Totalt antall sidevisninger

mandag 31. juli 2017

Turblogg: Eitt tusen høgdemeter i kvar fot!

Når ein startar på omlag 10 meter over havet, går opp på 1023 moh og ned att, blir det omtrent akkurat 1000 høgdemeter i kvar fot! Særleg når ein ikkje har sti å gå etter.

Utsikt frå Salsnebba (1023 moh) utover mot havet.
Utgangspunktet var ein stikk ut-tur til Prestgardssetra i Øksendal. Du kan lese litt meir informasjon om turen her. Resultatet blei ein slitsom topptur til Salsnebba, som ligg mellom Øksendal og Jordalsgrenda. 

Men vi startar frå begynninga:

Her startar turen, og stien går på høgresida av elva.
Turen startar på Erstadengan stadion i Øksendal, ikkje så langt frå riksvegen, det vil seie omtrent på 10 meter over havet. Turen opp til postkassa på setra (som berre er tufter) går opp gjennom skogen. Og stien verkeleg snor seg opp gjennom lia - eit lite stykke frå elva.
  
Pass på å følgje merkinga oppover lia. Her skal du velgje stien til høgre.
Dette skiltet som står eit stykke oppe i lia, er viktig å leggje merke til.
Pass på å følgje skiltinga oppover lia, for det fins fleire stiar, og plutseleg vert det omveg i staden for beinveg. Turkompanjong Tone snakka av erfaring, for ho hamna inn på eit hjortetrakk ein plass i lia.
Prestgardssetra er altså ikkje ei seter, men tufter etter ei seter. Du skjønnar at du nærmar deg posten, fordi ein kjem ut av skogen og i litt opnare landskap. Men postkassa kjem plutseleg på, der ho står på ein stein.
Postkassa kjem litt uforvarande på, der ho står midt blant bringebærkjerra.

                                

Så då var mitt primærmål nådd på ca 520 meters høgd. Så var spørsmålet om eg skulle snu eller bli med Tone og Konrad vidare til toppen av Salsnebba? Eg valde å bli med vidare.
Eit stykke ovanfor postkassa ligg det nokre hytter, og sidan vi ikkje fann nokon tydeleg sti oppover, tok vi sikte på dei. Ved den øvste hytta tok vi matpause.

Slik ser utsikta frå postkassa ut med Øksendal nedanfor. Rett fram er Vettafjellet kor eg var torsdag.
Like bortanfor postkassa er det bedre utsikt mot Øksendal, Flåøya og Flånebba.

Her heiter det med rette Blomsterhaugen.
Så var det berre å gi seg vidare oppover frå hyttene på Blomsterhaugen. Tone visste kva veg vi skulle, og stadig høyrte eg ho seie "vi skal opp der og så ligg Salsnebba baki der". Til slutt vart eg så lei at eg berre svara "baki der og baki der"... Litt seinare fleipa vi om då vi tok ei lita pause lenger oppi på kvar våre steinar med god avstand i mellom og om vennskapet som vart sett på prøve... Ære vere Tone som vil gå tur med meg, tenker eg.

"No skal vi opp dit og så baki der ligg Salsnebba - vi er der snart", prøvde Tone å oppmuntre ho som var lei.

Ein kan så vidt skimte hyttene på Blomsterhaugen midt i bildet, og toppane i bakgrunnen viser at vi er på tur opp i høgda.

Erstadbotn og starten av Erstadelva, som kjem rennande frå Mørkbotnvatnet.

Eg tenker Flånebba (i midten) hadde betrakteleg meir besøk enn det Salsnebba hadde laurdag.
I det vi kjem opp i horisonten, dukkar Trolltindfeltet og Jordalsgrenda fram. Der er det bilveg og tilrettelagt for hyttebygging. Der vi er, finn vi ikkje ein liten sti ein gong. Terrenget suger krefter, men oppe ved horisonten vart det merkbart lettare. Toppen nærmar seg. Hurra!
Tone visste av erfaring frå tidlegare at toppen og postkassa ikkje var så lett å finne, og ho går oppover det som viser seg å vere siste bakken, då eg høyrer ho ropar "her er det, Ingunn". 1023 meter over havet nærmar seg!

