV i sommar reklamerte eg for turen til Kongelhjellan. Den er ein utruleg høveleg treningstur som eg meir enn gjerne tar. Og utsikta ein har nedover dalen - like til sjøen 15 km lenger nede - er formidabel!
Her er linken til Sommeråpent 29.juli. Og her er linken til måneskinsturen eg fortalte om i innslaget på tv.

5. Gammelsetra/ Storklauva, Julsundet (Julsundmarka) (Aukra)
Grunnen til at desse to turane hamnar så høgt opp på lista, er rett og slett fordi den turen gav meg ein slik godfølelse som eg tok med meg gjennom resten av tursesongen. Mens eg gjekk der mutters åleine utan heilt å vite om eg var på rett stad, kjente eg kort og godt på ei turglede som kom innanifrå. Derfor må rett og slett denne turen, og hadde eg hatt god tid, hadde eg kunne gjort fleire turar samtidig, vere med på lista.
Den turen fortalte eg om i dette blogginnlegget.

4. Strengen (Surnadal)
Endå ein tur der eg kjente på ei ekstrem indre turglede! Ein tur ungar greier like godt som vaksne, og ei utruleg utsikt møter ein på toppen. Kjempetur som hunden min, Prins, og eg hadde saman ein fin haustdag i september. Les meir om turen til Strengen i dette blogginnlegget.

Utsikt frå Strengen på Kvanne i Surnadal mot fjella i Sunndal og Nesset.

3. Flånebba/ Smisetnebba (Sunndal/Tingvoll)
Desse to nabotoppane må dele plassen. To kjempefine turar til fjella kor grensa mellom Sunndal og Tingvoll ligg. Utsikt i mils omkrets og ei solid dose utfordring og oppleving! Ein kan gå til begge toppane på same turen, men det fekk ikkje eg gjort. Men neste år :)
Les meir om turen til Flånebba i dette blogginnlegget.

Flånebba: Første skikkelege toppturen - ein tur på omlag 1050 - 1100 høgdemeter.
På toppen av Smisetnebba.

Overgangen til Flånebba sett frå Smisetnebba.
2. Grønnfjellet/ Skåla (Nesset)
Lista er fylt opp med turar frå heimkommunen min, Nesset. Det får stå si prøve, for eg har verkeleg oppdaga Nesset som turarena i år! Grønfjellet/Skåla var ein slik tur eg verkeleg oppdaga, og som eg garantert skal gå fleire gonger -  både sommar og vinter. Eg skreiv om turen i dette blogginnlegget.

1. Bjørnsund
Dette var ein tur som var heilt annleis dei andre turane eg tok. Ikkje så rart at eg frå innlandet opplever det slik. Det var første gongen min ut til dette nedlagte fiskeværet på Romsdalskysten, men det blir iallfall ikkje siste. Neste år håpar eg og å ta turen ut til postane i Sandøy kommune. Eg fortel meir utfyllande om bjørnsundturen i dette blogginnlegget.

Nordre Bjørnsund sett frå fyret kor stikk ut-posten var.
Og vinnaren er: Bjørnsund! Eit fantastisk flott turmål - dette var dagen for å vere kortreist turist.

31.oktober kl. 23. Siste innsjekk i årets stikk ut-sesong der eg starta eit halvt år før:
Leikvin museum i Sunndal. Tusen takk for følget, kjære Stikk ut <3

Denne artige oppsummeringa fann eg på stikk ut-sida på Facebook. Det var som eg skulle sagt det sjølv!

mandag 24. oktober 2016

Turblogg: Jammen er det forskjell på tusenmetringane ja!

Eg lærer noko nytt på kvar tur eg tar. Denne gongen lærte eg at det er jammen forskjell på tusenmetringane!


Det var stikk ut-turen sin det!
                                          Rundtur 360 grader på toppen av Harstadfjellet.

