Totalt antall sidevisninger

onsdag 29. august 2018

Turblogg: Snartur til Nordmørsskaret

I dag vart det ein snartur opp til Nordmørsskaret i frå Trolltind hyttefelt, som ligg øvst i Jordalsgrenda. Det vart ei stilaus vandring.

Ein ganske gjenstridig hund... Ikkje trekkhund, men å trekke hund...
 Vi starta frå parkeringa kor ein også går til Trolltinden. Sidan den turen ikkje er merka, har eg ikkje vore der enno. Det kan bli om eg får med meg kjentmann. Enn så lenge, vart det anna tur i dag.
Turmålet var stikk ut-posten i Nordmørsskaret, som ligg på grensa mellom Sunndal og Nesset. Dit går det ikkje sti, men det er lett å finne fram når ein veit retninga.
Eg har vore oppe i området her nokre gonger før, både på familieutflukt og stikk ut-jakt. For to år sidan gjekk ei venninne og eg i frå Kanndalen og over skaret mot Ryssdalsvatnet. Då var elva akkurat så stor der, at vi ikkje kom oss over til stikk ut-posten ved Ryssdalsvatnet.
Aller første gongen eg var i området, var då skulen i Eresfjord hadde skitur over frå Jordalsgrenda til Eresfjord - det som i gamle dagar heita Grenseløpet. Då var det ikkje tilrettelagt for å kome seg lengre inn i fjellet med bil, og derfor starta vi å gå frå Lien. Det vart ein lang og dryg tur, hugsar eg. Skikkeleg skareføre som det ikkje gjekk an å gå på, så då måtte vi bere skia opp til toppen av skaret. Og då vi skulle renne frå skaret og ned til Kanndalen og Eresfjord, var skaren så hard at eg ramla og datt, ramla og datt... og såg ikkje ut. Det var litt av ein tur, ja! Einaste skituren eg har gjort i det området...!

Utsikt mot fjella på andre sida av Sunndalsfjorden, t.d. Flånebba.
 Det aller finaste med turen i dag, var å sjå korleis fjellet er i gang med å ikle seg haustfargane. Det var ikkje spesielt vått der eg gjekk, sjølv om det var vått.
Trolltinden er eit populært turmål, spesielt på ski om vinteren. Det har eg lyst å prøve på når det lir mot påske, men då må skia vere grundig smurt...
Vel, det trong eg ikkje tenke på i dag. I dag var det godt å vere ute i det gode veret og med den gode temperaturen. Det var godt å sjå på fjella, og det var kjekt å sjå sauene som beita seg fine og feite der.



Det er ikkje så godt å vite kva som skulle vere mest rasjonelle løypa å velje for å komme seg mot Nordmørsskaret. Eg skulle ta sikte på trafomastene, og velte å gå først eit stykke oppover før eg gjekk bortover mot mastene. Så fulgte eg mastene til eg var komen opp i skaret. Eigentleg kunne eg fulgt dei lenger enn eg gjorde.
Inne i dalen på bildet under her, ligg Ryssdalsvatnet, som var stikk ut-post for eit par år sidan. Frå der kan ein gå til Ryssdalsnebba, som er det høgaste fjellet i bildet her. Til venstre burde eg ha fått med Ryssdalsnebba i bildet.


Her ser ein godt kor ruta går vidare.


Når ein kjem opp på skaret, er det to vatn der, og stikk ut-posten ligg i enden av det siste vatnet. Når ein går frå Kanndalen, kjem ein ganske fort på han. Eg tok ikkje bilde av posten (fordi eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive blogg om turen...hehe), men han ligg heilt i enden av vatnet på bildet under her. Ganske kjekt å få synet av Skjorta på tur - då er eg på heimebane!



Også Prins synes det er viktig at lunsjutsikta ser ganske bra ut :)
På veg tilbake frå Nordmørsskaret, fulgte eg trafomastene litt lenger ned enn eg hadde starta å følgje dei oppover. Så la eg kursen mot parkeringa. Det er ikkje spesielt vått i område no, og med det meiner eg at ein synk ikkje ned i det våte terrenget/ myrterrenget. Det er så rørt at ein går greit oppå. Alle bekkane var ikkje spesielt store heller. Det er ganske mange bekkar i området der.
Alt i alt brukte Prins og eg rundt fire timar på turen, og det blei litt for lite pausar, men det var såpass lett terreng å gå i, at det var på ein måte ikkje så viktig heller.
Tippar turen vart rundt ei mil totalt. Ganske grei trimtur det :)


Ingen kommentarer:

Etiketter