Totalt antall sidevisninger

søndag 15. april 2018

Turblogg: På T-merka tur i Sunndalsfjella

I blant er det fint å ha eit mål for turen. I går vart turen det viktigaste målet i godveret. (Sjølv om eg kunne tenkt meg å gå lengre...)



Eg var veldig i tvil om kor eg skulle fare, tenkte mellom anna på Storlidalen, sidan eg aldri har vore der. Til slutt enda eg opp med å gå innover Geitådalen, som ligg øvst i Sunndalen. Eigentleg hadde eg lyst å prøve å gå heilt til Råstu (1613 moh.), men det vart alt for langt til meg i dag.

Det er denne turen ein går om ein skal til Rauberghytta i frå Sunndal. Anna alternativ er fra Torbudalen. Parkeringa heiter Skålvollen, og ligg mellom Hafsåsen og Røymoen. Her står det greit skilta at vegen til Rauberghytta startar derifrå. Ikkje langt i frå ligg Røymoen, som vel er høgast liggande garden i Sunndal. Frå den kanten høyrte eg motorsaga gjekk - og det er nok tid for vedhogsten no!

Vegen innover frå Skålvollen startar i litt oppoverbakke. Skålvollen ligg på rundt 650 meters høgd, og på dei kilometra eg gjekk, fekk eg ei høgdestigning på rundt 200 meter.
Det er vår i skogen no! Det merka eg somme plassar kor det var blitt mindre snø, dei våte partia eg måtte passere over - og alle fuglane som sang.

Mens eg gjekk innover, mintes eg forrige gang eg gjekk denne dalen. Det var for 2 1/2 år sidan, og eg var på saueleiting. Då gjekk vi innover frå Skålvollen til Falesetra, og utover gjekk vi på andre sida av elva og endte opp på Hallan, parkeringa når ein skal til Grøvudalen. Då gjekk eg nærmare 30 kilometer, men undervegs trudde eg mesta at eg hadde gått meg vill.

Grøvualen (t.v.) og Geitådalen (t.h.) sett på litt avstand.

Utsikt mot Hælfjellet og Djupdalen, som er bindeleddet mot Lundlia.

Då vi var på saueleiting, gjekk vi over den knausen foran her. Der går dalen inn mot Grøvudalen.

Bakover mot Hælfjellet og Djupdalen.
Dette dalføret er veldig spesielt. Eg er mesta ikkje sikker på kor mange dalar det er, men fem-seks iallfall. Eg gjekk Geitådalen, og rett ved sidan av er Grøvudalen. Bak Hafsåsen ligg Grødalen. Så ligg dei på rekke og rad Djupdalen, Reppdalen, Skirådalen og Linndalen. Det er flate delta som ein gong vart filt ned av isen. Både gjennom Grøvudalen og Linndalen går det turiststiar som tek deg like til Snøhetta. Det er eit hav av moglegheiter for den som har tid og lyst å gå i eit ganske tilgjengeleg terreng.                                                                                                                       

Eg starta litt forsiktig i ulltrøye og fleecejakke.
Litt av det ein kan sjå innover på vegen (forutan skog...). Dette er restar etter ei svunnen tid.




Eg gjekk på fjellskia i dag med heildekkande feller. Det kjennast veldig drygt å dra skia for å få dei til å gå framover. Frå Skålvollen er det snøscootertrase på grunn av at det er løype over til Torbudalen for at påsketuristar der kan få frakta over ting. Då eg gjekk innover, var eg den første som sikkert hadde gått der på fleire dagar. Til trass for at det nok hadde vore mildt i det område sist natt og, var det høveleg hardt å gå på. Men ski med fellar er ski med fellar...
Eg hadde forresten høyrt med ei at det var fleire som skulle gå innover. Alltid greit å vite at ein ikkje er heilt åleine. Eg gjekk for så vidt og såg etter dei mens eg gjekk. Og akkurat då eg kom inn til den første setra, Hafsåssetra, høyrte eg lyden av nokon som snakka. Det viste seg å vere dei to som skulle innover til Rauberghytta. Dei skulle gå lengre før dei skulle ete, mens eg var meir enn klar for å få mat i kroppen.

