Totalt antall sidevisninger

onsdag 15. august 2018

Turblogg: Så var det dette teltlivet då...

Før eg drar vidare på neste tur, må eg dvele litt ved teltlivet og slikt....


dette blogginnlegget, som handlar om korleis eg gjorde meg klar for den store turen til Snøheim og Snøhetta, etterlot eg eit spørsmål om korleis det gjekk med teltplanane ved Snøheim...
Fredag kveld mesta bøtta det ned med regn. Eg visste av erfaring at regnet ville halde seg ute frå teltet, men orka eg jobben med å sette det opp - det var mørkt og hustrigt. Og alle andre hadde fått opp sine telt... 
Eg både spurte ikkje berre ein, men to gonger om det var ledig sengeplass inne på Snøheim... Og det var det... Men til slutt bestemte eg meg for å halde fast ved bestemminga: Eg skulle ligge i telt på mesta 1500 meters høgd!
Så var det berre å gi seg i gang/ kamp med teltet, og rett skal vere rett: Det var mange - iallfall nokre - som meldte seg til hjelp. Så teltet kom opp. I Fjelltids teltcamp ved Snøheim Turisthytte hadde nok eg garantert det billigaste og enklaste teltet.

Eit lite utsnitt av teltleiren til Fjelltid søndag morgon.
Eg spela inn ein liten video fredag kveld, der eg snakka om nokre tankar rundt det å ligge i telt.


Eg kledde på meg eit sett superundertøy og rekna med at det skulle halde gjennom natta. Det som vart resultatet av den første natta i telt, var at det var veldig kaldt - til trass for at eg hadde eit godt liggeunderlag og ein utapåtrekkspose utanpå soveposen. Etter eit nødvendig ærend ute langt utpå natta, fekk eg endeleg eit par tima med skikkeleg sømn. Dermed var ikkje opptakta til snøhettaturen den beste.

Neste natt måtte eg vere bedre førebudd, og eg rekna med eg var stuptrøytt etter turen. Utanfor teltet satt ein gjeng av dei eg hadde week-enden saman med og skråla. I rundt kl. 22 låg skodda enno øvst i toppen av Snøhetta, men ein times tid seinare hadde den pakka inn Snøheim og omgjevingane rundt. Det vart ei påminning om kor upåliteleg veret er i høgda. Her er ein video kor eg snakkar litt om det.


Ikkje minst nemner eg i videoen kor mykje klede eg har på meg... Sanninga er at det vart veldig kaldt om natta - temperaturen var nok lågare enn førstenatta, men heldigvis kom ikkje kulingen som var meldt.

I og med at eg sov skrekkeleg dårleg om natta, higa eg etter å kome meg heim. Vi var nokre som drog avgarde med første bussen i 9-tida. Ei av dei andre hadde lyst på Viewpoint Snøhetta, så drog vi dit.
Det som var interessant med turen opp til den spesielle utkiksposten, var at det låg med jamne mellomrom plater i bakken som fortalte om kor ein var i historia og kva som skjedde då. Så vidt eg veit, er det foreininga Bevar Dovre mellom istidene som har vore initiativtakarar til dette for å gi ei kultur- og naturhistorisk tilnærming.





Kva meiner eigentleg Ingunn om telting og slikt friluftsliv?


Heilt til slutt nokre tankar om det å utvikle friluftslivinteressa ytterlegare.
Eg hadde fire netter i telt den veka. Som eg seier i videoen her: Eg blir nok aldri nokon stor teltentusiast, og trur nok eg vil halde meg heller til å gå frå hytte til hytte. 
Det er ganske lett å skulde på at eg ikkje har lært noko om teltlivets gleder heime med mamma og pappa. Vi snakkar enno om den gongen mamma og pappa skulle sette opp telt på ein campingplass i Loen i 1978... Det var ikkje spesielt vellukka. Dei fekk det opp til slutt, men det var på ein heilt annan plass enn den campingplassen, for å seie det slik.
Nei, eg kan ikkje berre skulde på dei. Men hittil har eg vel knappast kjent på interessa om å dra ut på telttur. Eg håpar eg hamnar dit, og eg håpar eg orkar å ta den bærejobben det er å få telt, utstyr og mat til fjells.

Og eg veit at det er mange naturopplevingar eg går glipp av når eg droppar teltet, men det får stå si prøve.
Ein viktig grunn til at eg veit at det ikkje vil bli så mykje av det, er fordi eg ser sjølv at eg har begrensa bærekapasitet. Det var ei erfaring eg gjorde meg på denne turen. Viss eg går saktare, kan eg nok greie å bære 15 kg, men det er eigentleg for tungt for meg viss turen er lang og/ eller tung. Det er eigentleg ei dryg innrømming å kome med, men eg veit og at det arbeidet som krevst for å styrke ryggen, det vil seie mykje styrketrening,.... eg er ikkje der... eg trur ikkje eg maktar...

Viss du som les dette, lurer på om Fjelltid kan vere eit nettsamfunn for deg, bør du absolutt melde deg inn på denne linken og sjekke det ut nærmare.
Mine eigne erfaringar med å vere på tur med Fjelltid som arrangør, er veldig positive. Som eg nemnte sist, burde alle ha ein gledesgut å gå saman med på tur. Som eg skreiv, veik han mesta ikkje frå mi side, for eg skulle opp - alle som ville til topps, skulle få kome seg til topps, og der var turleiarane påkopla for å motivere og hjelpe til. Eg synest det var ei utruleg god turoppleving. 
Eg må ta ei lita episode heilt på slutten av turen vår. Klokka var bikka 18, og vi var ikkje nede enno, og middagen var kl. 18.30. "Så kjekt at vi kjem fram rett til middagen", sa gledesguten Jarle. "Vel, eg kunne no gjerne tenkt meg ein halvtimes beinstrekk først", var min tørre kommentar tilbake. "Men eg prøvde berre å vere positiv og sjå det gode i det", kom det muntert tilbake frå Jarle :)

Viss du og treng ei slik god turoppleving, er mi klare oppfordring å melde deg inn (det er gratis), og hiv deg med på tur. Eg tvilar på at du vil angre :) Fjelltid er ein gjeng turglade menneske som ønsker at endå fleire skal bli turinteresserte!

Ingen kommentarer:

Etiketter