Totalt antall sidevisninger

søndag 16. oktober 2016

Turblogg: Endeleg såg eg kortaste vegen heim!

Tenk at eg aldri tenkte tanken om at eg kunne gå til Goksøyra før året eg blir 45 år! No har eg vore der, og det var ei euforisk og episk oppleving!


Endeleg kunne eg sjå kortaste vegen heim <3

Her startar turen til Goksøyra. Litt vanskeleg å finne, men den ligg like nedanfor vassinntaket ovanfor Frisvollhagen i Eresfjord.

I haust har lysta på å kome meg endå høgare blitt sterkare. Lysta på å trasse mine sperrer blir større og større, og sist fredag var det endeleg dags for å bestige Goksøyra.
Goksøyra er fjellet i nordenden av Eikesdalsvatnet. Det høgaste punktet er 1337 meter høgt og det lågaste punktet (tuppen) er 1314 meter høgt. Det var på det lågaste punktet eg var. Turen er faktisk merka som blå tur, noko eg synes er veldig merkeleg - både på grunn av kor lang han er og kor høgt ein skal. Her bør det verkeleg vurderast om han skal ommerkast til raud tur.
Goksøyra er fjellet eg har sete heime ved kjøkkenbordet på Hoemsetra ved Eikesdalsvatnet og skoda på i time etter time - spesielt til musikk frå Nattønsket i radioen mang ei somarnatt. Og eg tenkte verkeleg aldri at det var muleg å gå opp på toppen. Iallfall ikkje at det var noko eg kunne gjere. Så begynte tankane å endre seg - endre seg frå at noko slikt ikkje var muleg til at det faktisk er muleg.

Slik stod Goksøyra klar til eg skulle komme fredag morgon.

Fjellet gir og fjellet tar, pleier eg å seie. Sist helg var det nok ei dødsulykke i Goksøyra - ein mann skulle basehoppe frå toppen, men noko gjekk galt, og han vart truleg drept momentant då han traff fjellveggen nokre hundre meter lenger nede. Den andre dødsulykka i fjella ved Eikesdalsvatnet i haust.

Vi var to saman som starta tidleg fredag morgon å gå den lange vegen - ganske nøyaktig 1300 høgdemeter skulle forserast fordelt på 6,5 km. Dei første omlag 550 høgdemetrane er ganske tøffe. Stien er ganske fin oppover, og med det fine veret som har vore, er den utruleg tørr. Men det går oppover og oppover - up and up! Endeleg framme på Ufsalen på 555 moh, kor ein kjem opp ved skoggrensa, kjem utsikta utover Eresfjord fram som den vakraste perle. Skjønt - på oppovertur låg det eit tungt teppe av skodde over bygda, så vi såg ikkje noko til ho.
På Moroturs side kan du lese meir om turen til Goksøyra.

Stien oppover mot Ufsalen er bratt, men fin.

Om føremiddagen ligg Eresfjord under eit blytungt skoddeteppe. Men vi var heldigvis på opptur.

På Ufsalen var det tid for matpause for å hente nye krefter til fleire høgdemeter. Dei neste 400 høgdemetrane gjekk unna i dunlett terreng på god og tydeleg sti, og livet og turen kjentes herleg. Før den siste stigninga mot toppen startar, heiter det Kvilhaugbotn, og det er sikkert ikkje for ingen ting. Men turen opp mot botn er triveleg, og berre det å kikke på fjella i rundt og filosofere over alle turmulegheitene, er motiverande.

Utsikt mot Skjorta og Litjskjorta.
Turvenninne Laila til venstre saman med Mari, som tok oss att like ovanfor Ufsalen.

Utsikt frå rundt 700 meters høgd.
I Kvilhaugbotn. på mesta 1000 meters høgd, må turvenninna mi gi seg på grunn av helsa, men eg bestemte meg for å fullføre. Aldri har eg vore så nært målet om å få sjå kortaste vegen heim (med unntak av eit par turar i Fagerbotn i tenåra). Heldigvis er det vardar oppover heile ura å peile etter, slik at eg visste kor eg skulle gå.






