Totalt antall sidevisninger

søndag 25. september 2016

10nnbryllaupsdag

I dag var det 10 år sidan Runar og eg gifta oss i ein enkel seremoni i sjømannskyrkja på Mallorca. Tinnbryllaupsdag <3




STÅ IKKE VED MIN GRAV

Stå ikke ved min grav og gråt over meg. 
Jeg er ikke der,jeg sover ei.

Jeg er de tusen vinder som blåser. 
Jeg er solskinn over skogens åser.

Jeg er nysnøens milde kjærtegn. 
Jeg er det kalde, friske høstregn.

Når du våkner i et hastig morgenfokk, 
er jeg den raske, stigende flokk

Av stille fugl i sirkelflukt, 
jeg er stjerneglans over havets bukt.

Ikke stå ved min grav, 
vær ikke lei. 
Jeg er ikke der, 
jeg døde ei!

Skrive av Mary Frye (1905-2004) Norsk oversetting: Espen Tangen
(kopiert frå http://dikt-og-vers.origo.no)

I dag var femte bryllaupsdagen eg var og sette ned blomster på grava hans, og i dag hadde eg med roser og andre blomster frå eigen hage. Rosebuska var det han sjølv som planta for nokre år sidan.
I dag har eg mintes bryllaupsdagen vår.
Det var ikkje så mange som visste at vi skulle gifte oss mens vi ferierte på Mallorca. Litt tilfeldigvis var begge brørne til Runar der + niesa vår i tillegg til vår jente. Ho var mesta fem år gamal, og var veldig stolt av at vi gifta oss. Ho meinte seg sjølv inkludert i det reknestykket.
Etter sjølve viinga, gjekk vi ned i kjellaren i kyrkja og skifta om til badeklede! Så var det berre å springe dei femti - hundre metra ned til havet og kaste seg uti. Bryllaupsmiddagen tok vi etter at spanjolane hadde fått gjort ferdig siestaen sin.
Dessverre er eg ikkje sikker på om eg har så mange bilde frå bryllaupet. Kanskje har eg tatt dei ut på papir - då kan eg kanskje publisere nokre seinare. Dei bilda eg viser fram her, var det ein fotograf som tok av oss, slik at vi kunne bruke dei etterpå. Her er link til då eg skreiv om det for tre år sidan.

Til døden skilte oss....<3
Så korfor fortel eg dette slik på tampen av bryllaupsdagen min? Eg har tenkt mange gonger på korleis livet hadde vore om det ikkje hadde skjedd at eg mista Runar. Men det kan eg ikkje vite, og det kan eg heller ikkje spekulere i.Vi hadde sjølvsagt våre tunge dagar vi og, men eg har tenkt mykje no når det er mange skilsmisser som forteljast om i media. Dei elska kvarandre - og elskar kvarandre fortsatt - men så var det ikkje nok det å elske. Kva skal til for å halde saman når det ikkje er nok å elske kvarandre?Vel, det skal ikkje eg gruble på. For meg er det viktig å berre minne om at ein må ta vare på kvarandre så lenge dagen heiter i dag.

Dette heng på korktavla på kjøkkenet. Fint å ha ein engel som passar på.

onsdag 21. september 2016

Turblogg: Til det mytiske fjellet - Reinsfjellet

Det er noko spesielt med Reinsfjellet. Heilt sidan barndommen har det vore eit fjell eg har høyrt om og hatt eit distant forhold til gjennom dei signala som kom derifrå til tv-apparatet vårt på Hoemsetra.


På veg frå jobb mot det nær sagt mytiske fjellet - Reinsfjellet.
Frå Reinsfjellet var det direkteline til Vike, frå Vike og over vatnet gjekk det omformaroverføring til antenna på mørkloftet og ned til fjernsynet i stua. Slik fungerte det i mange år - heilt til flaumen tok saga kor omformaren vår stod plassert. Mulegheitene for å kunne sjå tv har rast vidare i kanonfart, og i dag mottar vi også på Hoemsetra signal frå ute ein plass i verdsrommet.

Reinsfjellet står der fortsatt og sender tv-signal ut til dei mange heimane i distriktet. Det omlag 1000 meter høge fjellet kan ein sjå frå store delar av Nordmøre. Fordi Reinsfjellet står på stikk ut-kartet, er det ganske mange som finn vegen opp til tv-mastene på toppen. Sannsynlegvis vel dei fleste å gå ein eller annan stig opp dit. Det er for eksempel muleg å gå ein rundtur med utgangspunkt Hoem ved Flemma.
Sist fredag var det endeleg dags for å ta dette mytiske fjellet i nærmare augesyn. Mi turvenninne og eg valte å gå den 5-6 km lange grusvegen opp. Eg gjekk i joggesko, og det vart hardt til beina etter kvart som vi kom opp i høgda. Prins vart og rastlaus.. Det var 17-18 grader, og han var tydeleg tørst. Eg hadde mesta for knapt med vatn til han, viste det seg.

