Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Coldplay. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Coldplay. Vis alle innlegg

mandag 19. februar 2018

Reiseblogg: Ein tur rundt i byen - i Cardiff

Endeleg framme i Cardiff søndag kveld, og det var klart for to dagar å "gjere byen" på. Her er nokre glimt av det vi opplevde.

Cardiff Bay er vel verd eit besøk. 
På ein godversdag er det kjekt å ta seg ein tur langs hamneområdet i Cardiff. 


Cardiff Bay er verd eit besøk. Det er såpass langt frå sentrum, at det kan vere greit å ta bussen ned dit. Det er fleire butikkar i området og eit stort opplevingsområde. Vi var ikkje dit, men nemnast kan milleniumsenter, vannsportaktivitetar, Dr Who Experience, turistbåt, utstillingar og meire.
Det vi derimot gjorde nede i området der, var først å besøke Sjømannskyrkja (har ingen bilde derifrå). Der er det mellom anna ei utstilling knytt til forfattaren Roald Dahl, som var døypt i Den norske Sjømannskyrkja i 1917. Sidan det var godt ver, nytta vi høvet til å kjøpe oss ein leskande ingefærøl dei hadde i kafeen. Som den entusiastiske ingefærølprodusenten eg er, fekk eg nye idear som vart overført til eigen produksjon sist jul.
Så gjekk vi vidare, og då "hamna vi" inn på det walisiske senatet. Politikarane hadde sommarferie, så inne i bygget var det innspeling av ein spelefilm. 

Wales er tospråkleg - engelsk og walisisk - og derfor er det skilta på begge språk.

Som det samfunnsmennesket eg er, måtte eg bort i resepsjonen og få informasjon om korleis det walisiske senatet fungerer. Desse to kunne fortelle mykje, men sidan vi måtte vere veldig stille på grunn av filminnspelinga og at det snart var stengetid, vart det knapt med tid.
Wales er ein eigen sjølvstendig del av Storbritannia. Viss landet ønsker sjølvstende, kan det bli det. Sjølv om dei har begrensa myndigheit delegert frå det britiske parlamentet, kan dei vedta eit sett reglar som gjeld berre for sitt land.
Senatet opna så seint som i 2006. Nasjonalforsamlinga vart etablert gjennom eit vedtak fatta i 1997, og første valet til den nye forsamlinga var gjennomført i 1999. Fram til 2007 var det berre Nationa Assembly, men då vart det vedtatt at det skulle delast i to, med ei folkeforsamling og ei regjering.


Her er salen, the Siambr (ei tydeleg avskaling av 'chamber'), kor folkeforsamlinga held til. Det er seksti politikarar som er innvalt for å gjere vedtak som er knytt til walisisk politikk. I følgje den walisiske folkeforsamlinga si nettside har dei fire hovudoppgåver: Dei skal representere det walisiske folket, lage lovar til landet, iverksette skattar som er vedtatt og ansvarleggjer den walisiske regjeringa. Saker dei kan fatte eigne vedtak om, gjeld innanfor alle dei forskjellige arbeidsfelta, men ikkje majoriteten av lovsaker og kriminalitet, utanlandssaker og ein del saker som handlar om velferd og sosial tryggleik.
I tillegg til folkeforsamlinga / parlamentet er det og ei regjering som har i oppgåve å iverksette dei vedtaka som parlamentet har gjort. På same måten som statsministeren i Noreg er leiar for den norske regjeringa, er førsteministeren i Wales leiar av den walisiske regjeringa og er utvelt av dronninga. Det er berre ein statsminister i United Kingdom, og derfor kallast den walisiske ministeren for førsteminister - First Minister of Wales. 
Midt i golvet er det ein to meter vid glasskulptur som den internasjonalt kjente kunstnaren Alexander Beleschenko frå Swansea. Skulpturen heiter "Hjartet til/ av Wales", og har ei todelt forståing. På den eine sida skal den representere dei ideane som kjem ut frå folkeforsamlinga og på den andre sida det som kjem inn i rommet frå folket i Wales.


Ute i foajeen på bygget er det kunstutstillingar. Litt humoristisk fann vi igjen både eit portrett av Tom og eitt av meg. Eg syntes faktisk det likna på oss begge to...



Så er det tid for å sjå nærmare på noko av det ein kan sjå i sentrum. Det heilt store er jo Cardiff Castle, så den kjem i eit eige innlegg, men vi var og kikka på andre bygningar også, og det kjem her. Vi startar ved Cardiff City Hall.

