Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Mardalsfossen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mardalsfossen. Vis alle innlegg

fredag 29. desember 2023

Turblogg: Sommarens supersykkeltur: Eidsvåg - Eikesdal tur/ retur del 2 - Til Eikesdal

Dag 2 på sykkelturen, og med solskinn i dalføret bestemte eg med for å sykle opp til Eikesdal. Spørsmålet var sjølvsagt: Kor langt orka eg å sykle denne gongen?

Det er få ting i verda eg oppfattar som så ekstrem kvalitetstid som ein rotur i solskinnet med fiskestanga ute. For ein flott start på dagen - broderen med årene og eg med fiskestanga. Det er rett og slett lite som kan måle seg med eit speilblankt Eikesdalsvatn.

Utover mot Hoem og Øverås. Nokre skyer foran Goksøyra.
Oppover mot Eikesdal - med Mardalsfossen som naturleg midtpunkt.
Forsyne meg vart det ein liten fisk på kroken og.
Turen startar der han slutta dagen før. Sykkelen står på parkeringa vår og ventar på meg. Foran meg ventar ein kosetur oppover langs vatnet, og iallfall ein tur til Mardalsfossen. Men kjem eg til å sykle heilt til Finnset? Det gjorde eg nemleg for eit par år sidan. Då sykla eg to turar frå parkeringa til Eikesdal, og på den første turen sykla eg til stikk ut-posten som låg innanfor Finnset og ned att, og på den andre turen sykla eg både til Finnset og til Mardalsfossen.

Det fine med heile vegen fra Øverås til Eikesdal er at han er veldig flat. Den største stigninga finn ein inne i Viketunnellen på veg innover. Så turen frå parkeringa vår til Eikesdal er ein rein kosetur. Eg pleier for eksempel å sjå etter markjordbær langs vegen - og om så stoppe og putte nokon i munnen :)

Ved Ågothammaren har det vore mykje sikringsarbeid på vegen, slik at det skal vere trygt å fare langs vegen. Det skjer iallfall ikkje meg noko når eg rundar rundt det markante fjellet. 

Mange hugsar kanskje "71 grader Nord - team" på TV Norge sist vår, for då var det tur til toppen av Ågottind - med overnatting midtvegs oppi ein plass der... Med synet av Hoemsetra i bakgrunnen og mest av alt vakre bilde frå Eikesdalsvatnet vart det ei fantastisk flott reklame for denne indre kjerna av Molde kommune.



Her startar stien ein må gå for å komme opp til Strandkolvet kor ein hoppar ned.
Eikesdal i sikte.
Bilde frå sykkelturen i 2021. Då var det ganske bra med vatn i Vestre Mardøla.


Dette bildet av vertshuset i Eikesdal var tatt på sommarturen i 2021. Det ser ein fordi det var mange bilar utanfor, og det var dagleg drift der. Dessverre har det vore vanskeleg å få dagleg drift der i 2023, og det var ope berre nokre få gonger der. Håpar på bedre tider, for vertshuset ligg glimrande til ved inngangen til bygda - og med ein campingplass på andre sida av vegen.


Første skikkelege stopp på turen er nede på kaia for å sjå at cruiseferga Mardøla låg der. Og for å sjå etter kjentfolk. På stranda rett bortanfor var venner av meg i gang med å gjere eit formiddagsbad... Det er slettes ikkje ein favoritthobby eg har. 


I Eikesdal er det fleire moglegheiter for å finne vegen til fjells, og utanfor Sandgrovsletta Camping står det skilt med to av desse rutene. Om du kjem deg opp til Finnset, så startar turen opp lia på sti der fjellvegen startar. Like ovanfor Reitan finn du stien som går opp til Sandgrovbotn. Der kan ein ta seg fram til Mardalsfossen, eller ein kan kan gå utover Mardalsbotn mot Isfjorden.


Gamle Eikesdal skole kor eg var elev i åtte år.
Dessverre vart det ikkje noko tur oppover Eikesdalen denne gongen fordi eg prioriterte å drikke kaffi hos vennar på campingplassen. Men eg har mange fine bilde frå turane eg gjorde i 2021 som eg vil lage til ein del 3.


Turen min går vidare frå campingplassen mot Mardalsfossen. Det er rett og slett eitt bilde eg likar godt å sjå sjølv: bilde av sykkelen min oppe ved stikk ut-posten under fossen. Rett før ein kjem til parkeringsplassen er det skilting om at det er ein annan tursti som er mogleg å gå. Det er gammelstien som var før ein laga den fine grusvegen opp til fossen. Eg tar grusvegen oppover først, men planlegg å ta gammelstien ned att...




