Totalt antall sidevisninger

mandag 26. mars 2018

Reiseblogg: Cardiff Castle - ei reise i tid

Aldri før har eg besøkt ein stad kor eg ser for meg historia så klart som på Cardiff Castle. Kor var riddarane som skulle vokte festningsportane? Dei fann eg berre i eigen fantasi :)

Inngangsporten til Cardiff Castle på kveldstid. Men kor var riddarane som skulle vakte festningsportane?
Eg følte meg mesta sett tilbake nokre hundre år då eg såg denne slottsfasada.


Ein tur gjennom Cardiff Castle er så absolutt ei reise i tid. 
I begynninga var romarane der - det er ganske lenge sida. Dei trur dei kom ein gong på 40-talet e. Kr. Det var mens Romarriket - Imperium Romanum - var i sterk ekspansjon. Rundt eit hundre år seinare var det på sitt største - omlag 6 500 000 kvadratkilometer. Dei kom seg så langt nord som til York i England - det er eit anna drøymemål for meg.
Forskarar trur at det romerske fortet blei etablert på slutten av 50-talet e. Kr. Strategisk plassert i nærleiken av havet, vart havet både eit forsvar og ei kjelde til auka kommunikasjon. På den måten vart Cardiff ein base for sjøfart.

Forskarar trur og at det vart totalt bygd fire fort/ festningar i ulike storleikar, men alle hadde ei kvadratisk form som romarane føretrekte. Mens dei tre første var bygd av tømmer, vart det fjerde bygd av stein ein gong på 300-talet. Fortet var tungt vakta, for på denne tida var Imperium Romanum under sterkte åtak.
Då det romerske imperiet rakna, vart landet ei samling av fleire små kongedøme, og i denne tida begynte den walisiske identiteten å ta form.

Fortet si romerske fortid var noko som var heilt ukjent fram til 1888, då eigaren av det som var blitt til slott, ville bygge eit nytt tårn til slottet sitt. Gjennom utgravingar fann dei restar av romersk steinverk. Det førte til at lorden la vekk sine opprinnelege planar fordi han ville rekonstruere det som ein gong hadde vore. Frå 1897 vart veggane på austeggen av slottet gradvis oppbygd etter slik det orginalt var. 

Det var desse veggane som vart rekonstruert tilbake til det originale romerske.
I 1066 vart vikingtida avvikla då normannarane marsjerte inn i Sør-England og yppa opp til det som blei slaget ved Hastings. Etter å ha tilkjempa seg søraust-Wales bestemte normannarkongen Wilhelm seg for å bygge ei festning i Cardiff i 1081. I dei kommane tretti åra vart mange av dei gamle walisiske kongedøma nedsabla.
I bygginga av den nye festninga vart veggane etter det fjerde romerske fortet brukt. Festninga vart utvida med indre og ytre område som var delt av ein stor steinvegg. I den indre delen av festninga vart det bygd opp ein kunstig bakke som skulle brukast til å forsvare seg på eit høgt punkt, men i le. Denne bakken kjem eg tilbake til. 

Takmaleria i vinterrøykerommet. Teikningane er inspirerte av middelalderkunst,
men er frå slutten av 1860-talet.
I slottsdelen får ein eit inntrykk av korleis livet på slottet var.  Livet som slott var vanskeleg, for det var mange motstandarar og fiendar. Til dømes vart byen ødelagt i 1404, også slottet.  I tiåra etterpå vart slottet sett i stand. 
Den andre jarlen begynte å bruke mykje tid på slottet, og gjennom 1570-talet sette han i stand alle romma i tillegg til å bygge eit nytt tårn på sørveggen.Mot slutten av 1500-talet vart det fylt opp med dyre møblement, silke og dyre tapetar. Alt for å markere kor velståande dei var.
Livet i festninga i den seine middelalderen og i Tudor-epoka handla like mykje om komfort og velvere som å forsvare seg. Som ein ser på denne bildeskildringa på bildet under, var eting og drikking - dei store måltida - ein svært viktig del av det som føregjekk. Ofte kom dei finaste pålegga på bordet i desse selskapa. På gardane i nærleiken fekk dei skaffa kjøt, smør, egg og ost, mens dei i elva og ute i sjøen fekk skaffa fisk.
Eigarane av slottet i denne epoka var Lord og Lady Pembroke, som var viktige brikker i Tudor-dynastiet og blant dronning Elizabeths favorittar.


