Totalt antall sidevisninger

søndag 15. oktober 2017

Turblogg: Viktig melding 1: Følg stimerkinga!

Det ser jo ganske tullate ut - at to kvinnfolk gjer seg klar for fjelltur opp i høgda når regnbygene og skodda truar seg stadig lengre ned i dalsidene i Sunndal.



La meg seie det med ein gong: Turen blei såpass innhaldsrik, at eg må fortelje om han i to delar. Del 1 handlar om oppturen, del 2 handlar dermed om nedturen. Og om forteljinga har ein moral? Ja, den ligg i tittelen: Det er ein grunn for at vi har merka stiar!

Vi starta altså avgarde torsdag morgon - vi var litt tvilande, men vervarselet for distriktet utanfor Sunndal var bedre enn i Sunndal, så vi valde å stole på Yr. Og lykka stod oss to kjekke bi - då vi kom ut av tunnellen mellom Jordalsgrenda og Fredsvika, var det klårver så langt auga kunne skode. "Dette blir ein bra dag," var vi einige om.

Så turen vår gjekk til Osmarka skistadion, kor vi parkerte. Der såg vi umiddelbart turmålet vårt: Duå.

Frå Osmarka går starten av den 7 km lange løypa til Duå, som ein skimtar i bakgrunnen.

Reinsfjellet har ein og utsikt til på turen.
Turen starta lett bortover i skiløypa og langs grusveg og traktorveg eit langt stykke. I følgje Moroturs omtale av turen (som du finn her) er det faktisk 4 km med slikt dekke før du kjem ut på anna underlag.
Og la det vere sagt med ein gong: Viss du skal gå denne ruta: Les turomtalen nøye, så sparer du deg for mykje "løye" (artig) - du får ei bedre turoppleving med å gå turen slik den står nøye omtalt. Det er det aller beste rådet eg kan gi for turen.
Grunnen til at vi valde å starte turen frå skistadion, var fordi det er den løypa som står omtalt på Moroturs sider, og sidan vi ikkje er lokalkjende, gjorde vi det valet. Det kjem eg nok tilbake til seinare.

Ganske tidleg på turen passerte vi Hanasettjønna.

God skilting som viste kor vi skulle gå vidare.

Her var det merking både med stikk ut og Friluftsrådet.

Undervegs kjem ein til informasjonsplakatar om det biologiske mangfaldet.
Etter å ha gått i mesta 1,5 time, kom vi fram til idylliske Duålisetra. Der passa det heilt perfekt å ha matpause, for der var det benkar å sitte på. Då alle tre hadde spist seg mette, var det tid for å starte på den verkelege turen.

Duålisetra - verd ein tur i seg sjølv.

Benkane er sponsa av Osmarka Bygdelag.

Her er det tid for å legge turen inn i dei heggemske/ osmarkske skogar.
Så begynte altså turen oppover. Det var ganske greit terreng, nokre våte område, men ikkje verre enn at eg tenkte at her kan eg kjenne på turgleda. Prins var fornøgd og, og turen gjekk rett så bra ei lang stund. Så begynte landskapet å endre seg. Vi kom opp i eit skar - Duålia står det på kartet, og vi møtte ei pil som viste kva retning vi skulle. Litt seinare fekk vi auge på stikk ut-skiltet eit stykke frami. Det skiltet viste vegen til der stigninga verkeleg starta. Herfrå skal ein opp mesta 300 høgdemeter.

Når du kjem opp i skaret og ser desse stokkane: Følg dei!

Framme i skaret her startar turen oppover til venstre.

Anne Grete studerer kor vi skal gå vidare.

Her startar dei siste 300 høgdemetera.

Her opp går stien. Følg stavmerkinga oppover.

Fin utsikt nedover Skeidsdalen.
Dei siste 300 høgdemetera var tunge, og her kjem eg tilbake til overskrifta: Følg stimerkinga! Det er sett opp stavar oppover heile fjellsida. Stort sett er dei lette å sjå, men nokon plassar er det litt for langt mellom stavane, og då vart vi meir usikre på kor vi skulle gå.
Ein plass hamna eg ut på eit lite svaberg, og før eg visste ordet av det, mista eg festet og begynte å gli nedover. Heldigvis gjekk det bra med Prins, som jo hang fast i meg, og heldigvis fekk eg god hjelp av Anne Grete til å kome meg på sikker grunn. Men det var ei veldig ekkel oppleving.

Ganske bratt opp nokre parti, ja.

Prins tok seg tid å kikke på utsikta frå ytst på ein kant kor det gjekk rett ned.
Endeleg høyrer eg eit forløysande ord frå ho framom meg - Yes! Vi er oppe. Vi hadde komme oss opp på Duå på 797 moh. Eg trudde den kanskje var 100 meter høgare - blant anna fordi det verka slik. Men vegen opp var bratt og delvis farleg - eg ville ikkje ha tatt med ungar opp der. Då eg kom opp på toppen til varden, oppdaga eg at det var ungar der... Korleis hadde dei kome seg opp. Jau, dei hadde gått frå Botterlia. Seinare på kvelden fann eg ut at den vegen er mykje lettare og kortare - dei går der på ski faktisk.
Så korfor er det då den bratte, mesta farlege ruta som står oppført i Stikk uts rutekart? Det er for meg ei gåte, og eg irriterar meg over det. Men: Nedturen skal eg altså fortelje i eit nytt blogginnlegg - og det vil heite: Viktig melding 2: Følg stimerkinga!

Varden på Duå.

Hadde det vore eit lettare skydekke, hadde vi nok sett heilt ut til Smøla. Litt til venstre er vel Freikollen.


Litt usikker på kva retning ein ser her.

Utsikt mot Trollvatnet og retning Molde.

Her trur eg bestemt at eg ser fjella heime på ein dag med mindre skyer.

Utsikt med retning Romsdalshalvøya og Sekken.

Ingen kommentarer:

Etiketter