Endeleg kom Hafsåssetra fram i synet.

Hafsåssetra og Holsetra. Falesetra ligg inst i dalen - rett ved fjellet som stikk opp i det fjerne, Koppungen.

Denne vesle, gamle seterbua stod og venta på at eg endå ein gong skulle prøve benken utanfor.

Mat må ein ha. I bakgunnen ser ein dei to som skulle til Rauberghytta.
Det var rein idyll å sitje inntil seterveggen og lytte til livet på 900 meters høgde i Sunndalsfjella. Det var ganske varmt, godt over 10 grader, mykje sol, snøsmelting frå taket. I skogen høyrte eg ein orrhane som var i gang med å sjekke ut damemarknaden, og oppe i frå fjellet kom ei lita fonn buldrande.
Mens eg sat der, bestemte eg meg for at eg ikkje orka gå heilt inn til Falesetra. Det var fleire grunnar, men eigentleg trur eg ingen av dei var bra nok. Så eg blei sittande å sole meg der ei stund, før eg bestemte meg for å snu og starte på tilbakevegen. Det er rart kor mykje raskare tilbakevegen er enn vegen til. Eg hadde ikkje gått så langt på tilbakevegen då eg møtte eit par og ein hund. Dei skulle ikkje lengre enn til setra for å snu.

Då eg gjekk innover dalen, passerte eg ein stubbe som passa godt å kvile på. Eg tok bilde av den, og tenkte at teksten til bildet skulle vere, at det hadde vorte eit finare bilde om det var nokon som sat på stubben. Iallfall testa eg ut den på veg heimatt. Satt der vel og lenge og nytte sola.
Då eg kom til bilen, åt eg resten av nista, og på temperaturvisaren stod det eit tosifra tal.

Eg kom meg altså ikkje så langt, men eg fekk turen og eg fekk nytt godveret! Det er også noko - sjølv om eg var aleine. Og ikkje minst fekk eg "boosta" turlysta for kommande fottursesong! Det er veldig viktig. No begynner stikk ut-sesongen snart, og eg gler meg sjølvsagt. Ikkje minst håpar eg å ha tid og kreftar til å gjere nokre lengre fjellturar i år - det sa eg vel i fjor og, men no er eg litt meir klar for det. Håpar nokon vil bli med meg - det er i grunnen berre å ta kontakt, så kanskje det kan ordne seg med ein triveleg tur :)

Bildet hadde blitt finare om nokon satt på stubben og kvilte.

Sjå der, ja, litt likare vart det i kortarma! Slite og streve er vel og bra, men av og til må ein slappe av.


søndag 8. april 2018

Turblogg: Debutant på toppskitur!

1. påskedag fekk eg endeleg prøvd noko eg har tenkt på svært lenge: Topptur på ski. Her kan du få bli med på ein flott turdag i Sunndals fjell.

Utsikt mot Ålvundeidet frå toppen av Børsetlia. Vi er klare til tur :)
I haust fortalte eg om då broderen og eg gjekk opp frå Reinset til Stortuva i dette innlegget. Det var ein forholdsvis bratt tur oppover, men vi kom oss til topps. Det var verkeleg verd slitet.
På 1. påskedag var ruta i frå Ålvundeidet. Eg hadde ordna meg med godt turselskap, nemleg den syriske kurdaren Ayaz. Han hadde akkurat lært seg å gå på ski, og hadde derfor allereie vore på Stortuva både langfredag og påskeaftan!
Så vi starta litt utpå dagen med å ta skiheisa opp Børsetlia. Her må det forteljast at det var andre gongen for både han og meg å ta skiheis... Mykje å tenke på for å halde seg på beina og få med seg alt, men heldigvis gjekk det bra for både han og meg.



