Totalt antall sidevisninger

onsdag 9. august 2017

Turblogg: 3 x WOW! for Romsdalseggen

Sist veke gjekk eg over Romsdalseggen mellom Isfjorden og Åndalsnes. Eg seier berre: 3 x WOW! for Romsdalseggen!



Det første WOW-utbrotet går til løypa.
Det andre går til meg sjølv for innsatsen.
Det tredje går til alle andre som tar turen over eggen.

Men la meg starte frå begynninga. Vi starta heimefrå grytidleg med oppakka sekkar. Klok av skade var regnkleda med nedst i sekken. Vegen gjekk til Åndalsnes, kor vi skulle ta bussen frå. Bussen går kl 9.30 frå jarnbanestasjonen, og den kan førehandtingast på Visit Åndalsnes sine sider (sjå link heilt nedst) eller kjøpast i informasjonen på stasjonen om morgonen. Turen kostar 150 kr for vaksne og 75 kr for born under 16 år og hundar. Bussen går heilt til alle passasjerane har kome seg avgarde.

Det var ganske mange som hadde same plan som oss, så det tok ein time før vi kom oss av garde til startpunktet i Venjedalen, som ligg på 350 meters høgd. Den timen såg vi etterpå kunne vore god å ha til gode til nedstigninga.

Turen startar roleg med slakk stigning dei første kilometra. Det er akkurat som at ein er på ein heilt vanleg fjelltur. Eit stykke oppi kjem siste moglegheit for å fylle på med vatn. Og ein treng rikeleg på denne turen. Då vi gjekk, var det mildt og fint - ikkje alt for varmt, og ein mild bris, så vi vart ikkje overoppheita. Men ein må ha godt over ein liter å drikke på turen.

Slik startar løypa - enkelt og greit.

Litt gjørmete sti nokre plassar.

Dei første kilometra er godt merka med slike skilt.

Ved elva her er siste sjanse til å fylle opp flaskene med vatn.

Det går fortsatt slakt oppover - her på omlag 750 meter.

På ryggen her er det ein skal oppover i høgda.

Det er dette som ligg bak. Eg trur det er Venjetindan desse tindane heiter.

Her er punktet (på 838 m.o.h.) kor du må velje kva rute du vil ta:
Den bratte opp langs ryggen til venstre eller litt flatare og lengre.

Vi har allereie gått 3 km, og sjølvsagt skal vi opp ryggen.

Tid for mat før stigninga begynner. Niste med utsikt :)

Opp her ja: 300 raske høgdemeter venter.
Etter langt og lenge var den bratte ryggen forsert. Han er ikkje så vanskeleg å komme seg opp, det er litt kliving, men mest tungt, fordi det går oppover og oppover. Då vi kom opp på første høgda, kom skiltinga bortover mot Blånebba.

På 1160 moh. kjem tilbodet om å ta ein tur til Blånebba, som er 1320 meter høg. Den tok ein time ekstra.
Turen til Blånebba er ei ekstra sløyfe, kor ein får ei ekstra stigning og ei flott utsikt. Vi bestemte oss for å ikkje ta denne turen. Eg visste det ville bli tungt til beina, og vi hadde knapt med tid. Hadde vi kome oss med første bussen, hadde det no kanskje kunne blitt noko av.
Du kan lese meir om Blånebba på denne linken frå romsdal.com.
Då vi gjekk endå litt lengre, begynte eg å skjønne kva som er magien med Romsdalseggen. Eg skunda meg å rope på venninna mi, Lucy, for no hadde sjøen openberra seg. Og ikkje berre sjøen, men heile den nedste delen av Romsdalen frå Åndalsnes. Hjartet banka hardare - nervøsiteten forsvann. No ventar det aller beste!

No begynner vi å sjå kva som skal skje vidare og kva vi vil få sjå.

På rabben til høgre går turen vidare. Utsikta til sjøen og oppover Romsdalen begynner å openberre seg.

Her ser ein kor elva snor seg i landskapet ned mot Åndalsnes. Dalen mot venstre er der ein køyrer mot Trollstigen.
Ein liten fjellfie på 1100 meter.

Tenk denne som klynger seg fast til håpet
på rundt 1150 moh.

Rabben vi skulle klive på litt nærare hald.

Sjølvie av det meir luftige slaget.
Men sjølv om vi har nådd omlag 1160 meters høgd, har vi fortsatt eit godt stykke arbeid igjen. Fortsatt har vi ikkje gått over nokon egg. Men den første eggen står for tur. Eg er glad eg har med meg stavane, til trass for at dei er litt i vegen når eg må klatre litt nedover og litt oppover att. Her kjem ein bildeserie som viser litt av klyvinga. Ein plass måtte eg ta av sekken og få Lucy til å ta i mot han, men elles gjekk det veldig bra.
Som ein ser av bilda, er det visse parti som er veldig godt sikra. Utan desse kjettingane hadde det vore uråd for meg å komme meg opp.




Så glad blir Lucy på 1215 meters høgd.

Så glad blir eg for å komme til det høgste punktet på turen.

Video av utsikta frå Mjølvafjellet
Eg kjende meg utruleg heldig som fekk ta denne turen saman med venninna mi, Lucy :)
Er det rart ein blir begeistra?!
Det fine med å kome opp på 1200 meter, var at det kom eit parti som gjekk slakt nedover. Det betydde at vi kunne sette opp farta ein del. Dermed gjekk det eit par hundre høgdemeter nedover i relativt god fart. Så god fart at eg trudde eg ikkje fekk med meg det punktet som vel reknast som Romsdalseggen.

