Totalt antall sidevisninger

lørdag 18. november 2017

Reiseblogg: Ein tur rundt i vakre Kilkenny

I det eg kom med bussen inn til byen tidleg laurdag føremiddag, slo det meg umiddelbart: For ein vakker by! Og eg vart ikkje skuffa. I dag skriv eg om den vakre byen Kilkenny, som eg besøkte i begynninga av juli.

Dette var noko av det første eg såg då eg kom inn med bussen til byen.


Min reisevenn, Tom, og eg hadde avtalt å ta kvar vår reiseveg frå Dublin til Wexford og Rosslare. Då eg planla turen heime, såg eg at Kilkenny kunne vere ein plass å reise til. Byen tilfredsstilte dei to viktigaste krava: Det var eit slott/ festning der og byen låg høveleg langt frå Dublin, slik at eg kunne nå byen tidleg laurdag.
Det er fleire busselskap som køyrer frå Dublin til Kilkenny, men eg reiste med Dublin Coach, som køyrer ekspressbuss som går vidare til Waterford og Cork (tar mesta to timar frå Dublin sentrum). Cork vil eg besøke ein annan gong, men Waterford kjem eg tilbake til i ein seinare reiseblogg.

I det bussen kom inn til byen, vart eg møtt av fargerike blomster som hang langs dei smale, kronglate gatene, og ikkje minst elva Nore som renn gjennom byen. Eg vart slått av undring over kor fin byen framstod, og eg kjente eg gledde meg til å finne ut meir.



Enno tidleg laurdag føremiddag, og eg kjenner at eg gler meg på timane i Kilkenny :)




På mi ferd gjennom byen, hamna eg forbi det gamle fengselet og rettsalen/ domstolen. Dette bygget skal vere bygd oppå ei festning som stod der frå 1200-talet, Graces festning, som var eigd av ein velståande familie. Mot slutten av 1560-talet vart festninga/ slottet begynt brukt som fengsel/ kasjott, og bygget vart inkorporert i ei festning frå 1600-talet. Mot slutten av 1700-talet vart dette rettshus. Bygget har blitt vesentleg modernisert og istandsett - det kan ein sjå om ein kjem inn frå den andre sida av bygget. 
I 2008 vart det gjort arkeologiske utgravingar i rundt bygget, og då vart det funne tretti begravde lik der, dei fleste truleg fangar - også heilt tilbake til middelalderen.



Kilkennys gamle fengsel og rettshus.
Det var enkelt å sjå at det hadde vore fengsel på gateplan.
Eg starta å rusle gjennom gatene med det mål for auge å finne St Canices Cathedral først. Eg hugsar ikkje om eg hadde kart eller om eg brukte kart på telefonen, men etter ei stund kom eg fram til ei kyrkje. Eg veit ikkje om ho var opa, så eg fekk dessverre ikkje sett ho innvendig. Men kyrkja var Black Abbey - ei ganske kjent katolsk middelalderkyrkje i Kilkenny. Kyrkja skal vere tatt godt vare på, og det store glassmåleriet framst i kyrkja, skal vere spesielt. Det kan ein og få inntrykk av på det nedste bildet frå kyrkja.
Kyrkja var bygd i 1225 av William Marshall, jarlen av Pembroke (Pembroke i Wales kjem eg tilbake til i ein seinare reiseblogg). Kyrkja hadde ei sentral rolle i folkelivet og i kyrkjelivet i byen fram til 1543, då kong Henry VIII konfiskerte heile kyrkja og gjorde ho om til ein domsstol. På 15-1600-talet var det stor usemje mellom den anglikanske kyrkja og den katolske kyrkja, og Black Abbey spelte ei viktig rolle i det å sikre den katolske kyrkja sin plass i Irland. Ein lang periode var kongen/ dronninga anglikansk, og dei behandla ikkje den katolske kyrkja med silkehanskar. Derfor var det og viktig for kyrkja at kong Charles I, som regjerte på 1640-talet, var katolsk. I periodar med katolske kongar blomstra Black Abbey, mens det under protestantiske kongar var okkupasjon og plyndring. Ein periode på slutten av 1700-talet vart kyrkja stengt heilt, men ho vart i standsett, og frå 1800-talet har kyrkja vore opa for publikum og vorte tatt vare på.
(Kjelder: Visit Kilkennys nettsideWikipedia/ Black Abbey med fleire)

Portalen markerte den gamle bygrensa, og Black Abbey låg rett utanfor.





Denne statua står rett utanfor kyrkja.



Frå Black Abbey rusla eg vidare - fortsatt med det mål å finne ein heilt spesiell katedral. Då kom eg forbi denne, som er St Mary's Cathedral. Det er og ei katolsk kyrkje/ katedral. Ho er bygd på midten av 1800-talet. Om den katedralen kan du lese meir på kyrkja si nettside.