Den første marki av Bute kom inn i Cardiff Castle gjennom giftemål. Dette skjedde i 1766, og familien gjekk straks i gang med å forvandle slottet. I 1776 vart den første markien utropt som Baron Cardiff av Cardiff Castle. Marki er ein adeleg tittel som  blir oversett til 'marki' på norsk, og ligg mellom jarlen og hertugen i rang. Bute-slekta var visstnok blant dei rikaste i verda.
Eit omfattande overhalingsarbeid vart altså igangsett på 1760-1770-talet. Likevel var det den tredje markien, John Patrick Crichton-Stuart, berre 18 år gammal, sitt møte med den tjue år eldre arkitekten William Burges i Cardiff i 1865, som viste seg å utgjere den store forskjellen på slottet. Burges og ei rekke lokale historikarar fekk i oppgåve å omforme Cardiff Castle til å bli ein nygotisk draum med utgangspunkt i slottet sin fleire hundre år lange historie.
Burges oppmuntra markien til å gjere ei reise mot den nære Austen. Saman ville markien og Burges søke nye idear gjennom det dei såg i Roma og i Midt-Austen. Deira samarbeid resulterte i eit kunstnarleg nybrottsarbeid - veggmaleri, steina glass, skulpturar, takmaleri med meir.

I slottet er det to forskjellige røykerom  nemleg eit vinterrøykerom og eit sommarrøykerom. Sommarrøykerommet ligg i tårnet av klokketårnet. Denne peisen finn ein i vinterrøykerommet, og den vart utforma av arkitekt Burges på 1870-1880-talet. For han var det eit mål at veggane skulle snakke og fortelje ei historie.


Lorden fekk etter kvart fire born, og han spesialdesigna eit eige opphaldsrom/ leikerom til borna, kor dei var på dagtid - Day Nursery. Føremiddagane vart brukt i dette rommet. Rommet er eit av arkitekten mest nnnnn På veggane er det maleri av eventyr, både kjente og ukjente, og blant dei Askepott.


Bankettsalen er det største rommet på slottet, og det ligg i den eldste delen av bygget, som kan daterast tilbake til 1400-talet. Dette rommet ville arkitekt Burges skulle vere eit stort underhaldningsrom for Lord Bute. Heile rommet er utforma med middelalderen som tema. Måleria på veggane og på peisen fortel historier frå slottet i middelalderen. Ideen til veggmåleria var henta frå middelalderkyrkjer og -slott. I middelalderkyrkjer var det svært vanleg å måle bibelfortellingar på veggane.


Motivet under viser korleis Robert frå Normandie, eldste sonen til William Erobraren, vart heldt som fange av sin nevø, Robert, konsulen på slottet. Her sit konsul Robert på hesteryggen og hans fange blir vansmekta bak søylene nedst til venstre i bildet.


Banketthallen frå motsett kant.
Slottet har og eit eige Bute Tower i toppen på den eine enden. I denne delen av slottet hadde Bute sitt soverom og i tillegg var det ein takhage. Ironisk nok hadde han opprinneleg ope tak, og som omvisaren sa: Veret i Wales kunne jo vere hipp som happ sommarstid, så det var ikkje så eigna til å ha ope tak. Derfor vart det med tida sett eit gjennomsiktleg plasttak (!) over.
Rommet har mange referansar til klassisk litteratur, og bildet under er eit godt døme på det med sin greske inskripsjon.
Lorden var både ein sterkt katolsk religiøs mann og ein som var svært interessert i astrologi og horoskop. I denne takhagen står det ein skulptur av Madonna og hennar barn av den italienske skulptøren Ceccardo Fucigna, som hadde eit nært samarbeid med Burges.
I soverommet sitt hadde Bute bibelske tema, og over peisen (på bildet under) var det ein bronsefigur av evangelisten Johannes som dominerte. Ut over det var det og fleire religiøse ikonografi i rommet.





Peisen i det vesle spiserommet.


