Totalt antall sidevisninger

lørdag 12. august 2017

I dag tenner eg lys for Geir

I dag er fetter Geir 50 år. Dette blir mi helsing til søskenbornet mitt som har vore borte sidan 8.oktober 2013. Borte frå syne, men ikkje frå sinnet. Derfor skriv eg teksten i du-form.

Geir slik eg hugsar han i ungdommen på Hoemsetra.
Du, Geir, er det søskenbornet eg traff mest i oppveksten. Sjølv om du var oslogut, var du hoemsetergut i hjartet. Aldri ei påske eller ein sommar utan at du var der, og det til stor glede for oss tre som vaks opp på Hoemsetra. Spesielt stor glede til bror min, for dokker var like gamle, og dokker leika seg mykje saman. Kven minnes vel ikkje hytteprosjektet dokkar ved dammen - sjølv om det er snart 40 år sidan. Eller doningane de laga i akebakken ei påske. Eller seglbåten din, som vi og fekk låne. Eller båten din, loppa - den gjekk skikkeleg fort. Eller kven kan gløyme berre den overstrålande gleda di over å få vere på Hoemsetra?
Slik var det, og du høyrte like mykje til der ute i øydemarka som vi som vaks opp der.

Hytta de begynte å snekre, kan reknast som eit forprosjekt til det at du blei snekkar. Du var energisk, starta eige firma, vart byggmeister, hadde lite fri. Du likte ikkje å ha fri heller.
Det var det du forklarte det med sjølv at du blei sjuk då for snart tjue år sidan. For mykje press i jobben gjorde at psyken begynte å svikte. Men likevel hadde du så enormt mykje positivitet og optimisme i deg. Du kunne sjå livet ditt med eit enormt skråblikk. Som den gongen du kom ned på ditt vante vis til huset vårt på Hoemsetra for å slå av ein prat. Bror min sat og klagde og sytte. Då kom det ironisk frå deg: "Ein skulle tru det er du som er sjuk og ikkje eg".

Tidvis kom du vekk for meg, men det trur eg var like mykje mi skuld som di. At eg var travel og budde nordpå, og det var Hoemsetra som var møtepunktet vårt. Men du var alltid der om somrane, også når du var sjuk. Satt under verandaen på hytta til onkel, far din, og søkte ly, men alltid i nærleiken av familien din.
Då søster mi flytta til Valdres, vart hennar heim eit nytt ankerfeste. De to kunne gå fjellturar saman, du trakk pulken på skitur, og du og eg stod saman på kyrkjegulvet då hennar gut nummer to vart døypt. Du hadde ditt rom i huset du kunne trekke deg tilbake til når det vart for mykje støy.
Eg tok meg i å tenke på at vi var i lag og feira tante sin bursdag i Brønnøysund. Då eg og ein slektning stod og målte magar, sidan vi hadde termin samme dag, og du tok bilde av oss. Det var langt på natt, men det var slik ein fin kveld - det trur eg du og syntes. Du var der, du var med - du var ein av oss.

Men så gjekk det gradvis nedover. I takt med det, vart det stadig fleire og lengre turar i fjella i Romsdalen og Sunndalsfjella. Frå du var ung hadde du pleid å ta toget til Bjorli og gå til Eikesdal, eller tok toget til Åndalsnes og gjekk over frå Isfjorden til Hoem. Du var lokalkjend i desse fjella, og eg beundra deg for at du kunne vere så i pakt med naturen.
Eg hugsar du fortalte om ruta du skulle gå ein gong. Grøvudalshytta og Vangshaugen var på lista over hytter du skulle innom. Nokre dagar seinare var eg på Vangshaugen for å lage ei reportasje, og då fekk eg høyre du hadde vore der.

Tenk om eg hadde kunne gått desse turane i lag med deg - berre for å gi deg selskap og for å lære stiane. Lære meir om fjella og om å vere i pakt med naturen. Men du var visst aldri meir i pakt med naturen enn at overnattinga føregjekk på turisthyttene.

Så kom sommaren og hausten 2013. Det er fire år sidan no. Det må ha vore mykje uro i deg og rundt deg. Ei uro som tok deg hit og dit - i eit mønster som vel var heilt uforståeleg for oss andre. Men eg høyrde du hadde vore i distriktet før du for vidare. Eit helikopter som var ute og såg etter deg, men ikkje nokon formell leiteaksjon.
Ikkje før i slutten av oktober. Ingen hadde sett deg på mange veker. Etter kvart fann ein ut at siste livsteikn var 8.oktober. Det vart leiteaksjon og etterlysning i lokalavisene. Ingen fann noko.

Bildet av Geir som vart brukt i etterlysninga av han. Screenshot fra Åndalsnes Avis.

Screenshot frå Åndalsnes Avis av intervjuet med
fetter Knut om leiteaksjonen.
  
Så lagde nevøen din, Edvard, film om deg - "I det fri". Film om kva som kunne ha skjedd med deg. Eg fekk endeleg sett filmen i sommar. I stua på hytta til familien - på det filmskaparen sjølv kalla Hoemsetra Filmfestival. I filmen var det intervju med dei som møtte deg den siste dagen. Nokon på Bjorli og nokon oppe i Romsdalen. Det kom fram at du hadde lege i ei grøft då det stoppa to bilar - først ein privatbil og så ein trailer. På spørsmål om du trong hjelp, svarte du at du berre låg og kvilte deg. Så køyrde bilane, men ein ambulanse vart tilkalla. Då han kom ei stund seinare, var du borte. Det er det siste vi veit.

Eg har tenkt mange gonger på deg, Geir. Tenkt på kva du gjekk gjennom siste hausten, på kva som hende, på kor du vart av. Det å ha svar er så uendeleg viktig, men alt eg har, er berre spørsmål.
I det siste har eg henta fram fleire minne om deg - dei minna som ikkje handla om sjukdom, men om deg, om det fine søskenbarnet mitt. Når du i dag fyller 50 år, er det dei minna eg vil trekke fram, dei minna eg vil hugse.

Gratulerer med dagen, kjære Geir - i dag skal eg tenne eit lys for deg <3

(PS! Filmen "I det fri" var ei bacheloroppgåve Edvard Karijord lagde på Westerdahls skole. For tida gjer filmen det ganske bra på filmfestivalar rundt i verda. Vonleg vil NRK kjøpe han og vise han - enn så lenge er han berre tilgjengeleg på ein filmfestival ein plass i verda.)
Du kan sjå filmen på denne linken.

Coverfoto til filmen "I det fri", som handla om korleis Geir forsvann. Med tillating frå Edvard Arntsen Karijord.

Ein plass i dalen her forsvann du. (Bilde: Henta frå "I det fri" av Edvard Arntsen Karijord)




Ingen kommentarer:

Etiketter