Totalt antall sidevisninger

søndag 12. november 2017

Reiseblogg: Så gjekk vegen vidare til Dublin Castle

Frå middelalderkyrkja Christ Church Cathedral gjekk turen vidare til middelalderfestninga/ slottet Dubin Castle. Bli med på Ingunns Medieval Tour - from castle to castle.

Dublin Castle.


Området var frå 841 busett av vikingar, og det varte fram til tidleg på 900-talet, då irane trengte dei ut av landet. I 917 var dei tilbake og etablerte Dublin som by (kjelde: http://www.viking.no/s/ireland/n-dublin.htm). Funn frå utgravingar tyder på at Dublin var eit viktig utgangspunkt for den handelen vikingane dreiv ute i Europa. Det runde middelaldertårnet er eit av dei eldste og mest intakte restar i frå den opprinnelege byen Dublin vart etablert som.
Slottet vart opprinneleg bygd som ei middelalderfestning under kong John av Englands styre på 1200-talet. Frå 1204 til 1922 var Dublin Castle sete for engelsk/ britisk styre i Irland. I den tida var det residensen til monarkiet sin irske representant, the Viceroy of Ireland, visekongen. Men slottet er eldre enn det. Bli med ein runde rundt i noko av det flottaste som er å finne i Dublin.

Noko av det mest fascinerande med festninga/ slottet, er korleis det er bygd. Ein kan sjå røtene tilbake til vikingtid og middelalder, og ein kan sjå røtene frå 16-1700-talet. Mesteparten av slottet er frå 16-1700-talet, då det vart ombygd frå å vere ein middelalderbastion til å bli eit georgiansk slott. Fordi slottet var det britiske monarkiet sitt representasjonshus i Irland, hadde det status som "State Apartments". 

        Den delen av slottet kor ein finn restar etter vikingtida. I delen til venstre er det eit kapell.

Ikkje mykje som minner om vikingtid når ein kjem inn i slottet.
Denne lange korridoren er frå 1700-talet - i følge slottet si nettside var korridoren designa i 1758. Korridoren leder fram til det som var visekongen sitt rom. Romma var brukte til representasjon mens Irland var underlagt England/ Storbritannia. Slottet var brukt til mange fine seremoniar og samankomstar for aristokratiet. Sannsynlegvis var det nok kjolar som likna på den vi ser på bildet under her damene hadde på seg.



Dette rommet heiter "The State Drawing Room", og er frå 1838. Det vart brukt som eit audiensrom for hustrua til visekongen. I følge slottet si nettside var det dronningbesøk her i 1907 og 1911, då dronning Alexandra og dronning Mary brukte rommet som audienserom.
Fortsatt i dag blir rommet brukt som audienserom av den irske presidenten.
Det store måleriet ein ser midt på veggen, er måla av Sir Anthony van Dyck, ein av dei ledande portrettmålarane på 1600-talet i Europa.

Portrett av dronning Victoria.

The State Drawing Room.
Tronerommet er i frå 1788, og det vart brukt som audienserom kor visekongen tok i mot gjestar på vegne av den britiske monarken. I følgje nettsida til slottet vart også rommet brukt som ein arena kor dei yngre aristokratane gjorde sin entre i det aristokratiske sosietetsliv.
Trona vart laga til kong George IVs besøk i Dublin i 1821, og seinare vart den og brukt av dronning Victoria og kong Edward VII då dei besøkte slottet. Den siste kongen som brukte denne trona før Irland vart uavhengig, var kong George VI i 1911.


Måleria på veggen til høgre for trona er mytologiske motiv måla av italienaren Gandolfi i 1767.
Krona og nasjonalsymbolet på nært hald.
I portrettgalleriet heng det måleri av dei irske visekongane. Rommet er frå 1849. Hovedfunksjonen til rommet var å vere salen kor offisielle middagar vart serverte. På 1700-talet vart nye matrettar introduserte her, slike som ansjos, kaviar og mango. Fordi dette var dyr og eksotisk mat, vart det eit bilde på den velståenheit som gjaldt for visekongane.
Rommet er fortsatt i bruk til offisielle middagar i dag for den irske regjeringa.


