Totalt antall sidevisninger

lørdag 28. oktober 2017

Reiseblogg: Turist i Dublin

No når den aktive tursesongen er på hell, kjem eg til å legge ut reiseskildringar frå ferieturen min til Irland og Wales i juli. Ein ganske bra tur med mange fine stadar å reise til! Turen startar i Dublin, nærmare bestemt i Christ Church Cathedral.


Det første glimtet av det grønne landet - Eire/ Irland.
I sommar var eg og ein god kamerat på ferietur til Irland og Wales. Hovudgrunnen var at vi skulle på konsert med Coldplay i Cardiff i Wales, men vi var einige om at vi måtte sjå meir enn berre hovudstaden i Wales. Så då starta planlegginga og bestilling av flybillettar, togbillettar, hotellrom med meir.

Første stopp på turen var Dublin. Det er ein by med lange historiske liner. Mellom anna les ein i "Soga om Gunlaug Ormstunge" at han drog innom kong Sigtrygg Silkeskjegg (eg synes det namnet er så kult). Silkeskjegg regjerte i Dublin rundt årtusenskiftet i overgangen mellom 900- og 1000-talet. Då hadde det allereie vore vikingar i lange tider i byen.

Tilbake til notida, så starta vi med å gå på konsert i Christ Church Cathedral den dagen vi kom dit. Kyrkja høyrer til The Church of Ireland, som har si opprinning i den gamle keltiske kyrkja etter St. Patrick på 400-talet. Denne kyrkja vart påbegynt bygd i rundt 1030, og eg meiner ho har klare slektslege trekk til Nidarosdomen i Trondheim. Katedralen skal visstnok vere blant dei eldste bygga i Irland.

I Irland vart dei første kyrkjene bygd allereie på 300-talet, mens Konstantin var keiser i Romarriket. På den tida var det sterkt statleg styre av kyrkja, noko normannarane fortsette då dei kom til Irland på 1100-talet. At Christ Church Cathedral har hatt ein spesiell plass i samfunnet, kan ein skjønne fordi sarkofaget av leiaren for den anglo-normanniske hæren, Strongbow (fødd som Richard de Clare, 2. jarl av Pembroke) har ein sentral plass i kyrkja. Då delar av kyrkja vart øydelagt på 1500-talet, vart sarkofaget og øydelagt, men ein ny vart laga til kort tid etter. (Sarkofag = "ymse typar av særleg påkosta likkister som markerer den avlidne sin særeigne sosiale eller religiøse status ved det viset kista er utforma på, materialet ho er laga av, og ofte storleiken på ho" - Wikipedia).

Christ Church Cathedral ligg sentralt i Dublin.
Det keltiske korset er symbolet til den irske kyrkja.

Det hadde vore sommarkurs for musikarar i alle aldrar med sluttkonsert i kyrkja.
Prekestolen har viktoriansk utsmykning.

Altertavla i kyrkja er frå 1870-talet.

Bildet under:
Laurence var erkebiskop i Dublin då Strongbow inntok i 1169. Han spelte ei viktig rolle i å forsvare byen mot inntrengarane, og var den som dreiv med fredsforhandlingar. Han spelte og ei viktig rolle i gjenoppbygginga av Christi Church Cathedral, og han hadde eit stort ønske om å dra Den anglikanske kyrkja i retning av den europeiske kyrkja. Erkebiskopen døydde i 1180, og i 1226 vart han heilaggjort på bakgrunn av mirakel som skjedde ved grava hans.
Glassmåleri av biskop Laurence frå 1100-talet.

Glassmåleri av St. Patrick, som var grunnleggaren av den irske kyrkja.

I kyrkja er det mange sarkofag med viktige døde menneske. Dette er hærføraren Strongbow sitt sarkofag.

Kyrkja var full av minneplater for menneske som hadde gjort ein heiderleg innsats for kyrkjelyden.
Christ Church Cathedral har mange små kapell i katedralen. Bildet under er i frå Lady-kapellet. Flisene på golvet i kyrkja er frå middelalderen, og det skal vere 63 mønster i desse flisene, og dei fins kopiert i viktoriansk stil gjennom heile katedralen.

Kyrkja har fleire slike små kapell kor ein kan ha seremoniar.

Mykje spennande historie å få med seg i den staselege katedralen.

Under kyrkja er det ei krypt med fleire statuer.

Originalt golv frå då kyrkja vart bygd.

På omvisninga fekk eg prøve å ringe med kyrkjeklokkene.
Det er ei historie frå 17-1800-talet om ein katt og ei rotte som vart funnen i kyrkjeorgelet. Historia fortel at katten jakta på rotta, men dei sette seg fast i ei av orgelpipene. Om det er sant, skal vere usagt, men iallfall er dei utstilte i ein monter i katakomben.

Sagnet om katten og rotta.

Utsikt frå taket av Christ Church Cathedral.

2 kommentarer:

Storbyferie.com sa...

Mange gode Dublin-tips!

Lady Ingunn sa...

Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding, Storbyferie.com.

Etiketter