Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten lykkedagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lykkedagen. Vis alle innlegg

søndag 4. september 2016

Redda av kjendisen...

Ein einsam gutt på 11 år ved eit stort bord. Ingen ville sitje saman med han fordi han er autist. Historia er ikkje særskilt, men fekk eit lykkeleg utfall.



TV2 fortalte denne veka historia om den einsame guten som fekk selskap av fotballstjerna ved lunsjbordet på skulen. Ei fotballstjerne som såg den einskilde guten gjennom mengda av alle andre.
Eit enormt lykketreff for guten, ei historie det står respekt av og til å følge etter av for oss andre.

Eg har opplevd noko lignande sjølv, og eg kjenner fortsatt på takksamheit for han som redda meg ut av situasjonen.
Det var juletrefest på bedehuset i bygda. Jenta mi var 2 eller 3 år gammal, så vi hadde budd berre 1-2 år i bygda, og kjente fortsatt mesta ingen her. Ho gjekk ikkje i barnehage, men hos dagmamma, så det var ikkje så lett å bli kjent med folk. Då vi kom inn i salen på bedehuset, gjekk eg derfor bort til dei få eg kjente og spurte om det var ledig. Nei, det var ingen som hadde ledig plass. Skuffinga mi var sjølvsagt stor, men eg gøymde den inni meg, og gjekk og sette meg der det var ledig - på eit bord åleine, dottera mi og eg.


Sannsynlegvis hadde vi nok vorte sitjande der aleine heile festen om det ikkje var for at det var ein person som var ute i absolutt siste liten - presten. Han skulle halde andakten til forsamlinga, men var lovleg seint ute. Derfor gjorde han det samme som dei aller fleste ville gjort - sette seg ned ved det første og beste bordet han såg det var ledig plass på. Det var mitt bord. Det var heilt tilfeldig, kan eg tenke, men det var mitt bord. For eit lykketreff! Presten var både morosam og lett å prate med, og festen gjekk som ein draum for oss då vi fekk så bra selskap ved bordet.

Denne historia er eigentleg ein parantes, Eg tvilar på at presten hugsar denne historia meir enn 10 år etter. Men for meg vart det ei historie å minnes med takksamheit.
Moralen i begge desse historiene er kanskje openbare: Ver venleg mot framande menneske, ver open for at dei og kan vere verd å gi av di tid til, ikkje fordøm menneske du ikkje kjenner. Ein framand er ein venn du ikkje kjenner.


fredag 20. mars 2015

FNs internasjonale dag for lykke og glede er no straks til ende!

"Det meldes at idag den 20. Mars er Den internasjonale dagen for Lykke. Hm. Det kom litt brått på, og jeg ble veldig usikker på hvordan den helst skal feires." Sitat Geirmund LYKKE.

Det var nok for fleire enn Geirmund Lykke det kom overraskande at det er FNs (fortsatt nye) internasjonale dag for lykke. Om du, i likheit med meg, synes lykke er eit litt vanskeleg omgrep, funkar det bra med å kalle det glededagen. Bakgrunnen for etableringa av dagen var etter forslag frå Bhutan i 2012. Første gong dagen vart arrangert, var i 2013. Flott tiltak frå Bhutan og FN. (Veit du ikkje kor Bhutan er, seier du? I følge Wikipedia er det eit  lite kongedømme i Himalaya på rundt 700 000 innbyggarar).

