Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Trolltind. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trolltind. Vis alle innlegg

onsdag 7. august 2019

Turblogg: Draumen om Trolltind lever vidare...

Det var ikkje det at eg snudde... Eg fullførte berre ikkje turen (denne gongen heller). Draumen om Trolltind lever vidare til eit anna år.



Mange av dokker lesarane mine hugsar kanskje då eg fortalte at eg hadde tenkt meg på skitur til Trolltind på vårparten. Det kan du lese om i dette innlegget frå april. Eg kom meg jo ikkje til topps der, men blei veldig glad då det vart stikk ut-post denne sesongen. Då ville det bli ein god grunn til å komme seg opp. Her kan du bli med meg oppover mot toppen.

Vi - det vil seie junior Aleksander og eg - køyrde opp frå Jordalsgrenda i Sunndal. Ved riksvegen står det stikk ut-skilt, og eit stykke oppe i dalen må ein køyre mot Trolltind. Bomvegen kostar 80 kr, og kan betalast på Vipps eller på kontonummer.
Oppe ved hyttefeltet står det fleire stikk ut-skilt, så du veit du er på rett veg. Når Trolltind har vore stikk ut-tur tidlegare, har problemet vore at det har knappast vore skilting. Derfor har ikkje den turen vore aktuell for meg tidlegare. Men no må eg verkeleg skryte av dei som har hatt ansvar for turen. Den er verkeleg tipp-topp merka oppover heile vegen!
Den dagen vi gjekk, såg eg nokon skreiv på stikk ut-sida på Facebook om turen, og ho som skreiv om turen, kommenterte at det hadde vorte merka ein del då ho gjekk. Så det var ferskt arbeid. Som sagt: Verkeleg bra!
På denne sida kan du lese meir om turen til Trolltind.




Porten mot Trolltind!

Viktig med godt turselskap <3

Så var det berre å starte på vegen oppover. Skiltinga fortalte at det var 5 km til toppen - altså ganske same lengda som turen til Ekkertind.
Det første stykket er lang og slakk stigning, og første stopp vart Varghaugen. Der er det ei turpostkasse kor ein kan skrive seg inn i boka.  
På Varghaugen.

Men i det gode veret må vi berre komme oss vidare. Veret er rett og slett upåklageleg - ganske perfekt temperatur, rundt 20 grader.
Stigen går oppover mot fjellveggen før han begynner å smyge seg oppover fjellsida. Det er då ein først begynner å få følelsen med høgdemetra.




Ryssdalsvatnet (som var stikk ut-post for nokre år sidan) og Gråfjellet og Ryssdalsnebba til høgre.

Om eg har lest kartet rett, manglar denne toppen eit namn.

Eit stykke oppe i lia før vi kom til ura, fann vi den perfekte staden å spise nista vår. Og det er viktig å merke seg at det ikkje er tilgang på vatn på turen. Vatnet i denne pytten var grunt og gromsete.

 


    Snart begynner vi på den verkelege jobben med å komme oss opp!
Den verkelege harde delen av turen begynner der ura begynner, og ein skal gå laaangt oppover i bratt ur. Og her vil eg komme med ei viktig - truleg openbar - påminning: Ver på vakt for lause steinar! Då vi var komne eit langt stykke oppi, var eg ein augenblink uforsiktig, og gjekk rett på rattata, og blåmerke og sårarr har eg faktisk enno. 
Så kjem det neste viktige punktet: Førstehjelpsutstyr på tur. Det har eg hittil - med skam å melde - aldri hatt med meg, men etter dei siste turane har eg erfart kor viktig det er å ha med seg noko i sekken. Meir om det i neste blogg. 



"Og det er langt å gå... Det er lengselen som driver deg..."
Her ser ein begge Ryssdalsvatna.

Flystripa over himmelen lagde seg som ei regnboge når eg fotograferte i panorama på telefonen.

