Totalt antall sidevisninger

søndag 3. desember 2017

Reiseblogg: Eit spennande besøk i Kilkenny Castle

Frå St Canices Cathedral gjekk vegen vidare til det som vel var mitt viktigaste mål for dagen: Kilkenny Castle. Min "Medieval Tour - from castle to castle" fortsett :)



Det irske namnet på Kilkenny Castle er Caisleán Chill Chainnigh. 
Kilkenny Castle vart påbegynt bygd rundt 1195 og fullført i 1213 for William Marshal, den fjerde jarlen av Pembroke (i Wales). Då var hovudoppgåva å kontrollere eit krysningspunkt ved elva Nore. Slik festninga vart utforma, var den eit symbol på den normanske okkupasjonen og eit viktig punkt for å forsvare byen. Det viktige her var dei fire store tårna og ei dike som heldt fiendane på avstand.
Seinare overtok den ærverdige Butler-familien slottet og hadde det i sitt eige i fleire hundre år. Først i 1967 overrakte Butler-familien slottet til det offentlege - ei "lita" gåve på nette £50!


Dette er den vanlege vegen inn til slottet. Den er impresjonistisk i si storslåttheit, og er frå slutten av 1600-talet.


Men det er ingen vits å bli verande ute, til trass for godt ver, når ein har tatt turen til slottet. Eg kom dit for å sjå på kva som er inne. Så då var det berre å få sett frå seg bagasja (møtte så snille, sørvisvenlege folk i Kilkenny!) og betale seg inn.
Meir informasjon om slottet finn du og på slottet si nettside.


Ganske tidleg kjem ein inn i dette staselege rommet - eit avslapningsrom/ tilbaketrekkingsrom for kvinnene på 1800-talet. Når det hadde vore middag, trakk altså damene seg tilbake til dette rommet for avslapning. På 1990-talet vart rommet tilbakeført til slik det var utforma på 1830-talet. Tapeten er original frå 1810.

Frå tilbaketrekkingsrommet gjekk vegen vidare til teiknerommet - the drawing room. Måleria i rommet er originale frå Ormonde-kolleksjonen, det vil seie at dei kan vere frå så tidleg som 13-1400-talet. Slottet var nemleg i Ormonde-familien sitt eige frå siste halvdel av 1300-talet, og i 1394-95 vart James Ormonde utpeika av kong Richard II som den første irske jarlen og kongens lovmann i Irland.
Måleriet i enden av rommet heiter "Dei fem eldste borna til Charles I", og var måla av ein ukjent 1600-tals målar etter originalen til Sir Anthony van Dyck.




Det siste rommet i denne rekka var biblioteket. Interiøret er ei gjenskaping av den stilen som var frå midten til slutten av 1800-talet. På veggane var det eit fransk silkepoplin (tettvevd tekstil) og silkedamaskgardinane var laga i Irland. Golvteppet har røter til berberfolket i Nord-Afrika med mønster frå Tyrkia. Mens restaureringa av slottet pågjekk, fann dei involverte originale oppskrifter for teppet i familiearkivet, og var med på å gjere det mogleg å bringe teppet tilbake til det opprinnelege.

Så gjekk rusleturen vidare til det rommet som blir kalla bildegalleriet. Det var veldig overraskande å komme til det store rommet. Det var heilt annleis enn dei romma eg først hadde sett. Her var det høgt under taket på ein heilt anna måte - mest fordi rommet var veldig langt og smalt. Treutforminga gav assosiasjonar ganske langt attende i tid. Og sjølvsagt fargane og kunsten. Og kunsten var ikkje berre måleri, men og gobeleng med historiske mønster og forteljingar. Det er rundt 200 måleri i galleriet i ei blanding av historiske og kongelege motiv, nederlandske og italienske landskap og italienske religiøse motiv.


På dei to kommande bilda er det den romerske konsulen Decius Mus som er gjenfortalt på to gobeleng, det vil seie eit veggteppe med innvovne mønster. Totalt var det sju slike gobeleng som på 1600-talet sitt kunstneriske vis fortel historia om Decius Mus, men det er fem eller seks som fortsatt heng på slottet. Teppa hadde vore i Ormonde-familien sitt eige i mesta fire hundre år då staten fekk overta huset og inventaret på 1990-talet.
Opprinneleg vart desse motiva måla av den flamske kunstnaren Peter Paul Rubens i rundt 1616.  Heilt opprinneleg var det Leonardo da Vinci som måla desse motiva. Etter at Rubens hadde gjenskapt da Vincis motiv, vart dei så gjenskapte i desse vovne skilderia litt seinare i same århundre.