På veg oppover lia møtte vi han her karen :)
Uansett kor eg er i verda - vis meg kortaste vegen heim!

Det går sakte oppover - utruleg kor mykje som blir interessant då... Men eg ser målet for turen :)

Prins blei både trøtt og tørst på tur oppover. Verdas beste turkamerat <3

Mykje fine fargar å sjå i fjellet om hausten.

Endeleg framme ved stikk ut-postkassa! Toppen av Reinsfjellet er 994 moh.
Eg forventa ikkje å finne dei ti bud innskreven på ei tretavle på toppen....
  Det heile betalte seg likevel med ei utruleg utsikt då eg kom opp på toppen! Det var litt disig ute i horisonten, så ein kan nok på ein god dag sjå lengre enn vi gjorde. Men kor mange mil avgarde kunne vi eigentleg sjå? Eg tippar at vi kunne ha sett til Smøla på ein god dag. Men vi såg til Kristiansund og Averøy ute i vest, til mine heimfjell ved Eikesdalsvatnet i sør, til fjella i Halsa og Surnadal i aust, og over til Aspøya og retninga mot Tustna i nord. Rett og slett eit fantastisk panorama!
Ikkje var det berre eit fantastisk panorama, men i retning Molde sendte sola sine fantastiske strålar i eit raudt skjer - noko som gjorde det mesta vanskeleg å sjå i andre retningar. For ei tiltrekningskraft!

Utsikt over mot Gyl, Bergem og over mot Halsa i bakgrunnen.

Prins og eg poserer med Krifastforbindelsen i bakgrunnen. Bergsøy ligg rett bak som bindeledd. Bak der ligg Averøy og Frei.

Utsikt mot Aspøya (t.v.) og Straumsnes-halvøya. Eit av fjella bak der er Fløystadfjellet, som eg var på dagen etter.

Ein gong var Reinsfjellet eit mytisk fjell eg knappast trudde fantes. No veit eg korleis det ser ut der.

Utsikt mot Tingvoll og Tingvoll-halvøya.
Vi begynte å gå nedover i rundt kl 19.30. Då var mørkret begynt å falle på, og vi hadde hatt heile Reinsfjellet for oss sjølve mens vi var på toppen. På nedovertur møtte vi ein mann med sykkel som var på veg opp - utan løkt på sykkelen og hjelm. Han sa ikkje noko om det, men kanskje ville han opp å beskue månen som vi to på nedovertur oppdaga då vi var komne nedom skoggrensa. Fullmåne og måneformørking! Då eg køyrde heimover mot Sunndalen, fekk eg skode månen i all si store prakt. Det var faktisk blitt laurdag før eg oppdaga at det hadde vore måneformørking. Det forklarte truleg korfor månen såg halv ut då vi oppdaga han på nedovertur.

No har eg altså bestege det nær sagt mytiske fjellet med det enormt store fjernsynssendarutstyret på. Reinsfjellet.
Neste gong trur eg likevel at eg tar naturvegen opp - oppover bratte stigar og skrenter. Det gler eg meg til!

Ein liten filmsnutt av kveldssola.

Då eg kom tilbake til Sunndal om kvelden, skein fullmånen så vakkert og skein opp Hov kyrkje. 

søndag 11. september 2016

Turblogg: Hu hei! Kor er det vel friskt og lett? Oppå Svarttind :)

Det vart ikkje noko "svartlåk" tur til Svarttind, nei! Tvert i mot! Alle som treng å kome seg opp i høgda, bør legge turen innom Svarttind i Vistdal.



I dag var endeleg dagen komen for å teste ut turforma opp til Svarttind på 1094 meters høgd i Vistdal. Skjønt - det skulle ein ikkje trudd når ein såg ut vindauget i Eidsvåg om morgonen i 8-tida. Regnet sila fortsatt ned, og skodda hang langt ned i lia på andre sida av dalen.
Men turplan er turplan! Og vervarselet sa at det skulle klarne opp og bli sol, så det var berre å komme seg avgarde. Heilt oppklarna var det ikkje då vi kom fram til parkeringa på Nerland i Vistdal, men det teikna bra, så det var berre å starte oppover bakkane. Den første delen av turen var det og lett å få tilgang til vatn, så ein treng ikkje ha med ferdig oppfylt flaske med vatn før ein drar heimefrå.

Etter kvart som vi gjekk oppover traktorveien, steig vi over skoddegrensa.

Trolsk stemning med skodda på oppovertur.

Restar etter ei seter.