Litt av Sunndalsfjella. Salsnebba ligg mot venstre og baki mot høgre ser ein Trolla og Hoåsnebba.

Langs Ryssdalsnebba her går kommunegrensa mellom Sunndal og Nesset.
Men kva heiter toppane til høgre, dei som du kan skode på mange mils avstand?
Bak tinden som ikkje har namn i karta skodar vi Eresfjord - heimbygda mi :) Kan det vere Breifonntind til venstre?

Og best av alt når ein har kome seg opp i høgda: Utsikt mot Tustnastabbane.
Hufatet, Smisetnebba, Flånebba, fjella i Ålvundeid og over mot Surnadal.

I same rennet som at eg snubla i ein laus stein, kom det ein familie gåande ned som vi slo av ein prat med. Dei sa vi snart var oppe på platået før siste kneika før toppen. Dei sa og at det var ein mann til ovanfor dei. Klokka begynte å gå mot 18, og eg kjente på ei viss frykt for at vi var dei einaste menneska i høgda der. Så då vi møtte han mannen som gjekk åleine, sa eg til han at vi skulle snu på platået. Og det sa eg og til Aleksander.
Så då vi kom opp på platået, som eg gjettar på ligg på omlag 1200 meters høgd, åt vi nista vår - ein treng trass alt krefter for å kome seg ned att og - tok nokre bilde og starta på nedoverturen. Sjølvsagt var eg litt snurt i mitt indre for at eg ikkje kom meg opp til toppen, men for å seie det slik: På det tredje smell det! Så det skal bli - men aldri på ski! Det fekk eg bevist for meg sjølv at eg ikkje skal dit på ski.

Aleksander er ikkje veldig turvant enno, men han var eit supert turfølge <3

Draumen om Trolltind lever vidare...

Takk for ein flott tur saman med deg, Aleksander!

Då vi kom ned att til tjernet, var sola gått ned og tinden spegla seg i vatnet.

onsdag 10. april 2019

Turblogg: Det er inga skam å skifte meining!

Det går mot påske, og med små glimt frå ein tur eg gjorde i forrige veke, slår eg fast med ein gong: Det er inga skam å skifte meining - eller snu om det er nødvendig.


Arne og eg hadde avtalt denne turen fleire veker i førevegen, så det var eigentleg utruleg at det skulle komme bli slikt godt vêr! Vêrvarselet sa at det skulle vere litt frisk bris, men ikkje noko alvorleg styrke. Det var berre å pakke og gjere seg klar, og eg pakka sekken ut frå erfaringa frå turen til Dovre. Då var det kjøligare, men vindstille.
Turmålet var Trolltinden, fjellet på grensa mellom Sunndal og Nesset. Der hadde eg ikkje vore før. så det var verd eit forsøk.


Då vi kom fram til øvste parkeringa i Trolltindfeltet, viste det seg at det hadde blese så hardt oppe der, at det ikkje var noko stifar å følge oppover. Derfor fekk sjølvsagt Arne arbeidet med å opne stien. Eg visste ikkje akkurat kor vi skulle gå, så det var greit å ha han foran.
I same tida som vi starta, starta det ein kar litt lengre ned og tok ei anna line. Seinare var det og nokre andre som begynte å gå - nokre skulle til Trolltinden og andre tok retning Romsdalsskaret. Men Arne og eg fulgte vår veg - den som gav jamn stigning opp til der det blir endå brattare.

Trolltinden er tinden i midten - den Arne har stødig kurs mot.
Mange av dokker lesarane hugsar kanskje at eg var og gjekk her i haust. Det kan de lese om i dette innlegget. Der skriv eg mellom anna om den første turen eg hadde på ski i området, og eg skriv og at eg har lyst å prøve å gå til Trolltinden.
Ja, ja - here I am!

