Totalt antall sidevisninger

tirsdag 9. januar 2018

Reiseblogg: Ei tragikomisk historie før eg drog til Wales

Frå Waterford gjekk turen vidare mot aust. Eg skulle til Wales. Men først litt tragikomedie i Wexford.



I frå Waterford drog eg vidare med bussen til Wexford, ein mindre by med historiske røter. Der skulle eg møte att reisekameraten min, Tom, som hadde brukt dagen der. Etter ein god middag, skulle vi ta bussen ein halvtimes tid ut til hamnebyen Rosslare. Eg flirer godt enno over hendinga på bussen.
Det var altså laurdag kveld kl. 20.30. Sikkert ikkje veldig kjekt å måtte køyre ei rute med mesta ingen passasjerar... Smarte Tom hadde kjøpt bussbilletten på førehand, men det hadde ikkje eg gjort. Sidan eg hadde berre 5 euro i pengeboka, rekna eg med - eller håpte på - at eg kunne betale med kort. Eg burde forresten ha lært frå Dublin at i bussane brukar dei myntar. Og sjølvsagt var ikkje 5 euro nok... turen kosta 10 euro. Og gode råd var dyre ein laurdagskveld...

"Eg har berre 5 euro", sa eg.
"Det kostar 10 euro", sa bussjåføren.
"Kan du vere litt snill med meg? Eg er turist frå Noreg...", prøvde eg meg.
"Kva trur du dei ville sagt i Noreg om eg kom der og sa eg hadde for lite pengar...", sa han irritert, før han fortsette endå meir irritert: "Gå!"
"Men kan du ta pengesetelen?" spurte eg lettare fortvila.
"Gå!" kommanderte han og husja meg attover i bussen - utan å ta i mot pengesetelen.

Vi flira godt, Tom og eg. Det var ei tragi-komisk, selsom historie, og vi kom oss av bussen der B&B-hotellet, eller rettare sagt "Bed & tea-hotellet", kor vi skulle overnatte var. Frå hotellet var det berre ned ein lang bakke for å komme seg til båten. Neste morgon var vi på veg mot Wales! Eg gledde meg, og kva eg opplevde der, får du vite i neste blogg :)

Ingen kommentarer:

Etiketter