Cardiff fekk bystatus i 1905. I 1906 opna City Hall. I bygninga er det mange ulike rom, både for konferansar og for større seremoniar. Vi droppa berre innom, og det var mykje opprydning som pågjekk, så vi fekk ikkje sett så mykje.





I trappene er det fleire statuar.


Prinsesse Diana var prinsesse av Wales. Sjølvsagt var ho avbilda!
Frå City Hall gjekk vegen vidare til naboen National Museum. Det er eit ganske stort museum med to store utstillingar - ei som viste Wales si historie frå "tidenes morgen" og ei stor kunstutstilling. Personleg synes eg nok det er meir interessant å sjå på ei historisk utstilling enn ei kunstutstilling. Det kan jo forresten leggast til at det er gratis inngang på museet, så om du er i byen med lite pengar, er jo det eit tips!








Det imponerer læraren Ingunn å sjå ein skuleklasse/ sommarkursklasse sitte i skuleuniformar ein tysdag og høyre om kunst...
St John the Baptist City Parish Church ligg midt i sentrum av Cardiff. Berre Cardiff Castle er eldre enn denne kyrkja i byen, og ho vart bygd på 1300-talet. Av ein eller annan grunn kom eg ikkje på å gå inn og sjå i kyrkja, men ho var veldig flott å sjå til utanifrå, og låg lett tilgjengeleg i bybildet.



Glimt frå bybildet i Cardiff sentrum.
Millenium Stadium ligg midt i sentrum, ganske tett til både jarnbanestasjonen og Cardiff Castle. Her er det plass til rundt 70-80 000 tilskodarar på konsertar og rugbykampar. Det var på denne stadion meisterligafinalen 2017 blei spelt. 
Det var jo dette stadionet eg kom til byen for å sjå - riktig nok ikkje på dagtid.






Eg skulle jo på konsert med mine musikalske heltar Coldplay. Dei er alltid ei oppleving å sjå og høyre. Denne gongen var det to store minus... Eg hadde ikkje fått med meg når tid dei skulle gå på scena... (det sto på Instagram), noko som medførte store byks fire etasjar oppover trappene i stadion... - for som sant var: Vi fekk ikkje akkurat ein strålande plass på konserten. Vi kom altså 20-25 minutt for seint til konserten - men i ettertid har eg enno ikkje funne ut kva songar eg gjekk glipp av. Så då nytte eg dei rundt 90 minutta eg fekk med konsert (var heldigvis ikkje første konserten med dei).





Kunst i nærleiken av jarnbanestasjonen.
Tidleg onsdag morgon starta eg avgarde på siste dagen av ferieturen. Cardiff var ein heilt kurant by å besøke. Lett å ta seg fram i, ganske oversiktleg og mange hyggelege menneske. Veret var veldig variert, men det må ein rekne med.
I neste blogginnlegg blir du med ein rundtur på Cardiff Castle.





onsdag 27. juli 2016

Coldplay og falafel er sant


Musikk og mat begynner på same bokstav. Det trur ikkje eg er tilfeldig... mmmm... :)

Det er spesielt ein ting som betyr enormt mykje for meg, og det er å kunne lytte til musikk. Då blir eg glad til sinns, musikk er balsam for sjela.
I begynnelsen av juli var eg på konsert med favorittgruppa over alle favorittar - Coldplay - i Stockholm. I forkant av konserten måtte vi ha mat, og hamna på ein libanesisk restaurant på kjøpesenteret ved sidan av Friends Arena, kor konserten skulle vere.

Der var ikkje valet av mat vanskeleg. Eg har smakt den vegetariske retten falafel eit par gonger på IKEA, og hadde lyst å spise den på skikkeleg vis. Og kva passa betre då vi besøkte den libanesiske restauranten SOOK, som ligg i kjøpesenteret ved sidan av Friends Arena. Falafel er mat frå Midt-Austen. På restauranten fekk eg velje mellom bulgur, couscous og ris, og eg velte bulgur, for det hadde eg knappast smakt.
Og eg vart ikkje skuffa! Prisen var ikkje dyr - 105 svenske kroner, og maten var særdeles god.
Det gjorde at eg hadde lyst å prøve å lage dette sjølv då eg fekk besøk av venner litt seinare i månaden.

