Totalt antall sidevisninger

torsdag 4. januar 2018

Reiseblogg: Eit raskt stopp i Waterford

På vegen mot Wales, vart det ein rask stopp i Waterford. Det er den eldste byen i Irland, og har sjølvsagt mykje historie - men ingen festning eller slott. 




Frå Kilkenny gjekk vegen vidare til Waterford, som er den eldste byen i Irland. Mens eg var i Kilkenny, gjekk eg og telte på knappane om eg skulle bruke mest tid på Kilkenny Castle eller dra til Waterford. Sidan eg var så fornøgd med å vere på slottet, bestemte eg meg for at Waterford måtte bli ein rein transittstasjon - bussen vidare gjekk 1 1/2 time seinare. Her er nokre glimt av det eg rakk å sjå på den korte stunda.

Då eg kom til busstasjonen, tok eg vegen langs hamna mot sentrum. Byen ligg ved elva Suir. I vikingtida låg byen strategisk plassert, for vikingskipa kunne segle innover elveløpet til Waterford. Det er mange elver i området, og tar du eit anna løp, kjem du inn i elva som renn i frå Kilkenny - tippar det kan vere ein fin padletur å gjere. Landet er delt inn i fylker - "counties" - og på andre sida av elva ligg Kilkenny County.
Betydinga av namnet 'Waterford' har ikkje noko med vatn å gjere, som ein skulle tru, men kjem av eit gammalnorsk ord som betyr "Værfjord", det vil seie hannsauen. Vikingane kom og busette seg i Waterford rundt 850 e.Kr.
Viss du hugsar Strongbow, som eg fortalte om frå Christ Church Cathedral i Dublin, var han innom byen i 1170. Kong Henry II kom siglande opp elva for å oppsøke Strongbow, kor Strongbow vann over motstandaren. Då hadde han tittelen den andre jarl av Pembroke. Det kjem eg og tilbake til litt lenger uti teksten.

I overkant av 200 år etter at Strongbow vann over kong Henry II, var det kong Richard II av England sin tur å komme siglande inn til Waterford. Som skiltet viser, var det den største armada som nokon gong hadde tatt seg inn til ei irsk hamn.


Sjølv om folk flest kjem til Waterford med bil eller buss, er fortsatt hamna ved elva Suir hjartet i byen. I 2005 gjekk starten på det store seglbåtracet Tall Ships Races frå Waterford. Det endte opp i Fredrikstad, hugsar eg godt (fordi eg var der).
Byen sitt motto er "Urbs Intacta Mania Waterfordia", som betyr "Waterford forblir den uberørte byen". Mottoet er basert på kong Henry VIIs utsagn i 1497, då Waterford nekta å overgi seg til den engelske trona.
Gjennom middelalderen var byen eit viktig knutepunkt med Irlands handel med andre land i Europa.
På 1800-talet var skipsbygging den viktigaste industrien i byen, og fleire av båtane som var bygd i byen, gjekk i rutetrafikk over Atlanterhavet til New York. Litt ironisk er det vel og at byen er "vogga" for eit av dei største flyselskapa i Europa og. Ryan Airs første rutetur var nemleg med eit 14 seters fly mellom Waterford og Gatwick i London.
Midt i denne travle skipsbyggingperioden vart Clock Tower, Klokketårnet, i Waterford Quays bygd i 1863. Meir enn 400 internasjonale hamnebyar dreiv Waterford handel og skipsfart med i denne perioden.
Opprinneleg heita klokketårnet Fonteneklokka, fordi det var eit trau kor arbeidshestane kunne få drikke. Ein ser det nedst på bildet av klokka.

Klokketårnet ved hamna.


Reginalds tårn har vore i bruk i over 800 år, og er derfor den eldste bygninga i Irland som er i bruk. Tårnet er det bygget i Waterford som er lettast attkjennbart.

Reginald's Tower.
Dette er eit utdrag av historia til Reginalds tårn. Som ein kan sjå, vart tårnet blant anna brukt som fengsel, og Richard II brukte det i 1394 til å lagre ammunisjon. Ikkje minst var dette tårnet eit viktig forsvarpunkt for heile byen. No er Reginalds tårn museum, og har blitt ein viktig stad kor byen si viking- og middelalderhistorie blir fortalt.


Her ser ein same plansjen oversett til gælisk. Det som er artig og interessant å sjå - når ein alt ikkje skjønner veldig mykje av det som står, er at ein ser klart at namnet Reginald på gælisk har tydeleg same rota som dei norske namna Ragnvald og Ragnhild.


Bishop's Palace er bygd i 1743, og som det ligg i namnet, var det eit bygg som vart reist til biskopen i byen. Museet viser utviklinga i byen på 17-, 18- og 1900-talet. Den har eg ikkje bilde av (av ein eller annan grunn). Men eg var inn i hallen ein liten tur og kikka så snarast.
Denne fonteren befinn seg inne i Bishop's Palace. Opprinneleg var Waterford både ein av dei største og viktigaste byane i Irland. Med åra har andre byar blitt både større og viktigare, men som ein del av vikinghistoria, er fortsatt byen svært viktig. Bishop's Palace er saman med Reginald's Tower og middelaldermuseet i byen det som utgjer Waterford Viking Triangle.



Waterford 1794.
Bishops's Palace ligg rett foran Christ Church Cathedral. Katedralen opna i 1783. Den er bygd oppå ein katedral som vart bygd på slutten av 1000-talet. I 1170 gifta Strongbow seg i den katedralen med ei irsk prinsesse.
Allereie tidleg på 1200-talet var kong John i gong med å byggje ein stor gotisk katedral. Då var det normannarane som kontrollerte byen. Denne katedralen vart ståande fram til det vart bestemt å bygge ei ny Christ Church Cathedral på 1770-talet.
På 1500-talet var katedralen styrt av den anglikanske kykja, mens på midten av 1600-talet vart den styrt av den romersk-katolske kyrkja ein kort periode.

Denne utgåva av Christ Church Cathedral erstatta middelalderkatedralen tidleg på 1770-talet. Arkitekten bak denne nyklassiske kyrkja, John Roberts, er og arkitekten bak den romersk-katolske kyrkja i byen - the Cathedral of the Most Holy Trinity.
Christ Church Cathedral høyrer til The Church of Ireland.





The Cathedral of the Most Holy Trinity - Den romersk-katolske kyrkja i Waterford.  Bygd, som allereie nemnt, av den same arkitekten som bygde Christ Church Cathedral. Bygd i 1793 og er Irlands eldste romersk-katolske katedral.





Kjelder:
http://curiousireland.ie/the-clock-tower-waterford-quays-waterford-city-1863/
http://www.ireland.com/en-no/destinations/republic-of-ireland/waterford/?gclid=Cj0KCQiA9_LRBRDZARIsAAcLXjf3GbM5LgYTiTXRr7gO9hVLgqUqte-F--rWGE6vGCAJf3wOOkBr4egaAlohEALw_wcB&gclsrc=aw.ds
https://en.wikipedia.org/wiki/Waterford
http://waterfordvikingtriangle.com/

Ingen kommentarer:

Etiketter