Totalt antall sidevisninger

tirsdag 30. april 2019

Turblogg: Saglimana er verd eit besøk!

Tidleg sist haust fekk eg med meg elevane på ei vandring opp til Saglimana i Tingvoll. No er turen blitt Stikk ut, og her er mi historie! 


Det var første gongen for både meg og fleire av elevane, og grunnen til at vi skulle gjere denne turen, var at det skulle vere ei religionsfagleg utflukt. Oppe er det nemleg ei flott, utskoren treplate med motivet av og legenda om St. Kristoffer.



Turen startar i enden av Stølsvatnet på Tingvoll, på Saghøgda, omtrent der nyvegen startar. Der tar ein inn til venstre (om ein kjem frå Sunndal). Han heiter Hafellvegen. Køyr eit par - tre hundre meter og parker der.
Vi prøvde nemleg å starte lengre nede, og det var ikkje lurt, og vart derfor ein omveg for oss. Det er lett å finne skiltinga og stien oppover mot Saglimana. Her startar turen oppover lia. Heilt kurant og grei sti - noko myrlendt terreng.

Dette var der vi starta først, men der fann vi ikkje farbar sti så langt.
Myrlendt terreng - prøv å halde ytterkant der det er det.

Vi gjekk feil, og fekk ein omveg. Start derfor der turen startar på Hafellvegen.
Oppover lia er det fin og merka sti, mellom anna ein del slike merka stavar. Saglimana var nemleg stikk ut-tur for ein del år tilbake.


Eit lite stykke oppe i lia begynner ein å få fin utsikt over Stølsvatnet og Saghøgda.





Joggesko var ikkje heilt eigna for turen - bruk gore tex.
Etter å ha gått ei stund - litt vanskeleg å seie kor lang tid vi brukte, begynte skogen å opne seg, og vi skjønte at vi var snart framme.


Og ganske rett: Etter å ha forsert ein liten bakketopp, kjem ein fram til skiltet som seier at ein er framme på Saglimana på 423 m.o.h. Der er det ei turbok å skrive seg inn i.
Eg må ta litt atterhald, men eg trur postkassa til Stikk ut står ved statua. Om eg tar feil, vil eg gjerne ha tilbakemelding om det, så skal eg slette denne informasjonen.


Frå varden ser ein ned på det som er turmålet, nemleg treutskjæringa av St. Kristoffer.



Eit kort stopp for å nyte utsikta utover Tingvollfjorden før vi gjekk ned til turmålet.


Det er bildekunstnaren Ola Sagli som har laga denne utskjæringa, og den vart frakta opp til Saglimana i 1996. Han kjem frå garden under fjellet, og ville gi noko tilbake til heimstaden.
St Kristoffer var ein av fjorten helgenar ein tilkalla når ein var i naud. Han er vernehelgen for alle som er på reise, både til sjøs og på land. Derfor er det god grunn til å legge vegen til dette vakre treutsnittet. På statua finn ein legenda om denne helgenen, som heiter Christophoros på gresk.
Ved treutskjæringa er det godt med sitteplassar og fint å ta ein liten piknik før ein går ned att.






Litt mat må ein ha før ein tar dei 2 km ned att.


denne linken om turen på Stikk ut si side, står det forslag om å ta ein annan veg ned. Nokre av mine elevar prøvde å legge vegen rett ned lia, og det var ikkje ei rute som dei vil oppfordre andre å ta. Så mitt tips er: Ta den same vegen ned att som du gjekk opp.

Statua og sittepassane sett på avstand.






onsdag 10. april 2019

Turblogg: Det er inga skam å skifte meining!

Det går mot påske, og med små glimt frå ein tur eg gjorde i forrige veke, slår eg fast med ein gong: Det er inga skam å skifte meining - eller snu om det er nødvendig.


Arne og eg hadde avtalt denne turen fleire veker i førevegen, så det var eigentleg utruleg at det skulle komme bli slikt godt vêr! Vêrvarselet sa at det skulle vere litt frisk bris, men ikkje noko alvorleg styrke. Det var berre å pakke og gjere seg klar, og eg pakka sekken ut frå erfaringa frå turen til Dovre. Då var det kjøligare, men vindstille.
Turmålet var Trolltinden, fjellet på grensa mellom Sunndal og Nesset. Der hadde eg ikkje vore før. så det var verd eit forsøk.


Då vi kom fram til øvste parkeringa i Trolltindfeltet, viste det seg at det hadde blese så hardt oppe der, at det ikkje var noko stifar å følge oppover. Derfor fekk sjølvsagt Arne arbeidet med å opne stien. Eg visste ikkje akkurat kor vi skulle gå, så det var greit å ha han foran.
I same tida som vi starta, starta det ein kar litt lengre ned og tok ei anna line. Seinare var det og nokre andre som begynte å gå - nokre skulle til Trolltinden og andre tok retning Romsdalsskaret. Men Arne og eg fulgte vår veg - den som gav jamn stigning opp til der det blir endå brattare.

