Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten taco. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten taco. Vis alle innlegg

lørdag 23. februar 2013

Heimsnekra taco og alkoholfritt øl!

I dag brukte eg mesta to timer på å gjere klar tacomåltidet - og det var verd det! Og i dag var måltidet heimsnekra tvers gjennom! Det å lage heile måltidet sjølv, gir for det først ein god kjensle av å utøve kokkeyrket på heimebane! Dernest er det så utruleg mykje sunnare og betre og ete noko ein veit kva er - mesta heilt utan e-stoff og søtningsmiddel!


Fredagsstemning i stua med rundt 30 tente ljos!

Eg laga guacamole etter denne oppskrifta:


1 avokado

Litt opphakka chili
Litt opphakka purre
Nokre dråpar sitronsaft
Litt salt og peppar

Del avokadoen i to, og ta ut steinane. Bruk ein gaffel og mos avokadokjøtet. Bland i chilien og purren, og smak til med sitronsaft, salt og peppar til ein god smak. Server!


Salsa:


1 boks hakka tomatar

1 liten lauk, t.d. ein charlottlauk
Litt opphakka chili
1 fedd kvitlauk som raspast fint
Ca 1 ss olivenolje
1 ts spisskummen
Litt salt og pepper

Hakk opp i små bitar lauken og chilien, og rasp kvitlauken på eit rivjarn. Surr dette i ei steikepanne saman med olivenolje, og bland i tomatane. La det stå og småputre i 20-30 minutt. Smak til med krydderet. Server!

(NB! Det er viktig å lese oppskrifta nøye og så gjere slik det står i oppskrifta... Det gjorde ikkje eg, så min salsa var ikkje koka, slik det står i oppskrifta. Muleg det var difor eg synes salsaen smaka noko beskt. Eg tek difor og kokar han i 20-30 minutt no, så ser eg korleis den er på smak då :) )


Heimlaga salsa (dog ukoka...) og heimlaga guacamole!


Heimlaga tacokrydder:


4 ts spisskummen

1 ts malt koriander
2 ts paprikapulver
1 ts hvitløkspulver
1-2 ts chilipulver
2 ts salt
1/2 ts pepper
1/2 ts tørket koriander
1/2 ts tørket oregano
1/2 - 1 ts chiliflak
1/2 ts cayennepepper

Bland alle indgrediensane saman. Til ein porsjon steikt kjøtdeig på 4-600 gram treng du omlag ei spiseskei med kryddermix. Det kan vere lurt å koke dette saman med omlag 1 dl vatn. Smakar heilt fenomenalt!!!

TIPS! Lurt å to-tredoble samanblandinga i eit glas og ha ståande. Ein kan og ha blandinga i eit glas og gi vekk i gåve til andre tacoelskarar!


Eit glas med heimlaga tacokrydderblanding - heilt fritt for kunstige tilsetningsstoff og søtningsmiddel!


Heimbaka tortillalefse:


Eg har prøvd fleire ulike lefseoppskrifter i det siste, med større eller mindre hell! Det som er viktig når ein bakar desse lefsene, er å kjevle dei så tynne som det er muleg å få til!

I dag brukte eg følgande oppskrift:

4,5 dl siktet kveitemjøl
3 dl sammalt kveite grov
2 ts bakepulver
1 ts salt
2 ss feitt (smør, olje)
2,5 dl lunka vatn


Bland mjølet og bakepulveret saman med saltet. Eg brukte fullkorn kveitemjøl for å få lefsene litt grovare. Så brukte eg omlag halvparten sammal kveite grov og fin. Bland feittet saman med vatnet og bland saman med mjølet. Rør saman til deig, og ta den på bakebordet for å kna den skikkeleg saman. rull ut deigen til ei pølse, og del den opp i åtte jamne delar. La deigen kvile eit kvarters tid, før du kjevlar det ut til lefser - aller best så runde som muleg!

Steik dei på ei varm usmurt steikepanne, omlag eit minutt på kvar side - eller gjer som eg: Steik dei på ei steiketakke på høg varme omlag eit minutt på kvar side!


Tortillalefsa på steiketakka!


Lag ein supersuper salat å ha ved sidan av saman med rømme og hakka raudlauk! Betre kan ikkje fredagstacoen bli!!!



Eg pleier alltid å blande alle salatindgrediensane saman til ein salat, men det er jo ei smakssak! Dagens salat var av ruccola, purre, stangselleri, tomat, paprika, agurk, mais og ananas.



DRIKKE!

Kva ein skal drikke til tacoen er jo ei smakssak, og ofte avgjort av kven ein et saman med. Eg et saman med ungane mine, og velger derfor vekk drikke med alkohol. I det siste har eg imidlertid fått auga opp for den velfylte hylla med alkoholfritt øl som Bunnpris på Sunndalsøra har! Både Clausthaler og Munkholm har kommen i boks i tillegg til flaske, og Munkholm har til og med utvida sortementet med fleire smakar! Dette synes eg er så bra, at eg gir det herved ein porsjon redaksjonell omtale og reklame!!! 



