Totalt antall sidevisninger

lørdag 30. juli 2016

Three minutes of fame :)

Det heile starta ein morgon for nokre veker sidan mens eg sysla med noko på loftet. Då streifa journalist Roar Halten i NRK Møre og Romsdal tankane mine.

Eg er ikkje så veldig overtruisk, og trur iallfall ikkje på vardøger, men forunderleg nok er det slik at om eit menneske plutseleg dukkar innom tankane, høyrer eg frå vedkommande eller møter han/ho i løpet av få dagar.
Då eg kom ned frå loftet, gjekk eg bort til telefonen for å sjekke den. Kven andre enn Roar Halten låg det melding frå på facebook?
Han: "Hallo, er du der?" Eg: "Eh, kor hen?" Han: "Hehe, her i internett". Jaudå, eg var vel i internettet. Han skulle ha prata med meg. Om eg kunne tenke meg å stille opp på eit lite miniportrett til Sommeråpent i NRK... Eg hadde det eigentleg veldig travelt, for eg venta besøk same dag, og huset trong vasking. Men det var berre den dagen han kunne, så då vart vi einige om at Roar skulle kome innover frå Kristiansund. For eigen del var det berre å hive seg rundt i ekspresstempo med husarbeidet.
Innslaget skulle vere eit treminutters innslag. TRE TIMAR tok det å lage det!!! Men det var verd det! Same dagen la eg ut eit bilde av eit svart tøynett med reklame for NRK på. Det var "turpremie", men eg skreiv jo ingen ting om korfor eg hadde fått den :)

Turpremie :)

Så er jo alltid det journalistiske spørsmålet: Kor skal fokusområdet liggje? I utgangspunktet var tanken at det skulle liggje på stikk ut-turane, og når eg snakkar om turmål og plassering på slutten av innslaget, er det stikk ut-plasseringa det er snakk om. Og der er målet sjølvsagt å vere blant dei 200 beste!
Eg er veldig glad for at Roar Halten bestemte seg for at fokuset vart plassert på mitt utgangspunkt for alle turane: At det er ein del av det å bli frisk frå det eg har vore gjennom. At turane er eit middel for å ta meg sjølv vidare som menneske.

Siste veka har eg fått overgått meg sjølv, og eg har bestege to toppar på 11-1200 meter. Det har gitt meg trua på at eg får det til. No ventar nok fleire slike toppar i vekene framover. Eg har kryssa ut alle turane på stikk ut-kartet i Sunndal. No skal alle turane i Nesset kryssast ut!

Kva som ikkje kom med på innslaget: At eg skrytte av Fale 4H som driftar stikk ut-turen til Kongelhjellan. Og at eg sa som kultursjef Ole Magne Ansnes seier: Stikk ut gir mykje folkehelse for ein liten skjerv pengar!

Så ein ting til slutt som er viktig for meg: Korfor eg stilte opp på dette innslaget på tv:
Viss eg kan få vere eit førebilde for andre som har ein lang veg å byggje seg opp, synes eg det er bra. Viss andre kan bli oppmuntra til å finne vegen ut i naturen fordi eg har snakka om det, er det supert. For meg har det handla om å starte i det små, for så å auke på. I fjor snakka eg om å gjere toppturar, men det måtte gå eit år før eg var i stand til å gjere det. Det er dei små, men gode skritta som tels! Overvinn dine eigne frykter!

Programmet finn du her :)

Ingen kommentarer:

Etiketter