Dette var min sjuande tur opp på over 1000 meter, og eg trudde eg begynte å bli erfaren - slik på tampen av sesongen. Jammen sa eg smør! Denne turen må du gå om du vil bli sliten!
For å ta det i frå begynninga:
Turvenninne Anne Grete og eg fann ut at vi skulle prøve oss på Harstadfjellet i Batnfjord i Gjemnes. Sidan turen står svært begrensa omtalt på stikk uts nettside, hadde eg på eit tidlegare tidspunkt forhøyrt meg litt om turen med ein elev eg visste hadde vore der. Vel å merke berre på skitur.
Så for å seie det akkurat som det var: Eg visste ikkje heilt kva det var slags tur eg begav meg ut på! Kanskje like greit det, for då hadde eg nok velt ein annan tur i staden. Men vi starta avgarde frå øvst i byggefeltet Solsida, og kom etter ein kort gåtur til Astadvatnet. Derfrå skulle vi starte turen oppover fjellet. Astadvatnet ligg på 250 moh, og vi skulle opp på 1004 meter på toppen. Frå parkeringa er det 4,5 km opp på toppen.

Her startar du å gå i frå øvst i byggefeltet Solsida i Batnfjord.

Her startar oppoverturen!
Det gjekk oppover! Ganske bratt oppover! Etter kvart som vi kom lenger og lenger opp, fekk eg følelsen av å gå og gå og aldri komme til topps. Det gjaldt om å hente fram den indre styrka og ikkje gi opp. Eit stykke oppi møtte vi to damer på veg ned vi slo av ein prat med. Dei hadde brukt 1 t 45 min opp. Endå hadde vi eit godt stykke igjen, og ville vere meir enn nøgd om vi kom opp på 2 t 45 min. Og etter kvart som eg kom høgare og høgare opp, vart farta saktare og saktare. Det er då eg tenker det er bra ein har ei bestemming å gå etter og som dreiv meg fram.

Begynner å bli sliten og lei... på tide å fotografere utsikta over mot ytterste del av Gjemnes og Tingvoll.

Utsikt utover Batnfjorden mot Torvikbukt og Reinsfjellet.

Vi nærmar oss toppen. Fjella på andre sida av dalen er Innergardsnebba (t.v.) og Durmålhaugen.
Etter kvart som vi kom høgare og høgare fekk vi og betre oversyn utover det fjellriket vi bur i. Eit godt stykke borte raga Skjorta over alle andre fjell. Romsdalsalpane var fantastiske å sjå på avstand. Så fekk vi auge på Kristiansund, og gleda på å komme opp og kunne beskue heile panoramaet milevis i alle retningar var ei drivkraft. På dette tidspunktet merkar ein godt forskjellen på trent og utrent... og ordtaket om at dei gamle er eldst, står seg fortsatt!

Når ein har kome på toppen av den bratte stigninga, har du fortsatt omlag 100 høgdemeter igjen, og målet ligg fleire hundre meter lenger framme. No tok det for eigen del meir enn 2 t 45 min å komme meg opp, men skitt la gå, seier eg! Eg kom meg opp! Og eg var forundra over at denne toppen var så mykje hardare å komme meg opp på enn dei toppane eg hadde vore på tidlegare i haust. Derfor håpar eg at det blir lagt inn kart og oversikt over høgdestigninga på denne turen på morotur-sida.
Men utsikta var rett og slett heilt makalaus! Forbi Kristiansund kunne vi sjå heilt til Grip og Smøla. Andre vegen såg vi, som nemnt, Skjorta og fjella bortover Romsdalen. Skal tru kor mange mil vekk eg såg? Eg tippar det er omtrent 30-35 km i luftline frå Harstadfjellet til Skjorta inne i Eresfjord.

Langt der inne ligg Skjorta :) Vatnet foran er Silsetvatnet.
Så zooma eg Skjorta nærmare. 



Så nært kom ho på kameraet :)
Mens vi satt og åt, kom vi i prat med ein hyggeleg kar, som viste seg var tysk, men bur i Kristiansund. Han tok følgje med oss ned, og fortalte om mangt og mykje. Eg vart imponert over korleis han har funne ut korleis ein integrerer seg i det norske samfunnet. Han har budd seks år i Kristiansund med familien sin, og då han kom til Nordmøre, skjønte han at han måtte begynne å gå tur. Han fortalte om korleis han hadde fått seg ein kamerat på ein tur til Freikollen, og korleis han har begynt å delta på fellesturar i regi av Turistforeininga. "Han har knekt koden," tenkte eg -integreringskoden. Viss eg blir med på nokre fellesturar med KNT neste år, reknar eg med at eg treff han igjen. Då skal vi fortsette den hyggelege samtalen vi starta på på veg ned frå Harstadfjella. Etter å ha sagt "ha det" til kvarandre, begynte han å rusle nedover mot sentrum mens han gomla på ein Kvikk Lunch.