Vi passerte fleire restar etter setre på turen.
På førehand hadde eg til dømes høyrt om at turen var endeleg bratt nok, og hadde og lest diverse uttalar på facebook om kor lang tid det skulle ta å gå opp.  I turomtalen på stikk ut-sida står det at turen stort sett går i oppoverbakke, og det stemte. Det må jo vere slik om ein skal opp på 1100 meters høgd! Vi som gjekk i lag i dag, er ikkje av dei som har det veldig travelt, og treng god tid, så vi brukte rundt tre timar opp. Oppoverturen gjekk lett og greit. Siste del av turen var litt tyngre, og akkurat der det er eit "litt luftig parti", gjekk det for eigen del omtrent på alle fire oppover. På nedattur fann vi imidlertid ut at det går ein sti til venstre for dette litt flygandes partiet, den ser ein lett når ein skal ned, og då slepp ein unna akkurat den delen av løypa.

Fleire av toppane i Vistdal. Eg trur dei heiter Kjøvhaugen og Kalvgjeltinden. I området bake der ligg og Vasstindbu.

Der ligg dagens turmål. Då er det berre argaste stigninga igjen.
Gjeld om å ha tunga i munnen når ein går her. Men vi slapp unna den luftige delen på nedoverturen.

På turen fekk vi verkeleg bruk for fjellvettreglane.Då vi begynte på ura oppover, kom det regn - som ikkje var meldt - så då var det på med regnklede. Eg hadde pakka med både lue, regnklede og fleecegenser i dag, og fekk bruk for det i fullt monn. Eg angra på at eg ikkje hadde med hanskar.
Vinden og skodda auka på og, så det var litt utriveleg ei stund på toppen. Kjentes ut mesta som kuling i kasta, men heldigvis gav regnet seg ei stund, og vi kunne nyte litt utsikt både mot Eidsvåg og innover mot Eresfjord. Det er verkeleg anbefalt å ta dei hundre metra vidare frå postkassa til toppen ved sidan av for å få ekstra utsikt. Vi var heldige å sjå ein fin regnboge som la seg som eit fint slør over Bugge på andre sida av fjorden.

Der er toppen av Svarttind og postkassa! Målet er nådd! 1094 moh.

Eg og turfølgjet Sissel på toppen. Lykkefølelse!

Skodda kom og gjekk utover mot Bugge og Eidsvåg, og ein regnboge begynte å komme til syne.

Så vart regnbogen godt synleg over Bugge. Eg vonar den brakte mykje hell og lykke til buggingane i dag :)

Det skal vi ha, vi karijordingane - vi synes på fjellet, og vi er godt kledd :)

Utsikt mot fjella på andre sida av Vistdalen.

Endeleg kom Eresfjordsfjella fram og - Skjorta, Vikesaksa, Goksøyra med fleire. I framgrunnen Jamtetind.



No er det haust i fjellet, også på Svarttind.

Nedatturen gjekk greit. Vi hadde ikkje kome langt nedover før det faktisk begynte å hagle. Då var det berre å halde stø kurs på kor ein skulle gå. Stort sett er turen veldig godt merka. Oppe i ura er det eit parti som ikkje er fullt så godt merka, så då gjeld det om å ikkje miste stigen av auge. Det er og vardar oppover frå skoggrensa. Så sjølv om vi fekk litt følgje med skodda, var det ikkje slik at vi kjende oss utrygge.

Fortsatt er det mykje blåbær tilgjengeleg på ruta, så om ein har tid, bør ein absolutt ta seg tida til å fylle opp forrådskammeret. Vi gjorde ikkje det i dag, men eg nytta høvet til å fylle på med nokre nevar for å få ny, ureina energi.

Konklusjonen etter turen er at sjølv om vi hadde mykje ymse ver, og at utsikta ikkje var heilt på topp heile tida, så var det ein utruleg fin tur å ta. Når ein har godt skotøy, stavar og god tid er det heller ikkje spesielt farleg å gå på dei steinate partia sjølv om det var vått og sleipt. Ein må berre hugse at ein kan gli.
God tid, gode sko og god niste er nøkkelord for ein god tur, og det synes eg fungerte veldig bra i dag :)

Kor hen eg er i verda - vis meg kortaste vegen heim :)

fredag 9. september 2016

Turblogg: DENNE turen MÅ du gå!





Eg hadde ikkje stege over tregrensa før eg skjønte at DETTE er turen med stor T! Og den gir eg terningkast 6!

I dag har eg gått til Strengen i Surnadal. Eigentleg hadde eg tenkt å gå til Nordviksula i Surnadal, men ombestemte meg i siste liten. Det fjellet er over 1300 meter, og eg var litt skeptisk på å gjere den turen aleine. Derfor vart det Strengen på 890 meter, ein tur som har blå merking.
Og for å seie det med ein gong: Eg vart slettes ikkje skuffa i dag! Dette er ein tur eg vil skryte uhemma av. 

