Totalt antall sidevisninger

onsdag 2. mars 2016

Fem år etter kreften - face your fears!

I dag er det fem år sidan eg var ferdig med dei siste 30 sekunda med stråling – eit åtte månader langt «fengselsopphald».



2. mars 2011 var ein gledas dag for meg. Det regimet eg gjekk inn i då eg vart operert for brystkreft rundt St. Hans året før, var endeleg avslutta. I ettertid var det medisinering og kontrollar som skulle gjelde. Slik er det fortsatt. Frykta for å få det att heng alltid over meg, men eg nyt dagane og livet, og tenker at eg er frisk – heilt frisk.

Denne vinteren har eg blitt minna på om kor heldig eg har vore. Saman med elevane mine har eg lest «Regines bok» av Regine Stokke frå Kristiansund – jenta som døydde av leukemi i desember 2009 berre 18 år gammal. Eg trur det har gjort stort inntrykk på elevane å lese bloggen hennar – «Face your fear» - som vart til denne boka. Første gongen eg las boka, var den sommaren eg vart sjuk. Det var sikkert ikkje veldig smart, men eg låg kvelden før operasjonen på sjukehuset og las det siste kapitlet – «Etter Regine». Tårane trilla.

Det gjer dei fortsatt når eg les boka hennar – for det mot og den livsvisdom ho hadde. Eg har tenkt mykje på det: «Face your fear» - Gå i møte med fryktene dine. Det er noko alle burde gjere, for ein bør ikkje tillate seg at fryktene skal ha kontroll over deg. Det er du som skal kontrollere fryktene.
Eg har blitt meir bevisst mine frykter dei siste åra, og prøver bevisst å overvinne dei. Eg likte ikkje å gå aleine ute i skogen – derfor starta eg med det, med hovudlykta og hunden som følgjesvennar.

Eg skal fortelje om ei frykt eg har hatt som har prega livet mitt i alt for stor grad i mange år. Når eg kan fortelje om den no, er det fordi eg har greidd å ta kontroll. Eg har hatt stor angst for snø. Eg kunne kjenne at det knytte seg inni meg av angst når eg såg det snødde, og eg bad til Gud om at det måtte slutte. Det heile starta vinteren 1997 medan eg budde i Tromsø. Det bøtta ned med snø, og det slutta ikkje før det nådde 2,40 meter i slutten av april. Neste gang det bøtta like mykje snø ned i Tromsø, var hausten-vinteren 1999-2000. Eg forbinder det med død. «Rekk eg å måke?» spurte eg mamma då ho ringte og sa eg måtte komme til tantes dødsleie. Eg måka, og då eg kom fram, var ho død (hø døydde av kreft). Det i saman med vantrivsel i jobben gjorde at eg utpå vinteren vart sjukmeldt. Eg sendte sms til venninna mi og fortalte at det var ein snøflyktning på veg sørover. Etter nokre veker sørpå var eg klar til å forsere endå meir snø. Frykta for snøen og saknet av tante var to av dei viktigaste grunnane til at det ikkje var så vanskeleg å vende nasen sør utpå hausten. Frykta for snøen har følgd meg, og eg har skrive tidlegare om den gongen venninna mi Lone hjelpte meg med å skaffe ein til å måke for meg (det kan du lese om her). Først det siste året har eg tatt kontroll over denne frykta. Eg har sett på snøen som bøtta ned her, og visst at det er berre å gå ut å måke den bort, så blir det litt betre. Det kjennes godt å ha vunne den kampen!

Eg kan sikkert ramse opp fleire frykter eg har, men dei skal ikkje få eige livet mitt.
For det var det kreften gjorde – i det som eg kallar fengselsopphald. For det var ikkje eg som eigde kroppen min, det var kreften og alle dei plagene behandlinga resulterte i.  Du veit ikkje kor godt du har det før du har prøvd det motsette. Vi fryktar sjukdom og død, men eg har opplevd at eg måtte forsere begge dei fryktene i løpet av kort tid.

For nokre veker sidan la eg ut eit slikt før- og etter-bilde som ein får mulegheit til å fikse på Facebook. Før-bildet var frå 2009, etter-bildet var frå i fjor haust. Teksten eg la ut, kan du sjå på bildet her. 



No er Krafttak mot kreft i gang over heile landet. I år går pengane til forsking på behandling som skal vere livsforlengande, og til tilbod til dei som aldri blir frisk frå kreftsjukdommen. Det er viktige prosjekt, og eg vil gi mi varmaste oppmoding om å støtte aksjonen med mykje pengar. Viss du går inn på denne linken, kan du gi gåva direkte: Krafttak mot kreft

Ingen kommentarer:

Etiketter