Trolltind hyttefelt øvst i Jordalsgrenda.

Trolltind - fortsatt eit uoppnådd mål for meg.

Tone og Konrad har nådd toppen! Endeleg!

Her står postkassa og turboka til Øksendal IL og ventar på oss.
Jammen smakte det godt med nista på toppen!

Toppsjølvie med Trolltind i bakgrunnen. Eg er supernøgd av meg sjølv.

Utsikt så langt synet rekk - omtrent ut til havet faktisk.
Etter matpausa var det på tide å tenke på nedattur. Vi fann fortsatt ikkje nokon sti, så vi peila oss nedover på utsida av hyttene på Blomsterhaugen. Det var myrlendt og vått terreng, men vi brukte rund to timar ned att til parkeringa.
Her kjem nokre fleire bilde av utsikta på turen.

Tid for å komme seg ned. Nok ein 1000-metring forsert :)

"Under meg på hva jeg får å se - over de høye fjelle".
Korfor skal så du velje å gå vidare frå Stikk ut-posten på Prestgardssetra?
- Jau, du finn jo bær oppover lia.
- Det er herleg å gi seg sjølv ei slik utfordring.
- Ei herleg utsikt å nyte i mils omkrets.
- Det bles på toppane, men det kan det gjere nede i dalane og.
- Tenk å kunne seie at først fekk du 500 høgdemeter i kvar fot for å kome til topps, for så å kunne seie at det blir det same nedatt?! Ergo - 1000 høgdemeter i kvar fot! Slettes ikkje dårleg det, skal eg seie deg!

NB! NB! Ha med rikeleg med drikke, for du treff ikkje nokon drikkekjelde på vegen!

God tur :)

lørdag 29. juli 2017

Turblogg: Når ein har fjellet for seg sjølv!

Mesta 2,5 km i berre bratt oppoverbakke er ikkje berre langt, det er VELDIG langt! Torsdag hadde eg fjellet heilt for meg sjølv på veg til Vettajellet.

Der oppe ligg turmålet: Vettafjellet i Sunndal.
Det var eigentleg ei litt forunderleg oppleving. For meg var denne turen likevel ei slik trening eg trong: Å vise meg sjølv at eg kan gå på harde turar åleine.

Men la meg fortelje om turen frå starten av.
Eg køyrde opp til parkeringa øvst på Viklandet. Dette er langs den gamle gjennomfartsvegen mellom Sunndal og Øksendal. I følgje informasjonen på Stikk ut-sida, ligg denne parkeringa på 234 meters høgd. Dermed blir høgdemetra som skal forserast på turen 735 meter. Vettafjellet er nemleg 969 meter høg.

Her er skiltet som viser at stikk ut-turen startar her. Det går rett inn i skogen.
Turen startar ved stikk ut-skiltet på parkeringa, og turen går rett inn i skogen. Ein ser ganske greit kor ein skal hen. Frå parkeringa ser ikkje toppen spesielt høg ut, men jammen går det oppover og oppover ja. Det første stykket av turen går gjennom skogen på ein fin sti som akkurat no er heilt tørr på grunn av det fine veret. Når ein kjem opp til dei store mastene, dei som ein frå Sunndalsøra ser opp mot horisonten, er ein stort sett over tregrensa. Då endrar strukturen på stien seg, og resten av vegen er det mykje sand og stein, og eg er glad eg har stavane som dreg meg oppover.

Berre dumt å sjå seg tilbake når ein skal på topptur. Men stigen i skogen er tørr og fin.

Og med blikket vendt framover, går det oppover og oppover.