Det er nyttig å ta seg tid å lese på infoplakatane som er sett opp.
Oppe ved konsertplassen treff eg fem trivelege damer. Det er naboen Marit Vike (90 år om nokre få dagar!) og hennar turvenninner - ingen er under 85 år! Dei har gått gammalstien oppover, for dei er nemleg på stikk ut-tur, og har derfor allereie vore til posten ved stortolla. Då eg sa eg skulle ta gammalstien med sykkelen, trur eg eigentleg dei berre såg rart på meg... 

Vi sa ha det, dei gjekk ned att til parkeringsplassen og eg og sykkelen gjekk vidare opp til Mardalsfossen for å registrere stikk ut-koden.



Postkassa kor ein kan skrive seg inn i turboka.
Dette er draumen eg ber: Bilde av sykkelen foran Mardalsfossen.


Så gjekk turen vidare frå grusvegen til Mardalsfossen til gammalstien bortover skogen. I starten såg det greit ut, men eg hadde ikkje gått så veldig langt før eg skjønte at dette kunne bli ei selsam historie... For den veldig smale stien er ganske attgrodd, det er store steinar i vegen og det er tre i vegen. Så for meg med sykkel vart det ei aldri så lita utfordring...



Her gjekk rett og slett både sykkelen og eg i koll. Eit kronglate parti å ta sykkelen gjennom trillande.

Puh! Endeleg gjennom. Der stien går opp mot stortolla sett eg att stien og går opp for å få registrert koden.


Litt attvakse her og...
Stikk ut-posten ved stortolla.
Frå stortolla er det berre å gi seg på heimveg utover langs Eikesdalsvatnet. Om ein vil ha kortreist ferie på lågbudsjett er det ikkje så mykje som skal til før ein har ein skikkeleg bra tur. Ta det litt saktare, sjå seg i rundt, høyre på lyden av naturen og trekke inn lukta av sol, sommar, blomster og skog. Det gir ei enorm glede og det gir mykje energi om ein er i mangel av det.
Ikkje minst er det å ta seg tid å treffe folk og snakke med folk viktig, og det er jo mykje enklare når ein sitt på ein sykkel enn når ein sitt i ein bil.




mandag 25. mai 2020

Turblogg: Stikk ut-bonanza i Eikesdal, del 2: Mardalsfossen

Frå Slette gjekk stikk ut-ruta vår vidare til Mardalsfossen, Nord-Europas høgaste fossefall (655 m), som kan vere fin å besøke om våren og. Og det var første gong eg gjorde.



Dei to Stikk ut-turane i Eikesdal er ikkje berre fine og familievenlege turar: Det er og viktige turar for å minne om kampen om elverettigheitene som ein gong jaga gjennom dalen - storsamfunnet mot småsamfunnet, staten mot småbrukaren. Ikkje minst er det i år 50 år sidan den første miljøvernaksjonen i Noreg fann stad, nemleg demonstrasjonane mot Mardøla-utbygginga sommaren 1970. Eg kjenner meg veldig stolt over å seie at foreldra mine var med der - det er viktig å kjempe for det ein har kjært! Det er det viktigaste eg kan gi barna mine - retten til å kjempe med nebb og klør for det ein har kjært - det understrekar kor viktig ytringsfridomen er. Ikkje minst handlar det om retten til å eige og forvalte sine eigne ressursar - eigedomsretten som var nedfelt allereie i den franske grunnlova i 1789. Her er ein artikkel frå NRKs nettside frå 40-årsmarkeringa for ti år sidan, den gir ein del bakgrunnsinformasjon om det som hende.
Mens eg ventar på at eg skal komme meg opp i Sandgrovbotn og ta bilde av Mardalsfossen frå toppen, får eg nøye meg med desse bilda. Eg har fortalt fleire gonger om fossen på bloggen, men om eg skal framsnakke eitt av innlegga, synest eg denne teksten frå 2013 fortel det viktigaste - her fortel eg og mellom anna om utbygginga av fossen i 1970. Derfor seier eg ikkje så mykje meir om det her.
Sjølv om eg har vore opp til Mardalsfossen mange gongar (skal tru om eg har eit håp om at ungane mine skal kunne stien i blinde?), så har eg ikkje vore her på våren, så vidt eg kan hugse. Derfor vart på mange vis denne turen i eit nytt format - andre synsopplevingar enn om eg går sommarstid.
Så dette er kva eg opplevde på mi Kristi Himmelfart-vandring til Mardalsfossen :)



Viss du vil ha ein ekstra lang tur, parkerer du bilen på skuleplassen på den nedlagte skolen i Eikesdal, og sparer såleis samtidig 40 kr i bompengar. Sandgrovsletta Camping er på andre sida av vegen for skolen.
Inne i Mardalen må ein parkere og gjere seg klar for å gå den 1,7 km lange turen opp til fossen. Du kan lese om turen på Stikk uts nettside. Sjølvsagt er det ikkje same action og ikkje så spektakulært når det ikkje er vatn i fossen - den startar å renne 20. juni. Men sanneleg var det no spektakulært nok å vere der Kristi Himmelfartsdag, for det buldra godt i frå fonnene og elvene i området rundt fossen.

