Totalt antall sidevisninger

tirsdag 30. januar 2018

Reiseblogg: Wales - here we come! The land of castles!

Søndag formiddag var vi endeleg klare for Wales! Det var kjekt med Irland, men eg gledde meg utruleg på å komme over til Wales, eg veit ikkje korfor, men eg trudde nok det ville bli bra!¨

Land i sikte på veg innover sundet mot Pembroke.
Det er mange moglegheiter å komme seg over sjøen frå Irland til Wales. Det går to ulike ruter frå Rosslare over mot Pembrokeshire, sør i Wales. Den eine går til hamnebyen Fishguard, som ligg lenger nord, mens vi valgte å reise til byen Pembroke, sør på halvøya. Det var nok eg som bestemte - det er nemleg ei flott festning der :) 



Desse bilda er tatt på veg inn med båten. Sør i Wales er det ganske flatt. Når du kjem lengre nord, til området som heiter Snowdonia, er det fjell på mesta 1100 meter. Eg har sett mange bilde derifrå, og lengtar i mi sjel....


Denne fergestrekninga er ikkje så stor, og vi la bagasjen vår inn i denne tilhengaren før vi vart køyrde  i minibuss ombord på båten. Då vi var komne i land, var det berre å hente ut bagasja frå tilhengaren - og alt var der - trygt frakta over. Som eg heilt sikkert kjem innom i siste blogg, er ikkje det noko sjølvsagt.


Frå fergekaia tok vi følgje saman med ein amerikansk familie som var litt kjent i Noreg, fordi dotter deira hadde vore utvekslingselev på Vestlandet. Det var i ei anna "Hydro-bygd", så då kunne eg fortelje at eg og bur i ei "Hydro-bygd" (mitt eige sjølvkonstruerte uttrykk).
Då hamna vi til slutt opp på Pembroke Dock Station. Der kjem det ikkje ofte tog, for å seie det mildt. Men eg stod og studerte bussruta, og konstaterte at det gjekk buss opp til byen Pembroke rundt tjue minutt seinare. Då roper plutseleg Tom på meg...

Pembroke Dock Station - her går det ikkje tog ofte!
"Ingunn, eg har ordna skyss!" "Hæ", svarte eg. "Eg har ordna skyss", ropte Tom på meg. Eg skjønte rett og slett ingen ting, men der stod han i lag med ei vakker, smilande godt vaksen dame. "Eg kan godt køyre dokker opp til byen. Eg ser på desse stakkars turistane kvar dag som står her og lurer på om det kjem tog eller buss. Men eg skal ikkje ha noko betalt", understreka ho. Eg trudde eg skulle ramle der eg stod. Finst det så snille menneske som gjer godt mot framande?
Det viste seg at ho heitte Joyce, og då eg takka ho for turen, sa eg at ho ber namnet med verkeleg rette. Det vart ein utruleg fin start på det korte stoppet vårt i Pembroke.

Sjåføren vår, Joyce, og eg :)
Historia til Pembroke Castle starta på 1000-talet, men kong Henry VII, som var grunnleggaren av Tudor-dynastiet, kjent frå TV-serien Tudor, var fødd på slottet i 1457. Sjølvsagt har han fått si statue i sentrum av byen.





Statua av kong Henry VII med Pembroke Castle i bakgrunnen.


Begge desse bilda er utsikta frå "hamneområdet" i byen, kor statua av Henry VII står. Når eg set hamneområde i hermeteikn, er det fordi det ikkje er elv eller sjø som omkransar festninga, men eit lite basseng i enden av elva som rann inn i byen frå sjøen, som heiter Mill Pond.
Byen er ein av dei eldste i Wales, datert tilbake til 1093, etablert av normannarane. Pembroke var sentrum for normannarane sin siger i Sør-Pembroke.
Katedralen heiter Saint Mary the Virgin Church, og vart bygd på 1200-talet, kanskje tidlegare. Det fins ei legende om kyrkja som fortel at Henry VII vart døypt der. Kyrkja ligg berre eit par-tre hundre meter frå festninga, så det er ikkje så utenkeleg (kjelde: Wikipedia).


