Totalt antall sidevisninger

søndag 22. oktober 2023

Turblogg: Ettermiddagstur til Innerdalen ein oktoberlaurdag

 Innerdalen er ein plass det er fint å gå uansett årstid - alltid lett tilgjengeleg. No er vinteren snart på tur å overta i den fine dalen, men hausten kjempar hardt for å vare lengre. Eg tok ein ettermiddagstur for å sjå kvelden senke seg.

Klokka er rundt fem laurdag ettermiddag når eg går frå parkeringsplassen i Nerdal. Det er ein "blåsbortdag", men ikkje på det verste. Men litt motvind blir det opp bakkane mot Innerdalen. Oppe i fjella bles det tydeleg ganske friskt, men etter talet på bilar på parkeringsplassen å døme, er ikkje det til hinder for å ta seg ein tur opp til "dalen over alle dalar" - eller verdas vakraste dal, som Innerdalen og er kjent som.


På elvene og bekkane er det på tur å fryse, men enno finst det friskt vatn ein kan sjå rennande og. 
Så kjem eg opp på den plassen kor "alle" tar dei første bilda innover mot dalen. Her opnar Innerdalen seg og stemninga i meg stig. Vêret er fint, men eg kjenner det er litt motvind. Uansett går dei siste kilometra inn til dalen mykje lettare enn dei første. 


Isen har prøvd å legge seg dei siste dagane og vekene, men vinden som kjem utover frå Storlidalen, det vil seie i frå søraust, ber bud om mildare dagar. Derfor kjenner eg og at det er vinden som gjer det hustrig, ikkje temperaturen - det er rundt 5 grader.

Nokre bilde frå Renndølsetra før mørket senker seg. Klokka er rundt seks på ettermiddagen, og på den halvtimen skjer det  mykje med dagslyset. Eg registrerer at det er lys i hovudhytta og at det står ein bil der.


Eg går vidare oppover til turisthytta, for stikk ut-posten ved hytta er ein viktig destinasjon på turen min. Det bles godt i rundt Innerdalstårnet, og til mi overrasking er det lys i hovudhytta. Når eg kjem heilt opp, ser eg ein kar - ein av turistforeininga sine trufaste dugnadsarbeidarar - halde på med det han likar aller best: å gjere dugnadsarbeid for turistforeininga. 

Oppe på gammelhytta kan det sjå ut som at det er nokon som brukar laurdagskvelden der. Det er kjekt at hytta er populær, men no er det snart vinter og hytta låsast av for sesongen. Då må ein bruke låven om ein vil overnatte.

Eg bestemmer meg for å vere snar - tar nokre bilde før eg vender nasen nedover igjen. I det eg startar å gå nedover, tar eg på meg refleksvesten (i tilfelle det er fleire bilar ute og køyrer), og ikkje lenge etter tar eg på hovudlykta (hauløkta). Vinden kjem i sterkare grad mens mørket fell på.

Når eg kastar blikket opp mot Innerdalstårnet og fjella som ligg innover i retning Giklingdalen/ Flatvaddalen, synes eg Trolla (i midten på bildet under) stikk seg fram på ein rett og slett trolsk måte - han står der strank som ein ryttar på ein hest mens Tritindan (til høgre) prøver å beskytte Innerdalen mot trollet (Trolla). 



Dette bildet er det siste eg tar på turen. Det ser triveleg ut å kunne vere på Renndølsetra ein slik oktoberkveld mens vinden ruskar friskt. Når eg går vidare treff eg folk som er på tur oppover, nokon har sekk på ryggen, nokon har ikkje. Ingen har lys på hovudet, men dei ser nok litt bedre enn det gjer, og dei er snart framme i dalen, så det er nok ingen problem.

Mens eg går nedover, høyrer eg vinden tar tak i trea og vinden tar godt tak oppe i fjella. Eg skal ned til bilen og finne vegen heim att til mi lune stue. 


Etiketter