Prins var kjempelykkeleg for å få ein tur til :)
Skogane i Eikesdal er gjennom mange hundre år viden kjent for sine gedigne almetre (berre tenk på "Arne" som Bjørnson sat under ein alm i Utigard og skreiv i rundt 1860) og for hasselnøtter - elller "næt" som dei seier i Eikesdal (ok, eg burde vel seie det og, men er litt usikker på om eg gjer det...). Eg hugsar eg ein gong kom over ei bok frå krigens dagar, kor det stod fortalt om grisane i Eikesdal som var så feite fordi dei beita i hasselskogen og spiste mykje nøtter.
Når du er på tur oppover lia mot fossen, kan det vere kjekt å ta ein kikk på informasjonsplatene som ein finn eit par-tre av - slik som broder Terje gjer på bildet under. Viss du gjer det, kan du til dømes får vite at eikesdalingane begynte å fore grisene på "næt" allereie på 1700-talet, at Mardalsfossen har vore ein turistattraksjon sidan 1870-talet og at i 1892 bekosta Den Norske Turistforening bygging av ei steinkai i Mardalen som sørga for at turistar som kom med D/S Eikesdal kunne komme seg til fossen på ein meir lettvint måte. Og om "næta": I 1930-åra vart det selt 1700 kg nøtter på ein haust frå Vike-gardane. 




Treet fell over vegen som ein fin portal.


Fleire benkar å sitte på undervegs.
Dei siste somrane har det pleid å vere ein konsert på dette platået som er rett ved brua oppe i lia. I sommar kjem gruppa Isák med vokalisten Ella Marie Hætta som vann "Stjernekamp" i NRK for eit par år sidan. Fordi dei er såpass kjente som dei er og har visst eit solid lydanlegg, blir konserten nede på parkeringsplassen. For første gang skal joik ha større kraft enn krut i Mardalen! Og sjølvsagt er det verd å nemne at grunnen til at dei kjem, er fordi dei vil trekke band mellom Mardølaaksjonen og demonstrasjonane i Alta-Kautokeino-vassdraget eit lite tiår seinare. Utan Mardølaaksjonen er det ikkje sikkert det hadde blitt demonstrasjonar då Altavassdraget skulle byggast ut.
Desse folka som er med på bildet her (dei er spurde om det var greit), sit og venter på ein delegasjon som var like rundt hjørnet, mellom anna med stibyggaren Geir Vetti, som står for alle dei kjente trappene rundt om i landet - Midsundtrappene, i Tromsø, på Vega, i Mosjøen +++ (totalt 200 i talet). Det er eit stort ønske at det skal byggast trapp frå der stien sluttar og opp til fossen for å lette tilkomsten for den som vil ha seg ein dusj. Det hadde vore både flott og supert om det hadde blitt noko av! Dagen før var Vetti i Sunndal for å planlegge vidare Vinnutrappene - som kan bli eit enda større prosjekt enn Midsundtrappene.



Mardalsfossen ligg slik til at det er mesta ikkje sol i det heile der, berre litt i øvste fallet.


Fonnene gjekk ganske jamnt mens eg gjekk oppover.
I følgje denne teksten på eikesdal.no heiter dette området på bildet ovanfor Julgrøet, som viser til at det veks jul, eit slag kvann som var mykje i bruk i gamle dagar (på Hoemsetra har vi ein plass høgt oppunder fjellet som heiter Kvannrotsteinen av same grunn som det heiter Julgrøet).


Den skåra kor det ligg snø heiter Martinskåra, og ligg til høgre for Vestre Mardøla/ Ytste Mardøla, og der opp finst det ein sti som dei mest atletiske kan gå. Eg veit av nokre som har gått der, og det var visst ikkje av det enklaste ein gjer, både fordi det er vanskeleg å finne ein sti dit og fordi det er mykje stein å gli på. Men ein kjem seg rett opp i Mardalsbotn på 850 meters høgd, og kan då fortsette turen vidare utover mot Isfjorden i nordleg retning.



Dette vart eit vårleg besøk til Eikesdalens viktigaste turistattraksjon. Eg som har vakse opp med han, tenker ofte på korleis han var før han vart bygd ut - 3 m3 i sekundet rann det med vatn då. Mardalsfossen er enno viktig for å minne oss om at vi ikkje må gi oss over til styresmaktene og seie ja og ha, det er min bodskap når eg skriv dette no. Ein annan gong vil eg vise fram fine sommarbilete igjen av ein prangande og prektig foss :) <3

Ein liten sjølvie framfor fossen :)

Etiketter