St Mary's Cathedral.
Så gjekk den lange vandringa mi vidare. Dei har noko som heiter "Medieval Mile" i Kilkenny, kor ein er innom fleire ulike middelalderplassar i byen. Eg syns mi "medieval mile" blei skrekkeleg lang... Eg brukte alt for mykje tid på å komme meg fram dit eg skulle, så då vart tida mindre til å sjå. Og eg hadde altså enno ikkje kome fram til den katedralen eg leita etter. Så kom eg til ein kor det stod eit skilt med "St Canices Church". No var eg vel endeleg kome fram dit eg skulle? Men kor var det runde tårnet eg skulle sjå? Her var det opplagt noko som ikkje stemte... Og ganske rett. Dette var ei lita katolsk kyrkje, og ikkje ein stor, prangande katedral. Men den var open, og eg gjekk inn og såg.

St Canices Church - denne er katolsk.

Eg var overraska over at kyrkja hadde eit enkelt interiør. 

St Canice var ein irsk pater på 500-talet.
Grunnen til at det er to kyrkjer/ katedralar i Kilkenny som er oppkalt etter Canice, er fordi byen er oppkalt etter Canice, som opprinneleg heitte Cainnech. Kilkenny er på irsk (gælisk) "Cill Channigh", som betyr "kyrkja til Cainnech". Dette området var eitt av dei siste som konverterte til kristendommen i Irland, men dei overgav seg då St Canice kom til staden på slutten av 500-talet. Han bygde den første kyrkja i byen på dei same tuftene kor St Canices Cathedral står.
Kjelde: Wikipedia (engelsk).




Så gjekk eg vidare - og endeleg kom eg fram til St Canices Cathedral. Eg hadde med meg all bagasja, var sliten og lei av å bere, og fekk heldigvis sette att bagasja mens eg var turist i kyrkja og tårnet.
Kilkenny Cathedral, som katedralen og heiter, tilhøyrer Church of Ireland. Katedralen er bygd på 1200-talet oppå restar etter tidlegare kyrkjer, og er den andre største i Irland - berre St Patrick Cathedral er større.


Rundtårnet ved sidan av katedralen er rundt 30 meter høgt (100 fot), og vart bygd på 800-talet. Opprinneleg fantes det rundt 120 slike tårn i Irland som var bygde i perioden 800-talet til 1100-talet, men no er det rundt tjue att som er tatt vare på, tre av dei er utanfor Irland. Dette rundtårnet er eitt av tre middelaldertårn som det går an å ta seg opp til toppen i. Ved utgravingar under tårnet i 1846-47, fann dei ut at grunnen under var berre drøye halvmeteren djup. Under der fann dei blant anna skjeletta av det som truleg var ein familie - to born og to vaksne. 
Trappa opp var ekstremt smal og svingate. Etter å ha gått ei liknande trapp i Christ Church Cathedral, kjente eg meg van med slike trapper. Og fleire ville det bli seinare.

Ganske trongt å ta seg opp og ned her.                     
Då eg kom opp, vart eg slått av ei utruleg flott utsikt. Eg var veldig heldig med veret. Det var overskya, men det var fullt mogleg å sjå i lang, lang lei utover Kilkenny County.
Her kjem ein del bilde som viser utsikta i alle slags retningar.




Brua til venstre heiter Green's Bridge og er frå 1765, kyrkja til høgre er St Francis Abbey frå ca 1250.

Kyrkja nærmast er Black Abbey, den bak er St Mary's Catholic Cathedral.
St Mary's Cathedral og Black Abbey på litt nærare hald.

Rett fram er Kilkenny Castle. Like foran til høgre er St Mary's Church frå 1205.
Endelaust langt med flatt landskap i Irland. I det fjerne kan ein skimte ein topp som truleg er nokre hundre meter høg.
I feel HAPPY in Kilkenny :) Hit vil eg tilbake ein annan gong!
Det tretti meter høge Round Tower.



Katedralen ser staseleg utanifrå, men la oss gå inn og sjå.



Delar av gulvet i kyrkja.

 
Orgelet er frå midten av 1800-talet.

 Også i denne katedralen er det mange slike minnetavler - "memorials".


Grava til ein av biskopane.



 I dei anglikanske kyrkjene finn ein ofte små kapell i katedralen.


Framme i koret er det 3 x 3 sett av slike vindauge med glasmåleri.
Legg merke til flisene i gulvet, som representerer dei fire provinsane i Irland.

Framste del av koret.


 Sett andre vegen - ned mot der kyrkjelyden sitt. Legg merke til fellestrekka
katedralen har med Nidarosdomen i utforminga på portalane/ bogene.

 Ein gullfugl sett framanifå. Men kva skjuler seg når ein går bak?


 Skrifta.


 Fint å vere i katedralen og tenne lys for dei ein saknar.
Neste glimt i bloggen blir frå besøket på Kilkenny Castle.

Legg inn en kommentar

Etiketter