Eg starta frå parkeringa til turen - den som står omtalt på stikk ut-sida, like ved skistadion på Kvanne. I omtalen står det at det er mange vegar til Strengen, og då eg kom opp på toppen, fann eg ut at det var omtrent fire vegar å komme seg dit. Frå parkeringa ved skistadion er det to vegar opp, ein på omlag 3 km og ein på 4 km. Den kortaste er noko brattare enn den lengste. Eg velte løypa på 4 km.
I følgje kartet ligg skoggrensa opp til omlag 350 meter, og akkurat der ligg det ei hytte med fantastisk utsikt. Lengda opp til hytta kan samanliknast med omlag 2 x lengda til Kongelhjellan i Sunndal, og med omlag same brattleik. Frå hytta og opp vart det litt brattare, men ikkje mykje. Eg brukte ein time opp til hytta, og med matpause brukte eg vel rundt 1 1/2 time resten av vegen. Ekstra hyggeleg var det å fortsatt kunne finne blåbær :)


"Er det her vi skal gå?"
Her er tregrensa, og benken ved hytta er ein grei plass å ta ein liten kvil før ein fortsett oppover eller nedover.
Her er eg på tur å legge tregrensa bak meg, og då kjem utsikta fram og :)

Der oppe kan ein skimte målet.

Utsikt mot Todalen.

Det er fleire rutetrasear ein kan følgje.

"Herleg med tur!!!"

Plutseleg kom Tustnastabban mykje nærare enn dei gjorde då eg gjekk til Hufatet.
Denne turen er ein av dei likaste eg har gått nokon gong, og kjem nok på mi 3 på topp-liste over stikk ut-turar eg har gått i år. Her er nokre grunnar til det:

* Merkinga og stikvaliteten
Denne turen er eit prakteksemplar blant alle turar i merking. Oppover heile vegen finn ein blå merking, og i tillegg er det skilt som viser kor ein skal - og kor ein kan hamne hen. Eit stykke oppi treff ein til dømes på eit skilt om sti ned til Stangvik, og det er og skilting til Røen. På toppen finn ein og skilting til Surnadal, men den turen er ein del lengre.
Så var det stikvaliteten! Det var omtrent tørt då eg gjekk, og ein kunne eigentleg gått i joggesko om ein vil det. Nokre stader var det litt gjørmate, men ikkje verre enn at ein greide godt å gå rundt eller forbi det.
På toppen av Strengen er det endå fleire traséval.

Stikk ut-målet Strengen ovanfor Kvanne i Surnadal. Eit perfekt turmål!
 * Familievennleg
I og med at eg velte den lengste stien på skistadion, var det ikkje ein veldig bratt tur. Eg vil seie at for å havne opp på mesta 900 meter, så var det ein utruleg lite bratt tur. Ungar kan nok trenge litt hjelp like før ein når toppen, men ut over det er det ein tur ungar kan greie utan problem. Einaste som kunne vore for å skape litt betre familieramme på toppen, er benk å sitje å spise på. 

Heilt greit å spise lunsjen på 890 meters høgd i dag :)

Prins lurte på om vi skulle ta brattaste vegen ned, men det skulle vi ikkje.

Fjellet rett fram er Knyken, som og er stikk ut-mål.

Eit av dei to fjella til venstre for Todalsfjorden er Sula som eg eigentleg hadde tenkt å besøke. Det blir ein annan dag.

Kor eg enn er i verda - vis meg kortaste vegen heim :)
Einaste eg kjem på som trekk ned inntrykket litt, er at ein må ganske langt opp før ein kjem til første skikkelege vannpost. Det er for øvrig noko det burde vere opplyst om i turinformasjonen til alle turane på stikk ut. Å vite når ein treff på vatn er ein ganske viktig ting å¨vite om på førehand (jamfør det eg skreiv om turen til Smisetnebba).
Eg er kjempenøgd med turen i dag, og vil berre seie: Har du ikkje vore på Strengen ennå, så skund deg av garde! Det var turen sin det !

PS! Utruleg kva som dukkar opp i hovudet når ein går slik på tur...I dag var det denne gamle visa som dukka opp :)

Hu hei! kor er det vel friskt og lett
uppå fjellet!
her leikar vinden i kåte sprett
uppå fjellet!
og foten dansar, og augat lær,
og hjartat kveikjande hugnad fær
uppå fjellet!


I dalen starvar du tung og heit,
kom på fjellet!
kor fint her er, inkje nokon veit,
her på fjellet!
dit auga flyg yver nut og tind,
det er som flyg det i himlen inn
uppå fjellet!
(Kristofer Janson)
Verdas beste turkamerat - Prins <3

Etiketter