Ryssdalen med Ryssdalsnebba til høgre.
Etter kvart som vi gjekk oppover, kjente eg kor dårleg føre det var. For kvart skritt eg gjekk fram, sank eg ned, og eg brukte mykje krefter på å komme meg framover. Det tok mykje tid å gå kvar meter, og Arne låg eit stykke framom meg oppover. Eg kjente eg vart sliten og lei - mesta sur...

Det som var tilbakelagt  med utsikt mot Flånebba og Smisetnebba baki der.
Fjellet ropar og eg må gå?
Eg set det fram som eit spørsmål, for etter kvart skjønte eg det som eg hadde sett på kartet til Morotur kor turen står forklart.  For eg hadde jo forklart meg sjølv at dei siste 4-500 høgdemetra ville bli tøffe.... Men det er jo ikkje vits å gi seg utan kamp!


Sjå kor fint og innbydande det ser ut...! Her ser det lett tilgjengeleg ut, men skaret ein skal "kare seg opp", som ligg til venstre, er bratt.
Og når eg ser kor bratt det skaret er, kjenner eg at dette er eg ikkje i stand til å meistre. Dette vil ta for lang tid - og Arne trur vi vil vere framme når vi i praksis burde vore på tur ned att. Og det er det neste problemet: På mine fjellski og med lite kunnskap om å svinge med dei, vil også nedturen vere ei utfordring.
Her hadde eg berre ein ting å gjere: Gi meg mens leiken var god. Så vi bestemmer oss for ikkje å snu, men endre kursen innover mot Romsdalsskaret - der har ikkje Arne vore før.



Vi har gjort ein venstresving og tar sikte på å følgje oppgått spor oppover mot skaret.
Arne er heldigvis ikkje ein kar som er rådlaus, og han går ikkje på tur utan spade. Det er  for så vidt eit greitt prinsipp, for ein veit aldri når og av kva grunn ein kan få bruk for han. Det kan vere fordi ein brutalt nok blir tatt av ras eller ein må grave seg ned på grunn av vêret - eller det kan vere for å lage ein flott benk å lunsje i. Eg går for det siste, og tar derfor aldri sjansar i vinterfjellet.


Planen vår var å ta sikte på Romsdalen. Fjella bak høyrer til Eresfjord, og nede der er Kanndalen. Vi går eit stykke langs spora som nokon andre har gått opp, men eg synest det går trått fordi det klabbar så kjøle under skia, og eg synest ikkje det er rett at Arne skal ta så mykje omsyn til meg. Så vi blir einige om at han går så langt framover skaret som han ønsker mens eg går tilbake til rasteplassen vår. Der kan eg sole meg og ta det med ro til han kjem. Heldigvis vart det mindre klabbing og dermed litt lettare å gå og.



Arne på veg for å få litt luft av Romsdal denne onsdagen :)

Herleg - siesta :) Trolltinden i bakgrunnen.

Litt kjøleg var det, men greit når ein kan kle kulda ute.
 Då Arne kom tilbake, var det berre å speade opp farta så best eg kunne nedover mot parkeringa. Eg er nok ikkje heilt nøgd med skia og skoa, så det føles tungt å gå. Eg har ikkje tatt av fellene, for etter at eg prøvde det, fann eg ut at det klabba noko grusomt. Så då hamna fellene på att, og føret vart litt bedre. Jada - gammalt klister under....
Alt i alt var det mange som tok turen tiL Trolltinden denne onsdagen, men eg fann ut at ein skitur dit ikkje er noko for meg. Men lykka står den kjekke bi: I år er Trolltinden på Stikk ut-kartet igjen, så eg skal dit til fots i sommar.

