Totalt antall sidevisninger

lørdag 30. juli 2016

Turblogg: Hels på mi nye turvenninne :)


"Så, der er du", tenkte eg om morgonen då eg køyrde forbi Mjølkill på veg mot det som skulle vere turmålet for dagen. "I dag skal vi bli vener," tenkte eg, og skoda over mot Flånebba.

Du veit du har blitt i overkant hekta på tur, når du står på di ny venninne, Flånebba, og skoder over til naboen til venninna, Smisetnebba, og tenker: "Beklagar, det vart ikkje i dag... eg kjem til deg snart - då blir vi og venner".

Eg hadde vore så heldig at eg kunne slutte meg til eit større turlag av folk på leir på Solhøgda. Dei hadde Flånebba, 1147 moh, som turmål på fredag. Eg rekna med dei ville halde mitt tempo - det er ikkje spesielt høg fart.
Det er faktisk eit poeng å ikkje halde for høg fart. Vegen er lang - mesta 5 km i oppoverbakke. Det gjeld om å posjonere ut kreftene.

Startpunktet på Rødset på Ålvundeid. Mange timar på tur ligg foran.

Utsikt mot Ålvundfjord. Til venstre ligg Seljebøvatnet.
Dette bildet er tatt på eit naturleg stoppunkt på turen. Ein treff på ein stor varde, og rett ved er det ei elv ein kan fylle opp flaska med ferskt vatn.
Det som er fint med turen, er at det går nokså jamnt oppover, ingen store, bratte stigningar. Turen er utruleg lett tilgjengeleg for alle som vil gå.
Oppover heile lia er det no mykje blåbær, og når det røyna på, var det veldig greit å putte inn nokre bær. Det er fleire bekkar med vatn undervegs, men dei er litt spreidde. Vi hadde tur med veret - 18-20 grader, stort sett overskya og litt vind. Det betydde ingen fluger og knott. Ganske perfekt turver! Men det var viktig å ha vatn i flaska på oppovertur.

Oppover går det mot Nebbvatnet, som ligg på ca 950 moh.


Fortsatt på veg oppover mot Nebbvatnet.
Ein særdeles god ting med stien opp til Flånebba, er at sjølv om stien ikkje er merka med T-måling oppover, så er den lett å få auge på, og det er ganske logisk kor ein skal. I så måte er det ein tur ein kan gjere aleine, men eg vil no kanskje ikkje oppmode folk til å gå aleine slik utan vidare.

Jammen møtte vi ein liten frosk på turen og :) 

Snart oppe ved Nebbvatnet: Utsikt mot Øksendal.

Nebbvatnet 950 moh - 200 høgdemeter igjen. Ein halvtimes gange vart vi lovt. Flånebba rett fram.
Kor lang tid brukte vi på turen?
Det er eigentleg ikkje så nøye, for det er viktig å huske på at det ikkje berre er turmålet som er målet. Turen er minst like viktig som målet.
På turen til Blåfjellet søndag begynte eg å stresse for å ikkje kome for langt bak, stigninga var langt tyngre enn til Flånebba, og dermed vart eg sliten. Enormt sliten. For å kome opp måtte eg spørre bror min om å ta sekken dei siste høgdemetra.
På fredagsturen hadde eg ingen bror eg kunne spørre... Dermed var det å pakke sekken fornuftig (med klede og mat - ingen kamera!), og satse på at det ville halde heilt opp med krefter. Det gjorde det! Det heldt rikeleg! Snakker om boost av å gå!

JAAA! Eg er på toppen! Min andre topptur på under ei veke!!! Innerdalstårnet ligg langt borte i bakgrunnen.

Heile gjengen som kom seg opp - 20 i talet! Slettes ikkje verst!
Varden på biletet vart bygd ferdig i fjor, i 2015, av to karar frå bygda. Postkasse med stikk ut-boka og ei vanleg gjestebok ligg der. Flånebba er eit populært turmål, og det er slettes ikkje rart. Alle som har vilje til å gå, kjem seg opp. Det handlar om tid. Det handlar om gode sko. Og det handlar om å ha med nok mat (godt med karbohydratar!) og drikke.
Turen er forresten stikk ut!-tur, og der kan du sjå kotekartet for turen.

Eg har fått meg ei ny venninne - ho heiter Flånebba :)

Utsikt over mot Jordalsgrenda, Meisalstranda, Eidsøra og Sunndalsfjorden. Ein ser Meisalvatnet oppe i høgda.

Sunndalsfjorden med Sunndalsøra til venstre og Øksendal til høgre. Flåøya i framgrunnen.

Jordalsgrenda og Mjølkill og vegen opp til Trolltind-området.

Åh, det heldt hardt. Smisetnebba må vente til ein annan dag. Eg skal tilbake!

Utsikt mot Ålvundfjord og Kvanne - Rykkjem-ferga.

Eg kostar rett og slett på meg ein selfie med utsikt vestover mot Nesset og Gjemnes.
På veg nedover tok turgjenget ein annan veg, som det heiter i Skriften. Det var ikkje fordi det lurte farar undervegs, men fordi vegen skulle gå forbi Rødsetsetra. I staden for å skrå over Rødsetelva langt oppe i lia, fulgte vi same sida nedover og litt "hit og dit" - vanskeleg å forklare når ein ikkje er kjent.

På veg nedover mot Rødsetsetra.

Reidun Bjorland Rødset kokte kaffe til heile gjengen som kom frå Flånebba.

Ein liten selfie til med Rødsetsetra og Ålvundeid i bakgrunnen.
Turen til Flånebba gav meg mulegheit til å kjenne på den indre turgleda. Det gav meg mulegheit til å kjenne at eg ville lenger. Han skjønte det, han Hallvard, som inviterte meg med på turen: "Det heldt vel hardt, Ingunn, når du såg over til Smisetnebba?" Ja - det heldt veldig hardt. Det tar 1 - 1 1/2 time å gå imellom toppane. Det er lurt å starte litt tidleg på dagen, slik at ein har god tid og slepp å slite seg ut.
Eg velte altså å droppe turen over til Smisetnebba, fordi eg velte å vere sosial med dei andre deltakarane på turen. Eg er kjempeglad for at eg fekk vere med - tusen takk til Hallvard Magerøy som nemnte det for meg :)

Rødsetsetra er til fri nytte for alle som går forbi.
PS! Vi brukte 4 timar opp - med andre ord ikkje noko superfart! Eg trur det var derfor så mange kom opp. I denne farta kan og ungar komme seg godt opp til toppen - sjølv om det er litt klatring heilt øvst.

Ingen kommentarer:

Etiketter