Dei siste 300 høgdemetrane går i ur som er snø- og isbelagt, og eg måtte på med broddane. Dei gjorde at det vart lettare å gå i snøen og, og utan dei og stavane, hadde eg truleg ikkje orka å gå til topps. Mens eg tok på meg broddane, oppdaga eg at det var to menneske på veg oppover. Dei nådde meg att oppe på toppen, og det var eg utruleg glad for, for eg grudde meg til nedatturen.

JAAA! Endeleg til topps!!! Kjempelukke!

Sjå den utsikta! Vike ligg midt på vatnet på venstresida og heimegarden min Hoemsetra ligg på høgresida av vatnet.

Fløtatind og Vikesoksa.

Utsikt mot fjella i Rauma og mot Renndølskarvatnet, kor eg var på tysdag.
Utsikt mot Vistdalsheia og Svartind, kor eg var tidlegare i haust.
Utsikt utover fra Nauste til Bugge og Eidsvåg.

På Øverås var sola på tur å gå ned.
Men så kom eg altså fram til toppen! Den lenge etterlengta toppen! Der breidde Eikesdalsvatnet mitt seg utover i all si bredde og all si lengde, og eg kjente på heimefølelsen! Hoemsetra låg i skuggeland, så heimplassen min var vanskeleg å sjå på ei mils avstand, men det betydde ikkje mykje. Det viktige var å sjå vatnet i heile si lengde! Også på Øverås og i Eresfjorden var sola på tur å gå ned, men på Goksøyra skein sola på meg, og eg var så fornøgd med meg sjølv. Kor lang tid eg hadde brukt opp, var eigentleg uvesentleg - neste år skal eg gå fortare, og då skal det vere ein vakker sommardag.
Heldigvis fekk eg ta følgje med dei to andre nedover att frå toppen, og vi brukte litt over ein time på dei 4,5 kilometrane ned til Ufsalen. Då sa eg takk for følget til dei to, og tok meg ei velfortent pause før eg la vegen ned i lia.

Ufsalen om ettermiddagen.
Eg må berre ta med litt om kva eg lærte på denne turen - kvar tur gir trass alt ny turerfaring. Jau, ver førebudd til turen! Eg hadde heldigvis kjøpt meg nye broddar, og dei fekk eg bruk for. Så gjorde eg ei endring når det gjeld bruk av sekk, og no angrar eg djupt og inderleg at eg ikkje har gjort det før. Tidlegare har eg brukt ein enkel liten sekk, og der har eg samla alt. Det det ikkje var plass til, fekk ikkje vere med, og sekken har kjentes veldig tung ut på ryggen. Det har gjort at kameraet ikkje har fått vore med på dei fleste turane eg har gjort. Men så tenkte eg at eg måtte prøve storsekken, og la oppi niste, termos, vassflaske og litt klede - og kameraet. Og det kjentes ikkje tungt ut! Ikkje ein gong irriterte eg meg over at sekken kjentes for tung ut, for det gjorde han ikkje! For ei lukke og for ei oppdaging! Ver nøye på kva sekk du har på lange, harde turar!

Ganske utslitt, men ekstremt fornøgd, kom eg ned til bilen før mørkret begynte å senke seg. På tripptellaren på telefonen stod det at eg hadde gått godt over 30 000 skritt. No har eg vore på seks toppar som er ca 1000 meter eller høgare, og den nye høgderekorden min er på 1314 meter over havet - 1300 høgdemeter på ein tur - og no freistar Skjorta!

Heldigvis finst det vardar å ta peiling etter på turen!

Og slik helsa Goksøyra takk for turen då eg drog frå Eresfjord om ettermiddagen :) Ein kjempevellykka tur!











Ingen kommentarer:

Etiketter