Totalt antall sidevisninger

tirsdag 10. oktober 2017

Turblogg: Med utsikt mot Atlanteren

Det har vorte alt for få turar ute ved kysten. Det fekk eg gjort noko med i dag - i eit fantastisk haustver og med ei fantastisk utsikt til Atlanteren.


Varden på Talstadhesten - 913 moh.
Eg hadde avtalt med ei venninne at vi skulle utforske Talstadhesten i dag. Med sine 913 meter over havet er det ikkje det høgaste fjellet i Fræna kommune, men blant dei høgaste. Uansett reknast det i stikk ut-sesongen 2017 som det høgaste stikk ut-målet  i Fræna (Luten reknast for å vere eit turmål i Eide).

Turen starter eit stykke ovanfor sentrum av Elnesvågen. Det står godt skilta oppover. Stor og romsleg parkering, for dette er eit populært turmål. Dessutan er det ikkje parkering berre for dei som skal til Talstadhesten, men og dei som skal til Lågheia, Høgheia og Haukåssetra. På ein godversdag i ferien, slik som i dag, var det mange bilar der.

Skilting til de viktigste turmålene i området.
Opp til Haukåssetra, kor det er ein nybygd gapahuk med fine forhold for ein liten søndagsutflukt, er det fin grusveg.

Haukåssetra gapahuk.

Skilting av den bratteste stien mot Talstadhesten og stikk ut-målet Lågheia.

Det var denne vegen vi tok opp mot Talstadhesten.
Vi tok den lengste vegen mot toppen. Frå Haukåssetra startar turen ikkje spesielt bratt. Vi går over ei elv, men vi tok ikkje vatn i flaskene. Vi var rett og slett usikre på om elva var rein. Derfor er det viktig å hugse å ha tatt med seg nok vatn til turen.
I det partiet er det ein del blaute, gjørmate område. Ein greier seg fint om ein siktar mot alle steinar og røter ein kan sjå. Stien er ikkje spesielt godt merka, men ein ser at det er ein sti. Når ein har kommen forbi dei blautaste områda, kjem ein til det bratte partiet. Ikkje veldig super sti, det går oppover og oppover, og det verkar som at skogen og den dårlege stien aldri tar slutt. Denne delen av turen får eit terningkast 2 av meg.
Så nær sagt plutseleg skjer det det som er så herleg med mange fjellturar. Ein kjem over skoggrensa, og plutseleg sansar ein at turen har ei langt større meining enn kjedeleg skogvandring.

Skog og skog og inga utsikt.

Midtkvile - på tide å få i seg litt mat - alle tre var svoltne.

Sjå der - det begynner å bli utsikt :)

Prins var gira på å komme seg opp.

No begynner vi å snakke!!!

Så steig Jendemsfjellet fram.
På Midtkvile var vi svoltne alle tre. Her lærte eg og noko nytt (det er det fine med turar!). Prins hadde nemleg ikkje spist noko til frokost før vi drog heimanfrå, og oppover lia var det tydeleg at han begynte å gå tom og bli umotivert. Han var tydeleg fornøgd då eg fann fram matboksen hans med brødskive og tørrfor. Maten fekk bein å gå på. Då var vi klare til å gå vidare og gi oss i kast med dei neste høgdemetra.
Det var ein fantastisk følelse å stige over tregrensa. Då skjønte vi kor flott utsikt vi skulle få. Eg gledde meg veldig på å sjå havet. Hadde vi vore der noko seinare, hadde vi vel kanskje sett sola ned mot horisonten.
Litt meir pause måtte vi ha på vegen før vi kunne ta dei siste høgdemetra. Men det fine med å stige over tregrensa, er at det begynte å flate meir ut, slik at det vart ein jamn, fin sti oppover. I omtalen av turen (som du finn her), står det at ein kjem først til nokre "luretoppar", men ein skjønnar når ein begynner å nærme seg toppen. Og nær sagt plutseleg stig varden fram frå det blå. Hurra - snart oppe!

Matpause.

Så dukka høge fjell i Rauma opp i horisonten.

Her ser vi opp på ein av desse "luretoppane".

Det vart litt meir moderert terreng etter kvart.

Terrenget vart lettare etter kvart som vi kom oppover.

Siri ved ein av "luretoppane".
Vi har aldri blitt fotografert så mykje, Prins og eg, som på denne turen... hehe :)
Like før toppen kom vi til eit platå kor vi fekk panoramautsikta rett imot oss. Noko så fantastisk! Det var panorama i 360 grader - men dessverre gløymde eg å filme det... 
Oppe på toppen står varden og postkassa. Talstadhesten er stikk ut-post! Her kjem eit knippe bilde av den fantastiske utsikta :
Utsikt mot Frelsvatnet, Hostadvatnet,  Sjurvarden, Stemshesten, Melen og Farstad.

Litt usikker kva denne fjellrekka heiter. Kanskje nokon kan bidra her?

Tid for å skrive seg inn i stikk ut-boka :)

Tenk å vere stikk ut-postkasse med denne vakre utsikta!

Kva skoder våre auge i bakgrunnen? Skjorta, Fløtatinden, Vikesaksa og andre viktige fjelltoppar. For ein vellukka tur!

Litt bedre zooming av fjella heime! Det aller viktigaste med turen - sjølvsagt :) Kan nokon hjelpe til med namning?
Eg zoomar litt til, eg, forresten :)

Langvatnet, Herskarvatnet og Lauvhornet.

Det fantastiske Romsdalspanoramaet! 

Utsikt mot Jendemsfjellet.
Ja, det var kjempefint oppe på toppen. Det var berre eit minus: Alle teikn tyder på at eg gløymde gåstavane mine ved postkassa. Eventuelt litt lenger nede. Kan nokon bringe dei ned og leggje dei inn på ein butikk kor venner av meg kan hente dei?

Men då vart det retur ned same vegen. Vi såg ikkje kor den andre stien gjekk hen frå toppen, og uansett var den vesentleg brattare enn den vi hadde gått, så det var ikkje veldig aktuelt å leite opp den stien heller.
Totalt på turen brukte vi i overkant seks timar. Vi brukte - med matpauser - rundt fire timar opp, og så vart det rundt to timar ned.
Det fantastiske med denne turen, var den enorme utsikta. Vi kunne sjå over mot ganske mange kommunar - frå Sandøy ute i vest til Sunndal og mogleg Surnadal i aust. Totalt trur eg ein kunne sjå inn i nærmare 12 kommunar.

Verdas beste turkamerat <3


Ingen kommentarer:

Etiketter