Pembroke Castle



Normannarane sin invasjon av England skjedde ikkje mange år etter det siste vikingslaget, slaget ved Hastings, i 1066. Normannarane tok bit for bit av Wales, og i 1090 hadde kong William II erobra heile landet. Festninga, som først var bygd i tre, var normannarane sitt fort.
Han som invaderte, heitte jarl Roger de Montgomery, og han var søskenbarn med kong William Erobraren, som var normannar. Dei var allierte, men jarlen døydde allereie i 1094. Då var det sonen Arnulf som overtok, og han gjorde Pembroke til eit normannsk adeleg sentrum, og han fekk bygd ei kyrkje og benediktinerkloster, Monkton Priory, like i nærleiken.
House of Montgomery fall i 1102, då kong Henry I slo Arnulf og broren, og dei to vart bannlyste i Wales. Arnulf drog over til Irland.
Henry I etablerte Pembroke som by som ein måte å drive økonomisk kontroll på. Han var ein svært tyrannisk konge, og hans mål var å oppnå kontroll over alt som kunne kontrollerast.


Det store gatehuset med tvillingtårn til venstre og Henry VIIs tårn til høgre. Ytterveggane er rundt fem meter tjukke.
Jarldømmet Pembroke vart etablert i 1138, og Gilbert de Clere var den første jarlen.  Han var far til Strongbow, som vi møtte i Christ Church Cathedral i Dublin.
Strongbow kom til makta i 1148, og han kasta auga over sjøen mot Irland. Han etablerte ei flåte med 1200 menn og sette kursen mot Irland, og dette var ein anglo-normansk invasjon. Han utropte seg sjølv som lord av Leinster og guvernør av Irland då kong Diarmaid døydde.
Strongbow greidde å pådra seg kong Henry IIs sterke vrede, og i 1171 tok han vegen over til Irland. Strongbow fekk lov av kongen å titulere seg som jarl av Pembroke, men "problemet" var at han då var midlertidig fråtatt tittelen som jarl.
I denne perioden var Pembroke Castle underlagt kongeleg kontroll, som var eit forsøk på å annektere slottet og fylket til krona permanent.

Ved Henry VIIs tårn.

Det store gatehuset sett frå Henry VIIs tårn.

Utsikt frå Henry VIIs tårn mot gata.
Union Jack og det walisiske flagget.

Ganske smale trapper, ser du.
Enden på Strongbows historie kom då han døydde i 1176. Då hadde han titlane jarl av Pembroke og Striguil, lord av Leinster og justisiar (adminstrator for lovverket) i Irland. Fordi Strongbows son hadde døydd før han, vart Pembroke overført til krona.
For kong Henry II var Pembroke viktig for å kunne overvake dei kongelege i Irland, og han utropte son sin, prins John som lord av Irland i 1185.

Opprinneleg var ikkje festninga større enn det som høyrde til indre sirkel. Utvidinga kom på 1200-talet. Dei opprinnelege indre veggane, som gjekk foran Det store tårnet, vart øydelagte rundt 1640.
I 1189 vart William Marshal jarl av Pembroke, og han sette i gang med å få bygd festninga i stein. Jarlen var ein berømt riddar, og gifta seg med Isabel de Clere, som var dotter til Strongbow. Marshal var soldat, diplomat og framsto som ein riddar som fekk respekt.
På grunn av at Pembroke var overdratt til krona, fekk ikkje Marshal titulere seg som jarl og fungere som jarl før i 1199. Då var det kong John som utropte han til det, men fordi kongen trong han i krigen i Normandie, sette ikkje Marshal beina i Pembroke på fire år.
Det første Marshal begynte å bygge på festninga, var det store, sylindriske tårnet. Det er rekna som eitt av dei største og finaste i sitt slag i heile Storbritannia.
William Marshal døydde i 1219. Kong John døydde i 1216, og trona blei overtatt av sonen, Henry III.