Ayaz er startklar!
Frå toppen av skiheisa, som ligg på rundt 550 meters høgd, hadde vi 480 høgdemeter vi skulle gjennomføre for å kome oss til topps - rundt ti km lengre framme. Og her vil eg verkeleg framsnakke Sunndal Alpinsenter og det arbeidet dei gjer med å tilby publikum oppkøyrte løyper oppe på fjellet. Eineståande arbeidsinnsats i vinter på frivillig basis! Inn til Stortuva er det nemleg oppkøyrt brei og fin autostrada heile vegen.
"Det er veldig langt", sa Ayaz. Han er ein mann av fjellet, og i og med at han gjekk turen for tredje gong og eg berre for første gong, var det han som var den erfarne av oss.
Så då starta vi å gå. Det var overraskande lite folk på tur denne dagen, så vi hadde i praksis fjellet for oss sjølve.

Utiskt mot Sunndalsfjorden og Sunndalsfjella.


Allereie her kan ein ane konturane av kor langt vi skal innover. Eg gjekk på fjellskia mine, og det kjentes uvant ut, så eg blei fort sliten. I tillegg hadde eg tatt på fellene på skia, og dei glei - mildt sagt - ganske dårleg... Fjorårets klister var det heller ikkje mykje nytte i...


Men til trass for at eg kjente eg blei sliten og lei, det er ikkje vanskeleg å finne motivasjon i så flotte omgivnader som vi hadde. Det var som eit vakkert måleri!
Dette var første dagen i påska med skyar, og det kom godt med, sjølv om vi hadde mykje sol. Og det var mykje varme i sola, så på veg opp angra eg meg aldri så lite på at eg hadde ullstilongs på meg.

Her går vegen over mot Kjerringvatnet og Børsetkjerringa (til høgre) og Todalen. Den vegen skal eg gå ein annan gong.

Autostradaen på fjellet.

Her ser ein at det enno er langt att å gå. Langt inne der er turmålet.
Etter å ha gått det som vel kan reknast for å vere langt og lenger enn langt, begynte vi endeleg å nærme oss Stortuva. Mastene vi ser til venstre i bildet, kjem opp frå garden Valset på Ålvundeid, og er lett å følgje om ein går til fots. Det møtte vi nemleg ein mann som gjorde.



Som allereie nemnt, blei eg sliten og umotivert. Då vi kom øvst opp i skaret ein ser på bildet over her, viste det seg (eg var for så vidt åtvara) at det var ein bratt bakke til for å kome til toppen. Sidan eg alt veit kor dårleg eg er både på nedoverski og oppoverski, fann eg rett og slett ut at det aller luraste var å sette att skia til nedoverturen. Det var nok bakkar eg skulle ned om eg ikkje skulle ta av frå toppen. Så då sette både Ayaz og eg att skia og tok beina fatt.


Det var som nemnt andre og som brukte beina til topps påskedag.
Eg veit med meg sjølv at når eg blir sliten og umotivert, begynner eg å sjå på klokka, ta bilde, må ha nøtter, vatn... snyte meg... eigentleg samme kva det er for å få tida til å gå. Så og på denne turen. Ein lang periode gjekk eg 20-30 skritt, pausa, 20-30 skritt... Ikkje rart det tok lang tid. 
På bildet under her er vi mesta på toppen. Toppen er rett bak det som ser ut som toppen her. Eg måtte rett og slett setje meg ned og kvile beina!



Skitt au - dei siste høgdemetra vart altså gått til fots, så eg kom meg ikkje til topps på ski. Uansett: Det som er det aller, aller beste med slike fjellturar! Utsikta! Og heller ikkje påskedag skuffa Stortuva i all si fylde!

Utsikt utover Ålvundfjorden, Neslandet, Stangvika og Vågbø. Ute i fjorden der møtast tre kommunar.
Ayaz møtte eg første gongen i haust, då intervjua eg han til Aura Avis. Eg hadde først fulgt han på Instagram og sett alle turbilda han legg ut. Han syntes det var veldig kjekt å bli intervjua, og eg syntes det var viktig å intervjue han. Denne turen tok vi for å følge opp det første intervjuet, og hadde reportasje i Aura Avis på fredag.
Han har vakse opp i den kurdiske delen av Syria, og kom til Noreg som flyktning for rundt sju år sidan. Han er eit forbilde med det arbeidet han har gjort for å integrere seg i Noreg. Det siste var altså skigåinga. Tre gonger til topps på Stortuva på tre dagar! Til hausten begynner han som lærling på Hydro - han skal berre ha sommarjobb der først. Eg er veldig imponert av han.
Ayaz er opptatt av at ein ikkje må gløyme kor ein kjem frå, og derfor har han alltid med seg det kurdiske flagget på tur.


