Totalt antall sidevisninger

tirsdag 1. august 2017

Turblogg: Ved foten til Trollheimen


Tidlegare i sommar var ein kamerat og eg på ein liten snarvisitt på Vollasetra for å registrere stikk ut-koden. Her kjem ein liten rapport om turen.

Det er minst eit par moglegheiter for å kome seg til Vollasetra, og setra, som er turistforeiningshytte (eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforeining), gir eit godt utgangspunkt for turar i fjellet der Trollheimen startar.
Den lettaste vegen å kome seg til setra, og den som står omtala på stikk ut-sidene, begynner like ved Vollan camping, øvst i Sunndal før du startar på Gråura. Du veit at du har kome rett, når du finn denne skiltinga:


Når du har parkert bilen (det står på skiltet at det kostar å parkere, men eg fann ikkje noko som pengane skulle leggast i), er det berre å starte opp på lia. Stien opp er 2,3 km lang, og høgdestigninga er på ein plass mellom 5 og 600 meter. Hytta ligg på omlag 800 meters høgd.

Veldig fin og tørr sti å følgje oppover lia, men den kan er smal mange plassar, så pass på at du ikkje hamnar nedanfor stien.
Stien kveilar seg oppover lia, og ein stig jamnt oppover. No på sommars tid luktar det friskt og godt, og det gjer det motiverande å gå. Etter ei stund opnar landskapet seg, og ein skjønnar at ein er straks framme.
I boka "30 trimturar i Sunndal" av Arne Kittelsen står det at ein brukar rundt 1,5 time totalt opp og ned på turen, men det vil eg seie er springfart. Vi gjekk på 2 timar opp, og då gjekk vi roleg og greit. Ikkje verd å sprenge seg.

Vollasetra og dei omliggande setrene er landskapsvernområde. I bakgrunnen ser ein Langbakksetra.
Det er fint å komme opp på setra. Opp lia er det ikkje vatn, så på ein varm dag, må ein hugse å ta med rikeleg med drikke.
Eg var på besøk på setra for nokre år sidan. Då var eg og skreiv om slåttadugnaden som Naturvernforbundet med Øystein Folden i bresjen arrangerar i august kvart år. Gjennom pengar dei får frå Fylkesmannen, arrangerer dei dugnad kor både Vollasetra og Langbakksetra blir slått - akkurat slik dei vart i gamle dagar.
Grunnen til at det først er i august, er fordi det er då engene oppe på 800 meters høgd er klare for det. I desse bakkane veks det eit rikt mangfald av blomster, og graset skal ikkje slåast før lagt att nye frø, slik at nye blomster kjem neste sommar.
Du kan lese meir om det i denne artikkelen i Tidens Krav.

I den gamle fjøsen er det 12 sengeplassar.
I 2016 var Kristiansund og Nordmøre Turistforeining ferdig med oppussinga av fjøsen på setra. På den er det fire soverom, proviantrom og tørrklosett. Totalt er det plass til 23 store og små å ligge på setra. Med andre ord er det gode moglegheiter for å gjere litt meir ut av turen.

Soveromma i fjøsen har namn etter tindane i området rundt.

Eldhuset - her er det seks sengeplassar.

Liabøsetra ligg innanfor Oppdals-grensa. 

Mange moglegheiter for å gå tur vidare. Det er og fleire toppar ein kan gå til.
På skiltet ved sidan av setra står det skilta turar til andre turmål. Stien over til Bårdsgarden i Storlidalen er nyrenovert, og vart gjenpopna i fjor haust. I tillegg er det fleire fjelltoppar ein kan besøke, og den nærmaste er Ekkertinden (1189 moh). Kråkvasstinden (1700 moh) er eit anna kjent fjell.
Og her skulle sjølvsagt eg fortalt at eg også var til Ekkertinden på same turen. Men den gong ei... Det må eg ha til gode til ein annan tur.  Då skal eg og utforske Ekkertinden!
Særdeles tiltalande grasmark oppe på Vollasetra. Herleg å kjenne på lukta av sommar :)

To av dei fire bygningane ein kan ligge i på Vollasetra.

Tankane frå Rolf Jacobsen, som står i stikk ut-boka, er gjenkjennbart.

Ingen kommentarer:

Etiketter