Det er inga skam å verken skifte meining eller å snu når ein er på tur - men ikkje utan at ein verkeleg har prøvd. Å snu fordi veret, føret og tryggleiken ikkje er bra er viktig og klokt. Men det tenker eg det også er når ein ser at ein ikkje har den helsa som krevst for å komme seg til topps.
Men Trolltinden - I'll be back!








tirsdag 9. oktober 2018

Turblogg: Hagbøsetra - ei perle utanfor allfarveg

Ein sjeldan gong opplever eg å gå ein tur eller komme fram til eit turmål kor eg kjenner meg overvelda av naturen og turopplevinga. Hagbøsetra ovanfor Boggestranda er ein slik tur.




Sist søndag fekk eg med ungane, Prins og broderen på tur opp til Hagbøsetra ovanfor Boggestranda i Nesset. Ingan av oss hadde vore der, og vi gledde oss på turen.
Starten er like innanfor siste garden på Boggestranda - nokre hunder meter innover stranda. Der var det greie parkeringsforhold, og vi kunne starte på turen oppover. I følge turskildringa på Stikk ut-sida er det rundt 2,3 km opp og rundt 550 meter høgdestigning.
I starten er det fint og slakt oppover gjennom skogen. Heilt ok sti, faktisk ikkje for våt (overraskande nok etter alt regnet), men det var nokre små parti som var litt våt enkelte plassar.


Startpunktet nede ved fylkesvegen på veg innover mot Eresfjord.
Fin sti eit godt stykke av vegen.
Alltid like hyggeleg å vere på tur med desse to <3

Så oppover lia gjekk det, og etter ei stund kom vi til dette skiltet. Då må ein følge stien vidare opp til høgre. Her var det for øvrig tid for eit lite rastestopp - litt drikking og sjokokjeks.


Snopepause for broderen :)
Mesteparten av stien går inne i skogen, og ein får berre nokre få glimt av fjord og fjell. Utsikt mot fjord og fjell synest eg er noko av det viktigaste på ein slik tur. Midtvegs oppe i lia møtte vi ei dame som var på veg ned. Ho kunne fortelle at ein hadde god utsikt til Goksøyra, men ikkje til Skjorta oppe på setra.
Av og til fekk vi iallfall glimt av favorittfjella mine.


Og desto høgare i lia vi kom, jo bedre såg vi innover mot Eresfjord.
Eg har faktisk knappast sett bilde frå Hagbøsetra. I år har setra vore stikk ut-mål, men ikkje så mange har lagt ut bilde derfrå på facebooksida til Stikk ut. Eg ante knappast kva eg skulle komme til då eg kom fram. Etter å ha gått i rundt 1 1/2 - 1 3/4 time i skogen, kunne det vel berre bli bedre?
Så tok vi skrittet ut av skogen og det kjentest som at heile verda openberra seg for oss. Der sto ei unnseleg seter og venta på oss - omkransa av fjella som grensar mot Sunndal - der låg rekka av Trolltinden, Åbittinden og Blåfjellet. Og der låg fjella i og rundt Eresfjord. Det kjentest som Paradis på jord <3 Om det var dei kvitkledde fjella, den haustfarga skogen eller gleda over fellesskap med ungane og bror min - det heile var iallfall ei utruleg flott oppleving av å finne noko perfekt!

Hagbøsetra - ei fredeleg perle på jord.
Ho begynner å bli falleferdig, setra, men her var det tid for kvile.
Sjå den herlege fjellrekka kledd i vinterdrakt - Blåfjellet - Åbittinden og Trolltinden.
Litt mat og drikke må ein ha i kroppen.
Dei gamle fjell i synigom er alltid eins å sjå... Hausten i all si prakt.

Ein liten sjølvie :)
 Fjellrekka innover mot Eresfjord. Eg er ikkje heilt sikker på alle fjella, men ein ser iallfall Trolltind, Goksøyra, Kvitfjellet, Kalvgjeltinden (?) og heilt til høgre er Svarttinden.


Skjønnar du korfor eg vart heilt bergtatt og overvelda på Hagbøsetra?
Tid for å gå heim att - og Hagbøsetra var verkeleg ei flott oppleving!

Etiketter