Det er få stader kor det bugnar med så mykje lykke og glede som på sosiale medier, og kanskje spesielt på facebook. Undersøkingar som er gjort viser at det er faktisk så mange som rundt 60 % som synes at det er dei aller lykkelegaste stundene som blir formidla på facebook. Rundt 30% blir, i følge undersøkinga, ulykkeleg av alle dei lykkelege statusoppdateringane. I stor grad er det ungdom som legg ut flest slike meldingar, og tilsvarande flest ungdommar som blir ulykkeleg av å lese det. (Kjelde: www.helseinfonett.no)

Dagen i dag starta med snøbyger. Ein av juniors sykkelvenner vart irritert for at han skulle få snø i håret. "Snø i håret betyr lykke," repliserte eg. Iallfall veit eg jo at regn i brudesløret gjer det, så kanskje det gjeld for snø i håret på ein liten skulegut og. 
Geirmund Lykke fekk naturleg nok mange lykke-helsingar for dagen. "Til lykke med dagen," skrev ei. "Lykken er betre enn forstanden," skreiv eg. Etterpå tenkte eg at eg kunne jo ha skrive "Må hell og lykke følge deg på alle dine veger"! Det er jo den helsinga gudmødrene sender med båtane etter at dei har knust sjampagna i skroget. Det var jo bra at ikkje gudmødrene mine gjorde det på meg då eg tre veker gammal fekk vatn på hovudet i kyrkja. Kanskje nettopp eit slikt ønske om hell og lykke kunne vore noko å sende med meg dengang då. 

Omgrepet 'lykke' kan bety ei djup glede eller kjensla av det. I blant er eg usikker på om eg verkeleg nokon gong har opplevd ei slik lykkekjensle. I følgje Wikipedia kan det og bety flaks, medgang eller heldig skjebne - med andre ord mange kjensler som gjer at ein kan kjenne på lykke. Forsking viser at dei som er lykkelege er friskare enn dei som er ulykkelege. Og eg og ungane er utruleg friske, så kanskje står det ikkje så verst til med lykka i heimen lell då?

Eg har prøvd å gjere eit raskt søk etter lykke i litteraturen, det vil seie i poesien. I Bibelen er det inga lykke å finne i det heile (men desto meir glede :) ). I salmeboka finnes det derimot salmar om lykke, og den eg kjenner best, er den "Lykksalig, lykksalig" frå oppveksten, kor vi måtte synge den på skulen. Ein annan salme er "Sorgen og Gleden, de vandrer tilhope, lykke og ulykke går hånd i hånd".
Somme har sagt kloke ting om lykke, der Aristoteles framstår som den klokaste: "Lykke er så viktig at det overgår alle andre verdslege omsyn." Den amerikanske psykologen William James sa: «Lykke er for dei fleste, til alle tider, det hemmelege motiv til alt kva dei gjer».

Ein ting som gjer meg ei kjensle av lykke og fridom, er det å komme ut på tur. Muleg eg må begynne å publisere nokre bilete frå fjorårets turar for å lade opp til årets turar.
Her er eit knippe bilete frå siste veka!

Forrige helg var eg på KrF-årsmøte i Geiranger i strålande ver! Var faktisk
 første gong eg var der skikkeleg, så det var på tide!

Geiranger sett frå Ørnesvingane!

Søndag var det dags for trimtur med familien langs den fine Bjørnsonstien.
Og Skjorta skuffa ikkje der ho heldt vakt i enden av Eresfjorden.

Junior på tur.

Langfjorden i solnedgang søndag kveld kl. 19! 

På starten av dagen i dag var det overskya og sluddbyger. Ikkje noko høydare
for å sjå solformørkinga iallfall. Og det minner meg om at eg ikkje fekk sett
det flotte nordlyset tidlegare denne veka skikkeleg heller.
PS ! Det som gav meg aller størst kjensle av lykke og glede i dag, var å treffe att ein som er berre nokre få år gamlare enn meg, som sidan juni i fjor har vore i kreftbehandling. Etter 85 liter cellegift, er han så frisk som ein kan være etter ei slik mørbanking av kroppen. Før var det rundt 30% mulegheit for å overleve hans diagnose i 1990. No er det vesentleg større sjanse - takket vere at folk fortsatt er svært raus overfor kreftforeninga. Pengane som kjem inn, går til forsking og utvikling av personleg tilpassa behandlingsmåtar. Det er når ein møter slike som han, at ein ser at pengane kjem til nytte! Forsking og behandling nyttar!

Etiketter