(Kjelde: Irish Arts Review og Wikipedia)


Dette motivet heiter på engelsk "The Dismissal of the Lictors" - "Avskjed med liktoren". Ein liktor var ein romersk tenestemann som var livvakt til magistratar som heldt imperium. Decius påla livvakta om å gå til Manlius (Marcus Manlius Capitolinus) og meddele han at Decius hadde bestemt seg for å døy på vegne av Roma. Dette skjedde i rundt 400 f. Kr. Eigentleg var Manlius ein helt av Roma, men i 385 f.Kr vart han dømt til døden. Eitt års tid seinare vart dødsdommen fullført då han vart ført til eit fjell kor han vart kasta ut frå. Han vart ansett som den andre martyren som døydde på bakgrunn av sosiale reformer i Roma.


Er det rart eg vart fascinert av alt som var å sjå i dette bildegalleriet?! 


Sjekk denne trappa! Den var basert på maurisk, dvs muslimsk, arkitektur. Ein viktig grunn til at ho vart bygd, var for å gi ein lettare tilgang opp til bildegalleriet i andre etasje, men og for at det skulle vere to hovudtrapper til andreetasjen. Trappa er frå 1800-talet.

Men no kjende eg at eg begynte å bli svolten igjen. Vel hadde eg lunsja i parken til St Canice's Cathedral, men no ville eg prøve slottet sitt konditori. Eg sat og telte på knappane på korleis programmet skulle vere vidare: Anten ta ein litt tidleg buss til Waterford for å ha tid å sjå meg rundt der, eller bli lengre i vakre Kilkenny og sjå meg rundt der? Jau, eg gjekk for det siste alternativet - i Waterford er det nemleg ikkje noko slott/ festning. Ergo: Kondidoriet måtte bli neste stopp! Det er vel ikkje vanskeleg å sjå grunnen til det ?!


Herleg! Scones med krem og syltetøy og iskaffe :)
Noble familiar hadde alltid to middagsrom - eit privat og eit for offentlege samanhengar. Dette rommet var i bruk som eit offentleg middagsrom fram til 1860-talet - då vart det omgjort til biljardrom. Då rommet skulle takast tilbake til sitt originale, vart og tapeten gjenskapt til 1800-tals mønster.


Så var det tid for å komme seg ut og sjå på parkområdet. Og det var gigantisk! Eit utruleg flott område å rekreere på. Dette er på den eine sida av slottet - det hadde meir utsjånad av ein pen park enn ein stad å rekreere så veldig. Men berre vent til du får vere med på den andre sida :)





Denne statua er truleg frå renessansen (før 1600-talet) - den har humanismen sin utsjånad.


Her kjem det fleire bilder frå det store hageanlegget ved slottet. Eit fantastisk grønt område, og det var mange som nytta den fine dagen til å slappe av i sola - det som var av sol.


Fantastiske Kilkenny Castle!


Elva Nore renn idyllisk gjennom byen.




Besøket i Kilkenny var verkeleg ein 'højdare' - eg burde blitt der lengre, men kunne ikkje på grunn av at Tom og eg skulle møtast i Wexford om kvelden. Der skulle vi ta bussen vidare til losjementet vårt for natta - rett ved fergekaia i Rosslare. Neste dag var vi klare for Wales :)
Men - hugsar du kva eg skreiv i den første bloggen frå Kilkenny? Jau, eg var slått av kor fin byen var - og eg tenkte at her måtte folka vere glade i byen sin. I det eg stod og venta på bussen denne laurdag ettermiddagen, kjem det ein ungdom gåande. Han hadde med seg vogn og klype, og han var ute og plukka søppel. Eg vart verkeleg slått av undring og begeistring!
Byen Kilkenny fekk sanneleg ein plass i hjartet mitt - dit må eg tilbake!
Men no gjekk turen vidare til Waterford - eg håpar du blir med dit i neste episode :)

Ein søppelplukkande ungdom ein laurdag ettermiddag.










Etiketter