Trolltinden er tinden i midten - den Arne har stødig kurs mot.
Mange av dokker lesarane hugsar kanskje at eg var og gjekk her i haust. Det kan de lese om i dette innlegget. Der skriv eg mellom anna om den første turen eg hadde på ski i området, og eg skriv og at eg har lyst å prøve å gå til Trolltinden.
Ja, ja - here I am!

Ryssdalen med Ryssdalsnebba til høgre.
Etter kvart som vi gjekk oppover, kjente eg kor dårleg føre det var. For kvart skritt eg gjekk fram, sank eg ned, og eg brukte mykje krefter på å komme meg framover. Det tok mykje tid å gå kvar meter, og Arne låg eit stykke framom meg oppover. Eg kjente eg vart sliten og lei - mesta sur...

Det som var tilbakelagt  med utsikt mot Flånebba og Smisetnebba baki der.
Fjellet ropar og eg må gå?
Eg set det fram som eit spørsmål, for etter kvart skjønte eg det som eg hadde sett på kartet til Morotur kor turen står forklart.  For eg hadde jo forklart meg sjølv at dei siste 4-500 høgdemetra ville bli tøffe.... Men det er jo ikkje vits å gi seg utan kamp!


Sjå kor fint og innbydande det ser ut...! Her ser det lett tilgjengeleg ut, men skaret ein skal "kare seg opp", som ligg til venstre, er bratt.
Og når eg ser kor bratt det skaret er, kjenner eg at dette er eg ikkje i stand til å meistre. Dette vil ta for lang tid - og Arne trur vi vil vere framme når vi i praksis burde vore på tur ned att. Og det er det neste problemet: På mine fjellski og med lite kunnskap om å svinge med dei, vil også nedturen vere ei utfordring.
Her hadde eg berre ein ting å gjere: Gi meg mens leiken var god. Så vi bestemmer oss for ikkje å snu, men endre kursen innover mot Romsdalsskaret - der har ikkje Arne vore før.



Vi har gjort ein venstresving og tar sikte på å følgje oppgått spor oppover mot skaret.
Arne er heldigvis ikkje ein kar som er rådlaus, og han går ikkje på tur utan spade. Det er  for så vidt eit greitt prinsipp, for ein veit aldri når og av kva grunn ein kan få bruk for han. Det kan vere fordi ein brutalt nok blir tatt av ras eller ein må grave seg ned på grunn av vêret - eller det kan vere for å lage ein flott benk å lunsje i. Eg går for det siste, og tar derfor aldri sjansar i vinterfjellet.


Planen vår var å ta sikte på Romsdalen. Fjella bak høyrer til Eresfjord, og nede der er Kanndalen. Vi går eit stykke langs spora som nokon andre har gått opp, men eg synest det går trått fordi det klabbar så kjøle under skia, og eg synest ikkje det er rett at Arne skal ta så mykje omsyn til meg. Så vi blir einige om at han går så langt framover skaret som han ønsker mens eg går tilbake til rasteplassen vår. Der kan eg sole meg og ta det med ro til han kjem. Heldigvis vart det mindre klabbing og dermed litt lettare å gå og.



Arne på veg for å få litt luft av Romsdal denne onsdagen :)

Herleg - siesta :) Trolltinden i bakgrunnen.

Litt kjøleg var det, men greit når ein kan kle kulda ute.
 Då Arne kom tilbake, var det berre å speade opp farta så best eg kunne nedover mot parkeringa. Eg er nok ikkje heilt nøgd med skia og skoa, så det føles tungt å gå. Eg har ikkje tatt av fellene, for etter at eg prøvde det, fann eg ut at det klabba noko grusomt. Så då hamna fellene på att, og føret vart litt bedre. Jada - gammalt klister under....
Alt i alt var det mange som tok turen tiL Trolltinden denne onsdagen, men eg fann ut at ein skitur dit ikkje er noko for meg. Men lykka står den kjekke bi: I år er Trolltinden på Stikk ut-kartet igjen, så eg skal dit til fots i sommar.

Det er inga skam å verken skifte meining eller å snu når ein er på tur - men ikkje utan at ein verkeleg har prøvd. Å snu fordi veret, føret og tryggleiken ikkje er bra er viktig og klokt. Men det tenker eg det også er når ein ser at ein ikkje har den helsa som krevst for å komme seg til topps.
Men Trolltinden - I'll be back!








Etiketter