Etter ei stund treff ein på mastene.
I teksten på Moroturs sider (her) står det at turen går i "forholdsvis bratt terreng, enkelte bratte parti". Men eg kan fortelje at det er bratt heile vegen. Det går oppover heile vegen, og det er ingen parti kor det er naturleg å hente seg litt inn eller slakke ned litt.

Det er  kor forskjellig stigen kan opplevast i oppover- og nedoverbakke. Då eg gjekk opp, verka ikkje stigen så vanskeleg å gå, det var blant anna fordi eg hadde stavar. Eg går aldri slike bratte turar utan stavar (det er eitt av mine beste turtips for den som slit med å komme seg oppover). Då eg gjekk ned att, fortona det seg heilt annleis. Då vart eg meir i tvil om kor eg skulle gå, og måtte gruble meire, for å vere sikker på at eg ikkje trakka feil.

Her tenkte eg ikkje på oppovertur at det kunne vere ekkelt å gå nedatt. Best å vere obs i dette området høgt oppi.

Dette området kan og vere ekkelt å gå nedover, men ikkje så ille oppover.

Nærkontakt med høgspentmasta.
Oppe ved den første masta kjem den første skikkelege moglegheita til å sjå på utsikta bortover mot Opdøl og Flå og innover mot Sunndalsøra. Men endå finare blir utsikta når ein kjem lengre opp.
Eit stykke oppi skil stigen og mastene lag. Dei er ganske gigantisk store, og ein går og under ei av dei. Vidare går det oppover og oppover, og ein begynner å tenke om ein ikkje er oppe snart. Og jada, på eitt eller anna tidspunkt kjem ein opp - i blant kan det kjennast uendeleg lenge.

Utsikt mot Opdøl og Ålvundeid.
Utsikt mot Sunndalsøra.

Herleg! Snart oppe!
Så endeleg begynner eg å skjønne at eg nærmar meg toppen, og forventninga til utsikta stig. Eg har nemleg sett bilde frå toppen, og det er ei nydeleg utsikt i mange retningar, blant anna rett ned i Øksendalen.
I tilfelle det var kald vind på toppen, åt eg nista før eg kom opp. Shortsen hadde eg allereie skifta ut med langbukse, og på toppen måtte eg fram meg regnjakka og, sidan den er vindtett. Med andre ord Eg hadde brukt fornuft då eg pakka sekken, men eg hadde gløymt noko til øyrene.

Eg brukte tre timar opp. Då brukte eg tid på å ha eit matstopp og. For meg er det viktig å bruke den tida eg treng, slik at eg ikkje slit meg ut. Då blir turen rett og slett utriveleg. Ned over brukte eg noko kortare tid.

På toppen konsentrerte eg meg om å sjå på utsikta og finne boka eg skulle skrive meg inn i. Og den var faktisk ikkje heilt opplagt kor var. Så eit tips til dei som styrar med merkinga er: Hugs å sette opp stikk ut-merket på den varden kor boka ligg, eventuelt å merke varden med Vettafjellet.
Og dette var utsikta som møtte meg på toppen:

Utsikt ned til Øksendalsøyra og utover Sunndalsfjorden.

Ein større del av Øksendal. Rett over dalen er mitt neste mål - Prestegardssetra.

Resten av Øksendalen. Ein kan sjå omtrent opp til Brandstad, som er den øvste garden.

I den største varden, den næraste, ligg postkassa med stikk ut-boka og Øksendal ILs turbok.

Det var litt vanskeleg å få auge på postkassa med ein gong.

Jepp! Stikk ut-koden registrert!
Mens eg enno er på toppen av Vettafjellet, kan det vere greit å nemne at det er ikkje berre den stigen eg gjekk ein kan gå for å komme til toppen. Ein kan starte lengre borte på Viklandet og gå i frå garden Børstølen opp til Vikskaret, for så å vende mot høgre utover mot Vettafjellet. På den måten kan ein lage det til ein kjekk rundtur i staden for å gå opp og ned same plassen. Sidan eg ikkje er kjend i området, var ikkje det eit alternativ for meg.