For å avslutte denne bloggen på typisk barneskolestilsk vis: Vi var einige om at vi hadde hatt ein kjempeflott tur! Men det var lenge sidan eg hadde vore så sliten som eg vart av denne turen!

Utsikt mot Averøy og Kristiansund. Fjellet til venstre er Meekknoken. Fjellet til høgre er Freikollen.

Kristiansund zooma litt nærare. I bakgrunnen kan ein skimte Grip og Smøla - ein ser i vindmøllene til høgre i bildet.

Utsikt mot Atlanterhavsvegen. Rett ut er storhavet.

Atlanterhavsvegen litt nærare.
Dette var den tredje kjempefine turen eg har hatt saman med Anne Grete i haust :) Ho er sprek, den dama!

Yes! Dette var den sjuande turen opp på toppar over 1000 meter (inkludert Reinsfjellet med sine 994 m)!

Klokka er blitt 16, ettermiddagssola skin fortsatt, men det er tid for å legge vegen nedover att!
Reinsfjellet i balgrunnen til venstre. Langt bak kan ein og sjå Sunndalsfjella.

Astadvatnet låg blikkstille då vi kom ned. 

søndag 23. oktober 2016

Eit blikk inn i det fleirkulturelle Sunndal

Laurdag 15.oktober var eg så heldig at eg som journalist vart invitert til å vere til stade på ein thailandsk buddhistisk seremoni kor det og var to munkar til stade.


"Buddhist Lent Ending" heita høgtida buddhistane feira. Tidspunktet var lagt til fullmåne i den 11. måne-månaden etter buddhistisk rekning, og markerer utgangen av regntida i Asia. Om ein leitar etter informasjon om høgtida på internett, kan ein sjå at markeringa skjer på litt forskjellige tidspunkt rundt om i verda. I den asiatiske delen av verda er denne høgtida ei stor og fargerik feiring, men den feiringa eg fekk vere med på i Odd Fellow-lokala på Sunndalsøra, var langt rolegare enn der dei thailandske damene opprinneleg kjem frå. Og fordi det var thailandske buddhistar eg var saman med, vil dette innlegget vere retta mot kva thai-buddhistar gjer.

For å ta bakgrunnen for denne høgtida.
Buddha vart feira av sine venner med overrekking av gåver av mat då han kom tilbake til jorda etter eit tremånaders opphald i himmelen for å besøke mor si. Då han kom tilbake, heldt han sin første tale. Dette er det som religiøst markerast i seremonien.
Mange av tradisjonane ved høgtida har overlevd i fleire hundre år, og kanskje og tusenvis av år. Overrekkinga av mat, det vil seie hovudsakeleg ris, til munkane i tempelet held fortsatt fram. Grunnen til at det er ris, er fordi det er lett tilgjengeleg i Thailand, det er noko alle har. Munkane kan ikkje kjøpe eller skaffe mat sjølv, og er dermed avhengig av at det kjem folk til tempelet med mat til dei. For den menige buddhist handlar dette om å sikre framtida gjennom gode gjerningar.
I Thailand er det ikkje uvanleg at unge menn innvier seg til eit tilvære som munk (naehn) for ein kortare eller lengre periode. Det kan reint seremonielt samanliknast med den kristne konfirmasjonen.

Når regntida startar, drar munkane til templa for å gjennomføre sitt regntidsretreat. Då brukar dei tida til faste, tekstlesing, meditasjon og yoga. Når regntida avsluttast, vil munkane dele med dei andre buddhistane kva dei har meditert over og kva dei har opplevd i sitt retreat i tempelet.
I gammel buddhistisk tradisjon er den thailandske kongen buddhismens høge beskyttar. For å markere høgtida skal kongen besøke eit tempel av kongeleg standard og overrekke kapper til munkane. Blant gåvene den vanlege buddhist gir, er det heller ikkje så uvanleg at dei gir nye kapper til munkane. Meir om det litt seinare. Då buddhistane samla seg på Sunndalsøra, var det første samling etter at Thailands konge gjennom 70 år, Bhomibol, døydde samme veka. Dette vart markert med lystenning for å minnast kongen og bønn for han.