Ingrediensar eg måtte skaffe: Kikertmjøl, kikerter, bulgur og tahini.
Oppskrifter vart googla fram, og her er det eg laga:

FALAFEL: Oppskrift henta frå www.matpaabordet.no

2 bokser kikerter i lake
1/2 lauk finhakka
1 kvitlaukfedd finhakka/knust
1 ss finhakka persille
2 ss finhakka koriander
1/4 ts cayennepepper
1/2 ts spisskummin
1/2 ts malt koriander
1/4 ts kardemomme
1/2 ts bakepulver
1 ts salt
1-3 ss kveitemjøl eller kikertmjøl
sesamfrø
olje til steiking

Framgangsmåte:
Hell av laken frå kikerta. Bland erta saman med lauk, kvitlauk, persille og koriander. Bruk food processor eller kjøttkvern til å mose saman blandinga. Den skal vere grov og samanhengande deig. Tilsett salt, bakepulver og krydder. Ha så i mjøl/ kikertmjøl (om du brukar kikertmjøl, blir den glutenvenleg). Mengda mjøl må ein kjenne seg fram på. Om ein har for lite mjøl i deigen, vil bollane ein skal lage, smuldre opp når ein steiker dei. Ein må derfor prøve seg fram på kor mykje mjøl ein treng å ha oppi.
MEN: Deigen skal stå og kvile i kjøleskåpen ein times tid, så det er først når du tar han fram for å steike bollane at du må finne ut akkurat kor mykje mjøl det skal vere.
Bruk ei spiseskei for å lage bollar i handa. Prøvesteik ei bolle for å sjå om deigen har nok mjøl.
Form resten av deigen til bollar og dypp dei i sesamfrø før du steiker dei i rikeleg med olje.
Bollene skal spisast varme, og dei kan og frysast.

Så til det ein kan ha attåt falafelbollane.

HUMMUS: Oppskrift henta frå www.kjoekkentjeneste.blogspot.com


Hummus er og mat frå Midt-Austen. Det er laga av kikerter som hovudingrediens. I tillegg er det tahini i den, og det er sesampasta. Eg fekk kjøpt det på LIFE-butikken her på Sunndalsøra.

1 boks kikerter i lake (t.d. frå Go Green)
olivenolje
saft frå ein halv sitron
1-2 kvitlaukfedd revet på rivjarn
Spisskummin
eit par skeier tyrkisk yoghurt eller matyoghurt
tahini
paprikakrydder
chili eller cayennepepper
ev. salt

Skyll erta før du skal bruke dei. Bland kikerter og yoghurt i ei bolle og køyr det glatt med t.d. stavmiksar. Tilsett den knuste kvitlauken, spisskummin, sitronsaft, tahini og olje. Smak til med chili/ cayenne, paprikakrydder og salt. Strø litt paprikakrydder på toppen og strø over litt hakka persille.
Hummus kan serverast saman med ulike typar kjøt, og kan og brukast som grønsakdip.

BULGUR MED GRØNSAKER OG KRYDDER: Oppskrift henta frå lisevonkrogh.wordpress.com

1 stor kopp bulgur
2 ss rapsolje
2 gulerøter revne
1 ts spisskummin
1/4 ts kayennepepper
1 paprika finhakka
4 dl spinat (ca ein pose fersk)
2 vårlauk finhakka
salt og peppar

Kok opp to koppar vatn (den same som du målar opp bulgur med). Hell i bulgur og la det koke til vatnet er vekke, det tar rundt eit kvarter på svak varme med lokk på kaserollen.
Varm opp olje i steikepanne, og ha i gulerøter, spisskummin og kayennepepper. La det frese i eit par minutt før du har oppi bulgur, spinat og vårlauk. Rør godt rundt og la det stå og trekke under lokk på middel sterk varme ei lita stund. Når spinaten er mjuk, er retten ferdig. Smak til med salt og pepper og eventuelt litt meir kayennepepper.

Ha nokre falafelbollar, hummus og bulgur på fatet, og legg over litt rømme på toppen. Smakar ganske så fortreffeleg ! Eg brukte ganske lang tid på å lage dette, men med trening så blir tida kortare. Smaksmengden må ein arbeide seg fram til. Nokon likar sterk smak og nokon likar det med litt mindre smak.

Bon appetit :) Til maten hadde eg ananasbrus frå Oskar Sylte.



Sidan det trass alt var konsert med mine favorittar over alle favorittar, Coldplay, eg skulle på konsert med, legg eg med ein liten videosnutt med dei :) Konserten var heilt fantastisk!!!

Coldplay og falafel = sant <3

Etiketter