Lord John, den andre marki av Bute. For han var Cardiff Castle ein feriestad.
Lord Bute var ein intelligent og belest mann - og svært litteraturinteressert. Han hadde fleire bustadar, og i alle slotta var det bibliotek.
Biblioteket i slottet er storslått! Det er eit bibliotek i ordet sin rette forstand. Idéen bak rommet var at det skulle sjå ut som eit bibliotek frå middelalderen. Alle bøkene Lord Bute samla, vart plasserte i Burges spesialteikna bokhyller i rommet. Opprinneleg var dette store rommet to rom - ein storsal og eit mellomrom/ gjennomgangsrom. Burge slo saman dei to romma, senka taket noko og tilpassa det slik Lord Bute ville bruke det. Pultane, borda og bokhyllene er originale til rommet - sjølvsagt designa av arkitekt Burges. Dei tre store lysekronene gir rommet eit eige særpreg. Det gjer og tapeten og utskjeringane for vindauga, som har tydelege røter i Midt-Austen.



Figurane her representerer dei gamle språka - gammalgresk, assyrisk og arameisk.

Dyreveggen - the Animal Wall - langs slottsveggen vart designa av arkitekt Burges for den tredje marquess  av Bute, og er mykje fotografert. På grunn av at arkitekten døydde, måtte arbeidet vidareførast av hans lærling, Frame. Av den grunn vart ikkje utforminga av dyra påbegynt før på slutten av 1880-talet. Det var og han som fekk ansvar for å leie utgravingane av dei romerske veggane.
Opprinneleg var denne veggen, som bestod av åtte eller ni dyr (kjeldene - ei bok om slottet og nettsida til slottet - er litt ueinige), på framsida av slottet. Den var ferdig i 1892, og med slottet så sentralt plassert i byen, er det lett å tenke at det var ein populær attraksjon. Løva hadde jobben med å vakte inngangen.
Den tredje markien døydde i 1900, og då var det sonen hans som arva tittelen og blei den fjerde markien. Han arva slottet og vidareførte det arbeidet far hans hadde starta opp.

Etter første verdskrig auka biltrafikken, og det gjorde at gatene måtte byggast breiare og det vart fleire gater. Derfor vart det bestemt at veggen skulle flyttast mot vest, og i tillegg kom det seks nye dyr til.









På same måten som festninga i Pembroke (som eg fortalte om i dette innlegget, er det eit indre fort eller ei indre kjerne kor festninga sin herre og hans folk held til. Dette indre fortet er 12-kanta, og er laga av blå kalkstein. Denne delen av festninga er rekna som den finaste i Wales.
Desse indre kjernene var sjølvsagt under strengt vakthald, slik at det derfor var den tryggaste staden å vere.
Opprinneleg var denne delen av festninga ein del større. Ein stor hall som var innanfor det ytre skjellet, var øydelagt i borgarkrigen på 1640-talet, og ytterlegare øydeleggingar skjedde på 1780-talet. Mot slutten av 1700-talet var det indre fortet ein ruin.



Mesta 50 trappetrinn tar deg opp til denne ytterborga.


Hei, hei, vinkar Tom til meg frå mesta øvst i tårnet.

Sett frå toppen av tårnet - i bakgrunnen ruvar klokketårnet og Principality Stadium.

Slik ser slottet ut i dag etter at Bute-familien har sett det i stand. Sjølv pleide dei å vere der berre nokre veker kvart år.


Klokketårnet fortener ekstra omtale - og dessverre var eg ikkje klar over at ein kunne få ekstra omvising der - men berre på helg. Frå sin post, kan tårnet få med seg det meste som skjer i sentrum av byen. Det er for øvrig 46 meter høgt.
Tårnet står på det sørvestre hjørnet og vart bygd av arkitekt Burges i 1869-74. Opprinninga til tårnet var at det skulle vere Lord Butes ungkarsrede (!). Då lorden gifta seg i 1872, gjekk Burges over til å sette i stand resten av slottet.

I 1947 overrakte den femte markien slottet i gåve til Cardiff by.



Dette ekornet fekk eg auge på i parken ved sida av slottet.
Kjelder: Cardiff Castles offisielle side
              Wikipedia om Cardiff Castle
              Heftet "The essential Cardiff Castle (2014)

Ingen kommentarer:

Etiketter