Lysa er forma som eit teikn som symboliserer at kong Bhomibol var den niande.
Tilbake til Sunndalsøra, så begynte seremonien med at munkane; ein frå templet Watbodha Dhamm Vikebukt (wat = tempel, Dhamma = Buddhas lære) og ein frå Trondheim, fortalte om livet og det dei hadde meditert over. Dei sat plassert etter erfaring - den med lengst erfaring som munk sat til venstre, og den andre til høgre.
Så skulle alle som var til stades, overrekke ris til munkane. Dei gjekk rundt og samla inn hos kvar og ein som stod på rekke og rad.

Her står dei thailandske kvinnene klare til å overrekke ris til munkane.

Så kjem munkane rundt og får ris lagt i bolla si av dei som er til stade. Alle måtte delta.

Til sist kjem dei kvitkledde damene og får ris av dei andre som er til stade.
Festbordet bogna av mykje god mat, og munkane sanka inn av maten i bollene sine, før dei så sette seg tilbake på det bordet dei sat på - i lotusstilling.
Måltidet var eit godt høve for å kunne komme i prat med dei mange thailandske damene. Mens måltidet pågjekk, var det og loddsal. Loddtrekninga føregjekk svært lattermildt av munkane. Også eg var kjempeheldig å vinne eit søtt lite tøynett.
Ein viktig del av seremonien er å overrekke gåver til munkane som dei kan ta med seg vidare dit dei drar. No er dei fri til å dra frå plass til plass i staden for å vere lokalisert i eitt tempel. Det kan vere mat eller ting dei treng til det kvardagslege. I tillegg vert det gitt pengegåver til templa, og desse festast opp på små tre.
Seremonien vart avslutta med at munkane skvetta heilagt vatn på kvinnene.

Her forsyner munkane seg med mat.

Munkane sat i lotusstilling på podiet og åt maten frå kummane sine.

Kvinnene hadde med mykje forskjellige gåver til munkane.

Det var og samla inn pengar til templa, og dei pengane vart festa på eit tre.
Nokre av kvinnene var kledde i kvitt (mae chee). Det betydde at dei hadde sett av ein periode til å leve ekstra edelt og gjere ekstra gode gjerningar. Dei hadde gjennomgått ein seremoni på det utdøydde språket pali, eit språk som berre finst i templa no, som innvia dei til denne spesielt innvidde perioden. I denne perioden skal dei avstå frå alt som gir nytelse, og dei har ikkje lov å spise etter kl. 12 kvar dag. Resten av dagen er faste og meditasjon.
Eg har og funne informasjon om at i andre tempel er det og vanleg at kvinnene barberer av hår og augebryn.

Dei kvitkledde kvinnene sat på første rad.
Til stade i høgtidsfeiringa var og Nanthaya, kjent frå TV Norge-serien "Et lite stykke Thailand", som gjekk på tv for nokre år sidan. Ho bur i Stordalen på Sunnmøre, men var ein sterk pådrivar for å få etablert eit tempel i Vikebukt i Vestnes kommune. No kunne ho fortelje at templet er på tur å flytte til Ålesund over nyttår, og den som vil komme på besøk, er hjarteleg velkommen. I seremonien hadde ho ei spesiell rolle med å lese opp ei bøn eller ein rituell tekst som dei andre så svarte på.

Nanthaya frå "Et lite stykke Thailand" på TV Norge for nokre år sidan.
For meg som ikkje kjenner spesielt godt til buddhismen, vart dette utruleg lærerikt. Det å få innblikk i eit anna folks religion og kultur, er interessant, og eg trur og det er nødvendig for å kunne skjønne korleis det er for til dømes thai-kvinner å bu i Noreg. Det å halde fast med sin religion i eit sekulært land så langt vekke frå sin eigen kultur, kan nok ikkje vere berre enkelt.

Kjeldeliste:
https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23905/Johnsen_Master.pdf?sequence=2

Finn Owe Berg, samtale - han er ein etnisk norsk som har konvertert til buddhismen, og har og virka som munk ein periode i tempelet på Vikebukt.


Jitlada Weewong frå Tingvoll (t.v.) og Picknick A. Jaruthammawat frå Sunndalsøra saman med munkane.

Alle kvinnene samla saman med munkane.

Etiketter