Så var det berre å gi seg på nedovertur att. Når eg kjem ned i skogen att, blir eg påmint om kva sesong vi er på tur inn i: bærsesongen. Blåbæra er mesta heilt moden, men det manglar litt på smaken enno.
Eit stykke nede i lia finn eg ein stein eg kan kvile litt på. Og mens eg sitt der med sekken ved sidan av meg og kikkar over fjorden mot Sandvikdalen, kjenner eg meg nett som dronning Sonja på den nye statua av ho - kor ho kviler på ein av sine mange turar med sekken ved sidan av. Og med 80-åringen i tankane kan eg rusle resten av stigen ned lia til bilen.

Snart moden blåbær :)
At det blir mykje blåbær bør vere berre ein av grunnane til å ta denne turen. At det er ei god fysisk utfordring er ein annan god grunn. Gleda over å komme opp og nyte utsikta er den tredje grunnen.
Men obs, obs! Ha med rikeleg med drikke, for det er ikkje tilgang til vatn på turen.

V for victory på Vettafjellet. Ein stor siger for meg å gjennomføre denne turen på eigahand.


søndag 16. juli 2017

Turblogg: Endeleg er Smøla på stikk ut-kartet!

Endeleg er Smøla på Stikk ut-kartet, og eg har vore og prøvd tre av turane der i helga. Her kjem ein omtale om ein av dei lengste turane, nemleg til Storvatnet.

Storvatnet - einaste blåturen på Smøla.
I tillegg til denne turen, gjekk vi til Haugøya NORD (Merk at det er NORD!) og til Kasthaugan, som er ein av dei aller kortaste turane på heile løypekartet.
Eg vil heller fortelje om den lengste turen vi tok, nemleg til Storvatnet, som er den einaste blå turen. Du kan lese om han på Stikk uts sider her.
For å komme til staden kor turen startar, må ein køyre over Frostadheia - altså midt over øya. Turen er mesta tre kilometer lang, men når ein gjer slik som broderen og eg i dag, nemleg å parkere ved masta, blir han over tre kilometer. Turen står skilta med Stikk ut-skilt ved ei høg mast. Der kan ein parkere, men det står skilta ca 300 meter innover ein grusveg med parkering. Der startar stien. Noko av det første ein møter på, er denne båten. Her ser du vatnet du skal gå langs, og målet ligg i enden av vatnet.


Det som eg synes var fint med denne turen, er at sjølv om ein går på ca 20 meter over havet, fekk ein likevel følelsen av å få oppe i høgda på fjellet. Det kunne like så gjerne vere på 800 - 1000 meters høgd ein gjekk på.


Stien kan vere blaut somme stader, men ein går mesta heilt tørrskodd. Men berre mesta, for det skal eigentleg godt gjerast. Heldigvis er det lagt ut nokre klopper her og der, slik at det går bra. Dette er brua over ei lita elv som renn ut i Storvatnet.


Turen går langs vatnet, og kan gjerast som ein fin familieutflukt, for i enden av vatnet, like ved hytta kor postkassa heng, finn ein denne nette (bade?)stranda.

Stien kjem til stranda i frå venstre. Er jo verdt å prøve å bade ein godversdag.
Det er nok ei av dei minstre strendene eg har sett nokon gong.
Like etter denne vesle stranda, kjem ein til hytta kor postkassa heng ute på inngangspartiet. Då er det berre å signere og legge inn koden på telefon før ein gjer seg på tilbaketuren.

Postkassa er på baksida av denne hytta.

Ganske lett å finne ho.

Broder Terje signerer boka.

Ein sjølvie av oss turgåarane.
Og sidan det alt var litt vind, korfor ikkje sjekke vindstyrka? Det gjorde broderen, og konstaterte at det var rundt 10 m/s - frisk bris - men eg vil ho helst seie det var ein utruleg frisk bris. Men fin tur var det!

10 m/s konstaterte broderen om vindstyrka. Det vil seie ein ganske frisk bris.

Etiketter