Etter Marshals død vart fem av sønene hans jarlar av Pembroke, men alle fem døydde barnlause. Til slutt hamna jarldømmet hos mannen til eit barnebarn av Marshal. 
Festninga og jarldømmet var i eige i forskjellige familiar gjennom 1300-talet. I 1457 kom det i Jasper Tudor i Tudor-dynastiets eige. Han som seinare vart kong Henry VII, var nevøen til den første Tudor, og han var mest sannsynlegvis fødd på Pembroke Castle. 
Totalt var det fem kongar frå Tudor-dynastiet som styrte gjennom heile 1400-talet - i overkant av eitt hundre år.
"Tudor" var for øvrig ein dramaserie som gjekk på TV for nokre år tilbake om dette dynastiet, og ein del av serien var tatt opp i Christ Church Cathedral i Dublin, og fleire antrekk er utstilt i kjellaren der.




Det er knappast noko anna land som har same tettleik av historiske slott og festningar som det Wales har. Det store kartet - The Great Map of Wales - viser kor det har vore og kor det fortsatt er slott og festningar rundt i heile landet. 
Kartet er måla, og det er det største måleriet i Storbritannia, og det er det største kartet som finst av Wales. Vi var med på omvisning på festninga, og ho starta ved det store kartet.

Det store tårnet til venstre og Dungeon Tower til venstre.
Som nemnt, er Det store tårnet eitt av dei største i Storbritannia, men det er og eitt av dei som var først bygd, også rekna blant dei vakraste av sitt slag i nasjonen. Resten av festninga var eit ytre skal mot verda og fiendane. I den delen som er bak meg på bildet under, startar den indre veggen og den indre kjerna. Dette området ligg bakerst på festningsområdet, og er sjølve hjartet i festninga.
Det sylinderforma tårnet er fortsatt det dominerande på festninga. Kanskje ikkje så rart når det er 25 meter høgt og 16 meter i diameter. Veggane skal visstnok vere opp mot fem-seks meter på det tjukkaste.
Tårnet består av fem etasjar. Det var tre hovudrom ein kunne opphalde seg i. Golva var av massivt tømmer. Ei dør i andre etasje kan tyde på at det har vore eit slags toalett i tårnet.




Som ein ser, er det ikkje att restar etter noko tregolv inne i tårnet. Men det var spennande å sjå opp mot toppen.
Bygga som var bygd til å bu i, var innanfor denne indre kjerna; bak den delen av muren som skulle vore bak meg på bildet.



Dessverre hadde eg ikkje tid å gå heilt opp, men ikkje overraskande, var det ei bratt og smal vindeltrapp i stein for å komme seg opp. Eg gjekk eit lite stykke. Det var den tredje eller fjerde trappa som såg slik ut eg prøvde den veka!




I den indre kjerna hadde lorden og familien alt dei trong for å leve og bu. Området låg av sikkerheitsmessige årsakar tilbaketrekt i festningsområdet, og hadde ein ytre del føre seg. Opprinneleg var det ei dike/ stor grøft mellom det indre og det ytre området.
På dei fleste festningar som har ei slik inndeling, er den indre delen eldst, noko som og gjeld Pembroke Castle.

Frå indre sirkel.

Frå indre sirkel av festningsområdet.
Så var tida komen for at vi måtte finne vegen til jarnbanestasjonen. Det var nokre minutt å gå frå festninga. Her er glimt frå bybildet i småbyen, som har rundt 7000 innbyggarar. Frå Pembroke gjekk vegen vidare til storbyen Cardiff. Følg med i neste episode!




Kjelder: WikipediaPembroke Castles nettsidePembroke og Monkton lokalhistorielag, heftet "Pembroke Castle - birthplace of Henry VII"


Legg inn en kommentar

Etiketter