Totalt antall sidevisninger

torsdag 11. oktober 2018

Turblogg: Rundtur i eit rike av fossar

Det er haust i fjellheimen - og kva er vel bedre enn å ta med ungane på ein rundtur i det riket kor fossane bur - øvst i Sunndal.

Svøufossen.
Viss du meiner å hugse at eg har skrive om dette før, stemmer det. I juni gjekk Prins og eg den samme turen - berre motsett veg - og det fortalte eg om i dette innlegget. Men då gjekk vi aleine, mens vi i dag hadde ungane med og. Det vart ein flott tur der Sunndal er på det aller vakraste - der fossane har sin heim og prakt.
Utgangspunktet for turen er den same uansett kva veg du tar. Vi skulle til Lundlia på besøk, og kunne sjølvsagt tatt den kortaste vegen, det vil seie den vegen eg gjekk i juni. Men det er jo lite spennande å gjere det same to gongar på rad... Derfor tok vi den andre vegen, og starta med å gå oppover lia frå parkeringa på Jenstad.


Du høyrer alltid ein foss på turen. Når vi startar å gå frå Jenstad, høyrer vi både Reppa og Svøufossen buldre godt ikkje så langt unna. Lyden av Reppa følger oss eit langt stykke oppover lia.
Den første delen av turen går mest inne i skogen, og det er ikkje så lett å få inntrykk av resten av naturen i rundt. "Dit skal vi", sa eg då vi såg eit glimt av Lundlia. "Skal vi dit?" spurte ungane litt mistruisk. Korleis i verda skulle vi kome oss dit... Vel, ein må berre gå....

På veg oppover, og vi skimtar Lundlia på andre sida av Åmotan.
Då vi starta frå Jenstad, var det eit lett lag skodde. Ut frå vervarselet for dagen, skulle det bli veldig bra ver - opphald, glimt av sol og stigande temperatur. Alt låg til rette for ein god dag i sunndalsnaturen.

Her er vi allereie eit godt stykke ovanfor Jenstad, og har fått utsikt mot Svisdal og Svøufallet.
Då eg sa til ungane at vi snart kom til ein anna foss, skjønte dei ingen ting, fordi dei kunne ikkje høyre han. Men det er det som er så fantastisk med Linndalsfallet - du går gjennom skogen, kjem ut i eit meir ope landskap, og der er fossen i all si fylde - 110 perfekte meter med foss!


Her kjem eit par bilde med ungane og hunden. Kva bilde synest du er finast? Det vanlege eller nr 2, kor telefonkameraet stilte seg inn på portrettfotografering?

Fotostund :)

Fotostund del 2: Kameraet på telefonen har stilt seg inn på portrett.
Vi brukte rundt timen frå parkeringa og opp til det beste utkikspunktet til Lindalsfallet. Men då er ein nedanfor botn av fossen, og ein skal opp på toppen av han, så det var fortsatt rundt 150 høgdemeter vi skulle oppover.

Enno er vi ikkje heilt på høgde med Svisdal.
Stien oppover lia var utruleg fin i dag. Til trass for at det hadde regna ganske mykje i går, tysdag, var det ikkje noko problem å gå. Eg synest det er fint å følgje stien oppover - ein kan jo gå vegen, men opplevinga er større på stien - ein er meir i pakt med naturen.


I det vi nærmar oss toppen, kjem vi til eit punkt ved Linndøla kor ein ser ned frå toppen av eit ras. Best å passe på så ein ikkje ramlar utom. Vi passerte Mælan, som er på 765 meters høgd. Men vi skal endå litt høgare.

Fortsatt er det eit godt stykke å gå for å komme til Lundlia.
Det gjekk mot lunsjtid, og vi hadde allereie gått i eit par timar. Eg hadde bestemt at ungane skulle få seg ein liten sving bortom idylliske Gammelsetra turisthytte i Linndalen, sidan eg alt trudde ingen av ungane hadde vore der før... Det viste seg at det hadde Aleksander vore.
Men lunsj ute på setervollen vart det før vi gjekk vidare. Det var eit par der som hadde vore eit par netter, og det hadde og vore andre folk der. Den minste bua kan ein bruke året rundt, men eg veit ikkje om det er mange som oppsøker Gammelsetra vinterstid.
Viss du vil sjå sommarbilde frå Gammelsetra, kan du kikke på dette blogginnlegget.

Linndøla renn i frå dei store vatna lengre inn i Linndalen og mot Sunndal.

Der stod Gammelsetra - like fin og idyllisk som sist eg var innom der.

Retning Sunndal.





Aakerstua.

Aakerstua ved porten til Linndalen.
Etter at vi hadde spist, var det tid for å finne vegen vidare. Vi gjekk tilbake til krysset kor vegen fortsette over brua til Linndøla. Vi tok ikkje bilvegen, men tok stien som gjekk mot den fine trebrua ved kvernhuset.


Kvernhuset ved Linndøla - "Hello, is it anybody in there..."



Det vart mykje søskenkjærleik på turen <3

Linndøla på veg mot fallet kor ho stuper ned mot Åmotan.


Skogen var kledd i haustskrud, og på eit område var det veldig mykje reinlav på trea. "Kor er reinsdyra hen?" lurte Ingvild på, og meinte dei burde vere i nærleiken når det var så mykje mat til dei. Ganske artig då å høyre på Lundlia at han som åtte garden for rundt 100 år sidan var ein same frå Snåsa med reinsdyr.




Lett og fint terreng - og tid for meir søskenkjærleik <3



Ved elva Reppa står stikk ut-postkassa, og etter signering i boka der, bars det over den nye, flotte brua og siste del av turen bort til Lundlia.


"Endeleg framme", jubla ungane då vi kom fram til Lundlia.

På Lundlia bur Keiko og Helge Dragseth.

Denne benken er eit kjent motiv frå Lundlia.

Etter å ha kvilt og prata med Keiko og Helge på Lundlia, var det tid for å finne den kortaste vegen tilbake til Jenstad. I juni gjekk eg Lundlibakken opp, men no skulle vi ta dei 300 høgdemetra ned til Åmotan. For ein gongs skuld lot vi Prins springe fritt, og det var han veldig glad for. Alle sauane hadde jo dratt heim til fjøsen på Røymoen.



På veg ned Lundlibakken.







Ingvild les om Ole Johnsen Lundly frå Lundlibakken, som vart prest og senator i USA.

Snart nede i Åmotan.
Det vart slitne bein på slutten av turen, så Jenkabrua er eit symbol på at vi er i gang med siste del av turen - bort til Svøufallet og bakken opp til Jenstad. Men først ein signatur i stikk ut-boka rett bortafor brua.


Svøufallet er blant dei prektigaste i verda med sine 156 meter.

Her møtest Reppa og Grøvu, og ein ser brua over Grøvu, kor ein går når ein skal opp til Svisdal.




Mange timar etter at vi starta turen, er vi tilbake på parkeringsplassen på Jenstad.

Ingen kommentarer:

Etiketter