Det er mange som seier at skal ein drikke alkoholfritt øl, kan ein like så godt drikke vatn! Det er eg ikkje sams i!Som KrF-politikar er eg opptatt av at det skal finnast gode alkoholfrie alternativ å drikke, og at ein skal skåne born frå å sjå vaksne sitje å drikke! Viss det alkoholfrie ølet har ein like så god smak som det alkoholhaldige, er det ingen grunn for å velgje alkoholhaldig framfor alkoholfritt! Eg drikk dette stort sett til mat i helga, og klart smaken er viktig.
I kveld drakk eg ein boks av eit utanlandsk merke som heiter Estrella - som er sponsor av FC Barcelona! Sponsorar eller ei: Smaken var absolutt ikkje bra nok! Denne kjem eg ikkje til å kjøpe igjen! Derimot har eg smakt før, og gler meg på å smake igjen Hansa Pilsner Null %. Den er velsmakande både som matdrikk og kosedrikk!



Med dette på hjartet, er det berre å ønskje alle ei mat- og drikkeglad helg!!!







fredag 25. januar 2013

Det vart litt baking i dag :)

I dag handler blogginnlegget om baking og kokkelering! Det er jo det som er så kjekt med å vere sin eigen redaktør - eg kan skrive om det eg vil :) Og det ville nok vere heilt ulikt meg å lage ein reindyrka blogg om eitt eller anna tema. Kva tema skulle det vere då? Om kongelege? Eller om Eurovision Song Contest? Nei, det blir for einsidigt! Derfor er det mat som er temaet i dag!

Eg held på å prøve ut ulike oppskrifter på polarbrød og tortillalefser.
For ei stund sidan prøvde eg ut ei svært enkel lefseoppskrift: 3 dl kveitemjøl og 3 dl fint rugmjøl, 2 dl vatn, 1 ss olje og 1 ts salt. Den funka veldig godt, og eg stekte lefsene på takka mi.
I dag prøvde eg ut ei anna oppskrift:

4,5 dl siktet hvetemel
3 dl sammalt hvete grov
2 ts bakepulver
1 ts salt
2 ss fett (smør, olje)
2,5 dl lunkent vann



Eg lot deigen kvile litt, og kjevla ut og steikte dei på takka. Eg er usikker på kva som gjekk feil i produksjonen, for dei blei alt for tunge og harde. Fristar ikkje å prøve dei igjen, nei!



 Slik såg deigen ut før eg kjevla den ut!

 Her ligg ei lefse klar til steiking.

Mislykka eller ei: dagens tacomiddag både såg og smakte utruleg godt! Eg hadde gløymt å kjøpe eit glas med tacosaus, så då tok eg ein boks med hakka tomatar med urtesmak, så krydra eg og salta den litt ekstra. Pussig nok kom det ikkje klage frå den andre sofaen!

Så bakte eg polarbrød. Eg fann ei nettside med linkar til fleire ulike oppskrifter: http://www.sol.no/mat/2012_08_29_14356_hjemmelagde-polarbrod.html

I dag laga eg denne oppskrifta:

100 gram havregryn
300 gram sammalt hvete, fin
500-600 gram hvetemel
50 gram sukker
1 pose tørrgjær
½ ts salt
2,5 dl vann, lunken
3 dl melk, lunken
3 ss knuste linfrø rørt ut i 1 dl vann
1 dl rapsolje


Kjør havregrynene i en foodprocessor så de ser ut som grovt mel.
Rør ut gjæren og sukkeret i vann og melk, tilsett rapsolje, salt, havregryn og knuste linfrø. Rør inn begge meltypene litt etter litt til du har en litt løs deig. Det kan hende at du ikke trenger alt melet.
Dekk over med et klede og la deigen heve i ca 45 minutter. Lag små boller av deigen, kjevle dem nokså flate. Stikk små hull med en strikkepinne eller noe annet spisst du har i nærheten. Etterheves bare i noen minutter, de skal ikke heve seg for mye siden de skal være flate...
Stekes på 220 C i ca 7-10 minutter, eller til de såvidt har begynt å få litt farge.
Avkjøles på rist med et klede over (slik at de holder seg myke). 
(Saksa frå http://marias-saltogsott.blogspot.no/2010/10/polarbrd-polar-breads.html)



 Her er deigen ferdigheva - klar til å bakast ut!


Så fekk eg ei kjempesmart forordning av søster mi til jul! Dette er eit stativ til å setje bakeplatene på, så ligg dei ikkje utover alle bord og benkar og tek plass medan bakinga pågår! Trur den er kjøpt på Europris :)
Bilde av eit ferdigbaka polarbrød lyt komma i morgon med brunost på toppen! Gler meg til frukost :)






Og til slutt ei oppmoding: Det er lurt å bake sjølv alle desse produkta du kjøper i butikken med ei uhorveleg lang lagringstid! Tenk kor kjekt det er å spise det du veit kva er for noko!!! Trygt og sunt!


Og slik ser det ut når polarbrødet er klar til eting :)

Etiketter