Standsmessig rom for middagsservering.
St Patricks Hall er det største og flottaste rommet på slottet. Det er eit av dei største seremoniromma i Irland, og vart bygd som ballsal i siste halvdel av 1700-talet. Måleria i taket er gjort av italienaren Vincenzo Waldré i frå 1788.
Flagga du ser på veggen på bildet under her, høyrer til St Patrick-riddarane, som hadde denne salen som møtepunkt.
Salen brukast som seremonirom ved presidentinnsettingsseremonien. Mange kjente og prominente menneske har besøkt salen, blant andre John F. Kennedy, fyrstinne Grace av Monaco og dronning Elizabeth 2. Ein av statsleiarane eg likar godt, statsminister Justin Trudeau frå Canada, var innom denne salen berre tre-fire dagar før eg dukka opp der :)









Her er det irske nasjonalsymbolet - ein forgylt citar på ein blå bakgrunn, og det er det eldste symbolet for Irland. Mange trur at det skal vere grønn bakgrunn, sidan Irland er kjend som den grøne øya. Når det gjeld nasjonalsymbolet, er det blått. Det kallast The Presidential Standard, og er og symbolet for den irske hæren. Det har vore i bruk sidan kong Henry VIII styrte i England på 1500-talet.



Vikingdelen av slottet. Under eine delen av slottet kan ein enno finne restar etter det vikingane bygde på 900-1000-talet. Gamle murar viser at vikingane gjorde grundig arbeid når dei sette i gang å bygge eit forsvarsverk. Det området som er tilgjengeleg for publikum viser ein av dei veggane dei sette opp.


Teikninga i bildet viser korleis festningsveggen gjekk langs elva Poddle.

Slik kan festninga ha sett ut for rundt eitt tusen år sidan.

Dette er ei rekonstruert teikning av Dublin anno 1275.
Det kongelege kapellet (Chapel Royal) har sin naturlege plass i slottet. I følgje nettsida har det vore eit kapell på slottet sidan 1242, kanskje tidlegare.
Dette kapellet vart opna som visekongen sitt anglikanske kapell 1. juledag i 1814. Etter kong Georgs besøk i kapellet i september 1821, fekk kapellet namnet Chapel Royal. I frå den irske frigjeringa i 1922 vart kapellet ståande ubrukt i mange år, men i 1943 vart det omgjort til eit romersk-katolsk kapell.









Turen i Dublin vart avslutta med ein rusletur vidare til St Patrick's Cathedral og St Stephen's Green.
Dessverre rakk eg ikkje å besøke den prektige katedralen - noko må eg ha til gode til neste gong eg besøker Dublin.
St Patrick's Cathedral vart grunnlagt/ bygd i 1191, men var omtala som kyrkje allereie på slutten av 800-talet. I 1300 kom dei ein avtale mellom Christ Church Cathedral og St Patrick's Cathedral, som avklara forholdet mellom desse to katedralane. Katedralen var opprinneleg katolsk, men etter den engelske reformasjonen på 1500-talet, vart kyrkja anglikansk. I hundreåra etterpå var det kongen/ dronninga sitt religiøse tilhøyre som avgjorde om kyrkja var anglikansk eller katolsk. I 1869 vart det vedtatt at katedralen, som og er den største kyrkja i landet, er nasjonalkatedralen til Church of Ireland. 
Kjelde: St. Patrick's Cathedrals nettside.

St Patrick's Cathedral er hovudkyrkja i Irland.
Kyrkjespiret er 43 meter over bakken.


St Patrick's Park ligg ved sidan av katedralen.
Den historiske rundturen i Dublin vart avslutta i St Stephen's Green, ei nydeleg, grønn lunge i sentrum av Dublin. I følgje nettsida til parken kjem namnet til parken i frå ei kyrkje som stod i området der på 1200-talet. Parken vart først utbygd på 1660-talet. Allereie i 1670 hadde dei gartnarar i betalt arbeid for å ta vare på parken. Tidleg på 1800-talet starta arbeidet med å vidareutvikle parken med fleire beplantningar og restaurering av tidlegare vegar. Samtidig gjekk parken over i privat eige. Så var det Sir Arthur Guiness som ville at parken skulle vere offentleg, og kjøpte han med det mål for auge. Han starta å tilrettelegge parken til å bli ein oase av fred og ro. Parken vart gjenopna i 1880, og reknast for å vere ein viktoriansk park på grunn av måten han er arkitektonisk utforma med buskar, blomster og vatn. Parken har eit herleg fugleliv i både tre og vatn, og totalt er det rundt 3,5 km med vegar å rusle på.
Det er så absolutt ein plass å gå innom og ta ein piknik om ein er i Dublin. Parken er open kvar dag fram til skumringstid.








Der endene møtast....:)



Legg inn en kommentar

Etiketter