Omlag i midten av skaret trur eg vi kom opp. Der står det skilta med Blånebba, som er det meir flate partiet i bildet.

Så var vi i gong med nedoverturen, og dei første høgdemetra var ganske raske.

Langt borte der ligg Nesaksla, kor Di Derre hadde opningskonsert av RaumaRock. Rundt 2000 mennesker var der!

I Mjølvaskaret på 1065 moh, møter ein att stien for dei som vel å gå den lettare turen.
Her er det mogleg å finne meir drikkevatn.

Dette ligg bak, no gjenstår det rundt 1000 høgdemeter.
Dette ligg foran: Litt meir kliving oppover før det går nedover att.


Eit parti som må klivast.

Kan vel ikkje ha gått Romsdalseggen utan å ha tatt eit slikt bilde?!

Vi er fortsatt ganske høgt, men under 1000 meters grensa.

Nesaksla og Åndalsnes i det fjerne.

Omtrent framme på Nesaksla, og der er det nydeleg utsikt innover mot Isfjorden.

Trur det må vere herleg å vere sau på Nesaksla :)

Nesaksla er eit populært turmål på rundt 7-800 moh.

Steinhytta som står på Nesaksla.

Herifrå er det "berre" 700 høgdemeter att.... Og 700 høgdemeter er jo 700 høgdemeter...

Det var visst ikkje alle som rakk å kome seg ned
frå konserten før vi kom...

Å gå frå Nesaksla i kø var tilnærma ei sann mare.
Greit å kikke på den fine sherpatrappa då.

Ein rask sjølvie på utsiktspunktet Rampestreken (550 moh) ved stikk ut-posten. Var kø for å kome heilt fram...

Vi måtte ha ei pause ved gapahuken som er like ovanfor sentrum.

Well done, Lucy :) Vi klarte det :) (Klapper oss sjølve stolt på skuldra!)

God skilting opp frå Åndalsnes (like ved rundkøyringa).

Ned frå toppen der kom vi...
Så korfor vart eg begeistra for denne turen?
For det første er det utsikta - dette er spektakulært (til og med eg ser det!). Tenk å komme så nært på det spektakulære som ein gjer på denne turen. Turen er utruleg godt merka og tilrettelagt, så eg kjente meg trygg heile vegen. Men i møte med naturen blir ein veldig liten.

For det andre fordi dette ikkje berre er noko av det ypperste av attraksjonar vi har i Møre og Romsdal, men eg trur det er den ypperste. Korfor skulle elles mange tusen menneske kvart år gjennomføre denne strabasiøse turen? Ikkje minst er eg imponert over kor liten slitasje det enno har vore med tanke på at det er så mange som går ruta. Og eg fann knappast søppel - berre bananskal og appelsinskal. 

Til slutt seier eg 3 x WOW! for eigen innsats! Tenk at eg greide denne turen! Kva meir kan eg greie no? Følg med i neste episode :)

Heilt til slutt nokre gode råd for å greie denne turen - slik eg tenker det: 
* Still både mentalt og fysisk førebudd til turen (derfor skriv eg denne bloggen såpass detaljert).
* Ver konsentrert om den arbeidsoppgåva du held på med og ver der du er i turen. Ikkje begynn å tenke på at du skal over eggen mens du kliv deg oppover til 1100 meter. Ikkje begynn å tenke at du skal ned når du går opp. 
* Hugs fjellvettreglane: Vis respekt for ver og føre og kle deg etter forholda. Eg hadde skikkelege fjellsko, fordi eg ikkje ville risikere å vrikke foten. Eg lurer no litt på korleis det var å gå i mokkasinar opp til Nesaksla og ned att...(som eg såg ei ungjente gjorde).
* Ha med nok mat og drikke og nyt turen! Med gode sko, god sekk, god niste og god tid trur eg omtrent alle som vil kan greie turen!

* Meir informasjon om turen kan du finne på desse linkane:
Utsnitt av strekninga vi gjekk sett frå bussen.
Oversikt over toppar ein passerer på turen.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Så gøy å lese. Vurderer å gå turen denne uken. Redd den blir for tøff og at den kun er for godt trente personer men har gått Besseggen. Ser jo fantastisk ut men sikkert krevende. Hvor lang tid brukte dere? Sissel

Lady Ingunn sa...

Hei og takk 😊
Eg er jo ikkje blant dei mest smekre, men med hjelp av venninna mi, kom eg meg opp og fram. Eg gjekk med stavar heile vegen.
Det verste med turen var då vi hamna i køgåing frå Nesaksla og ned. Det var tungt til slitne bein.
Eg meinar å hugse at vi brukte rundt åtte timar frå vi starta å gå.
Dette fiksa du, Sissel 💪👍

Anonym sa...

Hei ,hvordan er denne turen mtp høydeskrekk?

Lady Ingunn sa...

Hei!
Eg må vere så ærleg å seie at eg ikkje hugsar det no så mange år etterpå. Men som eg skriv, gjorde eg det detaljert for at andre som kjem etter skal ha eit godt inntrykk av korleis turen er. Fordi det var kjettingar, følte eg meg trygg.
Men eg hugsar eg møtte ein som måtte sitte ned ei stund fordi det vart litt mykje, og det trur eg var på grunn av høgdeskrekk. Eg trur ein berre må stålsette seg, halde seg godt fast i kjettingane, sjå framover og nyte turen og vere stolt av meistringa.
Det gjer ingen ting om ein bruker åtte-ni timar. Bruk den tida ein treng, spis mat og drikk godt!
God tur :)

Etiketter