Viktig å skrive seg inn i turboka på toppen.

Fantastisk utsikt mot Flånebba (til venstre) og Smisetnebba (til høgre).

Turniste må ein ha, og for meg er det brødskive med kaviar og egg.
Det var litt småkaldt på toppen, så vi skunda oss å spise og fotografere før vi snudde nasen nedover att. Då var det berre å ta beina fatt før vi fann at skia der vi sette dei frå oss. 
Ayaz imponerte meg i nedoverkøyringane. Han er godt utrusta med musklar, så han hadde gøts til å stå på. Eg er rett og slett kjerring, så det tok på tida...
Vel - nok om det!


Reinsetvatnet låg der aude og kvit.
Etter å ha ploga oss nedover, kom vi endeleg fram til siste, men brattaste utfordring, nemleg Børsetlia. Ennå tok ettermiddagssola øvst i bakken mens Ålvundeidet låg i skuggedalen. Her var det berre å komme seg ned og heim.
I gamle skulestilar enda alltid slike turforteljingar slik: Og alle var einige om at det var ein fin tur! Og det tenker eg rett og slett eg seier no og: Og begge var einige om at det var ein flott tur! Dette bør du få med deg neste vinter (no er det straks for seint!). 
Viss du vil følge meg på Instagram, finn du meg som budeiaingunn. Viss du vil sjå på Ayaz sine bilde, finn du han på Instagram som Alan Ayaz. 


Slitsom, men flott tur!

fredag 6. april 2018

Turblogg: Ein snartur til Aksla

Midt i mars fekk eg moglegheit til å gå dei 418 trappetrinna opp til Aksla i Ålesund. For ein fantastisk flott tur! 


Eg budde tilfeldigvis på Scandic Parken Hotel i Ålesund, og frå der er det kort veg opp til Byparken, kor turen startar frå.
Det er mogleg å gå ein større rundtur, men det hadde ikkje eg tid til, så det vart med tur-retur dei 418 trappetrinna. Turmålet er jo utruleg tilgjengeleg, og ein kan vel seie at sherpajobben har betalt seg.
Dette er ein flott tur for alle å ta i frå Byparken. Hadde eg hatt bedre tid, hadde eg sjølvsagt tatt heile rundturen. Den kan du lese om på Moroturs sider, og eg reknar med turen blir stikk ut-tur i år og.
Til sommaren skal eg tilbake til Aksla med ungane og vennene mine frå Australia, og det gler eg meg veldig til. Då må vi ha tid å gå trappene og ta kjempefine bilde.

Startpunkt lang og kort løype til Aksla frå Byparken.

Ein kanon treff ein og på oppi.

Trappetrinnteljing med jamne mellomrom oppover.

Byrampen er eit flott utkikspunkt. Her traff eg nokre trivelege folk på veg ned att.

Snart framme ved turmålet.

10 trinn att berre.

Utruleg flott utsikt i mange retningar og ut mot mange kommunar. I bakgrunnen her er Sula.

Utsikt mot Brosundet, som deler Ålesund i to, og Godøya i bakgrunnen..

Utsikt mot Godøya, Giske og Valderøya.

Statue av fjellmannen Kristofer Randers.

Utsikt mot Sula og fjella i Ørsta i bakgrunnen.

Frå Fjellstua på Aksla kan du gå vidare endå høgare opp.


Denne benken er til minne om ein engelsk offiser som døydde i Ålesund i 2. verdskrig.

Sjølvie :) Fredag og helg og nydeleg ver :)


Etiketter